Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.prp. nr. 30 (2004-2005)

Om utbygging og finansiering av rv 546 Austevollsbrua (sambandet Huftarøy - Hundvåkøy) i Hordaland

Til innhaldsliste

2 Omtale av utbygginga

Prosjektet omfattar bygging av om lag 3,8 km ny veg mellom Huftarøy og Hundvåkøy. To bruer på respektive 470 m og 420 m samt ei kort bru på 40 m inngår i prosjektet. Vidare inngår bygging av veg på to steinfyllingar i sjøen med ei lengde på til saman 220 m. Prosjektet vil forlenge rv 546 frå Huftarøy fram til eksisterande fylkesveg på Hundvåkøy. Planlagt vegbreidde er 6,5 m. I tillegg kjem bygging av gang- og sykkelveg/sykkelbane. Austevollsbrua vil føre til at ferjesambandet Krokeide - Hufthamar - Austevollshella blir redusert til eit pendelsamband mellom Krokeide i Bergen kommune og Hufthamar i Austevoll kommune.

Ved handsaminga av St.prp. nr. 60 (1999-2000), jf. Innst. S. nr. 246 (1999-2000), gav Stortinget løyve til å krevje inn 8 mill. kr i bompengar på ferjene til Austevoll for å finansiere eit delprosjekt på det planlagde vegsambandet mellom Huftarøy og Hundvåkøy. Bompengeinntektene har finansiert frakt og utlegging av om lag 220 000 m3 overskotsmasse frå Trekantsambandet i undersjøiske fyllingar mellom Huftarøy og Hundvåkøy i samsvar med godkjent reguleringsplan for prosjektet. Innkrevjinga av bompengar starta i 2001 og blei avslutta i 2003. Totalt er det planlagt å leggje ut om lag 250 000 m3 steinmasse, slik at det står att å leggje ut om lag 30 000 m3.

For å få veg til eit nytt bustadfelt har Austevoll kommune teke initiativ til å starte bygging av ein om lag 1 km lang delparsell av rv 546 på Huftarøy. Anleggsarbeida på delparsellen, som er direkte knytta til den eksisterande riksvegen, starta i september 2004. Kostnadene på om lag 8 mill. kr inngår i kostnadsoverslaget for Austevollsbrua. Kostnadene blir dekt med midlar frå det kommunale tilskotet, jf. kap. 4.3.

Figur 2.1 Oversikt over planarbeidet

Figur 2.1 Oversikt over planarbeidet

Hovudplan etter veglova blei godkjent i 1992. Under arbeidet med hovudplanen blei både brualternativ og alternativ med undersjøisk tunnel vurdert. Reguleringsplanen blei vedteken av kommunestyret i 1997 og stadfesta i 1999. Kommunen vedtok ei justering av reguleringsplanen i september 2004.

Samla kostnadsoverslag for Austevollsbrua er 316 mill. 2004-kr. Uvissa i overslaget er vurdert til å liggje innafor +/- 10 pst.

Austevoll kommune har om lag 4 400 innbyggjarar. Kommunen er samansett av mange store og små øyar. Prosjektet vil gi dei 750 innbyggjarane på Hundvåkøy og Store Kalsøy fast vegsamband med resten av kommunen. Kommunesentret Storebø ligg på Huftarøy. Det same gjer i hovudsak skular og offentlege og private tenester. Ved å realisere prosjektet vil 97 pst. av innbyggjarane i kommunen vere knytt saman med fast vegsamband. Dette legg til rette for at det offentlege tenestetilbodet i kommunen kan betrast og samordnast. Utrykking ved brann og sjuketransport kan skje raskare og sikrare. For næringslivet vil fast samband internt i Austevoll gi betre konkurransetilhøve og leggje til rette for ein større arbeidsmarknad. Prosjektet vil ha stor verdi for fiske- og havbruksnæringa i kommunen som har behov for rask og effektiv transport.

Samfunnsøkonomisk netto nytte (NN) for Austevollsbrua er med 8 pst. kalkulasjonsrente rekna til - 150 mill. kr. Netto nytte over totale kostnader (NN/K) er rekna til - 0,4, og internrenta er rekna til 4 pst.

Til toppen
Til forsida av dokumentet