Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.prp. nr. 40 (2000-2001)

Om løyving for 2001 knytt til førebuing av tilrådde tiltak i St.prp. nr. 36 (2000-2001) Eierskap i Statoil og fremtidig forvaltning av SDØE

Til innhaldsliste

2 Utgifter

Det er grunn til å understreke at det er ei stor oppgåve å førebu og gjennomføre dei tilrådde tiltaka i St.prp. nr. 36 (2000-2001). Tiltaka inneber vesentlege utgifter. Dette omfattar;

Utgifter som staten åleine skal dekkje

  1. Utgifter til førebuing, inkludert norske og internasjonale rådgjevarar og utgifter knytt til førebuing og sal av SDØE-eigardelar.

  2. Utgifter knytt til oppretting og drift av det nye selskapet som skal forvalte SDØE-porteføljen og til oppretting av det nye selskapet for transport av naturgass.

Utgifter som skal delast mellom staten og Statoil

Utgifter i samband med aksjesal og børsnotering av Statoil omfattar i hovudsak provisjon til tilretteleggjarane, samt utgifter til marknadsføring og andre transaksjonsutgifter. Dersom staten sin eigardel reduserast ved ein kombinasjon av utferding av nye aksjar (emisjon) og sal av delar av staten sine aksjar, skal utgiftene fordelast mellom staten og Statoil relativt sett i forhold til grad av emisjon og nedsal. Fordelinga av utgiftene skal regulerast i ein eigen avtale mellom staten v/Olje- og energidepartementet og Statoil.

Utgifter som Statoil skal dekkje

Dette omfattar mellom anna Statoil sine utgifter til interne førebuingar, inkludert selskapet sine eigne rådgjevarar og andre spesielle utgifter som det er naturleg at selskapet dekkjer. Desse utgiftene er ikkje omtala i denne proposisjonen.

2.1 Staten sine utgifter, inkludert utgifter til Olje- og energidepartementet sine rådgjevarar og utgifter til førebuing og sal av SDØE-eigardelar

Olje- og energidepartementet må ha eit rådgjevarapparat i tillegg til intern kompetanse for å sikre ivaretaking av statlege omsyn i forhold til dei tilrådde tiltaka. Norsk og internasjonal juridisk, strategisk, finansiell og revisjonsfagleg ekspertise må hentast inn for å hjelpe departementet i prosessen.

Det er behov for ytterlegare norsk og internasjonal ekspertise i forhold til førebuing og sal av SDØE-eigardelar, ikkje minst geofagleg ekspertise til rådgjeving og sertifisering av SDØE-eigardelane.

Utgifter knytt til sjølve opprettinga og drifta av det nye forvaltarselskapet for SDØE og utgifter til oppretting av det nye selskapet for transport av naturgass vert ikkje nærare omtala i denne proposisjonen. Budsjettkonsekvensane knytt til desse to selskapa vert lagt fram for Stortinget på eit seinare tidspunkt.

2.1.1 Rådgjevarar i prosessen

Juridisk ekspertise

Olje- og energidepartementet har engasjert nasjonal og internasjonal juridisk ekspertise.

Dei internasjonale juristane vil særleg ha ei sentral rolle ved val av tilretteleggjarar, ved inngåing av kontraktar og ved oppfølging av alle juridiske aspekt under førebuing og gjennomføring av aksjesalet og børsnoteringa av Statoil. Dei norske juristane vil i større grad ha ei sentral rolle i forhold til førebuing og sal av SDØE-eigardelar og oppretting av dei to nye selskapa, men også i forhold til børsnoteringa av Statoil, mellom anna ved utarbeiding av prospektet.

Strategisk/finansiell ekspertise

Olje- og energidepartementet har også videreført engasjementet med dei bransjestrategiske/finansielle rådgjevarane som har delteke i prosessen så langt. Det er svært viktig å ha tilgang til den uavhengige ekspertise som desse representerer.

Finansiell rådgjevar

Olje- og energidepartementet vil ha ein eigen finansiell rådgjevar med kompetanse, ressursar og erfaring frå liknande prosjekt, også som tilretteleggjar. Den finansielle rådgjevaren skal gi departementet råd og følgje opp tilretteleggjarane og dei andre rådgjevarane, kva gjeld alle sentrale råd og marknadstiltak desse legg opp til, for å sikre staten sine interesser. Finansiell rådgjevar vil også hjelpe ved sal av SDØE-eigardelar og vil mellom anna føreta naudsynte verdivurderingar av SDØE-eigardelar som vert tilbydd for sal til Statoil.

Revisjonsfagleg ekspertise

Olje- og energidepartementet vil dessutan i nær framtid velje eit revisjonsfirma som skal følgje opp prosessen og kome med revisorfaglege vurderingar og innspel.

2.1.2 Sal av SDØE-eigardelar

Regjeringa har i St.prp. nr. 36 tilrådd at SDØE-eigardelar tilsvarande 20 prosent av verdiane i SDØE inngår i ei restrukturering av det statlege engasjementet, med føresetnad om at staten oppnår tilfredsstillande vilkår. Eigardelane regjeringa legg opp til å selje til Statoil vil utgjere om lag 15 prosent, medan eigardelane ein legg opp til å selje til Norsk Hydro og andre selskap vil utgjere om lag 5 prosent.

Det vil innebere vesentlege utgifter å førebu og gjennomføre sal av SDØE-eigardelar.

Geofagleg ekspertise

Det er naudsynt å ha internasjonal geofagleg ekspertise, også med god kjennskap til norsk sokkel, som rådgjevar i samband med førebuing av sal av SDØE-eigardelar. Det er avgjerande å ha tilgang på rådgjevarkapasitet med god forståing av ressursane og verdien av desse. Det skal mellom anna gjennomførast sertifisering av SDØE-eigardelane som vert tilbydd for sal til Statoil, Norsk Hydro og andre. Geofagleg ekspertise vil og vere viktig i forhold til forhandlingar med dei respektive selskapa. Med atterhald om vedtak i Stortinget forhandlar no Olje- og energidepartementet med Statoil om sal av SDØE-eigardelar til selskapet.

Andre utgifter knytt til sal av SDØE-eigardelar

Det må også gjennomførast uavhengige verdivurderingar av SDØE-eigardelane. I tillegg vil det vere utgifter knytt til sjølve gjennomføringa av salet (der honorar/provisjon kan utgjere ein vesentleg del).

2.1.3 Oppsummering

Staten sine utgifter til førebuing av tiltaka i St.prp. nr. 36, inkludert utgifter til Olje- og energidepartementet sine rådgjevarar (norske og internasjonale juridiske, strategiske, finansielle og revisjonsfaglege rådgjevarar) i prosessen er førebels estimert til om lag 75 mill. kroner.

Utgifter knytt til førebuing og sal av SDØE-eigardelar er førebels estimert til om lag 60 mill. kroner og inkluderer; geofagleg ekspertise til rådgjeving og sertifisering av SDØE-ressursane, uavhengige verdivurderingar av SDØE-eigardelane og utgifter knytt til gjennomføring av salet (der honorar/provisjon kan utgjere ein vesentleg del).

Regjeringa ber Stortinget om ei løyving på 135 mill. kroner for å dekkje utgiftene nemnt ovanfor.

For å halde framdrifta i prosjektet, gjere det mogleg å inngå kontraktar og dekkje utgifter, har regjeringa ved kgl.res. 19.01.2001 gitt Olje- og energidepartementet fullmakt til å dekkje utgifter for inntil 20 mill. kroner fram til Stortinget har gjort vedtak om løyving.

Utgifter knytt til oppretting og drift av det nye selskapet som skal forvalte SDØE-porteføljen og utgifter til oppretting av det nye selskapet for transport av naturgass er ikkje inkludert i desse estimata.

2.2 Aksjesal og børsnotering av Statoil

Regjeringa tilrår at det vert teke inn nye eigarar i Statoil tilsvarande 10-25 prosent av selskapet sin verdi. Det er tilrådd at dette skal skje ved utferding av nye aksjar i morselskapet Den norske stats oljeselskap a.s, i kombinasjon med sal av delar av staten sine aksjar, retta mot norske og internasjonale kapitalmarknader. Sal av SDØE-eigardelar til Statoil er tenkt gjennomført før børsnoteringa.

Aksjesalet skal gjennomførast av eit syndikat av internasjonale og norske verdipapirføretak, som er autorisert til å gjennomføre denne type oppgåver, og som har leiande marknadsposisjonar og solid erfaring frå tilsvarande transaksjonar. Desse vert ofte omtala som tilretteleggjarar.

Ved ei privatisering er det vanleg at oppdragsgjevar vel ei gruppe av tilretteleggjarar leia av 2-3 hovudtilretteleggjarar. Tilretteleggjarane vil få hjelp av mellom anna juridiske rådgjevarar, revisor og eventuelt marknadsføringsrådgjevarar.

Hovudtilretteleggjarane vil leie syndikatet, koordinere oppgåvene til dei andre og ha ei leiande rolle i marknadsføringa av aksjane. Desse vil og vere ansvarleg for å førebu Statoil for børsintroduksjon og for å gi Olje- og energidepartementet og Statoil råd i prosessen.

Provisjonen til tilretteleggjarane vil mellom anna vere avhengig av marknadsverdien av selskapet og det salsprovenyet ein oppnår i transaksjonen.

For Telenor vart det avtala ein samla provisjon til tilretteleggjarane på 1,35 prosent, med tillegg av stimulansebasert godtgjering på 0,15 prosent, dvs. samla 1,50 prosent av salsprovenyet, jf. St.prp. nr. 66 (1999-2000).

Olje- og energidepartementet og Statoil har valt UBS Warburg, Morgan Stanley og DnB Markets som hovudtilretteleggjarar for aksjesal og børsnotering av Statoil. Det er avtalt ein samla provisjon til tilretteleggjarane (hovudtilretteleggjarane og dei andre i syndikatet) på 1,25 prosent med tillegg av stimulansebasert godtgjering på 0,25 prosent, dvs. at samla provisjon kan utgjere 1,50 prosent av salsprovenyet.

Salsprovenyet vil vere avhengig av verdien av Statoil på transaksjonstidspunktet og kor stor del av aksjane som skal seljast i første fase.

Provisjonen til tilretteleggjarane vert utbetalt etter at transaksjonen er gjennomført.

Sal av staten sine aksjar og børsnotering vil i tillegg til provisjon innebere utgifter til marknadsføring og andre utgifter knytt til førebuing og gjennomføring av transaksjonen.

Regjeringa har tilrådd at den statlege eigardelen i Statoil skal reduserast ved ein kombinasjon av emisjon og sal av delar av staten sine aksjar. Dei totale transaksjonsutgiftene (provisjon, marknadsføring og andre utgifter) skal ved ei slik løysing fordelast mellom staten og Statoil, relativt sett i forhold til grad av emisjon og nedsal. Statoil vil dekkje utgifter knytt til utferding av nye aksjar (emisjon). Utgifter knytt til statleg sal av aksjar vil staten dekkje. I tillegg vil det vere ei fordeling av dei andre transaksjonsutgiftene som nemnt ovanfor. Fordelinga av utgiftene mellom staten og Statoil skal regulerast i ein eigen avtale mellom staten v/Olje- og energidepartementet og Statoil. Staten sin del av utgiftene vil først verte klarlagt etter at transaksjonen er gjennomført.

Det er viktig å ha fleksibilitet m.o.t. salsløysinga fram mot transaksjonstidspunktet.

Fordi det er knytt usikkerheit til verdien av selskapet, privatiseringsomfang og dermed salsprovenyet, og fordi det ikkje er teke nærare stilling til salsløysinga, er det ikkje mogleg no å gi eit estimat på utgiftene knytt til aksjesalet og børsnoteringa av Statoil. Regjeringa vil difor leggje fram desse budsjettkonsekvensane for Stortinget på eit seinare tidspunkt.

Til toppen
Til forsida av dokumentet