Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.prp. nr. 9 (1998-99)

Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 1998 under Nærings- og handelsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringsforslag

Kap. 920 Noregs forskingsråd

Post 50 Tilskot, kan overførast

Dekking av forsikringstilfelle

Stortinget har gjennom fleire år ved handsaming av statsbudsjettet gitt Nærings- og handelsdepartementet særskild fullmakt til å gi tilsegn til Institutt for energiteknikk (IFE) om dekking av forsikringsansvar for inntil 60 mill. Special Drawing Rights (SDR) ovanfor tredjeperson ved uhell ved instituttet sine atomreaktorar. For 1998 vart fullmakta gitt ved vedtak i Stortinget 8. desember 1997, jf. Budsjett-Innst S 8 for 1997-98, III, rammeområde 12. Beløpet utgjer 618,6 mill. kroner etter kurs pr. 3. november 1998. Ein viser elles til omtale av fullmakta for 1998 på side 64 i St prp nr 1 for 1997-98 for Nærings- og handelsdepartementet og forslag til vedtak VI Dekking av forsikringstilfelle, i same proposisjon.

Regjeringa gjer framlegg om å utvide fullmakta for 1998 til også å gjelde Kombinert lager/deponi for lågt og middels radioaktivt avfall i Himdalen (KLDRA Himdalen) og førebels lagring av atomavfall ved IFE sitt anlegg på Kjeller som skal transporterast til KLDRA Himdalen. Etter lov av 12. mai 1972 nr 28 om atomenergiverksemd pliktar eigarar av atomanlegg å forsikre anlegget. KLDRA Himdalen er eigd av Statsbygg og vart opna 24. september 1998. Uhell under transport av radioaktivt materiale til og frå IFE og Statsbygg sine atomanlegg går inn i eigarane sitt forsikringsansvar i følgje § 21 i atomenergilova, og må derfor også inkluderast i fullmakta.

Den utvida fullmakta for 1998 er innanfor same beløpsgrense som tidlegare (60 mill. SDR) og i samsvar med atomenergilova, jf. Forslag til vedtak II i denne proposisjonen. Tilsvarande endring av fullmakta er foreslått for 1999, jf. St prp nr 1 Tillegg nr 9 for 1998-99.

Kap. 923 Forskings- og utviklingskontraktar

Post 70 Tilskot, kan overførast

Departementet gjer framlegg om ein reduksjon på 5,7 mill. kroner som inndekking av tilsvarande auka løyving under kap. 2420 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, post 51 Tapsfond for lån innvilga i budsjetterminen, jf. nærare omtale under kap. 2420, post 51.

På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga under kap. 923 Forskings- og utviklingskontraktar, post 70 Tilskot, kan overførast med 5,7 mill. kroner, frå 162,8 til 157,1 mill. kroner på statsbudsjettet for 1998.

Kap. 955 (ny) Norsk Koksverk

Post 71 Refusjon for miljøtiltak

Det er sett ei statleg garantiramme på 180 mill. kroner for miljøtiltak på tomta til tidlegare Norsk Koksverk i Mo i Rana. Garantien gjeld utgifter til oppreinsking og andre miljøtiltak som blir gjennomført etter pålegg frå Statens forureiningstilsyn (SFT).

Ordninga hadde opphaveleg ei ramme på 100 mill. kroner, gitt i statsbudsjettet 1990. Ramma vart auka med 30 mill. kroner i statsbudsjettet 1995, jf. St prp nr 1 for 1994-95 og med ytterlegare 50 mill. kroner, til 180 mill. kroner, i statsbudsjettet 1997, jf. St prp nr 63 for 1996-97. Det er etablert ei ordning der Nærings- og handelsdepartementet sørgjer for utbetaling til dokumenterte gjennomførte rehabiliteringstiltak i budsjetterminen på grunnlag av særskild utbetalingsfullmakt frå Stortinget, mot løyving av midlar til dekking av utbetalingane (refusjon for utførte miljøtiltak) i etterhand mot slutten av same budsjettår. Utbetalingsfullmakta for 1998 vart gitt av Stortinget 8. desember 1997 ved handsaming av budsjettinnstillinga frå næringskomiteen, jf. Budsjett-innst S nr 8 for 1997-98, vedtak V, 2.

Ved utgongen av 1997 var det samla utbetalt om lag 145 mill. kroner under refusjonsordninga. Nærings- og handelsdepartementet reknar med at det i 1998 vil bli utbetalt ytterlegare ca. 30 mill. kroner, slik at samla utbetaling maksimalt vil vere 175 mill. kroner pr. 31. desember 1998.

På dette grunnlag gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om ei løyving på 30 mill. kroner som refusjon for utførte miljøtiltak på statsbudsjettet 1998 under nytt kap. 955 Norsk Koksverk, post 71 Refusjon for miljøtiltak.

Rana kommune underretta i september 1998 Nærings- og handelsdepartementet om at fullføring av rehabiliteringsarbeidet etter gjeldande pålegg frå SFT vil koste ytterlegare inntil 40 mill. kroner ut over ramma på 180 mill. kroner og bad departementet auke garantiramma tilsvarande.

Etter Nærings- og handelsdepartementet si vurdering pliktar dei gitte garantierklæringane ovanfor tomtekjøperane på grunnlag av den opphavelege miljøgarantien av 1990 staten til å dekkje desse kostnadene. På dette grunnlag gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke garantiramma for miljøtiltak på Koksverktomta med ytterlegare inntil 40 mill. kroner, til 220 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak III.

Utbetaling av refusjon for miljøtiltaka i 1999 vil skje på grunnlag av etablert ordning innanfor ramma av gjeldande garantifullmakt, jf. Forslag til vedtak V. 2 om utbetalingsfullmakt i St prp nr 1 for 1998-99 for Nærings- og handelsdepartementet.

Departementet legg til grunn at gjeldande pålegg frå SFT er oppfylt etter at desse avsluttande tiltaka er utført, og at det ikkje er aktuelt å utvide garantiramma fleire gonger. Det kan likevel ikkje utelukkast at det i framtida vil bli nødvendig med tiltak for å oppfylle nye pålegg frå SFT. Til dømes kan det bli gitt pålegg om tiltak som følgje av avrenning til fjorden. Departementet har derfor i samråd med Regjeringsadvokaten tatt initiativ til å få fastlagt prosedyrar for planlegging, gjennomføring og betaling av eventuelle slike framtidige tiltak i ein avtale mellom staten ved Nærings- og handelsdepartementet og Rana kommune. Avtalen vert oversend Stortinget i eiga ekspedisjon.

Kap. 966 Støtte til skipsbygging

Post 50 Overføring til fond for støtte ved skipskontraktar

Høg ordreinngang i 1997, ca. 21 mrd. kroner mot budsjettert ca. 8 mrd. kroner, fører til at utbetalingar knytt til kontraktar som vart slutta i dette året blir vesentleg større enn dei 800 mill. kronene som vart løyvd til støtte over statsbudsjettet for 1997. Utførte utrekningar tyder på at fondet må tilførast ytterlegare om lag 1,2 mrd. kroner for kontraktar inngått i 1997. Det er to hovudårsaker til den store ordreinngangen. Dels var etterspørselen etter skip til bruk i offshoreverksemd særs stor, og dels førte avgjerda om reduksjon i støttesatsane med verknad frå 1. januar 1998 til at kontraktar som normalt ville bli slutta i 1998, vart framskunda til 1997.

I statsbudsjettet for 1996 vart det løyvd 800 mill. kroner til fondet for kontraktar inngått i 1996. Også for dette året vart kontraktsinngangen større enn lagt til grunn i budsjettet slik at dette fondet må tilførast ytterlegare om lag 500 mill. kroner for å dekkje alle utbetalingane under årgangen.

Ein viser elles til omtalen av støtte til skipsbygging i Nærings- og handelsdepartementet sin budsjettproposisjon for 1999.

Etter utbetaling for 2. termin 1998 står det ikkje att fleire skipskontraktar med tilsegn om tilskot under 1993- og 1994-fonda. Desse to fonda kan derfor gjerast opp og departementet legg til grunn at gjenverande midler, om lag 200 mill. kroner, blir tilført 1996-fondet. I tillegg ligg det an til eit mindreforbruk under 1995-fondet på minst 100 mill. kroner, som også foreslås lagt til 1996-fondet. Etter desse omdisponeringane er behovet for tilføring av ytterlegare midlar til 1996-fondet redusert til om lag 200 mill. kroner.

Samla behov for tilføring av midlar til 1996- og 1997-fondet er såleis om lag 1 400 mill. kroner.

Det ligg og an til mindreforbruk under 1998-fondet, men endeleg innsparingsbeløp kan ikkje fastsettast før seinare, og gjenverande midlar under denne årgangen vil bli avrekna i seinare budsjettforslag for tilskotsordninga. Det same gjeld eventuell ytterlegare innsparing (ut over 100 mill. kroner) på 1995-fondet, etter at dette er endeleg gjort opp, jf. ovanfor.

Nærings- og handelsdepartementet gjer på denne bakgrunn framlegg om å auke løyvinga under kap. 966 Støtte til skipsbygging, post 50 Overføring til fond for støtte ved skipskontraktar, med 1 400 mill. kroner, frå 515 til 1 915 mill. kroner på statsbudsjettet 1998.

Kap. 2420 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond

Post 51 Tapsfond for lån innvilga i budsjetterminen

Opphaveleg løyving på statsbudsjettet 1998 var 70 mill. kroner. Ved handsaminga av revidert budsjett 1998 i juni 1998 vart løyvinga redusert til 53 mill. kroner. På grunn av slutta kontraktar og tilsegn var det allereie på det tidspunktet bunde opp eit høgare beløp enn det den nye tapsfondløyvinga ga rom for. Det er såleis nytta (bunde opp) 5,7 mill. kroner meir enn den gjeldande løyvinga på 53 mill. kroner.

På denne bakgrunn gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om at løyvinga under kap. 2420 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, post 51 Tapsfond for lån innvilga i budsjetterminen, blir auka med 5,7 mill. kroner frå 53 til 58,7 mill. kroner, på statsbudsjettet 1998 med inndekking i tilsvarande reduksjon av løyvinga under kap. 923 Forskings- og utviklingskontraktar, post 70 Tilskot, kan overførast, jf. nærare omtale under kap. 923.

Post 90 Lån til grunnfinansieringsordninga, overslagsløyving

Post 91 Lån til risikolåneordninga, overslagsløyving

Post 94 Lån til lågrisikolåneordninga, overslagsløyving

Då Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) vart oppretta, vart det lagt til grunn at låneordningane til fondet skulle finansierast ved innlån frå statskassa. SND kan ta opp innlån til valfri løpetid og ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. SND betaler og ein låneprovisjon på 0,4 pst. p.a. SND refinansierer utlånsporteføljen ved å ta opp kort- og langsiktige lån i statskassa med tilbakebetalingstid frå to månader til fleire år avhengig av rentebindingstid på utlåna. Avdrag på innlåna blir inntektsført under kap. 5320 i 1998, jf. nedanfor. Innlån og avdrag bruttoførast. Løyvingsendringane på statsbudsjettet 1998 er basert på realiserte innlån og avdrag, og prognoser frå SND på innlån og avdrag for resten av året under dei ulike låneordningane.

Sammenlikna med vedtatt budsjett for 1998 gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga til innlån til SND si grunnfinansieringsordning under kap. 2420, post 90, med 100 mill. kroner, frå 26,3 til 26,2 mrd. kroner. Innlån til SND si risikolåneordning under kap. 2420, post 91, foreslås redusert med 150 mill. kroner, frå 5,7 til 5,55 mrd. kroner. Vidare foreslås innlån til SND si lågrisikolåneordning under kap. 2420, post 94, redusert med 420 mill. kroner, frå 700 til 280 mill. kroner. Årsaka til dette er at det tok lang tid frå tilsegn blei inngått til utlånsvolumet for lågrisikolåneordninga tok seg opp.

Kap. 3967 (ny) Norsk Jetmotor a.s.

Post 90 Sal av aksjar

Post 91 Tilbakebetaling av ansvarleg lån

Norsk Jetmotor a.s. (NJET) vart stifta i 1987 for å halde fram verksemda ved flymotordivisjonen til A/S Kongsberg Våpenfabrikk. NJET har ein aksjekapital på 112,5 mill. kroner. Staten eig 33,33 pst. av aksjekapitalen, tilsvarande 37,5 mill. kroner. I tillegg har staten gitt eit ansvarleg lån på 37,5 mill. kroner til selskapet. Løyvingar til aksjekapital og ansvarleg lån til selskapet vart gitt over statsbudsjettet 1987 på dåverande kap. 964, jf. St prp nr 112 for 1986-87 og nysalderingsproposisjonen for 1987 (St prp nr 44 for 1987-88). Kongsberg Gruppen ASA eig og 1/3 av aksjekapitalen i NJET, medan amerikanske Pratt & Whitney og franske Snecma eig 1/9 og 2/9 kvar.

I samband med handsaminga av revidert budsjett 1998 ga Stortinget regjeringa fullmakt til å selje statlege aksjar for 500 mill. kroner i 1998. Nærings- og handelsdepartementet har vurdert sal av sine aksjar i NJET i samband med fullmakta.

Staten har i dag ikkje noko industrielt motiv for å eige aksjar i NJET, men departementet er opptatt av at verksemda får best mogeleg utviklingsvilkår på Kongsberg. Volvo Aero Corporation (VAC) har lenge synt interesse for å kjøpe ein aksjemajoritet i NJET. Både leiinga og dei tilsette i NJET har eit godt inntrykk av VAC og dei industrielle planar VAC har for ei satsing på selskapet.

I haust har VAC forhandla med Kongsberg Gruppen ASA og Nærings- og handelsdepartementet om kjøp av aksjane deira i NJET. Partane har kome fram til ein intensjonsavtale med sikte på at VAC kjøper aksjepostane til staten og Kongsberg Gruppen ASA i NJET med verknad frå 1. januar 1999, under føresetnad av at Pratt & Whitney og Snecma ikkje nyttar forkjøpsretten sin. Avtalen inneheld og eit vilkår om at det skal gjennomførast ein fullstendig gjennomgang av selskapet som eventuelt kan gi grunnlag for å redusere prisen med opp til 5 mill. kroner, eller gi VAC grunnlag for å heve kjøpet.

Nærings- og handelsdepartementet vil etter dette selje staten sin aksjepost i NJET, førebels verdsett til 143,3 mill. kroner, til Volvo Aero Corporation. Tilbakebetaling av aksjekapitalen og det ansvarlege lånet til staten på 37,5 mill. kroner og renter for 1998 på 2,5 mill. kroner på lånet skal dekkast av salssummen. Etter låneavtalen er rentebetaling til staten knytt til driftsoverskotet i selskapet, og med utbetaling i påfølgjande år. I salsavtalen med VAC er det lagt til grunn at rentene skal betalast innan 1. juni 1999, og inntektsløyving av renter med 2,5 mill kroner vil såleis bli fremma til våren i samband med revidert budsjett 1999.

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om ei inntektsløyving på 140,8 mill. kroner på statsbudsjettet 1998 knytt til salet av staten sin aksjepost i Norsk Jetmotor a.s. Løyvinga foreslås fordelt med 103,3 mill. kroner under nytt kap. 3967 Norsk Jetmotor a.s., post 90 Sal av aksjar og 37,5 mill. kroner under post 91 Tilbakebetaling av ansvarleg lån.

Kap. 5309 Tilfeldige inntekter

Post 80 Gevinst ved sal av aksjar i Norsk Vekst ASA

Post 90 Sal av aksjar

I statsbudsjettet for 1998 er det forutsett at staten sine aksjar i Norsk Vekst ASA skal seljast innan utgangen av året. Staten eig no 19,7 pst. av aksjane i selskapet. Det var opphaveleg budsjettert med at salet av aksjeposten skulle gi inntekter på til saman 250 mill. kroner under kap. 5309, postane 80 og 90. Gjennom St prp nr 65 for 1997-98 Omprioriteringer og tilleggsbevilgninger på statsbudsjettet for 1998, vart salsbeløpet auka med 70 mill. kroner til 320 mill. kroner.

Fallet i aksjemarknaden i haust har og hatt innverknad for Norsk Vekst. Basert på aksjekursane i oktober vil eit sal gi ei inntekt mellom 190 og 237 mill. kroner. Departementet går derfor inn for at salet blir utsett til 1999. Ein viser i denne samanhengen og til framlegget i statsbudsjettet 1999 om å forlenge fullmakta for sal av statlege aksjar til 31.12.99.

På denne bakgrunn gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å stryke dei tidlegare oppførte inntektene frå aksjesal i selskapet på statsbudsjettet 1998 ved å redusere løyvingane under kap. 5309 Tilfeldige inntekter, post 80 Gevinst ved sal av aksjar i Norsk Vekst ASA, med 318,4 mill. kroner til kr 0 og post 90 Sal av aksjar, med 1,6 mill. kroner til kr 0.

Kap. 5320 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond

Post 90 Avdrag på uteståande fordringar, grunnfinansieringordninga, overslagsløyving

Post 91 Avdrag på uteståande fordringar, risikolåneordninga, overslagsløyving

Post 92 Avdrag på uteståande fordringar, lågrisikolåneordninga, overslagsløyving

Det vises til omtale ovanfor under kap. 2420 for SND sine innlånsordningar. Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga til avdrag frå SND si grunnfinansieringsordning under kap. 5320, post 90 med 200 mill. kroner, frå 26,7 til 26,9 mrd. kroner. Avdrag frå SND si risikolåneordning under kap. 5320, post 91 foreslås redusert med 147 mill. kroner, frå 5 750 til 5 603 mill. kroner. Vidare foreslås avdrag frå SND si lågrisikolåneordning under kap. 5320, post 92 redusert med 235 mill. kroner, frå 400 til 165 mill. kroner.

Kap. 5620 Renter og utbytte frå Statens nærings- og distriktsutviklingsfond

Post 80 Renter, grunnfinansieringsordninga

Post 81 Renter, risikolåneordninga

Post 82 Renter, lågrisikolåneordninga

Som nemnt under kap. 2420 kan SND ta opp innlån til sine låneordningar til valfri løpetid og ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Stortinget vedtok i samband med revidering av statsbudsjettet 1998 i vår ein nedjustering av staten sine renteinntekter frå innlån til grunnfinansieringsordninga på 40 mill. kroner, frå 370 til 330 mill. kroner, jf. St prp nr 65 og Innst S nr 252 for 1997-98. For dei andre ordningane vart det ikkje gjort noko justeringar. Som følgje av auka rentenivå i 2. halvår 1998 foreslår Nærings- og handelsdepartementet oppjustering av løyvingane på renteinntektene frå innlån til grunnfinansieringsordninga og risikolåneordninga. For lågrisikolåneordninga derimot er det nødvendig å foreslå ein reduksjon i renteinntektene som følgje av lågare innlån enn rekna med, jf. omtalen ovanfor under kap. 2420.

Nærings- og handelsdepartementet foreslår at renteinntekta frå innlån til grunnfinansieringsordninga løyvd under kap. 5620, post 80 blir auka med 70 mill. kroner, frå 330 til 400 mill. kroner. Renteinntekta frå innlån til risikolåneordninga under kap. 5620, post 81 foreslås auka med 3 mill. kroner, frå 50 til 53 mill. kroner. Vidare foreslås det at renteinntekta frå lågrisikolåneordninga under kap. 5620, post 82 blir redusert med 5,1 mill. kroner, frå 8,6 til 3,5 mill. kroner.

Overdraging av tomteareal m.m. frå Sydvaranger ASA til Sør-Varanger kommune

I St prp nr 65 for 1997-98 Omprioriteringer og tilleggsbevilgninger på statsbudsjettet 1998 er det informert om at Sør-Varanger kommune ønskjer å ta over tomteareal frå Sydvaranger ASA, og at Nærings- og handelsdepartementet skulle komme tilbake med framlegg om opplegg for og løyving i samband med dette på eit seinare tidspunkt.

Sør-Varanger kommune har synt interesse for å overta fleire av Sydvaranger ASA sine tomteareal i Kirkenes. Det gjeld hovedsakeleg areal som er av samfunnsmessig interesse, som til dømes til helse, eldreomsorg, kultur, parkar, næringstomter o.l. I tillegg kjem eit areal som er planlagt til friluftsområde for handicappa. Samla tomteareal som det er aktuelt å overdra, utgjer ca. 100 dekar.

Kommunen har og uttrykt interesse for at 30 bilete av den kjende samiske kunstnaren John Andreas Savio som Sydvaranger ASA eig, blir overførd til Savio-museet i Kirkenes.

Kjøpssummen for dei aktuelle tomteareala og biletsamlinga er førebels sett til om lag 3 mill. kroner. Nærings- og handelsdepartementet går inn for at tomteareala og Savio-bileta kan overdragast til Sør-Varanger kommune innan utgangen av 1998. Oppgjeret for overdraginga vil finne stad i løpet av 1999.

Til toppen
Til forsida av dokumentet