Time kommune - motsegner til kommuneplan 2007-2018

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Avgjørelse i innsigelsessak, 11. desember 2007

 

Time kommune - motsegner til kommuneplan 2007-2018

 

Fylkesmannen i Rogaland sende 16. mars 2007 saka til Miljøverndepartementet for avgjerd etter plan- og bygningslova § 20 5 femte ledd.

Miljøverndepartementet tek til følgje alle uavklarte motsegner til kommuneplan for Time 2007-2018 (arealdelen). Departementet endrar alle områda til landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF). Departementet legg vekt på omsyn til jordvern, omsyn til senterstruktur og redusert transportarbeid og omsyn til Håelva, som er eit verna vassdrag. Vedtaket inneber at departementet tek til følgje motsegner frå Fylkesmannen i Rogaland, Statens landbruksforvaltning og Fylkeslandbruksstyret i Rogaland.

Bakgrunn for saka

Det er fremja motsegner til 4 område i kommuneplanen sin arealdel:
1. Framtidig byggjeområde friområde for utvida golfbane på Grødem.
2. Framtidig byggjeområde bustadområde Vestly gnr. 22 bnr. 13 og bnr. 28.
3. Framtidig byggjeområde bustadområde Hognestad gnr. 9 bnr. 2 og bnr. 69 (Trekanten).
4. Framtidig byggjeområde bustadområde Hognestad gnr. 9 bnr. 17.

Alle områda er landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF) i gjeldande kommuneplan. I fylkesdelplan for langsiktig byutvikling på Jæren er alle områda definert som kjerneområde landbruk.

Areal for utvida golfbane på Grødem

Området på Grødem ligg inntil Håelva, som er eit verna vassdrag. Arealet er 130 daa og har i dag naturleg karakter med få inngrep.

Fylkesmannen i Rogaland vedtok 31. august 2006 motsegn til framtidig byggjeområde friområde for utvida golfbane på Grødem til 18 hol. Embetet viste til rikspolitiske retningsliner for verna vassdrag fastsett av regjeringa 10. november 1994. Ifølgje retningslinene er det eit nasjonalt mål å sikre mangfaldet av vassdragsnatur innafor 100 m-sona langs verna vassdrag. Føreslått utviding av golfbanen vil skje inn i 100 m-sona langs Håelva. Slike område er viktige med omsyn til naturverdiar og opplevinga av elva med kringliggjande landskap. Naturområdet har også ein viktig funksjon med å redusere avrenninga av næringsstoff til elva.

Fylkesmannen meinte også at utvida golfbane på jordbruksjord på Grødem vil vere i strid med nasjonal jordvernpolitikk. Føreslått omdisponering vil bidra til nytt press på landbruksjorda i form av betre infrastruktur og skape interesse for nye bustadfelt i nærleiken.

Statens landbruksforvaltning vedtok oktober 2006 motsegn til det same området. Landbruksforvaltninga viste til det nasjonale målet om å halvera årleg omdisponering av dei mest verdfulle jordressursane innan 2010. Føreslått utviding av golfbanen vil innebere eit klart brot med dei langsiktige grensene for landbruk som er vedtatt i fylkesdelplan for langsiktig byutvikling på Jæren.

Framtidige byggjeområde bustadområde på Vestly og Hognestad

På Vestly gnr. 22 bnr. 13 og bnr. 28 står det eit bustadhus og eit nedlagd minkanlegg, og resten er dyrka eng. Arealet er ca. 7900 m2.

På Hognestad gnr. 9 bnr. 2 og bnr. 69 (Trekanten) står det eit bustadhus og området består av kratt og tre. Arealet er ca. 4300 m2

Området på Hognestad gnr. 9 bnr. 17 er dyrka eng og grenser mot eit bustadfelt. Arealet er ca. 2400 m2.

Fylkesmannen i Rogaland vedtok 28. mars 2006 m.a. motsegner til framtidige bustadområde på Vestly felt 6 (gnr. 22 bnr. 13 og bnr. 28), på Hognestad felt 1 (gnr. 9 bnr. 2 og bnr. 69 Trekanten) og på Hognestad felt 4 (gnr. 9 bnr. 17). Fylkesmannen viste til fylkesdelplan for langsiktig byutvikling på Jæren, som seier at kommunane skal utvikle strategiar for å avgrense spreidd utbygging utanfor tettstadene. Det er ikkje tilfredsstillande at det blir vist nye byggeområde innafor prioriterte landbruksområde. Fylkesmannen trakk også fram omsynet til å redusere transportarbeidet og til trygg skoleveg. Landskapsomsyn, både natur- og kulturlandskap, er også viktige moment som talar mot spreidde byggetiltak i LNF, ifølgje fylkesmannen.

Fylkeslandbruksstyret i Rogaland vedtok 27. april 2006 m.a. motsegner til dei same områda. Fylkeslandbruksstyret meinte at opning av fleire nye spreidde bustadfelt innafor dei definerte kjerneområda for landbruk, er byrjinga til nye småsamfunn som på sikt vil fortrengje og kome i konflikt med nasjonalt og regionalt viktige landbruksinteresser.

Mekling skjedde 2. juni 2006 og 5. januar 2007. I møta vart partane samde om korleis ein kunne løyse fleire spørsmål og andre motsegner, men ikkje dei motsegnene som er referert ovanfor.

Kommunestyret i Time handsama  kommuneplanen 2007 2018 i møte 13. februar 2007. I saksframlegget skreiv rådmannen m.a. at ei restriktiv linje for spreidd busetnad over tid kan føre til at krinsane kan kome til å oppleve stagnasjon i folketal og elevtal. Kommunen har investert i sosial og fysisk infrastruktur over år. At krinsane opplever at det er lite rom for nyetablering for unge familiar kan igjen føra til meir press i Bryne.

Kommunestyret vedtok kommuneplanen, og tok ikkje dei refererte motsegnene til følgje. Dei 4 områda med motsegn vart trekte ut av planforslaget og send departementet for avgjerd, medan resten av kommune¬planen sin arealdel vart eigengodkjend.

Fylkesmannen i Rogaland tilrådde i si oversending 16. mars 2007 til departementet at alle motsegnene vert teke til følgje.

Synfaring skjedde 18. juni 2007 med representantar for kommunen, fylkesmannen, Direktoratet for naturforvaltning, Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet til stades.

Landbruks- og matdepartementet tilrår i brev 30. august 2007 å ta alle motsegnene til følgje. Departementet viser til St.prp. nr. 1 (2005-2006) for Landbruks- og matdepartementet, der det går fram at sikring av verdfulle jordbruksareal og kulturlandskap er høgt politisk prioritert og viktige element i den nasjonale miljøpolitikken. Regjeringa vil halvere den årlege omdisponeringa av dei mest verdfulle jordressursane innan 2010.

Jæren representerer eit viktig område for landbruksproduksjon. Fylkesdelplan for langsiktig byutvikling på Jæren er eit særs viktig planverktøy for å oppretthalde areal for dagens produksjon av mat og for framtidig matproduksjon. Landbruks- og matdepartementet støtter fylkesmannens råd om å utvikle ein plan for landbruk i Time kommune.

Landbruks- og matdepartementet meiner det sterke presset på omdisponering av viktige landbruksareal i Noreg tilseier lojalitet til langsiktig planlegging. Det er lite heldig om kommunane på Jæren bit for bit avviker frå fylkesdelplanen.

Direktoratet for naturforvaltning tilrår i brev 4. september 2007 å ta til følgje motsegna til byggjeområde friområde for utvida golfbane på Grødem. Direktoratet uttaler seg ikkje om dei andre motsegnene.

Direktoratet viser til St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand. Meldinga peikar på behovet for ein meir offensiv, heilskapeleg og langsiktig arealpolitikk i og langs vassdrag. Regjeringa vil bidra til bevaring av vassdragslandskapet som ein ressurs for friluftslivet og for det biologiske mangfaldet og sikre mot forureining og erosjon. Ein skal forvalte vassdraga gjennom heiskapeleg arealpolitikk som sikrar vassdragslandskap, vassdragsbelte og vassressursar.

Utviding av golfbanen på Grødem vil føre med seg at areal som i dag består av vegetasjon nærast elva og elles blokkrik beitemark vert omdisponert. Dette er naturtypar som vert stadig meir sjeldne på Jæren. Kantvegetasjon mot Håelva er viktig å ta vare på for å hindre avrenning frå landbruket til vassdraget og leggje til rette for friluftsliv langs elva.

I Håelva er det lokalitetar med elvemusling som har status som sårbar på norsk raudliste 2006. Tilførsel av næringsstoff og utslepp av organisk stoff verkar negativt på elvemuslingen, og det er derfor viktig å ta vare på resterande kantvegetasjon for å hindre avrenning frå landbruket.

Miljøverndepartementet si vurdering

Regjeringa meiner norsk matjord er ein ressurs som det er eit nasjonalt ansvar å ta vare på for våre etterkomarar. Det er fastsett eit nasjonalt mål om å halvere den årlege omdisponeringa av dei mest verdfulle ressursane innan 2010. Regjeringa forventar strengare praksis i kommunane når det gjeld jordvern og minske i omdisponeringa av dyrka og dyrkbar jord, jf. brev 21. februar 2006 frå Miljøverndepartementet og Landbruks- og matdepartementet.

Generelt bør ein ved planlegging av golfbanar unngå eller skjerme enkeltområde som inneheld store naturmiljøverdiar. Dette kan vere belte langs vassdrag og sjø, bekkedrag, myrer og våtmarksområde, gamle hagar osv., jf. rundskriv T 2/2001.

Ved kongeleg resolusjon 4. mai 2001 stadfesta regjeringa fylkesdelplan for langsiktig byutvikling på Jæren. Planen legg eit perspektiv på 40 år til grunn i sine vurderingar for å finne ein samla sett forsvarleg løysing på konfliktane mellom bevaring av dyrka og dyrkbar jord og behovet for samfunnsmessig utbygging. I resolusjonen understreka regjeringa at det er viktig at dei kompromissar som no er inngått om rammene for bruk av dyrka og dyrkbar mark blir følgt opp innafor planperioden. Dei langsiktige grensene for landbruk er nasjonale føringar som skal gjeve vern om arealressursane og stabile forhold for næringa. Ved rullering av kommuneplanane må ein økonomisere med utbyggingsareal, slik at dei områda som no er akseptert som utbyggingsområde varer heile planperioden.

Ein utvida golfbane på Grødem vil medføre omdisponering av jordbruksjord, noko som er i strid med nasjonal jordvernpolitikk. Jorda i området kan i framtida nyttast til landbruk. Det er eit konstant press mot matjorda på Jæren, også innafor dei områda som skulle vore sikra som jordbruksareal i fylkesdelplan for langsiktig byutvikling på Jæren. Det tilseier ei restriktiv haldning i alle saker om omdisponering av slik jord.

Ein utvida golfbane vil påverke Håelva og kantvegetasjonen. Fleire stader langs Håelva går dyrkamarka tilnærma heilt ned til elva. Resterande kantvegetasjon er derfor særleg viktig for å hindre auka avrenning til elva frå landbruket og for å hindre erosjon. Sjølv om vegetasjonen innanfor det aktuelle planområdet i stor grad er planta gran, har vegetasjonen funksjon som ly for vilt og gjev ei anna oppleving av elvelandskapet enn områda rundt.

Areala på Vestly og Hognestad er kvar for seg små. Det står i dag bygg på dei eller dei ligg inntil bustadområde. Over tid vil spreidd utbygging på Jæren i strid med fylkesdelplanen truge mellom anna omsynet til jordvern i regionen. Departementet meiner derfor at det er viktig å ha ei konsekvent og restriktiv haldning til forslag til omdisponering i strid med fylkesdelplanen.

Utbygging utanom senterområde gjer det også vanskelig å reise med kollektive transportmidlar, som buss eller jernbane. Omsynet til samordna areal- og transportplanlegging tilseier ei restriktiv haldning til spreidd bustadutbygging.

Departementet finn etter dette ikkje grunnlag for å godkjenne framtidig byggjeområde friområde for utvida golfbane på Grødem til 18 hol eller dei 3 områda for framtidig byggjeområde bustadområde på Vestly og Hognestad.

Vedtak

I medhald av § 20-5 femte ledd i plan- og bygningslova finn departementet ikkje å kunne godkjenne del av kommuneplanen sin arealdel for framtidig byggjeområde friområde for utvida golfbane på Grødem til 18 hol og framtidige byggjeområde bustadområde på Vestly gnr. 22 bnr. 13 og bnr. 28, på Hognestad gnr. 9 bnr. 2 og bnr. 69 (Trekanten) og på Hognestad gnr. 9 bnr. 17. Departementet endrar alle områda til LNF. Motsegner frå Fylkesmannen i Rogaland, Statens landbruksforvaltning og Fylkeslandbruksstyret i Rogaland er dermed teke til følgje.


Departementet legg til grunn at kommunen rettar opp kommuneplankartet i tråd med vedtaket ovanfor.

Kommunen kunngjer planen, jf. plan- og bygningslova § 20 5 åttande ledd.

Kommunen er gjort kjend med departementet sitt vedtak ved kopi av dette brevet.


Med helsing
Erik Solheim

Kopi:
Time kommune, Postboks 38, 4349 BRYNE
Rogaland fylkeskommune, Postboks 130, 4001 STAVANGER
Landbruks- og matdepartementet, Postboks 8007 Dep. 0030 OSLO
Direktoratet for naturforvaltning, 7485 TRONDHEIM