Tinn kommune - kommunedelplan for Hovin - motsegn til to område med hyttebygging

Miljøverndepartementet tek delvis til følgje motsegn frå Fylkesmannen i Telemark til kommunedelplan for Hovin. Departementet meiner at ytterlegare hyttebygging inn mot trekk-korridoren for villrein mellom Hardangervidda og Blefjell ikkje kan aksepterast i så stort omfang som kommunedelplanen legg opp til. Motsegna til byggeområde F9 Sølset tas difor til følgje. Motsegna til byggeområde F10 Grønli tas delvis til følgje ved at byggeområdet blir avgrensa til arealet nedanfor vegen, og at talet på hytter blir redusert frå 50 til 25.

Fylkesmannen i Telemark sendte den 20. januar 2010 saka for endeleg avgjerd i samsvar med plan- og bygningslova av 1985 § 20-5 femte ledd.


Miljøverndepartementet tek delvis til følgje motsegn frå Fylkesmannen i Telemark til kommunedelplan for Hovin. Departementet meiner at ytterlegare hyttebygging inn mot trekk-korridoren for villrein mellom Hardangervidda og Blefjell ikkje kan aksepterast i så stort omfang som kommunedelplanen legg opp til. Motsegna til byggeområde F9 Sølset tas difor til følgje. Motsegna til byggeområde F10 Grønli tas delvis til følgje ved at byggeområdet blir avgrensa til arealet nedanfor vegen, og at talet på hytter blir redusert frå 50 til 25.

Bakgrunn for saka
Tinn kommune har utarbeidd kommunedelplan for Hovin som blant anna legg til rette for nye hytteområde. Etter mekling i saka gjenstår det motsegn til to område, F9 Sølset og F10 Grønli, med ei samla utbygging på 80 hytter. Kommunedelplan for Hovin blei vedtatt av kommunen den 26. juni 2007, med unntak for områda med motsegn. 
Fylkesdelplan for Blefjell blei vedtatt i fylkestinga i Buskerud og Telemark i 2001 og godkjend av Miljøverndepartementet i 2002. Eitt av vilkåra i godkjenninga var at villreinkorridoren mellom Blefjell og Hardangervidda skulle utvidast i samråd med Direktoratet for Naturforvalting, og at ein skulle vere særleg varsam med utbygging av fjellskogområda i Tinn som ligg nærast dei mest sentrale villreinområda (A-område). Hytteområda F9 Sølaset og F10 Grønli ligg i område B2 i fylkesdelplanen, dvs. landbruks-, natur- og friluftsområde der det kan tilpassast noko hyttebygging i kommuneplanane. Det må innarbeidast ein buffersone i B2-området som grenser opp mot villreinkorridorar.  Storleiken på buffersonene skal avklarast gjennom den kommunale planlegginga i området.


Kommunedelplanen legg til rette for over 490  hytter. Av desse ligg 95 hytter innafor fylkesdelplanen for Blefjellomådet, i tillegg til 12 utleigehytter/¬ervervsbygg.

 
Fylkesmannen i Telemark ved miljøvernavdelinga fremma motsegn til fleire hytteområde i kommunedelplanen i brev av 6. september 2006. Fylkesmannen trekte dei fleste motsegnene i den vidare prosessen, bortsett frå område F9 Sølset og F10 Grønli. Motsegnene til desse områda er grunngjevne med omsyn til villrein. Motsegna til Grønli er og grunngitt med reduksjon i inngrepsfrie naturområde i Noreg (INON). Mykje av konflikten er knytt til usemje om kor yttergrensene går for ein villreinkorridor mellom Blefjell og Hardangervidda.


Tinn kommune viser til at det var ein klar intensjon i fylkesdelplan for Blefjell at Tinn kommune skulle få sin del i ein framtidig utvikling innafor området. Det blei lagt eit stort B2-område i Blefjellplanen der kommune¬planlegginga skulle konkretisere vidare utvikling, m.a. hyttebygging. Kommunen si grunngjeving for ikkje å ta omsyn til motsegna for F9 og F10 er at dei har halde sin del av områda opp mot Blefjellmassivet fri for ny utbygging, og konsentrerar nybygging mot meir perifere skogområde. Dei omtvista områda er viktige element i eit heilskapsperspektiv knytt til lokalsamfunnsutviklinga i Hovin, der tilgang til friluftsområde er eit viktig satsingsområde. Dette er og viktige område for utmarks¬næring knytt til gardsbruk. Kommunen viser til at det bare blir tillatt 23 nye hytter i Tinn kommune innafor Blefjellplanen sine grenser om F9 og F10 blir tatt ut av planen. Dei meiner dette er meir restriktivt enn fylkesdelplanen legg opp til.

 
Mekling i saka blei heldt den 9. mars og 20. april 2007. Det blei under meklingane foreslått alternative løysingar for plassering av hytter som ikkje var konfliktfylte i høve til villreinen, men meklingane førte ikkje fram.


Kommunedelplanen blei vedtatt den 26. juni 2007.


Kommunen oversendte saka den 7. oktober 2009 til Fylkesmannen i Telemark for vidare handsaming i Miljøverndepartementet.

 
Fylkesmannen i Telemark oversendte saka til Miljøverndepartementet i brev av 20. januar 2010. Fylkesmannen viser til at det i dette tilfellet er grunnleggjande usemje mellom kommunen og regionale planmyndigheiter om prinsippa som skal leggjast til grunn ved utbygging i eit sårbart område, i villreinkorridoren til Hardangervidda nasjonalpark.  Fylkesmannen rår til at den samla utbygginga blir vurdert i høve til press på Blefjell villreinområde. Fylkesmannen rår difor til at motsegna blir tatt til følgje.


Synfaring skjedde 4. juni 2010 med representantar for kommunen, grunneigarane, utbyggingsselskapet Hovin utvikling, Fylkesmannen i Telemark, Direktoratet for naturforvaltning og Miljøverndepartementet.


Direktoratet for naturforvaltning (DN) uttalar i brev av 25. august 2010 at kommunedelplanen for Hovin legg opp til ei utbygging av fritidsbustader som ikkje tek nok omsyn til villreinen i Blefjell. Villreinkorridoren, som er kalla A3 i fylkesdelplanen for Blefjell,  har som hovudfunksjon å sikre ein trekkveg for villrein mellom Hardanger-vidda og Blefjell. Grunnen er at stammen på Blefjell er liten, og utan utveksling av dyr med Hardanger¬vidda vil stammen over tid bli råka av innavl. Det er eit mål i seg sjølv at tilhøva skal leggast til rette for utveksling av dyr mellom dei ulike villreinområda.

 
DN meiner at byggeområde F9 Sølset med inntil 30 hytter er mest konfliktfylt. DN viser til at villreinkorridoren er smal i dette området, og at ferdsel inn mot korridoren vil vere særleg konfliktfylt. Ved byggeområde F10 Grønli med inntil 50 hytter, er trekk-korridoren A3 breiare enn ved F9. DN meiner likevel at ein her planlegg med for mange hytter i høve til tålegrensa for villreinstamma. DN meiner difor at F10 bør reduserast i omfang slik at byggeområdet avgrensast til arealet nedanfor vegen i F10. Det ser ut til at det vil vere mogleg å leggje til rette for ferdsel i vestleg retning frå F10, bort frå villreinområdet.

Miljøverndepartementet si vurdering
Det er eit nasjonalt mål at fjellområda skal forvaltast som landskap der kultur- og natur-ressursane, næringsmessig utnytting og friluftsliv blir sikra og utfyller kvarandre. Dette inneber mellom anna at lokalisering av fritidsbustader skal skje slik at ein tar omsyn til store samanhengjande naturområde og viktige naturverdiar, kulturmiljø og verdfulle landskap.


Noreg er det einaste landet i Europa som har intakte høgfjellsøkosystem med bestandar av villrein. Sikring av villreinens leveområde er viktig for å kunne bevare villreinens sentrale plass i norsk fjellfauna. Av naturmangfaldlova § 5 går det fram at målet er å ivareta artane og deira genetiske mangfald på lang sikt, og at artane skal finnast i levedyktige bestandar i deira naturlege leveområde. Så langt det er nødvendig for å nå dette målet, skal ein også sikre artenes økologiske funksjonsområde og dei andre økologiske føresetnadene dei er avhengig av.


Dei største utfordringane i dag er knytt til bygging og aktivitet i randsona til fleire av villreinområda og ferdsel inn i områda.  Regjeringa legg opp til ei differensiert forvaltning av villreinområda i Noreg, der ein skiljar mellom nasjonale villreinområde og andre villreinområde. Blefjell høyrer til kategorien andre villreinområde. Forvaltninga av desse områda skal være eit kompromiss mellom villreininteresser og andre samfunns¬interesser.  I brev av 12. april 2007 frå Miljøverndepartementet går det likevel fram at det er eit mål å bevare og leggje til rette for ei best mogleg forvaltning av alle villreinområde i landet.

 
Blefjell er leveområde for ei mindre villreinstamme. Stamma tel i dag 120 vinterdyr og bereevna er berekna til 150 vinterdyr. Blefjellkomplekset er rundt 225 km2 og ligg mellom 600 og 1340 meter over havet.

 
Av oppdragsmelding nr. 843 frå Norsk institutt for naturforskning går det fram at Blefjellområdet tidlegare har vore ein utløpar av Hardangervidda villreinområde. Korridoren mellom områda har over tid blitt redusert, og det er i dag liten utveksling mellom områda. Likevel er det viktig å halde oppe ein korridor mellom Blefjell og Hardangervidda for å sikre genetisk utveksling for å unngå innavl.
Det går fram av fylkesdelplanen for Blefjellområdet at A- områda er mest sårbare av omsyn til villreinen. A3 er korridorar og andre fjellnære områder. I  B2-området kan det tillatast ein viss hyttebygging i mindre felt, og lokalisering av dei skal skje gjennom kommuneplanarbeidet.

 
Det går fram at Tinn kommune over tid har vore varsam med utbygging i fjellskogs-områda opp mot Blefjell. Fylkesdelplanen legg derfor opp til at det bør kunne leggjast ut nokre nye hytteområde i utkanten av fjellområda, nedanfor skoggrensa.


Departementet  ser Tinn kommune sitt behov for å leggje til rette for auka bygging av fritidsbustader. Ei slik utbygging må samstundes ta tilstrekkeleg omsyn til villrein-stammen i Blefjell som i dag har marginale livsvilkår, og til andre miljøinteresser.

 
Departementet viser til prosessen med kommunedelplanen for Hovin, der det går fram at plan¬forslaget medfører at det totalt vil bli ca 600 hytter innafor planområdet, medrekna eksisterande hytter . Fleire av dei nye hytteområda  har det også vore fremma motsegn til, men fylkesmannen har vald å trekke motsegnene. Dei to attverande områda ligg opp mot villreinkorridoren i B2 området.


Miljøverndepartementet deler fylkesmannens og DNs syn om at byggeområde F9 Sølset, er mest konfliktfylt. Trekk-korridoren er smal i dette området, og ferdsel inn mot korridoren vil vere særleg konfliktfylt. Ut frå omsynet til at den samla belastninga i dette området er stor, og ein må sikra moglegheit for genetisk uveksling, bør ein ikkje anlegga nye hyttefelt inn mot denne korridoren. Departementet finn derfor at område F9 må takast ut av planen.


Ved byggeområde F10 Grønli med inntil 50 hytter, er trekk-korridoren A3 atskillig breiare enn ved F9. Departementet meiner at den samla belastninga i dette området snart er nådd, og at ein planlegg med for mange hytter i høve til tålegrensa for villreinstamma. Vidare er det et nasjonalt mål å taka vare på inngrepsfrie område og bevare eit samanhengande naturområde. Departementet støtter difor DN i at ein må redusera omfang av hytter og at ein bør legge til rette for ferdsel vekk frå dei mest sårbare villreinområda. For å ivareta desse forholda må byggeområdet avgrensast til arealet nedanfor vegen i F10.


I samsvar med naturmangfaldlovas § 7 skal det gå fram av vedtaket korleis omsynet til miljøprinsippa i lovens kapittel II (§§8-12) er vektlagt i vurderinga av saken. Forvaltningsmåla for naturtypar og artar (§§ 4 og 5) skal trekkast inn. Dei nemnde føresegnene i naturmang¬faldlova skal såleis inngå som ein integrert del i skjønnsutøvinga ved sakshand¬saming etter plan- og bygningslova. Ein skal vurdera miljø¬konsekvensane av tiltaket i eit heilskapleg og langsiktig perspektiv, der omsynet til det planlagde tiltaket og eventuelt tap eller reduksjon av naturmangfaldet på sikt skal avvegast.

 
Departementet vurderer kunnskapsgrunnlaget om Blefjellreinen som god og tilstrekkeleg til å fatte avgjerd ut frå prinsippa i naturmangfaldlova. Ut frå omsynet til samla belastning og målet om å bevare levedyktige bestandar, meiner departementet at grensa for forstyrringar inn mot det sentrale leveområdet for villreinen er nådd.   Byggeområde F9 tas ut av planen og visast som LNF- føremål. Område F10 blir redusert slik at areala ovanfor vegen blir tilbakeført til LNF-føremål og tal på hytter blir redusert til 25.


Miljøverndepartementet finn etter dette at motsegna frå fylkesmannen må takast delvis til følgje av omsyn til villreinen på Blefjell.

Vedtak
I medhald av § 20-5 femte ledd i plan- og bygningslova av 14. juni 1985 finn Miljøverndepartementet ikkje å kunne stadfeste kommunedelplanen for Hovin for byggjeområde F9  Sølset og F10 Grønli. Departementet endrar område F9 og deler av F10 til landbruks-, natur- og friluftsområde. Resten av F10 kan leggjast ut som byggjeområde for inntil 25 fritidsbustader med krav om områderegulering, der det skal takast omsyn til landskap, natur og anna naturmangfald.


Motsegna frå Fylkesmannen i Telemark er dermed teken delvis til følgje.


Departementet legg til grunn at kommunen retter opp kommuneplankartet i tråd med vedtaket ovanfor.


Kommunen blir bedt om kunngjere vedtaket, jf. plan- og bygningsloven § 20-5 åttande ledd.
Kommunen er gjort kjend med departementet sitt vedtak ved kopi av dette brevet.


Med helsing

Erik Solheim


Kopi:
Tinn kommune, Postboks 14, 3661 Rjukan
Telemark fylkeskommune, Postboks 2844, 3702 Skien
Direktoratet for Naturforvaltning, Tungasletta 2, 7485 Trondheim