Vang kommune – motsegn til kommunedelplan for Tyinkrysset

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Avgjerd i motsegnsak, 11. april 2007

 

Saka er sendt Miljøverndepartementet for avgjerd etter plan- og bygningslova § 20-5 femte ledd ved brev frå Fylkesmannen i Oppland av 24. april 2006. 

Miljøverndepartementet godkjenner kommunedelplanen for Tyinkrysset med unntak av byggjeområde for fritidsbusetnad og erverv H67, næringsområde N 3 - 4 og byggjeområde for riggområde ved Otrøvatnet. Næringsområde N3 - 1, 2 og 3 for jakt/fiskebuer i fjellet blir endra til LNF-område med spreidd erverv, og med føresegner som avgrensar utbygginga.

Motsegna frå Riksantikvaren er etter dette tatt til følgje, og motsegnene frå Fylkesmannen i Oppland er tatt delvis til følgje.

Bakgrunn for saka

Kommunedelplanen for Tyinkrysset skal erstatte kommunedelplan for same området vedtatt i 1989. Hovudformålet med planen er å leggje arealmessig til rette for vidare utvikling av Tyinkrysset som reisemål, der reiselivsverksemder, alpinanlegg og hytter utgjer hovudelementa. 

Planprosessen har vore omfattande og prega av mange innspel og merknader, og planen er endra fleire gonger undervegs. Fleire merknader og motsegner er trekte i løpet av prosessen. Etter kommunestyret sitt sluttvedtak står det igjen følgjande motsegner: 

Fylkesmannen i Oppland har motsegn mot byggjeområde H67 Fritidsbustader og erverv i Bjørdalen. Grunngjevinga er at dette området ligg som ein satellitt i høgfjellet utan tilknyting til andre byggjeområde og infrastruktur. Fylkesmannen viser til arealpolitiske føringar i St. meld. nr. 21(2004-2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand, der det m.a. står at hyttebygging ikkje bør skje i store, samanhengande område utan større tekniske inngrep. Området ligg ca. 1000 meter over havet. Det er ikkje rasvurdert, og det er ikkje vist tilkomst til feltet. I eit tidlegare planutkast var feltet knytt til eit alpinanlegg. Etter at dette er tatt ut, har hyttene ingen direkte tilknyting til reiselivssatsing i denne delen av planområdet.

Fylkesmannen har og motsegn mot fire mindre næringsområde, der det er tenkt oppført villmarksbuer/overnattingsbuer for utleige til jakt og fiske. Fylkesmannen meiner det er uheldig at det er lagt ut slike næringsområde spreidd i LNF-områda, fordi det bryt opp større samanhengande høgtliggande naturområde, og ligg nær vatn. Fylkesmannen viser til at det ikkje går fram kor mange bygg som kan etablerast eller øvre arealgrense for bygga. Fylkesmannen har etter dette motsegn mot dei fire områda N3-1, N3-2, N3-3 og N3-4.

Riksantikvaren har motsegn mot riggområde ved Otrøhaugen. Området er eit av fleire slike  riggområde som blir nytta for reguleringa av Begnavassdraget. Motsegna er grunngitt med at det inntil området ligg ei hustuft frå merovingertid, 600 – 800 e.Kr. Det er svært få slike kulturminne frå denne tida i høgfjellet. Lokaliseringa rett ved vatnet er interessant. Riksantikvaren viser til at Tyinkrysset er eit rikt kulturminneområde, med til dels godt bevarte kulturminne frå mange ulike periodar. Dette har samanheng med at Tyinkrysset er eit knutepunkt for ferdsla mellom aust og vest.

Motsegna er fremja frå Riksantikvaren etter at fylkesutvalet i Oppland ikkje følgde innstillinga frå kulturminneadministrasjonen i Oppland fylkeskommune, jf. rundskriv T-4/92.

Kommunestyret vedtok kommunedelplanen i møte 22. september 2005. Kommunestyret vedtok å oppretthalde H67 og riggområdet. Næringsareala N3 vart og oppretthalde. Kommunestyret opna for at ein i mekling kan gjera om områda til spreidd utbygging i LNF-område, avgrensa til to bygg på inntil 30 kvm i kvart område og med reglar om terrengtilpassing, mønehøgde og plassering utanfor byggjeforbodssona på 50 meter frå vatn.

I tillegg til dei motsegnene som er omtala ovanfor, var det fremja motsegn frå Riksantikvaren til eit større byggjeområde for næring og hytter sør for Tenla, område H68. Kommunestyret vedtok i møte 3. november 2005 å ta dette området ut av kommunedelplanen.

Mekling i saka vart gjennomført for dei resterande motsegnene 10. oktober 2005. Meklinga førde ikkje fram.

Vang kommune har ved si oversending til fylkesmannen 7. november 2005, utfylt av brev til fylkesmannen av 23. februar 2006, forklart kvifor dei held fast på områda med motsegn.

Byggjeområdet H67 skil seg frå dei andre hytteområda i planen, og det er viktig for kommunen å kunne tilby ulike typar hytteområde. Området vil liggje for seg sjølv og vil ikkje vere synleg frå Tyinkrysset.

Næringsområda N3 - 1-4 er areal der kommunen ønskjer å tillate lokalisering av små jakt- og fiskebuer for utleige saman med utleige av jakt og fiske. Kommunen er open for at områda blir viste som LNF-sone for spreidd næringsverksemd, der ein spesifiserer talet på og storleiken av bygg. Kommunen viser til det særmerkte ved at stort sett alt fjell i Vang er i privat eige, noko som gjer at det ikkje er eit fjellstyre som forvaltar jakt og fiske. Jakt- og fiskerettane er ein viktig del av næringsgrunnlaget for fjellgardane. Kommunen viser og til at det i alle områda er tyngre tekniske installasjonar knytt til vassregulering, og at det derfor ikkje er snakk om inngrepsfrie område. Det er lang tradisjon for utbygging av jakt- og fiskebuer i desse fjellområda.

Riggområdet ved Otrøhaugen er oreigna til riggområde for vassreguleringa i området. Kommunen viser til at dette har vore akseptert gjennom fleire tiår, og at kommunedelplanen følgjer opp denne bruken.

Fylkesmannen viser i oversendingsbrevet av 24. april 2006 til at dette har vore ein omfattande planprosess med brei deltaking og mange innspel. Planen ber preg av at mange har fått sine ønskje oppfylt. Fylkesmannen meiner at byggjeområdet H67 og næringsområda i høgfjellet er klart i strid med sentrale føringar, særleg arealpolitiske føringar i St. meld. nr. 21(2004-2005). Fylkesmannen viser til at det er store tomtereservar som ligg inne i planen, og finn ikkje at kommunen si grunngjeving for områda er god nok til å fråvike føringane.

Motsegna frå Riksantikvaren er grunngjeven med konflikt med automatisk freda kulturminne. Fylkesmannen tilrår at alle motsegnene blir tatt til følgje.

Synfaring og møte om saka vart halde 30. august 2006, med representantar for kommunen, fylkesmannen, fylkeskommunen, Riksantikvaren, Direktoratet for naturforvaltning og Miljøverndepartementet.

Direktoratet for naturforvaltning rår i brev av 18. oktober 2006 til at motsegnene frå fylkesmannen blir tatt til følgje. Direktoratet viser til at byggjeområdet H67 er i konflikt med viktige friluftslivs- og landskapsomsyn. Dette er ein viktig inngang til fjellområda vestover. Området ligg i snaufjellet og vil bli synleg frå fjellområda rundt Tyinkrysset. Området vil i seg sjølv leggje beslag på tur- og rasteområde og vil flytte grensa for naturopplevingar oppover i fjellet. Området var opphavleg knytt til eit alpinområde, som sidan er tatt ut av planen. Direktoratet peiker på at kommuneplanen ikkje avklarar omfanget av utbygging eller talet på hytter, og heller ikkje teknisk standard eller vegtilknyting.

Direktoratet legg vekt på at næringsareala N 3 - 1-4 ligg i urørte fjellområde, utan andre bygg enn småbuer og naust knytt til landbruksnæring. Ei utbygging vil påverke opplevinga av å vere i urørt fjellandskap. Vatna er viktige mål for rast og fiske frå Tyinkrysset og frå hytter og overnattingsstader langs fjellovergangen mot Lærdal. Dei avmerka stadene ligg opent og eksponert i snaufjellet. Nye bygningar for utleige vil bidra til å privatisere områda i større grad enn dei eksisterande småbuene og nausta knytt til tradisjonell bruk. Direktoratet ser ikkje på utbygging av jakt- og fiskebuer for utleige, slik det her er lagt opp til, som formålstenleg i høve til eit generelt mål om å lette folks tilgang til jakt- og fiske. Det er god tilgang på enkle overnattingsbuer i desse fjellområda. Dersom det skal byggast nye buer for utleige, bør det skje i mindre eksponerte og sårbare område, for eksempel der det er hytter eller buer frå før.

Direktoratet kommenterer og riggområde ved Otrøvatnet. Direktoratet meiner at avgrensinga av riggområdet ikkje ser ut til å vere grunngitt i ei avveging av trongen for riggareal i høve til verdien for kulturminne, landskapsareal og friluftsliv.

Miljøverndepartementet si vurdering

Miljøverndepartementet har i si vurdering tatt utgangspunkt i at Tyinkrysset er eit regionalt satsingsområde for reiseliv. Departementet meiner kommunen i hovudsak har kome fram til eit kompakt og godt utbyggingsmønster, der det er tatt omsyn til dei store kulturminne-, landskaps- og naturinteressene i området. 

Fritidsbustad- og næringsområdet H67 er etter departementet si vurdering eit unntak frå dette hovudinntrykket. Det er det høgastliggjande næringsområdet i planen, og det ligg i snaufjell. Jamvel om det ikkje ligg spesielt eksponert i høve til Tyinkrysset, vil ei utbygging her bli synleg frå store delar av turområda rundt Tyinkrysset. Det inneber at grensa for fjellterrenget blir trekt lenger oppover, langs ei viktig turrute mot fjella vestover.

 

Departementet viser til at området ikkje er i tråd med sentrale føringar for lokalisering av fritidsbustader, m.a. knytt til snaufjellet. Kommunedelplanen legg få konkrete føringar på utbygginga, både i høve til form og omfanget av utbygging. Det er heller ikkje vist tilkomstveg til området. Det er sett av store område for næringsutvikling og fritidsbustader i kommunedelplanen, og departementet meiner kommunens mål om ulike typar område er tilfredsstilt sjølv om område H67 blir tatt ut. Departementet er samd i Direktoratet for naturforvaltning si vurdering av saka. Departementet finn etter ei samla vurdering ikkje å kunne godkjenne området H67.

Næringsareala N3 1-4 er sett av for utbygging av mindre jakt- og fiskebuer for utleige saman med utleige av jakt og fiske. Områda er meint som utnytting av gardens ressursar. Kommunen viser til at områda alternativt kunne vore vist om LNF-område med føresegner om omfang og lokalisering av spreidd ervervsutbygging etter plan- og bygningslovens § 20-4 andre ledd bokstav c.

Departementet er samd med fylkesmannen og Direktoratet for naturforvaltning i at dei fire områda ligg i område med lite utbygging i snaufjellet, og at dei tilliggjande vatna er viktige turmål. Det er ikkje ønskjeleg med større inngrep eller utbygging i desse områda. Departementet har likevel forståing for at kommunen ønskjer å utnytte noko av det næringsmessige potensialet som ligg i jakt- og fiskeressursane, og sjå dette i samanheng med det samla reiselivsproduktet i Tyinkrysset. Det er tradisjon for utbygging av jakt- og fiskebuer i Vang.

Departementet meiner derfor at det bør kunne opnast for ei avgrensa utbygging av jakt- og fiskebuer til utleige. Det er ein føresetnad at områda framstår som utmarksområde, og at det berre skal opnast for ei svært avgrensa utbygging med god landskapstilpassing. Utbygging skal skje etter reglane for spreidd næringsutbygging i LNF-område i plan- og bygningsloven  § 20-4 andre ledd bokstav c, med føresegner om storleik m.v. etter § 20-4 bokstav b. Utbygginga skal skje utanfor 50 meters byggjegrense frå vassdrag. Ved meir enn eit bygg skal det utarbeidast bebyggelsesplan.

Området N 3 – 4 ligg ved Bjørdalstjednet som er bandlagt som eit av fleire alternativ for drikkevatn. Departementet finn at ei utbygging av jakt- og fiskebu til utleige her ikkje kan sameinast med bandlegginga til drikkevatn. Departementet vil og vise til at område N 3 – 4 ligg lengst inn i fjellet, og lengst frå byggjeområda. Departementet finn etter dette ikkje å kunne godkjenne området N 3 – 4.

Kommunedelplanen inneheld retningsliner for dispensasjonspraksis i LNF-områda. Dei omfattar m.a. løyve til bygging av fiskebu/jaktbu på inntil 30 kvm i LNF-områda. Departementet viser til at jakt- og fiskebuer kan inngå i LNF-føremålet dersom dei er ein del av landbruksnæringa på garden. Utleige i delar av året kan tillatast. Dersom bruken i hovudsak er knytt til turisme, friluftsliv, fritidsaktivitet eller fritidsretta jakt og fiske, inngår ikkje buene i LNF-føremålet. Slik utbygging bør avklårast gjennom kommunedelplanen. Kommunen bør vere restriktiv med å gi dispensasjon for slike jakt- og fiskebuer til turistformål i LNF-områda. Departementet meiner at retningslina om jakt- og fiskebuer kan oppfattast som ei generell opning for at dispensasjon kan gis til bygging av fiskebu/jaktbu til utleige. Dette er ikkje i samsvar med statlege føringar, og vi rår derfor til at retningslina blir tatt ut av planen.

Riggområdet ved Otrøvatnet inngår som ein del av fleire område ekspropriert til riggområde for reguleringa av Begnavassdraget. Riggområdet rører ikkje direkte ved kjente kulturminne, men hustufta frå merovingertid ligg nær området. Slike tufter er sjeldne i høgfjellet, og vi viser til Riksantikvarens uttale om at det er stort potensial for å finne fleire kulturminne i området. Samanhengen mellom hustufta og vatnet blir forstyrra av lagring og anna verksemd på riggområdet.

Departementet viser til at det er sett av ganske store område til riggområde, og at det er området aust for vegen som er tatt i bruk i dag. Det omstridde riggområdet er ikkje opparbeidd. Området er eit naturleg turmål og er synleg både frå nye utbyggingsområde i sør og frå E16. Bruken til riggområde har ein negativ visuell verknad for kulturminnet. Det er ikkje lagt fram nokon grunngjeving for at det er behov for dette området som riggområde. Departementet meiner omsynet til kulturminne og landskap her må gå framfor omsynet til tidlegare ekspropriasjon.

Departementet finn etter ei samla vurdering ikkje å kunne godkjenne den omstridde delen av riggområdet, slik det er avmerka på plankartet. Det er ønskjeleg å halde konfliktområdet ved utlaupet av Otrøvatnet fritt for ytterlegare inngrep.

Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 20-5 femte ledd godkjenner Miljøverndepartementet Vang kommunestyre sitt vedtak av 22. september 2005, med følgjande unntak:

1. Byggjeområde for fritidsbustader og erverv H67 tas ut av planen og blir endra til LNF-område sone 1.

2. Næringsareal N3 - 4 tas ut av planen og blir endra til LNF-område sone 1.

3. Næringsareal N3 - 1-3 blir endra til LNF-område med føresegner om spreidd ervervsutbygging etter plan- og bygningslova § 20-4 andre ledd bokstav c, og med føresegner om storleik og utforming etter bokstav b.

Planføresegnene blir endra slik at andre kulepunkt under pkt. 1.3 Næringsområde tas ut, og blir erstatta av slikt nytt siste punkt under pkt. 2 Landbruks-, natur- og friluftsområde:

”LNF-område med føresegner om spreidd ervervsverksemd, jf. PBL § 20-4 andre ledd bokstav c og b:

LNF sone 4 – område for jakt- og fiskebuer i fjellet.
    - Areala 1-3 skal nyttast til bygging av jakt/fiskebuer for utleige.
    - Det kan tillatast inntil to bygg i kvart område, kvart bygg med maksimal
       storleik på 30 kvm.
    - Bygga skal tilpassast terrenget og plasserast meir enn 50 meter frå vatn.
    - Maksimal tillate mønehøgde er 4 m.
    - Ved meir enn eit bygg skal det utarbeidast bebyggelsesplan.”

4. Byggjeområde riggområde ved Otrøvatn, slik det er avmerka med skravur på plankartet, tas ut av planen og blir endra til LNF-område sone 1. 

Departementet rår til at retningsliner for dispensasjon i LNF-områda blir endra slik at første punkt i retningslinene, som omhandlar fiskebu/jaktbu inntil 30 kvm innanfor LNF-område, tas ut av planen.

Miljøverndepartementet føreset at kommunen rettar opp plankart og planføresegner i tråd med vedtaket ovanfor. Miljøverndepartementet tar ikkje inn påteikning om godkjenninga på sjølve plankartet.

Miljøverndepartementet finn etter det som er opplyst at kommunedelplanen er handsama i samsvar med reglane i plan- og bygningslova, og at sakshandsaminga ikkje gir grunn til spesielle merknader. For kunngjering av den endelege kommunedelplanen gjeld plan- og bygningslova § 20-5 åttande ledd.

Med helsing
Helen Bjørnøy

Kopi:
Vang kommune
Direktoratet for naturforvaltning
Riksantikvaren
Oppland fylkeskommune