Vinje kommune - motsegn til kommuneplanen sin arealdel 2003-2015 knytt til hyttebygging på Nybustøylen, Bykleheia (hytter, villrein)

Avgjørelse i innsigelsessak, 19. mai 2004

Vinje kommune - motsegn til kommuneplanen sin arealdel 2003‑2015 knytt til hyttebygging på Nybustøylen, Bykleheia.

Vi viser til fylkesmannen sitt brev hit av 26. november 2003.

Saka er i samsvar med § 20‑5 femte ledd i plan- og bygningslova (pbl.) sendt Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd.

Departementet godkjenner Vinje kommunestyre sitt vedtak av 4. september 2003 om å leggje ut i arealdelen eit område for spreidd hyttebygging med 7 hytter, SH 49 Nybu, på Bykleheia. Hyttene skal plasserast nærast mogleg Sæsvatn. Av omsyn til villreinstammen i Setesdalheiane meinar Miljøverndepartementet at hyttebygging som kjem i konflikt med dei viktige trekkrutene på Bykleheia må haldast på eit minimum. Ut frå dette tek Miljøverndepartementet til følgje motsegna frå Fylkesmannen si miljøvern-avdeling mot arealdelen til kommuneplanen for Vinje når det gjeld 13 hytter i samsvar med reguleringsplan for Nybustøylen.

Bakgrunn for saka.

I arealdel til kommuneplan for Vinje kommune, vedteke 9. september 1999 var det området som det no er reist motsegn mot vist som eksisterande byggeområde for fritidsbustader. I samsvar med arealbruken i kommuneplanen blei ein reguleringsplan for fritidsbustader på Nybustøylen vedteken av kommunestyret i møte den 29. april 2002. Reguleringsplanen, som opprinneleg vart fremma med 19 hytter, blei etter varsel om motsegn frå miljøvernavdelinga eigengodkjend med 13 hytter.

Arealet som vert omfatta av reguleringsplanen for Nybustøylen blei også i framlegget til ny kommuneplan tatt inn som byggeområde. I si høyringsfråsegn av 15. november 2002 til kommuneplanen sin arealdel fremma fylkesmannen si miljøvernavdeling motsegn mot vidare bygging av hytter langsmed Rv 9 på Bykleheia. Kommunen ba miljøvern-avdelinga om ei presisering av om motsegna også omfatta den nyleg eigengodkjende reguleringsplanen for Nybustøylen. Miljøvernavdelinga stadfesta i brev av 9. desember 2002 at motsegna også gjaldt den omhandla reguleringsplanen.

Etter dette vedtok kommunen å leggja ut eit framlegg til revidert arealdel for Bykleheia til offentleg ettersyn, der reguleringsplan Nybustøylen skulle liggje inne som gjeldande. I brev av 14. april 2003 oppretthaldt miljøvernavdelinga si motsegn til reguleringsplanen for Nybustøylen då revidert arealdel for Bykleheia var på offentleg ettersyn.

I eit forsøk på å finne fram til løysingar tok kommunen kontakt med fylkesmannen si miljøvernavdeling. Kommunen gjorde framlegg om å oppretthalde 13 tomter på Nybustøylen, men flytte tyngdepunktet mot vest for å trekkje utbygginga litt vekk frå trekkorridoren ved Stokketjønn. Miljøvernavdelinga kunne ikkje akseptere dette, men ba kommunen utarbeide to alternative forslag til løysing, eit med 3 tomter og eit med 7 tomter.

Miljøvernavdelinga si motsegn er grunngjeve med omsynet til trekkrutene for villreinen i området, slik desse er dokumentert i ein rapport frå NINA datert oktober 2002. Fleire hytter i dette området vil i følgje denne rapporten gje auka ferdsle og meir uro for reinen. Miljøvernavdelinga har framheva at det er i dette området ein no har det viktigaste reintrekket som er att mellom Setesdal vest- og austhei i Telemark, og som fritidsbustader på Nybustøylen vil kome i konflikt med.

Miljøvernavdelinga meiner at dersom utviklinga aust-vest vert hindra, vil ein få eit fragmentert leveområde for rein som kvar for seg berre kan gje rom for eit mindre tal med dyr. Miljøvernavdelinga meiner det aktuelle byggeområdet for hytter må leggjast ut som reint LNF-område.

Mekling i saka vart gjennomført den 1. juli 2003. I meklingsmøtet kom kommunen med framlegg til forlik som innebar at talet på tomter innanfor reguleringsplanområdet for Nystøyl vert redusert til 7 hytter, mens 3 andre grunneigarar får høve til 2 hytter kvar, dvs. til saman 13 hytter på Bykleheia. Lokalisering av dei 7 hyttene på Nybustøylen skulle skje heilt nær grensa til Sæsvatn. Miljøvernavdelinga ønska primært ikkje at det blir opna for nye hytter på Nybustøylen av omsyn til villreintrekket. Som ei kompromissløysing kunne miljøvernavdelinga godta 3 hytter. Det vart ikkje semje om dette og meklinga førde såleis ikkje fram.

I møte 4. juli 2003 vedtok planutvalget i Vinje å ta ut reguleringsplanen for hytteområde på Nybustøylen og istaden leggje ut eit område med høve til 7 tomter i området lengst vest mot Sæsvatn, som LNF-område med høve til spreidd hyttebygging. Grunna motsegn vart området unnateke rettsverknad.

Vinje kommunestyre handsama kommuneplanen sin arealdel 2003‑2015 i møte 4. september 2003. Kommunestyret vedtok planutvalget sitt framlegg og eigengodkjende resten av arealdelen til kommuneplan for Vinje.

Kommunen peikar på at ei redusert utbygging på 7 tomter vil vere mogeleg å realisere innanfor eit mindre område lengst sørvest på eigedomen. Etter kommunen si meining ligg villreintrekket 500-1500 meter lenger aust for dette området. Avstanden frå tomtene til villreintrekket vil dermed verte godt over 300 m, som vert rekna som aktivitetsradiusen kring hyttene. Hyttene vil ha låg/middels standard og bruken av hyttene er dermed lågare enn høgstandardfelt. Det vert og peika på at tomtene ligg i eit område med fleire eksisterande hytter og nær riksvegen.

Kommunen viser til at omdømmet til styresmaktene vert svekka, dersom ein må skjere drastisk ned på nyleg godkjend reguleringsplan, og at grunneigaren har innretta seg etter planen ved mellom anna å ha bygd ny driftsbygning, der hyttetomtene er pantsett i lån.

Fylkesmannen har i sitt oversendingsbrev til departementet vist til at dette er ei uheldig sak. Grunneigaren fekk i april 2002 godkjend ein reguleringsplan for Nybustøylen 91/11, som omfattar 13 nye hytter. Allereie i denne planprosessen var omsynet til villreintrekket oppe og både kommunen og miljøvernavdelinga var såleis klår over at det var villreininteresser i dette området, sjølv om det ikkje var dokumentert så godt som i den seinare villreinutgreiinga av oktober 2002 fra NINA.

Fylkesmannen peikar på at i førre kommuneplan for Vinje blei konfliktområdet vist som eksisterande byggeområde for fritidsbustader. Ved førre rullering av kommuneplanen sin arealdel tok fylkesmannen v/miljøvernavdelinga opp nye område for hyttebygging som det blei fremma forslag om. Fylkesmannen var ikkje klår over at eksisterande område for hyttebygging som låg inne i planen både heilt og delvis ikkje var bygde ut, og dei blei derfor ikkje tatt opp. Dette gjeld mellom anna Nybustøylen som då ikkje var bygd ut.

Fylkesmannen har vidare understreka at villreinstammen i Setesdal er den nest største i Norge, og at den er under sterkt press. Av omsyn til grunneigaren som har forholdt seg til ein godkjend reguleringsplan som legg til rette for 13 hytter på eigedomen sin og innretta seg etter dette, meiner fylkesmannen likevel at det må vurderast om det kan godkjennast nokre få hytter av omsyn til truverde av plansystemet. Under tvil tilrår difor fylkesmannen at det blir godteke 3 nye hytter på Nybustøylen, og at lokaliseringa må skje heilt nære eigedomsgrensa mot Sæsvatn.

Telemark fylkeskommune kom i brev dagsett 10. mars 2003 med uttale til revidert arealdel for Bykleheia. Fylkeskommunen ser at revisjonen gjeld sløyfing av ei rad byggeområde for fritidsbustader for å sikre viktige trekk- og leveområde for villreinstammen på Bykleheia, noko som inneber at store samanhengande område av betydning for villreinen vert sikra.

Fylkeskommunen har ikkje uttala seg til saka i samband med oversendinga til departementet.

Synfaring i området vart halde 4. februar 2004 med mellom anna grunneigar, representantar frå kommunen, fylkeskommunen, fylkesmannen, Direktoratet for naturforvaltning og Miljøverndepartementet.

Direktoratet for naturforvaltning ga i brev av 24. februar 2004 til departementet uttale i saka. Det går her fram at direktoratet tilrår at motsegna frå miljøvernavdelinga vert teken til følge. Direktoratet syner til at presset på villreintrekket over riksveg 9 allereie er stort og at det er stor risiko for reduksjon eller slutt på jamleg utveksling av rein, dersom ein får ytterlegare utbyggingar og aktivitet i området. Villreintrekket mellom Setesdal-Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei er eit av dei kritiske trekka å ta vare på. Det vert synt til ein rapport frå NINA som hevdar at ei utbygging på Bykleheia "vil stimulere den menneskelige aktiviteten på og rundt rv. 9 innen og omkring reinkorridorer. Dette vil øke barriereeffekten for trekkene slik at de står i fare for å opphøre helt. Følgene vil være redusert tilgang til vinterbeiter i de nordlige deler av Setesdal Austhei."

Direktoratet ber om at Vinje og Bykle kommunar utarbeider og gjennomfører ein tiltaksplan for kompenserande tiltak langs med riksveg 9 som kan sikre villreintrekket over Bykleheia i framtida.

Dersom det må aksepterast nokre få nye hytter i Nybustøylområdet, slik det er diskutert i fylkesmannen si mekling, meiner direktoratet at det er avgjerande at desse hyttene vert haldne unna og ikkje gir auka ferdsle i trekkorridorar for villreinen eller i innfallsområde til desse.

Vinje kommune kjem i brev av 4. mars 2004 med ein kommentar til direktoratet si uttale. Kommunen meiner det er viktig å presisere at konklusjonen i NINA-rapporten er eit generelt standpunkt, som med ei litt anna formulering ville vera gyldig dei fleste stader der det går vegar inn i villreinområda. Dette blir presisert innleiingsvis i rapporten: " Det er ikke gjort systematiske studier for spesielt å se på effekten av hyttebygging på rein rundt RV 9 i Vinje. Det foreligger imidlertid relevant dokumentasjon omkring effekter av menneskelige aktiviteter (for eks. hyttefelt) på rein fra andre fjellområder."

Det viktigaste føremålet med synfaringa var etter kommunen sitt syn å vise i terrenget at det ikkje er nokon motsetnad mellom det å slutte seg til synsmåtane i NINA-rapporten, og samstundes akseptere den avgrensa utbygging av lågstandardhytter i bjørkelia mellom Sæsvatn og Nybustøylen. For det fyrste vil denne utbygginga tilføre området ein minimal auke i trafikk, fordi staden lenge har vore etablert som eit populært utfartspunkt for turar til Sæsvassdalen og Sæsnuten. For det andre blei det under synfaringa påvist at hyttetomtene ligg ein dryg kilometer frå det næraste reinsdyrtrekket. Ein flokk på eit par hundre dyr hadde passert der veka før.

Etter kommunen si meining er det altså ikkje slik at den planlagde utbygginga inneber ei kvalitativ endring av vilkåra for villreinen. I den grad ho fører til ei kvantitativ endring, er det heilt marginalt.

Miljøverndepartementet si vurdering

Konflikten i denne saka gjeld forholdet mellom ny hyttebygging i området kring Nybustøylen på Bykleheia og villreintrekket i nærleiken.

Departementet si rolle i motsegnssaker er å gjere endeleg vedtak der det er konflikt mellom kommunen og fylkeskommunen eller statleg sektorstyresmakt. Det må liggje føre nasjonale eller viktige regionale interesser for at departementet skal kunne overprøve dei lokalpolitiske prioriteringane.

Villreinstammen i Setesdal er den nest største i Norge. Det er derfor viktig at inngrep i leveområda til villreinen vert minst moglege, og at likeeins tiltak i reinen sitt influens­område vert avgrensa. Alle vesentlege tiltak i dei berørte områda bør såleis vurderast i ein større samanheng og ut frå ei heilskapleg planlegging.

I denne saka ligg dei aktuelle hyttetomtene truleg ikkje direkte i den mest brukte trekkleia til villreinen. Kommunen fastslår at det mest brukte trekket ligg ein dryg kilometer unna.

Det ligg allereie i dag nokre hytter i området, også nærare villreintrekket enn dei omhandla hyttetomtene. Det er og i dag ein ikkje uvesentleg ferdsel av turfolk, mellom anna frå Hovden, i området kring Sæsvatn, Sæsvassdalen og Sæsnuten. I det framlagte meklingsframlegget frå kommunen om utbygging av 6‑7 hytter i området er det føresett at desse vert lagt nærast mogleg Sæsvatn og dermed lengst mogleg bort frå reinen si mest brukte trekkrute. Nye hytter kjem derfor ikkje direkte i konflikt med denne trekkruta. Det er og lite truleg at ein mindre auke av ferdsla i området frå desse hyttene vil ha avgjerande verknad for villreintrekket.

Miljøverndepartementet viser og til at eit område for 13 hytter på Nybustøylen låg inne

i førre kommuneplan, og at ein reguleringsplan med desse hyttene vart vedteken av Vinje kommunestyre så seint som 29. april 2002. Det vart i den samanheng ikkje reist motsegn til planen frå berørte styresmakter og reguleringsplanen vart derfor rettskraftig frå denne dato. Kommunen og utbyggar hadde såleis all grunn til å tru at det planlagte hytteområdet på Nybustøylen kunne byggjast ut i samsvar med planen. Departementet vil peike på at det er viktig at både kommune, allmennheiten og den einskilde grunneigar/utbyggar kan ha tiltru til endelege reguleringsplanar, særleg når planen er relativ ny. Det skal vektige grunnar til for å endre vesentleg eller oppheva ein nyleg godkjend/stadfesta reguleringsplan.

Etter ei samla vurdering har Miljøverndepartementet kome fram til at ei mindre utbygging av hytter i den vestlege delen av Nybustøylområdet mot Sæsvatn kan aksepterast. Departementet legg vekt på verknaden av ei slik utbygging for villrein-trekket og omsynet til tiltrua til nyleg vedteken reguleringsplan. Departementet finn at ei utbygging avgrensa oppad til sju hytter kan aksepterast.

Vi ber om at desse hyttene vert lokalisert slik at dei tek mest mogleg omsyn til villrein-interessene. Den nærare plasseringa bør avklårast i samråd med fylkesmannen.

Vedtak

I medhald av § 20‑5 femte ledd i plan- og bygningslova finn departementet å ta til følgje motsegna frå miljøvernavdelingen mot arealdelen til kommuneplan for Vinje når det gjeld 13 hytter i samsvar med reguleringsplan for Nybustøylen. Samstundes godkjenner departementet med heimel i § 20‑5 femte ledd kommunestyret sitt vedtak av 4. september 2003 om å leggje ut i arealdelen eit område for spreidd hyttebygging med 7 hytter, SH 49 Nybu på Bykleheia. Hyttene skal plasserast lengst vest mot Sæsvatn.

Øvrige deler av arealdelen av kommuneplan er eigengodkjend med rettsverknad av Vinje kommunestyre i møte den 4. september 2003.

Vi føreset at kommunen etter dette opphever den eigengodkjende reguleringsplanen for Nybustøylområdet i samsvar med reglane i § 28‑1 i plan- og bygningslova og at kommuneplanen sin arealdel bli retta opp når det gjeld det aktuelle området på Nybustøylen.

Om kunngjering av departementet si godkjenning av del av arealdel til kommuneplan syner vi til reglane i § 20‑5 åttande ledd i plan- og bygningslova.

Kommunen er gjort kjend med departementet sitt vedtak ved kopi av dette brev.

Med helsing
Børge Brende

Vedlegg:
Plandokumenta

Kopi:
Vinje kommune
Telemark fylkeskommune
Direktoratet for naturforvaltning