Slik blir Noreg styrt

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: regjeringen.no

Etter grunnlova av 1814 er Noreg eit monarki der makta er delt mellom tre statsmakter: lovgjevings- og løyvingsmakta (Stortinget), iverksetjings- eller utøvingsmakta (regjeringa) og domsmakta (domstolane).

 


Maktdeling

Etter grunnlova av 1814 er Noreg eit monarki der makta er delt mellom tre statsmakter: lovgjevings- og løyvingsmakta (Stortinget), iverksetjings- eller utøvingsmakta (regjeringa) og domsmakta (domstolane).


Som statsoverhovud er kongen det samlande symbolet for statsmakta. Han opnar sesjonane til Stortinget, han leier møta til statsrådet og signerer alle avgjerdene der, han er vert når andre statsoverhovud kjem på statsvitjing, og han reiser sjølv på statsvitjing til andre land. Fram til 1884 sat ei regjering så lenge kongen ville, seinare regjeringar har vore avhengige av tillit i Stortinget (parlamentarisme).

Korleis blir regjeringa «vald»?

Det er folket som indirekte peiker ut regjeringa, for regjeringa går ut frå det eller dei partia på Stortinget som har fleirtalet eller eit styringsdyktig mindretal. Stortingsval kan føre til regjeringsskifte, men treng ikkje gjere det. Ei regjering kan dessutan bli utskift utanom stortingsval, om ho ikkje lenger har tillit i Stortinget.

Fleirtals-, mindretals-, koalisjons- og eittpartiregjeringar

Ei regjering kan ha fleirtalet på Stortinget bak seg (fleirtalsregjering). Andre gonger blir det skipa regjeringar som berre har sikker støtte frå eit mindretal på Stortinget. Ei slik regjering (mindretalsregjering) må søkje støtte frå sak til sak frå andre parti på Stortinget for å få sakene sine vedtekne. Uavhengig av dette skiljet er ei regjering anten ei eittpartiregjering eller ei fleirpartiregjering (koalisjonsregjering).

Statsministerens kontor og departementa

Statsministerens kontor og departementa er kontora til regjeringa. Dei blir leidde av høvesvis statsministeren og statsrådane. Statsministerens kontor hjelper statsministeren med å samordne regjeringsarbeidet og er slik sett felleskontoret for regjeringa. Departementa stør statsrådane i arbeidet med å leie dei ulike sektorane i statsforvaltninga.

Fotnotar