Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om dødsstraffa i Saint Christopher og Nevis (23.12.08)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar:

Den europeiske unionen fordømmer på det sterkaste avrettinga 19. desember 2008 av Charles Elroy Laplace, som vart dømt til døden i februar 2006. Denne avrettinga inneber slutten på eit de facto moratorium som har vore gjeldande i Saint Christopher og Nevis sidan 1998.

Den europeiske unionen fordømmer på det sterkaste avrettinga 19. desember 2008 av Charles Elroy Laplace, som vart dømt til døden i februar 2006. Denne avrettinga inneber slutten på eit de facto moratorium som har vore gjeldande i Saint Christopher og Nevis sidan 1998.

EU stadfester på nytt sin mangeårige motstand mot dødsstraff i alle samanhengar. EU meiner at ei avskaffing av dødsstraffa er grunnleggjande for vernet av den menneskelege sjølvrespekten og respekten for menneskerettane, slik det på nytt vert understreka i resolusjonen mot dødsstraff som vart vedteken på den siste generalforsamlinga i FN.

EU peikar igjen på at det ikkje finst pålitelege prov for at dødsstraffa har nokon avskrekkande effekt når det gjeld valdsutøving. Unionen minner òg om at alle tilfelle av feil domsavseiing som fører til bruk av dødsstraff, er uopprettelege, og at det ikkje finst noko rettssystem som kan gardere seg mot slike feil.

EU deler uroa til styresmaktene i Saint Christopher og Nevis når det gjeld den påtakelege auken i bruken av vald, særleg vald i heimen, og dei aukande drapstala. Den europeiske unionen er overtydd om at det er naudsynt å hjelpe styresmaktene i Saint Christopher og Nevis med å takle denne utfordringa, og minner om at unionen har vedteke å la ein vesentleg del av det bilaterale bistandssamarbeidet med regjeringa gå til å styrkje den offentlege tryggleiken. I den samanhengen vil EU sterkt tilrå at det straks vert innført eit nytt de facto moratorium i Saint Christopher og Nevis, og at styresmaktene gjer om dommane til dei som no er dømde til døden. 

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosierings-prosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina, Republikken Moldova og Armenia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.