Erklæring frå formannskapet på vegner av EU om avretting ved steining i Mashhad i Iran (13.01.09)

Den europeiske unionen fordømmer sterkt nye tilfelle av avretting ved steining i Den islamske republikken Iran. Ifølgje offisiell stadfesting i dag og rapportar frå andre truverdige kjelder skulle tre personar avrettast ved steining i byen Mashhad i veka som tok til 21. desember 2008.

Den europeiske unionen fordømmer sterkt nye tilfelle av avretting ved steining i Den islamske republikken Iran. Ifølgje offisiell stadfesting i dag og rapportar frå andre truverdige kjelder skulle tre personar avrettast ved steining i byen Mashhad i veka som tok til 21. desember 2008. Ein av dei tre skal ha greidd å rømme frå steiningsgropa og overlevd. Dei to andre var ikkje så heldige og blei steina i hel.

Den europeiske unionen oppmodar innstendig om at sentralstyresmaktene i Den islamske republikken Iran etterforskar denne saka og sikrar at det blir sett ein effektiv og permanent stoppar for skikken med avretting ved steining i landet, i samsvar med FN-konvensjonen om politiske rettar og borgarrettar, som Den islamske republikken Iran har underteikna og ratifisert, og erklæringa om vern for alle personar mot å bli underkasta tortur og andre former for grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff, vedteken ved resolusjon 3452 av desember 1975 frå generalforsamlinga i FN, som Iran har godkjent.

Den europeiske unionen oppmodar Den islamske republikken Iran om å fjerne den grufulle og umenneskelege straffemåten steining frå lovbøkene sine og å ratifisere konvensjonen mot tortur og anna grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff.

Den europeiske unionen vil minne Den islamske republikken Iran om ei kunngjering frå august 2008 der den lovgjevande forsamlinga suspenderer praksisen. Dei siste avrettingane er ikkje berre eit brot på suspensjonen, men representerer eit urovekkjande steg tilbake, og vi oppmodar Den islamske republikken Iran om å sikre at slike erklæringar straks blir handheva og nedfelte i lovverket.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina og Republikken Moldova stiller seg bak denne erklæringa.

* Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.