Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om situasjonen i Province Orientale i Den demokratiske republikken Kongo (LRA) (20.02.09)

Den europeiske unionen (EU) merkjer seg avtalen mellom Den demokratiske republikken Kongo (DRC) og Uganda om å forlengje den felles militæraksjonen mot Herrens motstandshær (LRA), som starta 14. desember.

Den europeiske unionen (EU) merkjer seg avtalen mellom Den demokratiske republikken Kongo (DRC) og Uganda om å forlengje den felles militæraksjonen mot Herrens motstandshær (LRA), som starta 14. desember.

EU er forferda over dei brutale drapa LRA har utført på meir enn 800 kongolesiske sivile, mellom dei svært mange kvinner og born, i Province Orientale i DRC. EU rettar ei inntrengjande oppmoding til LRA om å stanse åtaka på sivile og leggje ned våpna straks og utan vilkår.

EU oppmodar landa som er involverte i den militære operasjonen mot LRA, om å verne sivilbefolkninga, samarbeide nært med MONUC og gje MONUC høve til fullt ut å handheve sitt mandat, særleg den delen av mandatet som gjeld vern av sivile. EU merkjer seg vidare det store talet interne flyktningar i regionen som følgje av kamphandlingane, rundt 160.000 menneske, og unionen ber landa innstendig om å samarbeide med humanitære organisasjonar for å lindre lidingane.

EU minner om at alle statar som har ratifisert Roma-vedtektene, er forplikta til å samarbeide fullt ut med Den internasjonale straffedomstolen (ICC), og medverke til å handheve arrestordrar som ICC har utferda, mellom dei arrestordrar på leiarane i LRA.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Armenia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.