Kontantstøtte

Familiar med barn mellom eitt og to år som ikkje går i barnehage, kan få kontantstøtte.

Kontantstøtte er eit alternativ til bruk av barnehage for barn mellom eitt og to år. Dersom barnet går heiltid i ein barnehage med offentleg tilskott, får ein ikkje kontantstøtte. Dersom barnet går deltid, kan ein få delvis støtte.

Foreldra kan få kontantstøtte for barnet i 11 månader, frå og med månaden då barnet fyller 13 månader, til og med månaden barnet fyller 23 månader.

Kontantstøtte med full sats utgjer 7 500 kroner. Om barnet har ein avtalt plass i barnehage på  mindre enn 20 timar, kan foreldra få kontantstøtte med halv sats, 3 700 kroner.

Kontantstøtta blir ytt per barn utan inntekts- eller behovsprøving, og er skattefri. Barnet og den av foreldra som får støtta må bu i Noreg. EØS-avtala kan føre til unnatak frå kravet om busetjing i Noreg. Det må søkjast om kontantstøtte. Sjå nav.no for meir informasjon.