Opplysningar om barnet

Alle foreldre vil jamleg vere i kontakt med offentlege instansar og ha behov for å få opplysningar om barnet. Kva rett den enkelte forelder har til å få opplysningar, er avhengig av kven som har foreldreansvar for barnet.

Foreldre med foreldreansvar skal ta avgjersler som er personlege for barnet. Foreldre med felles foreldreansvar skal bestemme dette saman. Dei har lik rett til opplysningar om barnet frå offentlege instansar.

Foreldre med foreldreansvar kan mellom anna krevje innsyn i legejournalen og elevmappa til yngre barn. Når barnet vert eldre, får det større rett til sjølvbestemming og dermed større krav på teiing.

Dersom den eine av foreldrane har foreldreansvaret åleine, skal denne gi den andre forelderen opplysningar om barnet når han eller ho blir beden om det.

Plikta til å gi opplysningar gjeld også for skule og barnehage, helse- og sosialvesen og politi. Unnataket er opplysningar som er under teieplikt for å beskytte barnet. Dei offentlege instansane kan også nekte å gi opplysningar dersom det kan vere til skade for barnet. Avslag kan klagast til Statsforvaltaren.