Narkotikapolitikken skal førebygge eksperimentering og bruk av narkotika særleg blant barn og unge, samtidig som den skal bidra til gode tenester og tilstrekkeleg hjelp til personar med rusmiddelproblem. Politikken tar og sikte på å redusere ikkje-medisinsk bruk av avhengnadsskapande legemiddel.

I Noreg er det forbode å innføre, tilverke, omsette, oppbevare og bruke narkotika. Gjennom den norske narkotikapolitikken blir det arbeidd for å redusere tilgang til narkotika ved å sette inn tiltak mot produksjon, innførsel og omsetning.

Dette blir gjort på nasjonalt plan, til dømes gjennom politi- og tollstyresmakter, og gjennom eit breitt internasjonalt engasjement.

Ulovleg bruk, oppbevaring, omsetning og andre former for omgang med narkotiske stoff i Noreg er straffbart.

Omgrepet narkotika i Noreg er eit juridisk omgrep, og omfattar dei stoffa som lovgjevaren til ei kvar tid har fastlagt som narkotika. Legemiddellova § 22 (lovdata.no) regulerer kva stoff som blir rekna som narkotika. Direktoratet for medisinske produkt har i medhald av narkotikaforskrifta (lovdata.no) gitt ei detaljert liste (narkotikalista) over kva stoff dette gjeld.

Legemiddellova § 24 (lovdata.no) omfattar dei mindre alvorlege forholda som bruk og oppbevaring av mindre mengder narkotika til egen bruk, og har ein strafferamme på bot eller fengsel inntil 6 månader fengsel, eller begge deler, jf. lova § 31 andre ledd (lovdata.no).

Straffelova § 231 (lovdata.no) rammer oppbevaring av narkotika i mengder som stig over det som er omfatta av legemiddelloven § 31 andre ledd, jf. § 24, og oppbevaring av narkotika som ikkje er meint for eigen bruk. Føresegna forbyr også tilverking, innførsel, utførsel, erverv, sending og overdraging av narkotika. Brot på § 231 kan straffast med bot eller fengsel inntil 2 år.

Grovt narkotikabrotsverk blir også ramma av straffelova § 232 og har ei strafferamme på fengsel inntil 10 år. Ved bruk, erverv og oppbevaring av svært betydelege mengder er strafferamma fengsel inntil 21 år. Noreg har i europeisk målestokk eit høgt straffenivå for grove narkotikabrotsverk.