Kvalitetsnorm for villrein

Villreinen er under hardt press frå mange hald. For å få betre kontroll på dei ulike faktorane som påverkar villrein er det etablert ei kvalitetsnorm for villrein. Kvalitetsnorma skal bidra til ei meir føreseieleg og kostnadseffektiv forvaltning av villrein og at vi med større sannsyn vil ha livskraftige bestandar med villrein i Noreg også i framtida.

Kvalitetsnorma, som er frå juni 2020, er eit trafikklys-system som mellom anna vil seie oss når eit villreinområde har god, middels eller dårleg kvalitet. 

Kvifor treng vi ei kvalitetsnorm? 

I dag finn vi den europeiske villreinen nesten berre i Noreg. Villrein er difor ein nasjonal ansvarsart, som vi har eit særleg internasjonalt ansvar for å ta vare på. 

En flokk med reinsdyr går mot fotografen
Villreinen er under hardt press frå mange hald. Foto: Olav Strand/NINA

Opphavleg fanst villrein i heile fjell-Noreg, men på grunn av menneskelege inngrep er den norske villreinen i dag avgrensa på 24 avskilte område i Sør-Noreg. Fleire av dei større nasjonale villreinområda består allereie i dag av to eller fleire delbestandar, og det er fare for ytterlegare fragmentering i framtida. Ei fragmentering av delbestandane gjer villreinen meir sårbar for påverknadar utanfrå. Klimaendringane gjer at beiteforhalda til villrein i mange døme blir vanskelegare og sjukdomar og parasittar kan få større negativ tyding. Store og gode leveområde blir av den grunn enda viktigare for villreinen i framtida.  

Difor må vi utvikle gode system som bidrar til at vi med større sannsyn vil ha livskraftige bestandar med villrein i Sør-Noreg. Ei kvalitetsnorm for villrein vil kunne vere ei slikt system. 

 

Dei norske villreinområda

Norsk villrein er i dag fordelt på 24 ulike villreinområde, med eit samla areal på ca. 50 000 km2 . Kvalitetsnorma for villrein gjeld for desse områda. I 2007 ble ti av dei norske villreinområda peikte ut som såkalla nasjonale villreinområde av dåverande Miljøverndepartementet. Bakgrunnen for valet av dei nasjonale områda var ei heilskapsvurdering av storleiken, kvaliteten på villreinområdet og kor viktig området var for villreinen, genetisk opphav og historikken til dei ulike bestandane, og om det var mogleg å sikre eit breitt habitattilbod for villrein i framtida. Mange av villreinområda som ikkje har status som nasjonale villreinområde er små (mindre enn 1 000 km2), og med ein vinterbestand på mindre enn 1 000 dyr. 

Slik fungerer kvalitetsnorma 

Kvart fjerde år skal ei ekspertgruppe klassifisere Noregs 24 villreinområde. På bakgrunn av tre overordna faktorar, dei såkalla delnormene 1) bestandsforhold, 2) lavbeite, og 3) leveområde og menneskeleg påverknad, skal ekspertgruppa vurdere om villreinområda har god, middels eller dårleg kvalitet. 

Kvalitetsnorma fastset at det er eit mål å nå minimum middels kvalitet for dei enkelte villreinområda. På lenger sikt er det òg eit mål at dei nasjonale villreinområda skal ha god kvalitet.  

Påverknadsanalyser blir utarbeidd for å klarleggje årsakene til at eit villreinområde ikkje oppnår middels eller god kvalitet. 

Blir ikkje kvalitetsmålet nådd, eller det er fare for dette, vil Klima- og miljødepartementet i samråd med aktuelle styresmakter vurdere å utarbeide ei tiltaksplan om korleis ønskt kvalitet likevel kan bli nådd. 

 

Slik fungerer delnormene 

Dei tre delnormene 1) bestandsforhold, 2) lavbeite, og 3) leveområde og menneskeleg påverknad blir vurdert på bakgrunn av såkalla målparametre. Det er den delnorma som blir klassifisert som dårlegast som bestemmer den endelege klassifiseringa til eit villreinområde. Det betyr at eit villreinområde har dårleg kvalitet, sjølv om bestandsforhold og beitegrunnlaget er godt, dersom leveområde og menneskeleg påverknad kommer dårleg ut i klassifiseringa. På same måte er det den målparameten med den dårlegaste klassifiseringa som er styrande for dei enkelte delnormene. Under gjerast det greie for korleis man vurderer dei tre delnormene. 

 

Delnorm 1 – Bestandsforhold

Delnorma bestandsforhold blir vurdert ut i frå fem forhold, såkalla målparametre: 

  1. Slaktevekt for kalv; kjønns- og alderskorrigert slaktevekt for kalv, som er ein sensitiv parameter og gjer eit godt mål på beitenes kvalitet og bestandanes tilstand.  
  1. Talet kalvar; talet kalvar per 100 simler (ho-reinsdyr) og ungdyr, som kan påverkast av båe avgrensing av ressursar, predasjon og sjukdom. 
  1. Forhold mellom eldre bukk og voksen simle; del bukk som er tre år eller eldre per voksen simle som er eitt år eller eldre, noko som har direkte tyding for vekstpotensialet i ein bestand – jo større del simler, dess større tilvekst i form av kalvar som blir født. 
  1. Genetisk variasjon; er viktig for å oppretthalde levedyktige villreinbestandar med tilstrekkeleg evne til å tilpasse seg varierande miljøføresetnadar på lengre sikt. 
  1. Helsestatus; nærvær av ein alvorleg meldepliktig sjukdom kan ha store konsekvensar for sjølve arten, eller gje alvorleg sjukdom hos andre artar eller menneskje.  

 

Delnorm 2 – Lavbeite 

Beitegrunnlaget har ofte nære koplingar til bestandsforhald (delnorm 1). Tidsforseinkingar mellom langsiktige endringar i beitetilstand (overbeite) og kondisjon (vekter) gjer at beitene også bør bli overvaka direkte. Dette gjeld særleg lavbeiter som vaks sakte. Tilstanden til lavbeitene representerer ei viktig avgrensing for vinterbeitegrunnlaget i eit villreinområde. Mengde mat som er tilgjengeleg vinterstid blir antatt å vere bestemmande for talet på villrein som kan leve i eit område. Å sikre at desse beiteressursane opprettheld god produksjon og unngår unødig beiteslitasje, er viktig for å ivareta beitegrunnlaget i villreinområda. Klassifisering av lavbeite gjennomførast ved ein kombinasjon av satellittovervaking og feltbaserte undersøkingar i nokon villreinområde med ulik førekomst av beitelav. Denne delnorma har berre eitt målparameter, som er biomasse lav; talet gram lav per kvadratmeter.  

 

Delnorm 3 – Leveområde og menneskeleg påverknad 

Villrein er avhengig av store, samanhengande område, og moglegheit for å flytte seg mellom ulike sesongbeiter. Båe naturlege og menneskeskapte barrierar kan hindre villreinen å bruke deler av eit villreinområde. I delnorma leveområde og menneskeleg påverknad på bestandsforhold tek ein utgangspunkt i det ein kallar for fokusområde, som er eit veletablert omgrep i villreinforvaltinga. Fokusområde omfattar område kor det er identifisert utfordringar knytt til arealinngrep og menneskeleg aktivitet, og der det ofte er nødvendig med avbøtande tiltak for å betre situasjonen. Delnorma blir vurdert ut i frå to målparametre: 

  1. Funksjonell arealutnytting; beskriv i kor stor grad villreinen har tilgang til viktige funksjonsområde. To forhold blir vurdert – 1) i kor stor grad villreinen vik unna areal i fokusområda samanlikna med det vi hadde forventa og 2) kor mykje av fokusområda der villreinen vik unna areala i vesentleg grad. 
  1. Funksjonelle trekkpassasjer; som beskriv villreinen sin moglegheit til å trekke mellom dei ulike funksjonsområda i leveområdet. To tilhøve blir vurdert – 1) i kor stor grad bruken av villreintrekka er redusert samanlikna med det vi hadde forventa og 2) endringar i villreinen si arealbruk som følge av redusert trekk. 

 

Ei føreseieleg kvalitetsnorm 

Det vil vere naturleg og viktig å vurdere og evaluere dei ulike delnormene og kriteria når det er hausta erfaring med desse, og det vil vere viktig å ha ei kvalitetsnorm som gir rom for å inkludere betre kunnskap og vurderingskriterium.  

Endringar i artikkel og vedlegg i kvalitetsnorma vert som eit utgangspunkt sendt på alminneleg høyring før fastsetjing.