Mål for justis- og beredskapssektoren

Regjeringa sitt arbeid med justis og beredskap har tydelege mål og klare prioriteringar.

Måla for justis- og beredskapssektoren vart sist revidert i samband med statsbudsjettet for 2019.

Departementet vil vie særskild merksemd til særleg tre område der ein kan oppnå gode resultat ved å styrke og effektivisere alle ledd: straffesakskjeda, samfunnstryggleiks- og beredskapskjeda og migrasjonskjeda.

Regjeringas prioriteringar for 2019 skal bidra til meir effektive kjeder og til god samhandling mellom aktørane i kvar kjede.

Straffesakskjeda

  • redusere alvorleg kriminalitet 
  • styrke førebygginga av kriminalitet
  • ei meir effektiv straffesakskjede

Samfunnstryggleikskjeda

  • redusere sårbarheit i samfunnet
  • kunnskapsbasert førebygging
  • styrke samhandling i beredskap og krisehandtering
  • betre leiing og styrkt kultur for leiing          

Migrasjonskjeda

  • få asylsøkarar utan behov for vern
  • rask retur av personar utan lovleg opphald
  • få personar med opphald med feil identitet eller på feil grunnlag 
Til toppen