Historisk arkiv

Fyrste fylkesplan i Møre og Romsdal som einskapsfylke

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Kongen har i statsråd i dag godkjent fylkesplan for Møre og Romsdal 2005 – 2010. Det er fyrste gongen i Noreg at ein fylkesplan blir til med utgangspunkt i eit einskapsfylke. Planen skal medverke til regional vekst, auka verdiskaping og trivsel i Møre og Romsdal.

Pressemelding

Dato: 02.06.06

Fyrste fylkesplan i Møre og Romsdal som einskapsfylke

Kongen har i statsråd i dag godkjent fylkesplan for Møre og Romsdal 2005 – 2010. Det er fyrste gongen i Noreg at ein fylkesplan blir til med utgangspunkt i eit einskapsfylke. Planen skal medverke til regional vekst, auka verdiskaping og trivsel i Møre og Romsdal.

Regjeringa ser det som interessant at det vert prøva ut ulike modellar innanfor fylkesplanlegginga og at forsøket med einskapsfylke er spanande med tanke på samordning, koordinering og integrering av oppgåver. Forsøket med einskapsfylke inneber at dei tilsette i fylkeskommunen og hos fylkesmannen er slått saman i ein organisasjon - Møre og Romsdal fylke.

Møre og Romsdal står over for mange utfordringar dei komande åra. Det er laga strategiar for eit heilskapeleg og systematisk arbeid, sektorovergripande samarbeid og handlingsretta innsats i partnarskap med fleire byggjande krefter for å skapa trivsel og helse for den einskilde. Vektlegginga på folkehelse, barn og unge, universell utforming, verdiskaping av kultur og kulturminne er døme på slikt samarbeid.

Møre og Romsdal har store og varierte areal- og naturressursar. Disponering av desse ressursane og miljøet er grunnleggjande viktig for den regionale utvikling i fylket og for livskvalitetane til dei som bur der. Det er viktig med ei langsiktig og samordna planlegging. Det er gjennom fleire år gjennomført ei rekkje verneprosessar i fylket.

Regjeringa meiner at dei ulike strategiane som er valt vil kunne vera med på å fremje ei ynskt utvikling av Møre og Romsdal og å styrke fylket som regional utviklingsaktør.

Fylkesplan for Møre og Romsdal 2005 – 2010 skal følgjast opp gjennom konkrete prosjekt, handlingsprogram, partnarskapsavtalar og tiltak. Regjeringa ser det som heilt naudsynt at strategiane blir følgt opp gjennom program, handlingsplanar og partnarskap. Energiprogrammet, program for entreprenørskap og reiselivsprogrammet er døme på slike programsatsingar.

Kontaktperson: Avd.dir. Wilhelm Torheim, tlf. 22 24 59 04