Meld. St. 22 (2013–2014)

Noregs deltaking i den 68. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 67. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

3 Dei faste komitéane i generalforsamlinga

3.1 Generalforsamlingas 1. komité (internasjonal fred og tryggleik)

Eit viktig bakteppe for sesjonen av 1. komité i år var oppfølginga av høgnivåmøtet om kjernefysisk nedrusting som vart halde 26. september (2013). Sjølve høgnivåmøtet leidde ikkje til noko framforhandla sluttdokument, men landa i Den alliansefrie rørsla (NAM) varsla at dei ville kome tilbake med ein resolusjon seinare på hausten. NAM-resolusjonen vart introdusert i 1. komité og tok til orde for snarleg innleiing av forhandlingar i Nedrustingskonferansen om ein konvensjon som forbyr atomvåpen, for å utrope 26. september til den internasjonale dagen for avskaffing av kjernevåpen, og for å kalle inn til eit nytt høgnivåmøte i 2018 for å sjå på framdrifta i nedrustingsarbeidet. Resolusjonsutkastet var svært omstridt og møtte sterk motstand blant dei etablerte kjernevåpenstatane og i NATO-krinsen. Eit viktig ankepunkt mot resolusjonen var at han knapt nok omtalte arbeidet med å gjennomføre handlingsplanen for kjernefysisk nedrusting og ikkje-spreiing som vart vedteken på tilsynskonferansen for avtalen om ikkje-spreiing av atomvåpen (NPT) i 2010. Mange meinte vidare at det no var forhasta å innleie forhandlingar om ein kjernevåpenkonvensjon. Resolusjonen vart likevel vedteken, men mange NATO-land og Russland stemte imot. Ei handfull NATO-land (mellom dei Noreg) valde å avstå for å motverke ei for sterk polarisering.

Debatten om kjernevåpen viste brei oppslutning om den humanitære tilnærminga og behovet for å vise fram både direkte og meir langsiktige verknader av ei kjernefysisk sprenging. Dette kom til uttrykk ved eit rekordstort tal på land som var tilslutta dei to innlegga om denne problemstillinga. Av dei fem etablerte kjernevåpenstatane var det først og fremst Russland som tok til motmæle og argumenterte mot det humanitære sporet. Noreg var denne gongen ikkje medforslagsstillar på resolusjonen om den opne arbeidsgruppa i Genève om kjernefysisk nedrusting (OEWG), sidan vi la til grunn at ei slik gruppe skulle vere ein eingongsaffære. Vi stemte likevel for resolusjonen. Dei andre årlege kjernevåpenresolusjonane vart vedtekne med tradisjonelt stemmemønster. Når det gjaldt spørsmålet om andre masseøydeleggingsvåpen, var det naturleg nok bruken av kjemiske våpen i Syria som fekk mest merksemd. Dette vanskeleggjorde arbeidet med den årlege resolusjonen om kjemivåpenkonvensjonen, som er ein konsensusresolusjon, sidan nettopp Syria, Russland og Iran hadde sterke synspunkt.

Vedtakinga av den internasjonale avtalen om våpenhandel (ATT) prega arbeidet med konvensjonelle våpen i 1. komité. Det var positivt her at ATT-resolusjonen vart vedteken utan nei-stemmer, sjølv om det framleis var fleire enn 20 land som avstod. Resolusjonen om minekonvensjonen samla òg brei støtte, men også her heldt dei rundt 20 landa som vanlegvis avstår, fast ved haldninga si. Det var skuffande at den generelle resolusjonen om handvåpen ikkje fekk ein sterkare referanse til ATT og omtale av tryggingsrådsresolusjon 2117 om handvåpen (som vart vedteken under høgnivåveka). Her var det Russland og Iran som heldt att. Det er vidare verd å merkje seg at debatten om konvensjonelle våpen viste auka interesse for å sjå nærare på dei uønskte verknadene av ubemanna våpensystem, og dette vil kanskje verte eit nytt tema for konvensjonen om inhumane konvensjonelle våpen (CCW). Observatørar frå det sivile samfunnet var opptekne av ubemanna våpensystem i tillegg til ATT, handvåpen og minekonvensjonen.

Sesjonen i år stadfesta nok ein gong at det tradisjonelle mellomstatlege nedrustingsmaskineriet slit i tung motbakke. I tillegg såg vi ei noko skarpare polarisering omkring kjernefysisk nedrusting og ikkje-spreiing. På den positive sida makta Noreg å samle breiare interesse for å arbeide med dei humanitære konsekvensane av kjernevåpen. Ei anna viktig norsk prioritering for sesjonen av 1. komité var å støtte opp om ATT, noko som lukkast godt. Det er likevel nokre medlemsland som framleis prøver å underkjenne denne avtalen sidan han ikkje vart vedteken ved konsensus.

3.2 Generalforsamlingas 2. komité (økonomiske og sosiale spørsmål)

2. komité var i år prega av at det ved innleiinga av den 68. generalforsamlinga berre var vel to år til tusenårsmåla skal vere innfridde, og at førebuingane til ein ny internasjonal utviklingsdagsorden etter 2015 allereie er i startfasen. Mange land gav klar beskjed om kva tema som ville vere viktigast for dei framover. Den vanskelegaste saka på denne generalforsamlinga var spørsmålet om ein ny internasjonal FN-konferanse om finansiering for utvikling som inkluderer alle dei tre berekraftdimensjonane. Utviklingslanda meiner at tradisjonelle gjevarland har svikta dei, og for G77 vil finansiering for utvikling / verkemiddel måtte vere ein eksplisitt del av ein ny utviklingsdagsorden. G77 peikte på at tusenårsmål 8 om partnarskap, inkludert bistand, ikkje har levert som planlagt.

Resolusjonen om berekraftig utvikling (Agenda 21-resolusjonen) vart mindre problematisk enn venta, og det lukkast med å finne ein mellombels veg vidare for teknologidiskusjonen som starta i Rio, utan at G77 fekk støtte til kravet om oppretting av ein ny mekanisme for overføring av teknologi. Kvinner og likestilling vart som på førre generalforsamlinga fremja av Noreg og andre likesinna land, for at så mange resolusjonar som mogeleg skulle ha eit integrert kjønnsperspektiv. Forslaget møtte som vanleg motstand frå Russland og konservative land i G77, men vi kunne også i år registrere framgang. I forhandlingane om kvinner og utvikling såg vi dessverre tilbakegang mellom anna om lik rett til og kontroll over land, bustad og annan eigedom på grunn av sterk motstand frå G77.

Resolusjonen om partnarskapen mellom FN og privat sektor var vanskeleg, både på grunn av usemje mellom ulike einingar i FN og fordi G77, med Brasil i spissen, er særs skeptiske til utvida partnarskap mellom FN og ikkje-statlege aktørar. Tiåret for berekraftig energi og ansvaret generalsekretæren har for å følgje opp dette, vart omtalt både i Agenda 21-resolusjonen og i resolusjonen om dei minst utvikla landa. Ei stor sak under denne forsamlinga var mogelege budsjettimplikasjonar som følgje av nokre av resolusjonane. Dette gjaldt særleg resolusjonar som handla om komande konferansar, f.eks. om små utviklingsøystatar (SIDS), UN Habitat, førebygging av naturkatastrofar og kystlause statar. USA, EU og Japan ønskjer som kjent å unngå auka kostnadar for FN, medan G77 ikkje anerkjenner eit kostnadstak for FN.

Komitéen vedtok òg på sesjonen i år å opprette nye år og dagar: Lysåret 2015, Året for belgfrukter, Internasjonal dag og år for jordsmonn og Verdas villmarksdag. Det vart vedteke å halde eit toppmøte om informasjonsteknologi i 2015. Også i år avslutta komitéen på overtid. Hovudårsaka er at komitéen kjem seint i gang med resolusjonsforhandlingane, sidan nær sagt alle resolusjonar må forhandlast i G77 først.

Frå norsk side var det også denne gongen lagt opp til klar prioritering av saker, og alt i alt vart norske hovudinteresser varetekne, spesielt når det gjaldt kvinner og likestilling, finansiering, berekraftig energi og vern av både Rio-vedtaka (mellom anna HLPF) og rammeresolusjonen om utviklingsaktivitetane i FN, i tillegg til resolusjonen om førebygging av naturkatastrofar (ISDR). Rolla til privat sektor vert framleis anerkjend, men språket om partnarskap kunne ha vore endå sterkare. Noreg heldt fem innlegg: generelt innlegg, kvinner og utvikling, berekraftig utvikling, operasjonelle aktivitetar og finansiering for utvikling.

Dei utviklingspolitiske debattane og forhandlingane i FN vil i 2014 først og fremst omhandle den nye utviklingsdagsordenen etter 2015. Diskusjonen vil først og fremst finne stad i FN-arbeidsgruppa om berekraftsmål, i FN-ekspertgruppa for berekraftig finansiering og i samband med førebuingane til den tredje internasjonale konferansen om finansiering for utvikling. Noreg har, saman med Guyana, ansvaret for å førebu finansieringskonferansen. Samtidig er innsatsen FN gjer for å nå dagens utviklingsmål, viktig. Statsminister Erna Solberg leier, saman med presidenten i Rwanda, pådrivargruppa for tusenårsmåla som er oppretta av FNs generalsekretær.

3.3 Generalforsamlingas 3. komité (menneskerettar, humanitære og sosiale spørsmål)

Noreg leidde forhandlingane om tre resolusjonar: kvinnelege MR-forkjemparar, internt fordrivne og kvinnekonvensjonen. Resolusjonen om kvinnelige MR-forkjemparar var blant dei mest kontroversielle av alle dei nesten 70 resolusjonane som vart forhandla i 3. komité. Forhandlingane varte i seks veker, og det vart brukt store ressursar frå norsk side til å forhandle resolusjonen. Det var venta votering på mange punkt fram til siste stund som følgje av motstand frå Afrika-gruppa, fleire Golf-statar, Russland, Kina og andre asiatiske land. Resolusjonen enda likevel med konsensus. Dei vanskelegaste punkta gjaldt behovet for å revidere nasjonal lovgjeving i samsvar med internasjonale forpliktingar, og punktet om at land ikkje skal kriminalisere eller stigmatisere kvinnelege MR-forkjemparar. Avsnitta om seksuell og reproduktiv helse og rettar var det ikkje konsensus om, og desse måtte takast ut. Det var første gong ein resolusjon om kvinnelege menneskerettsforkjemparar vart vedteken i Generalforsamlinga, og dette var såleis ein siger først og fremst for kvinnelege MR-forkjemparar – og for Noreg.

Den norsk-leidde resolusjonen om internt fordrivne personer vart styrkt på viktige område, mellom anna rolla utviklingsaktørar spelar i å bidra til varige løysingar, eit sterkare kjønnsperspektiv, både når det gjeld vern mot seksualisert vald og styrkt deltaking for kvinner, og ein ny paragraf om tilgang til utdanning for barn og vern av skular. Det vart teke inn ny tekst som framhevar behovet for data som er brotne ned på kjønn og alder, men ikkje andre variablar som gjeld bakgrunnen deira. Det vart òg teke inn ein konkret referanse til «Internal Displacement Monitoring Centre» (under Flyktninghjelpen) og Joint IDP Profiling Service. Også i denne resolusjonen var diskusjonen om humanitær tilgang til krigs- og konfliktsoner krevjande. Resolusjonen om kvinnekonvensjonen gjekk relativt lett gjennom, sidan delen som gjekk på finansielle behov til kommisjonen, vart trekt.

Noreg prioriterte vidare å vere aktiv i forhandlingane om resolusjonane om retten til privatliv (i lys av overvakingssakene den siste tida), rasisme, religionsfridom og dei landspesifikke resolusjonane om menneskerettssituasjonen i Iran, Myanmar, Nord-Korea og Syria, barns rettar, urfolks rettar, tryggleik for journalistar og fleire om kvinners rettar.

Sesjonen i år var prega av eit svært vanskeleg forhandlingsklima rundt sentrale menneskerettsspørsmål som er viktige for Noreg. Dei mest kontroversielle resolusjonane dreidde seg om kvinners rettar, mellom anna seksuell og reproduktiv helse og rettar (SRHR), i tillegg til den norskleidde resolusjonen om kvinnelege MR-forkjemparar. Rettane til LHBT-personar er det framleis ikkje mogeleg å fremje i forhandlingane. Det var stor motstand frå den såkalla tverregionale gruppa, som er samansett av mellom andre Russland, Kina, Cuba, Syria, Iran, Pakistan, Venezuela, Nicaragua, Kviterussland, Jemen mfl. Denne gruppa har styrkt seg dei siste åra. Nytt av året var at Afrika-gruppa stod langt sterkare saman i politisk kontroversielle menneskerettssaker. Dei mest radikale i gruppa viste seg å ha størst innverknad på den felles posisjonen deira. Også i år såg vi at Vatikanet og den kristen-konservative organisasjonen Family Watch International hadde stor påverknad.

Dessverre ser vi ein tendens til at land legg fram initiativ til nye resolusjonar både i Genève og New York eller kopierer tekst som er vedteken i Genève, og legg han fram i New York. Canada la til dømes fram ein resolusjon om barneekteskap begge stader i 2013, og teksten var så å seie den same. Dette skapar unødig dobbeltarbeid. I tillegg er mange av resolusjonane som vert lagde fram i 3. komité, blåkopiar av resolusjonar frå tidlegare år. Det er tydeleg behov for å sjå meir heilskapleg på arbeidsfordelinga mellom New York og Genève og arbeidsmetodane i 3. komité.

På neste generalforsamling (den 69. i rekkja) vil resolusjonane om moratorium på dødsstraff og resolusjon om utanomrettslege avrettingar venteleg bli særskilt vanskelege, truleg også resolusjonen om barnebruder. Alle resolusjonar som omtaler seksuell og reproduktiv helse og rettar, vil òg vere utfordrande, og truleg vert det danna breiare alliansar som ønskjer sterkare referansar til tradisjonelle verdiar. Samtidig tek fleire og fleire medlemsland til orde for å fremje den første resolusjonen om rettane til LHBT-personar i generalforsamlinga, men vurderinga i kjernegruppa er at dette framleis er for tidleg.

Det er all grunn til å frykte ei endå sterkare polarisering i 3. komité i åra framover, noko som vil kunne ha negativ konsekvensar for universell oppslutning om grunnleggjande menneskerettsprinsipp. Dette vil i framtida gjere det endå vanskelegare å få vedteke tradisjonelle konsensusresolusjonar utan at det vert halde avstemming.

3.4 Generalforsamlingas 4. komité (særskilte politiske spørsmål)

Komitéen behandlar ei rekkje spørsmål som tematisk er skilte frå kvarandre: palestinske flyktningar, fredsbevaring, avkolonialisering, FNs politiske operasjonar, minetiltak, radiologisk stråling, fredeleg utnytting av ytre rom og FNs eksterne informasjonsformidling. Debatten om fredsbevaring bar preg av at det rår stor avstand blant medlemsland i spørsmål som bruk av ny teknologi (ubemanna luftovervaking), meir effektiv drift av FNs fredsbevarande operasjonar, nye typar og meir robuste mandat og det stadig tilbakevendande spørsmålet om tropperefusjonssatsane. Samtidig var det semje om at det i inneverande periode var viktig å unngå reprise av den manglande semja på 67-sesjonen om ein rapport frå FNs spesialkomité for fredsbevarande operasjonar. Rapporten er «instruksen» frå medlemslanda til FN-sekretariatet for arbeidet med utviklinga av dei fredsbevarande operasjonane. Palestina- og Midtausten-debatten og behandlinga av dei enkelte resolusjonane følgde eit velkjent mønster. Den prekære økonomiske situasjonen for FN-organisasjonen for palestinske flyktningar (UNRWA) vart omtalt av mange, men utan at dette førte til at organisasjonen vart tilført fleire midlar frå det regulære FN-budsjettet. I avkolonialiseringsspørsmålet knytte det seg ei viss spenning til behandlinga av spørsmålet om fransk Polynesia. Sluttproduktet vart eit konsensusvedtak, men den franske delegaten forlét salen. Nok ein gong var det sterke motsetningar mellom Marokko og mange afrikanske land i spørsmålet om Vest-Sahara. Det same gjaldt forholdet mellom Storbritannia og Argentina/Latin-Amerika om Falklandsøyane og mellom Storbritannia og Spania om Gibraltar.

Fleire tematiske resolusjonar, som det ytre rommet, den eksterne informasjonsformidlinga frå FN, radiologisk stråling og FNs minetiltak, vart vedtekne utan votering. Ei utfordring frå norsk side var å hindre at resolusjonen om minetiltak utvida ansvaret til minetiltakstenestene i FN-sekretariatet (UNMAS) på område der det ikkje har kompetanse eller mandat, noko vi lukkast med. Resolusjonen om dei politiske FN-operasjonane (SPM) vart vedteken utan votering, men i ei kraftig utvatna form. Her var ikkje berre dei fem faste medlemene av Tryggingsrådet vanskelege, men òg NAM-land som frykta at styrkt FN-innsats innanfor konfliktførebygging ville gå ut over nasjonal suverenitet.

For Noreg var det viktig å sikre at den toårige mineresolusjonen fekk ei akseptabel utforming, noko vi lukkast med. Noreg bidrog òg til å synleggjere dei finansielle utfordringane for UNRWA. Utfordringa framover blir likevel å sikre tilstrekkeleg og føreseieleg finansiering til denne organisasjonen. Resolusjonen om dei politiske FN-operasjonane kunne etter norsk syn ha vore sterkare, men her stod vi overfor sterke og artikulerte interesser frå både NAM og dei faste medlemene av Tryggingsrådet.

3.5 Generalforsamlingas 5. komité (budsjettspørsmål)

Det var på førehand venta at arbeidet i komitéen ville verte svært vanskeleg, sidan det regulære FN-budsjettet for perioden 2014–2015 skulle vedtakast. Generalsekretæren hadde på førehand føreslått ei budsjettramme på 5,4 milliardar amerikanske dollar, noko som innebar ein reduksjon på 2,9 % i forhold til 2012–2013-budsjettet. Medan særleg EU og til dels USA og Japan gjekk inn for ytterlegare kutt, stritta G77 imot dei fleste kutta – og dette utgangspunktet skapte ein lite konstruktiv atmosfære i komitéen.

G77-land skulda seinare under sesjonen vestlege land for å svekkje det regulære budsjettet for så å støtte opp om sine eigne prioriteringar gjennom frivillige bidrag. Det er veksande mistru blant ein del utviklingsland, som er uroa for at FN er på veg til å verte ein meir gjevarstyrt organisasjon, der påverknadskrafta deira vil verte svekt. Til denne kritikken svarar ofte vestlege land at utviklingsland, og særleg framveksande økonomiar, er meir enn velkomne til å auke bidraga sine til FN. Særleg EU er oppteken av at framveksande økonomiar som Kina og Brasil bør auke dei finansielle bidraga sine til FN.

Sluttforhandlingane i komitéen kom seint i gang. For første gang kom komitéen ikkje i mål før jul, noko som kan skape ein svært uheldig presedens for seinare år. Først 27. desember kom komitéen fram til ei pakkeløysing som hadde ei budsjettramme på 5,56 milliardar amerikanske dollar og medførte ein reduksjon på rundt 200 heimlar i FN-sekretariatet.

Den djupe usemja om det nye toårige FN-budsjettet skapte ein dårleg atmosfære som smitta over på dei andre sakene som stod på dagsordenen til komitéen. Kort forklart kan vi seie at jo meir vestlege land fekk spart over det regulære budsjettet, jo mindre var utsiktene til å få vedteke nødvendige forvaltningsreformer i FN-sekretariatet og etablert nye innovative mekanismar. Dette førte til at behandlinga av to føreslåtte reformtiltak vart utsette til neste år: oppretting av ei partnarskapseining (med privat sektor) og innføring av mobilitetsreforma som er lagd fram av generalsekretæren (innføre ei form for flytteplikt for FN-tilsette)1. Derimot var det gledeleg at det vart ei lita reversering av dei føreslåtte kutta til finansiering av FN-innsatsen på menneskerettsområdet, noko Noreg jobba hardt for å forhindre.

Ei anna vanskeleg utfordring var arbeidet med å gjere FN-sekretariatet betre rusta til å yte tenester til FNs politiske sendelag (SPM), der Noreg leidde forhandlingane. Desse sendelaga har i hovudsaka mandata sine frå vedtak i Tryggingsrådet, men er ikkje finansierte på same måten som FNs fredsbevarande operasjonar (som har eit eige eittårig budsjett der dei fem faste medlemene av Rådet tek ein større del av rekninga). Medan dei fem faste held fast ved dagens praksis, ønskjer eit stort fleirtal av medlemslanda å gå i retning av ei sidestilling mellom dei fredsbevarande operasjonane og dei politiske sendelaga. Enkelte land i sør, og då særlig Singapore og Brasil, har vore så tydelege på dette punktet at dei blokkerte alle skritt i retning av å gjere det enklare for FN-sekretariatet å trekkje på finansielle og materielle ressursar når politiske sendelag skulle startast opp og driftast. Denne «alt eller ingenting»-haldninga sette dermed bom for nødvendige og praktiske reformgrep. På den positive sida lét det seg relativt raskt gjere å verte samde om dei individuelle SPM-budsjetta.

Arbeidet i 5. komité er polarisert og krevjande. Det er stor avstand og mykje mistru mellom vestlege land på den eine sida og utviklingslanda på den andre sida. Framover vil derfor Noreg forsøkje å spele ei brubyggarrolle mellom desse to partane. Ei anna hovudprioritering framover vil vere å forsøkje å unngå at 5. komité mikrostyrer FN. Ein del medlemsland utnyttar den store innverknaden som 5. komité har, til å detaljstyre organisasjonen. Noreg meiner heller at medlemslanda bør gje meir overordna strategisk styring i 5. komité, og at generalsekretæren bør ha eit visst handlingsrom til å styre organisasjonen.

3.6 Generalforsamlingas 6. komité (rettslege spørsmål)

Komitéen vedtek eit tjuetals resolusjonar ved konsensus kvart år. Medlemslanda er difor noko tilbakehaldne med å legge fram kontroversielle forslag, sidan det ikkje er tradisjon for å gjennomføre avstemmingar.

Like fullt avdekte debatten i komitéen ulike posisjonar blant medlemslanda i fleire viktige spørsmål. Eit av dei er knytt til rapporten frå Folkerettskommisjonen og oppfølginga av allereie vedtekne utkast til artiklar. Usemja knyter seg til om det skal startast konvensjonsforhandlingar på grunnlag av artiklane. Dette gjaldt spesielt artiklane om statsansvar og om diplomatisk vern som har stått på dagsordenen i ei årrekkje.

Utanom behandlinga av rapporten frå Folkerettskommisjonen såg vi nok ein gong sprikande posisjonar i spørsmål knytte til mellom anna universaljurisdiksjon, fremjing av rettsstatsprinsipp («Rule of Law») og tiltak for å kjempe mot internasjonal terrorisme. Temaet universaljurisdiksjon går på om ein stat skal ha høve til å straffeforfølgje utlendingar for handlingar som er utførte i utlandet. Noreg har vært oppteken av at debatten i generalforsamlinga ikkje skal undergrave kampen mot straffridom for alvorlege brotsverk. Debatten vart sett på spissen i spørsmålet om temaet skulle oversendast til Folkerettskommisjonen, eller om behandlinga skulle halde fram i komitéen. Sveits la fram eit resolusjonsforslag om ei slik overføring av temaet til Folkerettskommisjonen, men møtte motstand frå alle dei faste medlemene av Tryggingsrådet, rett nok med ulik grunngjeving.

EU la fram forslag til tekst som knytte seg til oppfølging av høgnivåmøtet i 2012 om fremjing av rettsstatsprinsipp, der mellom anna den breie konsultasjonsprosessen Generalsekretæren har lansert, som inkluderer sivilt samfunn, vart helst velkomen. Russland, som tok til orde for at medlemsstatane er dei viktigaste partnarane i denne konsultasjonsprosessen, gav uttrykk for at prosessen ikkje hadde vore tilstrekkeleg open. Det vart ikkje semje om korleis oppfølginga av høgnivåmøtet skulle omtalast, og det vart berre gjort ei teknisk oppdatering av resolusjonen.

Det var dessverre heller ikkje framgang i arbeidet med å ferdigstille den heilskaplege konvensjonen for kamp mot internasjonal terrorisme, som har stått på dagsordenen i over ti år. Sluttresultatet frå komitéen var dermed vedtak av resolusjonar som året før.

Alt i alt må vi kunne seie at det var ein nokså føreseieleg sesjon som fann stad i 6. komité. Dei same synspunkta, motsetningsforholda og fastlåste posisjonane som tidlegare gjorde seg gjeldande. Det var kanskje endå mindre framdrift enn ein kunne vente, sidan då også resolusjonen om fremjing av rettsstatsprinsipp berre vart oppdatert reint teknisk. Det er dessverre ingen grunn til å vente at arbeidet i komitéen vil verte meir dynamisk under neste sesjon.

Fotnotar

1.

Etter nesten to år med forhandlingar vart det 24. mars 2014 oppnådd semje om mobilitetsreform for FN-tilsette.