Meld. St. 22 (2013–2014)

Noregs deltaking i den 68. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 67. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

5 Styrking av FN, reform og aktørar

Hausten 2013 viste at grunnleggjande reformer av FN sit langt inne hjå ei rekkje medlemsland. Det var inga rørsle i spørsmålet om utviding av Tryggingsrådet. Presidenten for 68. sesjon av generalforsamlinga, ambassadør John Ashe (Antigua og Barbuda), prøvde ein ny vri ved å utnemne ei rådgjevande gruppe av utvalde FN-ambassadørar, men dette framlegget møtte hardnakka motstand frå land som motset seg utviding av Rådet med faste medlemer (UFC). Den positive nyheita var at det er ei viss rørsle i spørsmålet om arbeidsmetodane til Tryggingsrådet. Under den argentinske presidentskapen vart det i august 2013 semje om ei erklæring om større openheit. Det høyrer vidare med til biletet at den tverregionale gruppa ACT (som arbeider for eit opnare og meir påliteleg råd) byrjar å få framgang i arbeidet.

Valet av nye ikkje-faste medlemmer til Tryggingsrådet i haust skulle i utgangspunktet ha vore udramatisk, då det ikkje var konkurranse i nokre av dei regionale gruppene som skulle velje nye medlemer av Rådet. Vala vart gjennomførde utan store overraskingar, men bomba kom då Saudi-Arabia (nyvald frå Asia-gruppa) trekte seg kort tid etter. Grunnen til at dei ikkje ville gå inn i Tryggingsrådet, var at FN hadde feila i både Syria og overfor Palestina. Mange oppfatta det saudiarabiske avslaget som kritikk av USA. Det heile enda med at Jordan kort tid etter vart valt inn til Tryggingsrådet og allereie 1. januar 2014 overtok som president. Det var oppløftande at Litauen kom inn i Tryggingsrådet og har bede dei nordiske og baltiske landa om praktisk bistand i medlemskapsperioden. Dette vil kunne gje ein ny giv i det nordiske-baltiske samarbeidet.

Det er framleis store behov for effektivisering av utviklingsaktivitetane til FN. Støtta til FN-reform på landnivå vart stadfesta resolusjonen frå 2. komité om utviklingsaktivitetane til FN.

Erfaringane med den ordinære sesjonen av generalforsamlinga i haust, som vart avslutta på overtid, aktualiserer spørsmålet om arbeidsmetodane. I fleire år har det vore ei ad hoc-gruppe som har arbeidd med spørsmålet om revitalisering av Generalforsamlinga, men utan å vere i stand til å føreslå store endringar. Under avsluttingssesjonen flagga president Ashe behovet for å gjere noko med arbeidsmetodane, og han hadde nok først og fremst 5. komité i tankane. Likevel høyrer det med til biletet at også 2. komité trengte meir tid enn dei var tilmålte på førehand. Med unntak av 6. komité rakk dei andre så vidt å halde den tilmålte tida for sesjonen. Det er eit openbert behov for å gå kritisk gjennom arbeidsmetodane i komitéane, både når det gjeld organisering av debattane, og med tanke på talet på resolusjonar som vert behandla.

Eit grunnleggjande problem for Generalforsamlinga og dei underliggjande organa er likevel at det vert stadig vanskelegare å kome fram til konsensusløysingar. Dette gjer seg spesielt gjeldande dersom mange medlemsland er engasjerte i konkrete tekstforhandlingar. Eit kompliserande moment er dei rigide gruppesystema, som i stor grad vert misbrukte av dei mest ytterleggåande aktørane. Normalt har land som Iran, Cuba, Venezuela, Nicaragua og Syria leidd an i denne krinsen, men i haust opplevde vi i fleire samanhengar at såkalla moderate NAM/G77-land som Indonesia, Singapore, Brasil og afrikanske land opptredde nokså uforsonleg.

I tillegg til ein kompliserande gruppedynamikk er det eit faktum at Russland fører ein langt meir sjølvhevdande profil, og landet har vore tydeleg negativt til fleire forslag om å reformere FN-systemet. Russland har vore negativt til mobilitetsreform, partnarskapseining, tiltak for å auke openheita i Tryggingsrådet og for å trekkje sivilt samfunn meir aktivt inn i mellomstatlege forhandlingsprosessar. Russland har her ofte spelt på lag med G77/NAM. Dette bidrog klart til polarisering, men det hjelpte heller ikkje at EU og til dels USA køyrte hardt på innsparingslinja i forhandlingane om det regulære FN-budsjettet.

At det rår ulike tilnærmingar og synspunkt blant FN-medlemslanda, er ikkje noko nytt. Vi har òg i tidlegare år erfart periodar med polarisering. På sikt er det likevel uheldig for FN som institusjon om det vert vanskelegare å kome fram til samlande løysingar. Dette er ikkje minst viktig når vi nærmar oss tidspunktet for å samlast om ein ny utviklingsdagsorden for perioden etter 2015.