Prop. 1 S (2014–2015)

FOR BUDSJETTÅRET 2015 — Utgiftskapittel: 20–51 og 1600–1670 Inntektskapittel: 3021–3051, 4600–4620, 5341, 5351, 5580, 5605 og 5692–5693

Til innhaldsliste

Del 3
Andre saker

6 Likestilling og mangfald

Nedanfor kjem ei oversikt over stoda i arbeidet med likestilling og mangfald på Finansdepartementets område, jf. likestillingslova § 1 bokstav a. Som nemnt i pkt. 1.1 i del I omfattar denne proposisjonen av praktiske grunnar òg programkategori 00.30 Regjering, som Statsministerens kontor har ansvaret for. Difor er likestillingsstoda for denne programkategorien òg teken med.

Budsjettkapitla på området til Finansdepartementet gjeld for det aller meste administrasjon og statens gjeld og krav. Disponeringa av desse løyvingane har lite å seia for kjønns- og likestillingstilhøve. Departementet sitt arbeid med til dømes skatte-, avgifts- og pensjonsspørsmål har i nokre tilfelle følgjer for likestillinga. Det same gjeld personalpolitikken til departementet og dei underliggjande etatane.

6.1 Finansdepartementet

Personalpolitikken til Finansdepartementet byggjer på prinsippet om likeverd og like høve for alle uavhengig av kjønn, alder og etnisk tilhøyrsle.

57 pst. av medarbeidarane i departementet er i aldersgruppa 30–49 år. 23 pst. er i gruppa 50–59 år, 11 pst. er under 30 år og 9 pst. er over 60 år. 0,5 pst. av mennene og 11 pst. av kvinnene arbeider deltid.

Kvinner utgjorde 46 pst. av dei tilsette per 1. oktober 2013. Blant leiarane var talet 28 pst., og på mellomleiarnivå 35 pst. Av seniorsaksbehandlarane var 40 pst. kvinner, og av juniorsaksbehandlarane var 63 pst. kvinner. 48 pst. av juristane og 38 pst. av økonomane var kvinner.

Finansdepartementet legg til rette for at tilsette med varig eller mellombels redusert funksjonsevne kan bruke kompetansen sin og røynsla si. Dette går òg fram av tilsettingspolitikken.

Ved utgangen av 2013 hadde om lag 3 pst. av dei tilsette innvandrarbakgrunn. Talet på søkjarar med innvandrarbakgrunn var 15 pst. i 2013, dvs. noko høgare enn gjennomsnittet på 14 pst. for dei siste fem åra.

6.2 Etatane under Finansdepartementet

Tabell 6.1 gjev ei oversikt over prosentdelen kvinner og prosentdelen kvinnelege leiarar per 1. oktober 2013 i verksemdene som ligg under Finansdepartementet. Vidare er vist fordelinga på kjønn for dei som arbeider deltid. Tala i parentes her og i dei to neste tabellane er frå 2012.

Tabell 6.1 Likestilling og mangfald i etatane under Finansdepartementet

Skatteetaten

Toll- og avg.etaten

SSB

DFØ

SI

Finanstilsynet

Tilsette

6 156 (6 259)

1 935 (1 913)

931 (984)

359 (362)

364 (354)

269 (276)

Prosentdelar:

Kvinner i etaten

62 (62)

48 (48)

52 (52)

61 (61)

70 (71)

53 (51)

Kvinnelege leiarar, heile etaten

51 (52)

37 (32)

49 (36)

58 (57)

70 (74)

48 (48)

Kvinnelege toppleiarar medrekna regiondirektørar

38 (36)

20 (20)

36 (27)

43 (33)

57 (57)

50 (43)

Kvinnelege mellomleiarar

54 (53)

47 (33)

52 (38)

63 (63)

75 (80)

47 (50)

Deltid alle tilsette

14,9 (15,5)

10 (10,5)

20 (19,8)

9,7 (8,3)

15,7 (12,4)

8,2 (8,7)

Deltid kvinner

20,5 (21,8)

16,2 (17,3)

24,8 (24,5)

13,2 (12,7)

19,5 (15,9)

12,7 (9,9)

Deltid menn

5,6 (5,3)

4,4 (4,3)

14,9 (14,7)

4,3 (1,4)

6,5 (3,9)

3,2 (7,4)

Tabellen under viser at med nokre unntak hadde kvinnene i gjennomsnitt lågare løn enn sine mannlege kollegaer.

Tabell 6.2 Kvinner sin del av løna til menn i eit utval kodar

Skatteetaten

Toll- og avg.etaten

SSB

DFØ

SI

Finanstilsynet

Prosentdelar:

Leiar nivå 2 koder 1477 og 1062

101,5 (103,91)

100,5 (100,21)

98,3 (98,3)

Leiar nivå 2 kode 1060

97,0 (95,9)

102,4 (102,7)

95,5

103,7 (97,1)

Leiar nivå 2 kode 1538

99,4 (99,4)

Leiar nivå 3 kode 1280

99,1 (99,71)

Leiar nivå 3 koder 1211 og 1059

98,7 (97,5)

107,8 (105,9)

98,6 (99,0)

97,2 (99,6)

91,3 (87,4)

94,3 (94,0)

Leiar nivå 4 koder 1059 og 1054

98,6 (97,5)

97,7 (96,7)

Seniorrådgjevar kode 1364

98,6 (97,6)

95,0 (95,5)

95,7 (96,3)

96,5 (96,1)

90,0 (90,7)

96,7 (95,4)

Rådgjevar kode 1434

98,0 (98,8)

97,9 (98,1)

99,7 (98,8)

96,0 (97,5)

95,5 (99,0)

100,1 (96,8)

1 Berre på regionnivå.

I Finansdepartementet tener ein kvinneleg avdelingsdirektør 99,8 pst. av det ein mannleg avdelingsdirektør tener. Kvinnelege seniorrådgjevarar har 97,6 pst. og kvinnelige rådgjevarar har 95,9 pst. av den løna som menn har.

Tabell 6.3 Tilsette med innvandrarbakgrunn

Skatteetaten

Toll- og avg.etaten

SSB

DFØ

SI

Finanstilsynet

Heile dep.omr.

Tilsette med innvandrarbakgrunn

6,6 (6,2)

5,2 (5,1)

11,1(12,5)

8,2 (9,1)

3,3 (3,6)

6,6 (6,3)

6,7 (6,7)

Landgruppe 11

2,3 (2,1)

2,1 (2,2)

3,8 (4,3)

2,2 (2,7)

0,5 (0,5)

2,1 (2,1)

2,3 (2,3)

Landgruppe 22

4,3 (4,1)

3,1 (2,9)

7,3 (8,2)

6,0 (6,4)

2,7 (3,1)

4,5 (4,2)

4,4 (4,4)

1 EU-/EFTA-land, Nord-Amerika, Australia og New Zealand.

2 Resten av verda.

Skatteetaten

Om lag halvparten av leiarane i Skatteetaten er kvinner. Det er ei overvekt av menn på dei to høgaste leiarnivåa, medan dei to lågaste leiarnivå har ei overvekt av kvinner. På dei høgare nivåa er det flest menn, medan det på dei lågare er flest kvinner. Tabell 2 viser at mannlege leiarar tener meir enn kvinnelege leiarar på alle nivå utanom det høgaste (regiondirektørar). Mannlege seniorrådgjevarar og rådgjevarar tener òg meir enn dei kvinnelege, men skilnadene er ikkje store.

Etaten har m.a. som mål at tilsette med innvandrarbakgrunn skal utgjere minst 4,5 pst. av dei årlege nytilsetjingane. Tiltaka omfattar m.a. kurs i mangfaldsrekruttering, behovsanalysar innanfor eigne tenesteområde for å sjå på alternative språkkrav ved tilsetjingar, vektlegging av fleirspråklegheit og tilbod om praksisplass i etaten. I 2013 hadde 6,1 pst. av dei nytilsette i etaten innvandrarbakgrunn.

Om lag 7 pst. av medarbeidarane i etaten opplyste at dei har nedsett funksjonsevne. Etaten har som mål at 5 pst. av dei nytilsette kvart år skal vere personar med nedsett funksjonsevne. Tiltaka omfattar m.a. deltaking i traineeprogram for personar med nedsett funksjonsevne (2), IA-plassar eller praksisplassar, og profileringstiltak.

Toll- og avgiftsetaten

Det har vorte fleire kvinnelege leiarar i dei siste tre åra. Auken har skjedd blant førstelinjeleiarane i direktoratet. Drygt ein tredel av leiarane i etaten er kvinner. I mangfaldsstrategien til etaten er det m.a. mål om balansert kjønns- og alderssamansetnad og om å få fleire medarbeidarar med fleirkulturell bakgrunn og/eller nedsett funksjonsevne. Det vert nytta målretta stillingsutlysingar og kvinnelege leiarkandidatar vert prioriterte til leiarutviklingsprogram. Kandidatar med innvandrarbakgrunn vert prioriterte til leiaropplæringsprogram og ved opptak av tollaspirantar. Nokre regionar har som mål å innkalle minst 2 med innvandrarbakgrunn. Det er utarbeidd ein rekrutteringsrettleiar og eit leiaropplæringsprogram der mangfald er med som eige tema. Etaten er òg med i det statlege nettverket for mangfald som består av sju statlege verksemder i tillegg til Likestillings- og diskrimineringsombudet. Det er svært få søkjarar som opplyser om funksjonsnedsetting. Enda færre er kvalifiserte. Etaten har i stor grad klart å behalde tilsette som både får og har nedsett funksjonsevne.

Statistisk sentralbyrå (SSB)

Knapt halvparten av leiarane i etaten er kvinner, og på mellomleiarnivå er det no fleire kvinner enn menn. SSB følgjer utviklinga i kjønnssamansetnaden nøye og har dei seinare åra arbeidd særleg med å rekruttere fleire kvinnelege leiarar. Verksemda har gjennom mange år rekruttert tilsette med innvandrarbakgrunn som har høgare utdanning, og denne medarbeidargruppa har ståande tilbod om norskundervisning. Statistisk sentralbyrå har via Arbeids- og velferdsetaten motteke og lagt til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Direktoratet for økonomistyring (DFØ)

Vel halvparten av leiarane og knapt to tredelar av mellomleiarane i verksemda er kvinner. Verksemda prøver å tilsetje medarbeidarar med nedsett funksjonsevne når kvalifikasjonane til søkjarane elles er like. Målet er at det alltid skal vere tilsette med nedsett funksjonsevne i sentraleininga og i kvar region.

Statens innkrevjingssentral (SI)

Kjønnsfordelinga på leiarnivå er om lag som fordelinga i heile verksemda. Innkrevjingssentralen ynskjer jamnare kjønnsfordeling mellom kvinner og menn og vil ta i bruk verkemidla i likestillingsregelverket. Innkrevjingssentralen har via Arbeids- og velferdsetaten motteke og lagt til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Finanstilsynet (FT)

Om lag halvparten av leiarane i verksemda er kvinner. Kvinner sin del av løna til menn har auka dei siste åra, frå 85,9 pst. i 2010 til 90,9 pst. ved slutten av 2013.

Av alle nytilsette i 2012 hadde 15 pst. innvandrarbakgrunn, og delen av medarbeidarar med slik bakgrunn utgjer no 4,5 pst.

6.3 Legemeldt sjukefråvær i Finansdepartementet og dei underliggjande etatane

Legemeldt sjukefråvær

Tabellane nedanfor syner tal for legemeldt sjukefråvær i perioden 2009–2013 for staten, sjølve Finansdepartementet (FIN) og etatane som ligg under departementet.

Tabell 6.4 Legemeldt sjukefråvær i pst. – båe kjønn

Staten

FIN

Skatteetaten

Toll- og avgiftsetaten

SSB

DFØ

SI

Finanstilsynet

2009

4,9

2,3

5,4

4,9

4,4

4,8

4,8

4,1

2010

4,4

2,0

4,9

4,8

4,2

4,4

5,1

2,2

2011

4,6

2,4

5,4

4,7

3,7

4,7

5,8

2,3

2012

4,4

2,5

5,1

4,2

4,0

5,0

7,2

2,4

2013

4,3

1,9

4,7

4,8

4,1

4,8

6,2

2,3

Tabellen over syner at det legemeldte sjukefråværet har gått ned to år på rad i Skatteetaten og at det frå 2012 til 2013 har gått ned i alle etatane unntatt Toll- og avgiftsetaten og Statistisk sentralbyrå. Det har vore størst nedgang i Statens innkrevjingssentral der det legemelde sjukefråværet er redusert frå 7,2 pst. i 2012 til 6,2 pst. i 2013. Finansdepartementet har i fleire år hatt lågt legemeldt sjukefråvær og hadde i 2013 lågast fråvær av alle departementa.

Tabell 6.5 Legemeldt sjukefråvær i pst – kvinner

Staten

FIN

Skatteetaten

Toll- og avg.etaten

SSB

DFØ

SI

Finanstilsynet

2009

6,8

3,6

6,8

6,5

6,0

6,2

5,8

4,9

2010

6,3

3,2

6,2

6,4

6,0

6,1

6,3

3,1

2011

6,4

4,6

6,7

6,3

4,8

7,0

6,8

2,8

2012

6,3

3,9

6,4

6,1

6,1

6,5

8,0

3,7

2013

6,0

3,1

5,9

6,1

5,8

6,0

7,8

2,8

Det legemelde sjukefråværet blant kvinner var høgast i Statens innkrevjingssentral og lågast i Finanstilsynet i 2013. I både Statens innkrevjingssentral og Toll- og avgiftsetaten var det høgare enn i staten elles.

Tabellen over syner òg at det legemeldte sjukefråværet blant kvinner har gått ned i alle våre etatar med unntak av Toll- og avgiftsetaten der det er på same nivå som i 2012. Nedgangen har vore størst i Finanstilsynet og Finansdepartementet.

Tabell 6.6 Legemeldt sjukefråvær i pst – menn

Staten

FIN

Skatteetaten

Toll- og avg.etaten

SSB

DFØ

SI

Finanstilsynet

2009

3,3

1,5

3,3

3,5

2,7

2,9

2,3

3,3

2010

2,9

1,1

2,8

3,4

2,2

2,2

2,1

1,4

2011

3,1

0,8

3,4

3,3

2,6

1,5

3,5

1,9

2012

2,9

1,4

3,3

2,5

1,8

2,8

5,1

1,2

2013

2,9

0,9

2,9

3,6

2,1

3,0

2,6

1,7

Tabellen over syner at det legemeldte sjukefråværet blant menn har gått opp i fleire etatar. Det har gått opp mykje i Toll- og avgiftsetaten – frå 2,5 pst. til 3,6 pst. Sjukefråværet blant menn i Finanstilsynet, Statistisk sentralbyrå og Direktoratet for økonomistyring har òg gått opp, men meir moderat.

Tabell 6.7 Legemeldt sjukefråvær i pst. etter aldersgruppe

FIN

Skatteetaten

Toll- og avg.etaten

SSB

DFØ

SI

Finanstilsynet

16–20 år

0,4 (1,6)

1,3 (1,7)

0 (1,0)

21–29 år

2,9 (3,2)

3,7 (3,1)

2,6 (3,3)

2,4 (2,7)

5,5 (5,0)

6,5 (4,1)

0,9 (2,6)

30–39 år

1,8 (2,6)

4,8 (5,1)

5,3 (3,9)

2,6 (3,6)

5,9 (4,7)

8,5 (5,5)

1,8 (2,6)

40–49 år

1,7 (1,9)

4,2 (4,8)

4,8 (4,2)

3,9 (3,3)

3,4 (4,3)

5,5 (6,6)

2,0 (2,4)

50–59 år

1,9 (1,8)

5,2 (5,2)

5,1 (4,2)

4,3 (4,6)

5,4 (5,9)

6,0 (9,9)

2,4 (2,3)

60–69 år

1,8 (4,4)

6,7 (6,4)

5,2 (6,3)

5,9 (5,1)

5,9 (5,6)

5,9 (10,1)

5,1 (2,3)

Tala er frå 2013, med 2012-tal i parentes. Tabellen viser ingen klåre utviklingstrekk eller andre forskjellar mellom etatane enn dei som går fram av tabellane ovanfor. Med nokre unntak har kvinner høgare legemeldt sjukefråvær enn menn i alle aldersgrupper i alle etatar. I dei yngre aldersgruppene er svangerskap med på å forklare fråværet, medan årsakene er meir samansette i dei eldre aldersgruppene.

6.4 Programkategori 00.30 Regjering

Statsministerens kontor

Statsministerens kontor har som mål å fremje likestilling og mangfald gjennom personalpolitikken. Kontoret legg vekt på å gje kvinner og menn same moglegheit til utvikling i oppgåver og kompetanse, og dermed same høve til lønsutvikling.

Tilstandsrapport kjønn

Tala i tilstandsrapporten er per 1. oktober 2013. For at det ikkje skal vere mogleg å identifisere enkeltmedarbeidarar, er opplysningar om deltid, bruk av mellombels tilsette og foreldrepermisjon ikkje spesifisert i stillingskategoriar.

Fordeling tilsette i %

Kvinners løn i % av menns

Menn

Kvinner

Alle tilsette

54

46

103,0

Toppleiing

33

67

105,0

Adm. leiargruppe

62,5

37,5

103,3

Seniorrådgjevarar

80

20

87,6

Andre saksbehandlarar o.a.

24

76

99,1

Sjåførar

89

11

97,6

Målet er å halde på den jamne kjønnsfordelinga blant dei tilsette ved kontoret. Fordelinga kan verte betre i enkelte grupper, som sjåførgruppa og gruppa andre saksbehandlarar og støttefunksjonar. I sekretærgruppa var det 11 kvinner og ein mann, og i sjåførgruppa var det 16 menn og to kvinner.

På leiarnivå har kvinner noko høgare gjennomsnittsløn enn menn. Gjennomsnittsløna for menn og kvinner i andre grupper varierer, avhengig av fagområde, kompetanse og arbeidserfaring.

3,7 pst. av de tilsette arbeider deltid etter eige ynskje. Ingen av desse er menn.

Det var tre mellombels tilsette vikarar i 2013; ein mann og to kvinner. Av desse var to vikarar for fast tilsette i foreldrepermisjon. Fem menn og fire kvinner tok ut foreldrepermisjon i 2013. 47 pst. av det samla talet på permisjonsdagar vart brukt av mennene og 5 pst. av kvinnene.

I 2013 hadde kontoret 10 tilsette over 62 år – seks kvinner og fire menn.

Legemeldt sjukefråvær i pst. av moglege dagsverk

SMK

Kvinner

Menn

2009

1,5

3

0,1

2010

1,4

2,4

0,6

2011

4,8

6,3

3,5

2012

2,3

2,8

1,8

2013

2,0

4,1

0,8

Tiltak for å fremje likestilling og mangfald

Ved utlysing av stillingar i dei gruppene der det er skeiv kjønnsfordeling, vert det underrepresenterte kjønnet oppmoda til å søkje. Målet er at ein på sikt kan få til ei betre kjønnsfordeling i alle gruppene.

Funksjonshemma og personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje ledige stillingar ved kontoret. Dersom det finst kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne, vert minst ein søkjar kalla inn til intervju.

Statsministerens kontor er IA-verksemd. Kontoret legg vekt på å tilpasse den fysiske arbeidsplassen, utstyr, arbeidsoppgåver og arbeidstid for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne eller for andre med behov for særskild tilrettelegging, for eksempel på grunn av graviditet eller omsorgsoppgåver.

Kontoret ynskjer å leggje til rette for gode arbeidsvilkår for ulike fasar i livet. I IA-avtalen er det teke inn fleire tiltak for å førebyggje tidleg avgang frå arbeidslivet. Dette omfattar både haldningsskapande arbeid og andre generelle seniorpolitiske tiltak. Desse tiltaka er dei same for menn og kvinner. For tilsette over 60 år vert det gitt tilbod om ein seniorsamtale for å kartleggje eventuelle ynskjer om endra arbeidsoppgåver, tilrettelegging av arbeidssituasjonen og andre tiltak som kan styrkje moglegheita for å stå lenger i stillinga enn fyrste moglege pensjonsalder.

Arbeidsmiljøutvalet har ein årleg gjennomgang av likestillingssituasjonen i dei ulike stillingsgruppene ved kontoret.

Det vert med jamne mellomrom gjennomført undersøkingar av arbeidsmiljøet.

Eigne rutinar for varsling av kritikkverdige forhold ved kontoret inneheld òg forhold som diskriminering.

Regjeringsadvokaten

Regjeringsadvokaten har ein likestillingsplan med mål som skal hindre forskjellsbehandling på grunn av kjønn innafor område som bemanning, leiing, faglege utfordringar, løn, tilrettelegging for omsorgsplikter m.m. Embetet legg vekt på å gje kvinner og menn same moglegheit for utvikling gjennom oppgåver og kompetansetiltak.

Tilstandsrapport kjønn

Alle tal i tilstandsrapporten er frå 1. oktober 2013. Tre av sju medlemer i leiargruppa var kvinner. Kvinnene utgjorde 42,5 pst. av advokatane ved embetet og heile 79,0 pst. av dei administrativt tilsette. Alle advokatane arbeidde i 100 pst. stilling. Fire kvinnelege tilsette på administrativ side arbeidde deltid. Ingen mannleg tilsett arbeidde i redusert stilling.

Gjennomsnittsløna for kvinnelege advokatar (inkludert leiarar og vikarar) er marginalt lågare enn for mannlege advokatar (inkludert leiarar og vikarar), tilsvarande 96,8 pst. av menns løn. Differansen er tilfeldig og heng saman med den alderssamansetjinga av kjønnsgruppene. Hos Regjeringsadvokaten får advokatane eit betydeleg lønshopp når dei får møterett for Høgsterett. Tildeling av prøvesaker for Høgsterett følgjer i stor grad ansienniteten og vil såleis alltid skje på kjønnsnøytrale premiss.

Eitt av måla i likestillingsplanen er at «det skal vere akseptabelt og rosverdig at fedrar tar like stor del i omsorgsoppgåvene som mødrer». Også i 2013 tok fleire av dei mannlege advokatane som var i omsorgspermisjon, noko lengre permisjon enn dei lovmessige vekene som er sette av for far.

Det samla legemeldte sjukefråveret i 2013 var 7 pst. for embetet. Sjukefråveret for menn var 0,3 pst. og 12,1 pst. for kvinner.

I 2013 hadde Regjeringsadvokaten 8 tilsette over 50 år – seks kvinner og to menn, og den eine kvinna var 72 år.

Tiltak for å fremje likestilling og mangfald

Ved utlysing av stillingar i dei gruppene der det er skeiv kjønnsfordeling, vert det underrepresenterte kjønnet oppmoda til å søkje. Målet er at ein på sikt kan få til ei betre kjønnsfordeling i alle gruppene. I alle kunngjeringar som gjeld administrative stillingar, er det gitt uttrykk for målet om å rekruttere fleire med innvandrarbakgrunn. Regjeringsadvokaten kallar som hovudregel inn minst ein søkjar, som regel fleire, med innvandrarbakgrunn til intervju. Tilsvarande gjeld dersom det er kvalifiserte søkjarar med nedsett funksjonsevne.

Regjeringsadvokaten er ei IA-verksemd, og legg vekt på å tilpasse den fysiske arbeidsplassen, utstyr og arbeidsoppgåver for medarbeidarane. Embetet tilbyd arbeidsplassvurdering til alle nytilsette og gir moglegheit til trening. I tillegg vert det tilbode eiga oppfølging for gravide arbeidstakarar gjennom tilrettelegging av arbeidsplass og oppgåver. Det vert òg gitt tilbod om gratis bistand frå bedriftshelsetenesta ved livskriser.

For dei som har minimum fem år til fyrste moglege avgangstidspunkt, vert det lagt opp til ein seniorsamtale. Formålet er å diskutere framtidsutsikter og kva moglegheiter arbeidsgjevar har til å føreslå utfordrande oppgåver og kompetansehevande tiltak som kan gjere det attraktivt å stå lenger i stillinga. Individuelle ordningar vert vurdert i kvart enkelt tilfelle. Det er òg frivillig helseundersøking kvart år for alle over 50 år.

Arbeidsmiljøutvalet hos Regjeringsadvokaten har ein årleg gjennomgang av likestillingssituasjonen i dei ulike stillingsgruppene ved kontoret. Embetet har regelmessige undersøkingar av arbeidsmiljøet. Det er utarbeidd eigne rutinar for varsling av kritikkverdige forhold ved kontoret.

7 Miljø- og ressursspørsmål

Løyvingane til reine miljøtiltak på området til Finansdepartementet er rekna til 34,0 mill. kroner for 2015, jf. tabell 7.1.

Tabell 7.1 Løyvingar til miljøtiltak

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Saldert budsjett 2014

Framlegg 2015

1600

Finansdepartementet

2 000

2 500

1620

Statistisk sentralbyrå

11 500

11 500

1670

Avsetningar til Den nordiske investeringsbanken – tapsfond for miljølåneordninga

-

20 000

Sum

13 500

34 000

7.1 Finansdepartementet

7.1.1 Oppfølging av arbeidet med berekraftig utvikling

Nedanfor vert det gjort greie for Finansdepartementet sitt arbeid med berekraftig utvikling.

Berekraftig utvikling

Finansdepartementet har eit sektorovergripande ansvar for å leggje grunnlaget for effektiv ressursforvalting. I arbeidet med den økonomiske politikken skal Finansdepartementet medverke til at den økonomiske utviklinga skjer på eit miljømessig forsvarleg grunnlag.

Direkte miljøløyvingar på Finansdepartementet sitt eige driftsbudsjett i 2015 er rekna til 2,5 mill. kroner og gjeld m.a.

  • grøn skattekommisjon

  • finansiering av klimarelatert økonomisk forsking og utgreiing

  • vidareføring av departementet sitt arbeid med dei internasjonale klimaforhandlingane

Finansdepartementet hadde fram til 2014 også ansvaret for handel med klimakvotar, men ansvaret her ligg no i Klima- og miljødepartementet.

Avsetning til tapsfond for miljølåneordninga i Den nordiske investeringsbanken

Sida 1997 har Finansdepartementet hatt fullmakt til å gje garanti for miljølåneordninga i Den nordiske investeringsbanken. I åra 1998–2004 vart det gjennom løyvingar på statsbudsjettet bygt opp eit tapsfond på 45 mill. kroner til dekking av eventuelle tap. Som følgje av tap i 2014 og varsla, ytterlegare tap, vert det for 2015 gjort framlegg om å løyve 20 mill. kroner til tapsfondet.

Sektorovergripande klima- og miljøverkemiddel

Finansdepartementet har det overordna ansvaret for innretting av avgifter i miljøpolitikken. Saman med omsetjelege utsleppskvotar og direkte reguleringar, er avgifter dei mest aktuelle verkemidla styresmaktene har mot miljøproblema. Rett utforma miljøavgifter gjev tildriv til å minka utsleppa der det er billegast, og sikrar at forureinarane betaler. Difor vert det lagt stor vekt på miljø- og energirelaterte avgifter.

I budsjettet for 2014 var det ei klår dreiing i retning av grøne skattar. Auka avgifter på klimagassar og energi gjev staten auka inntekter på 1,75 mrd. kroner. Mellom anna vart dei generelle satsane i CO2-avgifta på mineralolje (utanom autodiesel) og gass og avgifta på klimagassane HFK og PFK auka med om lag 100 kroner per tonn CO2. Som ein del av budsjettforliket mellom regjeringspartia og Kristeleg Folkeparti og Venstre vart i tillegg grunnavgifta på mineralolje auka med 52 øre per liter utover ordinær prisjustering og avgifta på elektrisk kraft auka med 0,56 øre per kWh. I tråd med Sundvolden-erklæringa har regjeringa sett ned ein ny grøn skattekommisjon som fram til 1. desember 2015 skal vurdere om og korleis ei grøn skatteomlegging kan bidra til betre ressursbruk og til å oppfylle måla i klimaforliket. Det er viktig å sjå bruken av virkemiddel samla.

I tråd med Sundvolden-erklæringa har regjeringa vurdert eit skattefrådrag for enøk-investeringar. Det har ikkje vore mogleg å få ei slik ordning på plass frå 1. januar 2015. Regjeringa foreslår i fyrste omgang å leggje om og utvide Enovas ordning for enøk-støtte retta mot private hushald. Sjå nærare omtale i Prop. 1 LS (2014–2015) Skatter, avgifter og toll 2015.

Utforminga av eingongsavgifta motiverer kraftig til val av bilar med låge utslipp. Det er ein av grunnane til at CO2-utsleppa frå nye personbilar har gått kraftig ned. CO2-utsleppa frå nye personbilar har gått ned frå 177 g/km i 2006 til 111 g/km i dei fyrste åtte månadane av 2014. Økt elbilsal er hovudårsaka til nedgangen i utslepp frå nye personbilar dei siste to åra. Elbilsalet utgjorde 13 pst. av samla sal av nye personbilar i dei fyrste åtte månadane av 2014, opp frå knapt 3 pst. i 2012.

7.2 Statistisk sentralbyrå

Statistikk over utslepp til luft er eit prioritert område. Statistikken over utsleppa av klimagassar er mellom anna knytt til oppfølginga av Kyoto-protokollen og til ei ny forordning i Eurostat. Statistikken over langtransportert forureining er mest knytt til oppfølginga av Gøteborg-protokollen. I tillegg til dei krava som Kyoto-protokollen set, vert det no teke med tal for utslepp frå internasjonal luft- og sjøfart og opptak av CO2 i skog. Det er viktig å utvikle vidare kvaliteten i utsleppsstatistikken, m.a. når det gjeld arbeidet med å få konsistens i energidata frå Statistisk sentralbyrå og utsleppsdata frå Miljødirektoratet. Utviklinga av statistikk over verkemiddelbruk, m.a. avgifter og utsleppskvotar, skal halde fram.

Statistikk over avfall og attvinning skal dekkje både rapporteringskrav frå EU og nasjonale behov. Statistikken over reinsing og utslepp av kommunalt avløpsvatn vert utvikla vidare. Statistisk sentralbyrå skal òg følgje opp forordninga om materialrekneskapar.

Statistisk sentralbyrå skal oppdatere og publisere arealstatistikken for Noreg (arealbruk og arealressursar) og dei andre meir analyseprega temastatistikkane om areal. Ein tek sikte på å etablere gode formidlingskanalar for arealrekneskap og endringar i denne.

Statistisk sentralbyrå skal vidareføre viktige statistikkar, basert på rapportering i KOSTRA, over kommunal og fylkeskommunal miljøforvalting. Dessutan kjem Statistisk sentralbyrå til å arbeide vidare med statistikk over støyforureining og kjemikaliebruk.

Etterspurnaden etter miljøstatistikk til internasjonale publikasjonar og indikatorsystem, særleg i EU og OECD, er aukande. Frå 2013 vart ei ny EU-forordning for miljørekneskapar sett i kraft, og tal for næringsfordelte utslepp etter nasjonalrekneskapsstandarden (NAMEA), miljørelaterte skattar og rekneskapar for materialstraumar (MFA) vert rapporterte. Nye internasjonale rapporteringar til Eurostat over miljøvernutgifter (EPEA), miljørelaterte varer og tenester (miljønæringar – EGGS) og næringsfordelt energibruk etter standarden for nasjonalrekneskap som følgjer av NAMEA skal skje frå 2017.

På miljø- og klimafeltet vil ein utvikle vidare økonomiske analysemodeller av norsk, europeisk og global økonomi og bruke desse til analysar av norsk og europeisk energi- og klimapolitikk, samt ressursforvaltning i Noreg og Arktis. Statistisk sentralbyrå har òg viktige prosjekt på økosystemtenester og naturressursverdiar innanfor fiske, skog og jordbruk. Forskinga bidrar til statistikkarbeidet på feltet. Som del av det samfunnsfaglege sentret for energiforsking, CREE, arrangerar og deltar forskarane i aktivitetar overfor norske brukarar i forvaltninga, nærings- og organisasjonslivet, allmenta, samt nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar.

Til forsida