Prop. 1 S (2014–2015)

FOR BUDSJETTÅRET 2015 — Utgiftskapittel: 20–51 og 1600–1670 Inntektskapittel: 3021–3051, 4600–4620, 5341, 5351, 5580, 5605 og 5692–5693

Til innhaldsliste

1 Tilsetjingsvilkåra for leiarane i heileigde statlege føretak

1.1 Noregs Bank

Sentralbanksjefen er tilsett på seks års åremål frå 1. januar 2011 til 31. desember 2016. Sentralbanksjefen leier òg hovudstyret i Noregs Bank.

Løna til sentralbanksjefen utgjorde 2 032 715 kroner i 2013. Verdien av andre føremoner utgjorde same året 167 760 kroner. Sentralbanksjefen er medlem av Noregs Banks pensjonskasse med dei vilkåra som til kvar tid gjeld for den.

1.2 Folketrygdfondet

Folketrygdfondet er eit særlovselskap, jf. lov 29. juni 2007 nr. 44 om Folketrygdfondet. I 2013 utgjorde løna til administrerande direktør 2 849 186 kroner, pensjonsutgiftene 512 311 kroner og anna godtgjersle 75 023 kroner.

Folketrygdfondet er medlem av Statens pensjonskasse. I tillegg har administrerande direktør ein avtale med Folketrygdfondet som inneber at ho ved fylte 60 år vil ha pensjonsrettighetar tilsvarande full opptening i Statens pensjonskasse. Utgiftene dekkes av Folketrygdfondet.

Den vanlege oppseiingstida er seks månader. Den administrerande direktøren har rett til etterløn tilsvarande 12 månaders pensjonsgjevande løn rekna frå utgangen av oppseiingstida dersom ho vert oppsagd eller sjølv seier opp etter avtale med styret. Etterløna vert fastsett til 18 månaders pensjonsgjevande løn rekna frå utgangen av oppseiingstida dersom oppseiingstida går ut etter fylte 62 år.

1.3 Statens finansfond

Statens finansfond vart skipa ved lov 6. mars 2009 nr. 12 om Statens finansfond. Administrerande direktør vart tilsett av styret. Styret fastsette òg lønsvilkåra for stillinga. I 2013 var det tilsett ein administrerande direktør i halv stilling, og han hadde ei løn på 693 267 kroner. Pensjonsutgiftene var på 13 865 kroner og anna godtgjersle 12 985 kroner.

Administrerande direktør slutta i Statens finansfond 30. juni 2014 i samband med at fondet vart avvikla. Han hadde attåt stillinga i Statens finansfond ei deltidsstilling i sekretariatet for banklovkommisjonen.

Til forsida