Prop. 100 S (2009-2010)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 157/2009 av 4. desember 2009 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2009/49/EF av 18. juni 2009 om visse opplysningskrav for mellomstore selskap og plikta til å setje opp konsernrekneskap

Til innhaldsliste

2 Nærmare om direktivet

Føremålet med direktiv 2009/49/EF er å redusere dei administrative byrdene ved å gjere opplysningskrava enklare for små og mellomstore selskap som er omfatta av rekneskapsdirektivet (78/660/EØF) og konsernrekneskapsdirektivet (83/349/EØF).

Direktiv 2009/49/EF omfattar for dette føremålet følgjande endringar i rekneskapsdirektivet:

I dei tilfella der etableringskostnader kan handsamast som ein eigedel i balansen, skal kostnadene forklarast i notane, jf. artikkel 34 nr. 2. Små føretak kan få fritak frå dette kravet, jf. artikkel 44 nr. 2. I artikkel 1 i direktiv 2009/49/EF er det fastsett at også mellomstore selskap kan få fritak frå opplysningskravet i artikkel 34 nr. 2.

Det følgjer av gjeldande artikkel 43 nr. 1 punkt 8 at nettoomsetnaden til føretaket skal fordelast rekneskapsmessig på type verksemd og marknad. I medhald av gjeldande artikkel 44 nr. 1 kan små føretak få fritak frå opplysningskrava i artikkel 43 nr. 1 punkt 5)-12). I artikkel 1 i direktiv 2009/49/EF er det fastsett at også mellomstore selskap kan få fritak frå kravet i artikkel 43 nr. 1 punkt 8.

Direktiv 2009/49/EF omfattar vidare følgjande endringar i konsernrekneskapsdirektivet:

Konsernrekneskapsdirektivet inneheld krav om at eit morselskap skal utarbeide konsernrekneskap sjølv om den einaste dotterverksemda til selskapet eller alle dotterverksemdene samla, ikkje er av vesentleg storleik etter prinsippet om at rekneskapen skal gje eit rettvisande bilete, jf. artikkel 16 nr. 3. Konsekvensen er at slike morselskap er omfatta av forordning 1606/2002, og dermed er plikta til å utarbeide konsernrekneskapar i samsvar med IFRS. Dette kravet vert rekna for å vere ein urimeleg byrde dersom morselskapet berre har dotterverksemder som ikkje er av vesentleg storleik. Endringa som følgjer av artikkel 2 i direktiv 2009/49/EF medfører at eit morselskap skal få fritak frå kravet om å utarbeide konsernrekneskap dersom det utelukkande har dotterverksemder som ikkje vert rekna for å vere av vesentleg storleik, verken enkeltvis eller samla. Morselskapet kan på eige initiativ utarbeide konsernrekneskap.