Prop. 100 S (2009-2010)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 157/2009 av 4. desember 2009 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2009/49/EF av 18. juni 2009 om visse opplysningskrav for mellomstore selskap og plikta til å setje opp konsernrekneskap

Til innhaldsliste

4 Tilhøvet til norsk rett

Gjennomføring av EØS-reglar som svarar til direktivet krev endringar i rekneskapslova. Det er opp til medlemsstatane om dei vil tillate dei endringane i rekneskapsdirektivet som det vert opna for etter artikkel 1 i direktiv 2009/49/EF. Unntaket frå artikkel 34 nr. 2 vil ikkje vere aktuelt for Noreg sin del ettersom etableringskostnader ikkje kan aktiverast i balansen i medhald av norske selskapsrettslege reglar. Dersom unntaket frå artikkel 43 nr. 1 punkt 8 skal gjennomførast i norsk rett, vil det måtte innførast ein kategori «mellomstore» føretak i rekneskapslova.

Vidare må konserndefinisjonen eller plikta til å leggje fram konsernrekneskap etter rekneskapslova endrast dersom EØS-reglar som svarar til artikkel 2 i direktiv 2009/49/EF, skal gjennomførast i norsk rett.

Finansdepartementet vil fremje ein proposisjon til Stortinget med dei lovendringane som er naudsynte.