Prop. 113 L (2013–2014)

Endringar i kommunelova m.m. (teieplikta til revisor m.m.)

Til innhaldsliste

7 Merknader til dei enkelte føresegnene i lovforslaget

7.1 Kommunelova

Til § 39 a

Forslaget er omtalt i kapittel 3.

Forslaget inneber for det første at «innbyggerinitiativ» i overskrifta til § 39 a blir erstatta med «innbyggerforslag». Føremålet med endringa er å få ein meir presis og einsarta terminologi i føresegna.

Forslaget inneber vidare ei delegeringssperre, slik at kommunestyret eller fylkestinget sjølv skal ta stilling til om eit innbyggjarforslag skal avvisast på formelt grunnlag. Det vil ikkje vere mogleg å delegere slike saker til utval, komitear eller administrasjonen i kommunen. Føremålet med endringa er å klargjere kven som skal kunne avvise innbyggjarforslag som ikkje fyller dei formelle vilkåra.

Til § 78 nr. 7

Forslaget er omtalt i kapittel 4.

Forslaget inneber at reglane i forvaltningslova §§ 13 flg. blir gjeldande. Føresegnene i forvaltningslova fastset teieplikt for personopplysningar og forretningshemmelegheiter. Dersom det skulle vere nødvendig å gjere unntak frå innsyn i samband med revisjonsarbeid av omsyn til offentlege interesser, blir det lagt til grunn at føresegnene i offentleglova om unntak frå innsyn i dokument vil kunne brukast for å sikre desse behova.

7.2 Offentleglova

Til § 5 andre ledd

Forslaget er omtalt i kapittel 5.

Forslaget går ut på å innføre ei føresegn i offentleglova § 5 andre ledd som gir høve til å utsetje innsyn i førebelse dokument som er utarbeidde av eller til revisor i samband med revisjonsarbeidet, fram til kontrollutvalet har fått den endelege revisjonsrapporten. Det same gjeld dokument som er utarbeidde frå eller til den som utfører selskapskontroll for kommunen eller fylkeskommunen. Det blir presisert at føresegna berre gir høve til utsett innsyn, og at dei førebelse rapportane og dokumenta blir offentlege når den endelege rapporten er utarbeidd og overlevert til kontrollutvalet, dersom det ikkje er grunnlag for å unntak etter offentleglova.