Prop. 129 S (2009-2010)

Samtykke til inngåing av avtale mellom EU og Island, Liechtenstein, Noreg og Sveits om deltakinga til desse statane i arbeidet i komiteane som assisterer Europakommisjonen under Schengen-regelverket

Til innhaldsliste

2 Generelt om avtalen

Noreg er tilknytt Schengen-samarbeidet gjennom avtalen mellom EU og Island og Noreg om dei sistnemnde statanes tilknyting til gjennomføringa, bruken og vidareutviklinga av Schengen-regelverket av 18. mai 1999. Denne avtalen sikrar at Noreg kan delta på alle nivå av arbeidet i Rådet med nye rettsakter og tiltak, frå ekspertnivå til ministernivå, gjennom Fellesorganet. Noreg deltek ikkje i sjølve vedtakinga av nytt regelverk. Dette skjer berre i EUorgana.

Schengen-avtalen av 1999 omfattar ikkje deltaking i arbeidet i Kommisjonen med Schengensaker. Men i ein tilleggsavtale som vart inngått ved brevveksling av 18. mai 1999, erkjenner ein at det er nødvendig å knyte Noreg til den delegerte regelutviklinga i Kommisjonen. På det tidspunktet rekna ein med at delegering av arbeidsoppgåver til Europakommisjonen i form av komitologi ville bli aktuelt òg på Schengen-området. I ettertid er det etablert eller vedteke komitologi på sju ulike saksområde som fell innanfor Schengen-samarbeidet.

Noreg har delteke fullt ut i arbeidet i desse komiteane i samsvar med intensjonen frå avtalen i 1999.

EU har teke initiativ til å inngå ein avtale som regulerer vilkåra for deltaking i komitologi i tråd med den felles forståinga som er referert. Avtaleutkastet tok utgangspunkt i ei vidareføring av dagens praksis slik han naturleg har utvikla seg. Etter forhandlingar mellom Noreg og de andre Schengen-tilknytte statane og EU er det no oppnådd semje om ein slik avtale.

Hovudinnhaldet i den nye avtalen er at Noreg vert sikra deltaking i noverande og framtidige komitologi-komitear under Schengen-samarbeidet. Noregs representantar får møte-, tale- og forslagsrett, men ikkje røysterett. Det er berre EU-organa som har makt til å gjere vedtak. Kommisjonen skal òg uformelt søkje råd frå norske ekspertar på same måten som for ekspertar frå medlemsstatane. Når Kommisjonen gjer bindande vedtak, skal han gje melding om dette til Noreg, som på sjølvstendig grunnlag tek stilling til om innhaldet i regelverket skal godtakast. Først når Noreg har gjeve melding til Kommisjonen om slik godtaking, blir innhaldet i regelverket bindande mellom Noreg på den eine sida og EU og medlemsstatane i EU på den andre sida.

Det er lagt opp til at avtalen skal kunne tre i kraft mellom Noreg og EU uavhengig av kva tid dei andre tilknytte statane godkjenner han. Dersom avtalen seinare skulle opphøyre med verknad for ein annan tilknytt stat, får det ingen konsekvensar for Noregs avtale med EU.