Prop. 129 S (2009-2010)

Samtykke til inngåing av avtale mellom EU og Island, Liechtenstein, Noreg og Sveits om deltakinga til desse statane i arbeidet i komiteane som assisterer Europakommisjonen under Schengen-regelverket

Til innhaldsliste

4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Kostnaden ved deltaking i arbeidet med komitologi skal fordelast mellom alle deltakarane etter den fordelingsnøkkelen som er nedfelt i Schengen-avtalen. Utrekninga vert gjort på basis av eit fastsett referansebeløp. På det tidspunktet avtalen trer i kraft, inneber dette ein årleg kostnad for Noreg på ca. EUR 14 000 , som tilsvarar ca. NOK 120 000 ved ein kurs på 8,5. Referansebeløpet skal justerast årleg basert på prisstiginga. Dersom seinare endringar i arbeidsmengda gjer det nødvendig, skal dessutan referansebeløpet justerast av partane ved avtale i form av brevveksling. Dersom avtalen vert inngått, inneber dette altså ei binding av den årlige løyvingsmakta ved at Noreg forpliktar seg til å innbetale slike årlege bidrag så lenge avtalen står ved lag.

Dette er ei ny utgift og kjem i tillegg til eksisterande bidrag etter Schengen-avtalen. Føresegna i avtalen om kostnadsdeling mellom deltakarane reflekterer auken i arbeidsmengda i Kommisjonen ved gjennomføring av komitologi-prosedyrar i samband med forvaltinga og vidareutviklinga av Schengen-regelverket.

Kostnaden kan dekkjast innanfor Justis- og politidepartementets eksisterande budsjettrammer. Inngåing av avtalen inneber ikkje nokon auke i reiseutgifter eller andre kostnadar i samband med administreringa av Noregs deltaking i komitologi ut over dagens nivå.