Prop. 134 S (2013–2014)

Utbygging og finansiering av E39 Svegatjørn – Rådal i Hordaland

Til innhaldsliste

2 Dagens situasjon og omtale av utbygginga

Årsdøgntrafikken på E39 ved kommunegrensa mellom Os og Bergen er om lag 13 000 køyretøy. Vegen går gjennom bustadområde, og det er skuletrafikk på det meste av strekninga. Fartsgrensa er i hovudsak 50 eller 60 km/t. Køyretida mellom Os og Bergen (29 km) er i dag om lag 35 minutt utanom rushtida. Det er rekna med at utbygginga vil føre til ein reduksjon i køyretida på om lag 17 minutt, dvs. om lag ei halvering. Rv 580 til Bergen lufthamn Flesland går gjennom tre rundkøyringar forbi Lagunen senterområde. Her er det kapasitetsproblem med lange køar både om morgonen og om ettermiddagen.

I perioden 2001–2012 blei ein person drept, 8 alvorleg skadde og 142 lettare skadde på denne strekninga av E39.

Hovudvegane i prosjektet (E39 og rv 580) blir bygde som firefelts veg med totallengde på 17,7 km. Av dette er 14,7 km i tunnelar med to løp.

Prosjektet startar ved Svegatjørn i Os kommune. Her blir det bygd eit nytt toplanskryss, og E39 går over frå tofelts veg til firefelts veg. Like nord for krysset går vegen inn i ein tunnel på 1,5 km. Etter denne tunnelen er det ei strekning i dagen i Endalausmarka før vegen går inn i ein ny tunnel på 9,2 km som endar i Rådal i Bergen kommune. I Endalausmarka blir det bygd toplanskryss og ein arm på vel 1 km som knyter E39 til fv 163 som går over Fanafjellet og vidare langs Lysefjorden. Krysset legg også til rette for eit nytt næringsområde som skal etablerast med massar frå tunneldrifta.

I Rådal blir det ei kort dagsone og eit nytt toplanskryss. Deretter går E39 i ein tunnel på 2,2 km til den knyter seg til dagens rv 580 ved Nordås i eit kryss som dels ligg i fjell. På grunn av kryssløysinga må dagens veg utvidast nordover. Dagsona i Rådal er kort, og av- og påkøyringsrampene vil difor gå inn i tunnelane. Ny rv 580 på denne strekninga leiar trafikken i tunnel utanom senterområdet Lagunen.

Figur 2.1 Kart som viser prosjektet E39 Svegatjørn – Rådal inkl. bomstasjoner

Figur 2.1 Kart som viser prosjektet E39 Svegatjørn – Rådal inkl. bomstasjoner

Reguleringsplanane for sjølve vegprosjektet blei godkjende i 2006/2007. Grunna nye vegnormalar og nye vurderingar av trafikktryggleik og naturmiljø blei reguleringsplanane reviderte med nye kommunestyrevedtak i 2012.

Gjennomføringa av prosjektet E39 Svegatjørn – Rådal vil føre til eit stort masseoverskot. Det ligg føre godkjente reguleringsplanar for fleire massedeponi, både i Os og i Bergen kommunar. I Os er det planlagt massedeponi i Endalausmarka, medan det i Bergen er planlagt deponi i Hordnesskogen og i Liavatnet. Deponia legg til rette for rasjonell gjennomføring av tunneldrifta, med fleire tunnelpåhogg.

Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring av prosjektet (KS2). Kvalitetssikringa har omfatta prosjektstyringsunderlag, kostnadsoverslag, trafikkgrunnlag og føresetnadene for finansieringsopplegget.

Det er semje mellom Statens vegvesen og den eksterne konsulenten om ei styringsramme på 6 170 mill. 2012-kr og ei kostnadsramme på 6 690 mill. 2012-kr. Samferdselsdepartementet legg dette til grunn som styringsramme og kostnadsramme. Omrekna til 2014-prisnivå er styringsramma 6 500 mill. kr og kostnadsramma er 7 050 mill. kr.

Samfunnsøkonomisk netto nytte er rekna til –1 080 mill. kr. Netto nytte over totale kostnader (NN/K) er rekna til –0,2.