Prop. 17 S (2014–2015)

FOR BUDSJETTÅRET 2015 Fullmakt til å ta opp statslån o.a.

Til innhaldsliste

4 Lånebehovet til staten i 2015

4.1 Finansieringsbehovet i statsbudsjettet

Staten har ut frå forslaget i Prop. 1 S (2014–2015) eit brutto finansieringsbehov på 132,7 mrd. kroner i 2015, jf. tabell 4.1.

Tabell 4.1 Statens finansieringsbehov i 2014 og 20151. Mrd. kroner

2014

2015

A Oljekorrigert overskot på statsbudsjettet

–137,5

–174,2

B Overført frå Statens pensjonsfond utland

137,5

174,2

C Overskot før lånetransaksjonar (A + B)

0,0

0,0

D Utlån til statsbankane, aksjeteikning o.l., netto

62,8

71,3

E Statens netto finansieringsbehov (D – C)

62,8

71,3

F Gjeldsavdrag2

0,0

61,4

G Statens brutto finansieringsbehov (E + F)

62,8

132,7

1 Prop. 1 S (2014–2015).

2 Dette gjeld avdrag på langsiktige statslån.

Kjelde: Finansdepartementet.

For å kome fram til statens lånebehov i marknaden, gjer ein normalt visse justeringar. Ein tek utgangspunkt i statens finansieringsbehov, jf. tabell 4.1. Vidare tek ein mellom anna omsyn til verknaden av statens transaksjonar på likviditeten i pengemarknaden. Pengemarknaden blir tilført likviditet når staten betaler avdrag på gjelda eller aukar netto utlån frå statsbankane. Ved opptak av statslån inndreg ein likviditet frå marknaden. Utgangspunktet er at desse transaksjonane til staten over tid skal verke nøytralt på likviditeten i pengemarknaden.

Sidan underskotet på statsbudsjettet blir dekt ved ei overføring frå Statens pensjonsfond utland, påverkar ikkje statsbudsjettet likviditeten i pengemarknaden. Samtidig påverkar enkelte postar på statsbudsjettet ikkje likviditeten i pengemarknaden direkte, sjølv om dei påverkar balansen på statsbudsjettet og storleiken på kontantbehaldninga til staten. Det gjeld mellom anna renter og overføringar frå Noregs Bank. Når kapitaltransaksjonane til staten samla skal verke nøytralt på likviditeten i pengemarknaden, må ein korrigere for slike postar. Ein må òg korrigere for enkelte lånetransaksjonar som inngår i finansieringsbehovet, men som ikkje har likviditetseffekt, til dømes innskot i infrastrukturfondet. For 2015 er det samla sett berekna at desse postane vil redusere behovet for likviditetsinndraging med om lag 40 mrd. kroner netto.

4.2 Kontantbehaldninga til staten

Staten må ha ein viss likviditetsreserve, slik at ein alltid kan dekkje dei daglege betalingane. Byteordninga med bankane som blei innført i 2008, gjorde at det etter kvart blei større svingingar i dei statlege inn- og utbetalingane, og frå 2011 auka derfor Finansdepartementet den ønskte minste kontantbehaldninga frå 25 mrd. kroner til 50 mrd. kroner. Den siste avtalen i byteordninga er no forfallen. Departementet vil difor i samråd med Noregs Bank vurdere ein reduksjon i likviditetsreserven. Så langt i år har kontantbehaldninga halde seg mellom 50 og 220 mrd. kroner, jf. figur 4.1. Ein reduksjon i likviditetsreserven vil føre til at behovet for opplåning i 2015 blir redusert med det same beløpet.

Staten får rente på innskota sine i Noregs Bank. For å finne ut kva det totalt kostar staten å ha ein likviditetsreserve i banken, må ein samanlikne avkastinga Noregs Bank får på vidareplasseringane av desse innskota, med lånekostnadene til staten. Samla antar ein at det er ein kostnad for staten med å halde ei for stor kontantbehaldning.

Figur 4.1 Kontantbehaldninga til staten 2010–2014. Mill. kroner

Figur 4.1 Kontantbehaldninga til staten 2010–2014. Mill. kroner

Kjelde: Finansdepartementet

Tabell 4.2 gir ei samla oversikt over gjeldande lånefullmakter for 2014 og forslag til nye fullmakter for 2015. I tillegg ber departementet om at fullmakta til å inngå rentebyteavtalar og tilsvarande derivatavtalar blir vidareført.

Tabell 4.2 Fullmakt til å ta opp statslån i 2015. Mill. kroner

Fullmakt for 2014

Utnytta per 30.09.14

Forslag til ny fullmakt for 2015

Nye langsiktige lån

100 000

54 000

100 000

Kortsiktige marknadslån

200 000

79 000

125 000

Andre kortsiktige lån

Uavgrensa

174 464

Uavgrensa

4.3 Fullmakt til å ta opp langsiktige lån i 2015

Statens lånebehov blir dekt ved å ta opp nye langsiktige lån innanlands. Ein legg normalt opp til å jamne ut opptaka av langsiktige lån slik at store svingingar i finansieringsbehovet frå eitt år til det neste ikkje fullt ut påverkar opplåningstakta. For 2015 er det aktuelt å ta opp mindre langsiktige lån enn det som direkte følgjer av finansieringsbehovet.

Ein ber om at fullmakta for 2015 til å ta opp nye langsiktige lån innanlands blir sett til 100 mrd. kroner.

4.4 Fullmakt til å ta opp kortsiktige marknadslån i 2015

Fullmakta under kortsiktige marknadslån er utforma som ei ramme for maksimalt uteståande beløp. Ein ber om at fullmakta til å ha uteståande kortsiktige marknadslån blir sett til 125 mrd. kroner i 2015.

4.5 Fullmakt til å ta opp andre kortsiktige lån i 2015

Fullmakta for andre kortsiktige lån omfattar alminnelege kontolån frå statsinstitusjonar og statlege fond og eventuelle kontolån frå institusjonar som ved særskilde høve kan bli pålagde å plassere overskotslikviditet som kontolån til staten. Fullmakta omfattar òg eventuelle plasseringar som er gitt som trygd frå motpartar i rentebyteavtalar. Størstedelen av andre kortsiktige lån er innskot frå operatørbanken for skattebetalingsordninga.

Låna under denne fullmakta er skyldnader av ein slik karakter at ein ikkje bør fastsetje ei særskild beløpsgrense. Ein foreslår at Finansdepartementet for 2015 får fullmakt til å ta imot slike plasseringar som kontolån utan at det blir sett ei særskild beløpsgrense. Då unngår ein at staten må avvise innskot fordi fullmakta ikkje er stor nok.