Prop. 32 S (2014–2015)

Endringar i statsbudsjettet 2014 under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

3 Post- og telekommunikasjonar

Kap. 4370 Posttenester (nytt)

Post 70 Tilbakebetaling post- og banktenester

I 2013 blei det løyvd i alt 353 mill. kr til kjøp av post- og banktenester på kap. 1370 Posttenester, post 70 Kjøp av post- og banktenester. Det er lagt til grunn ein etterrekningsmodell som over tid vil sikre at det ikkje blir løyvd meir enn det faktiske behovet. Etterrekning i tråd med dette viser eit faktisk behov i 2013 på 351 mill. kr til kjøp av post- og banktenester. Dette er 2 mill. kr mindre enn det som blei løyvd i 2013.

Departementet legg opp til at Posten Norge AS skal tilbakebetale for mykje utbetalt kompensasjon. Vidare legg departementet opp til at Posten skal betale rente på det beløpet som skal betalast tilbake, jf. at staten tidlegare år har betalt rente på kompensasjon som Posten har fått etterbetalt. Renta er rekna til 55 000 kr. Dette inneber at Posten skal betale i alt 2,055 mill. kr som følgje av overkompensasjon i 2013.

Samferdselsdepartement foreslår å løyve 2,055 mill. kr på kap. 4370 Posttenester, post 70 Tilbakebetaling post- og banktenester.

Kap. 1380 Post- og teletilsynet

Post 71 Tilskott til breibandsutbygging – tilføying av stikkord

For 2014 er det m.a. løyvd 50 mill. kr over kap. 1380, post 71 Tilskott til breibandsutbygging. Sjølv om midlane for 2014 er tildelte, kan det oppstå forseinkingar mv. som gjer at heile løyvinga ikkje blir nytta i 2014. For å sikre at ev. ubrukte tilskott kan nyttast i 2015, foreslår departementet at kap. 1380, post 71 Tilskott til breibandsutbygging, får tilføydd stikkordet «kan overførast».

Kap. 4380 Post- og teletilsynet

Post 01 Diverse gebyr

Ved behandlinga av Prop. 93 S (2013–2014) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2014, jf. Innst. 260 S (2013–2014), blei løyvinga på kap. 4380, post 01 Diverse gebyr, auka med 4,4 mill. kr på grunn av auka utgifter i Post- og teletilsynet.

Post- og teletilsynet har no berekna at gebyrinntektene i 2014 vil bli 4,4 mill. kr lågare enn løyvinga. Departementet foreslår å dekkje inn dette og auka utgifter etter lønnsoppgjeret for 2014 ved å trekkje på reguleringsfondet, jf. omtale under kap. 4380, post 51 Frå reguleringsfondet.

Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 4380, post 01 Diverse gebyr, med 4,4 mill. kr.

Post 51 Frå reguleringsfondet

Reguleringsfondet består av gebyrinntekter frå tidlegare år som ikkje har vore nødvendige for å finansiere dei årlege utgiftene. Fondet er eit hjelpemiddel for å kompensere for tilfeldige inntekts- og utgiftsvariasjonar, slik at kravet om at Post- og teletilsynet skal vere sjølvfinansiert kan oppfyllast utan store gebyrendringar frå år til år. Fondet var pr. 1. januar 2014 på om lag 31,2 mill. kr. Storleiken på fondet skal gradvis trappast ned til om lag 8-10 mill. kr, jf. St.prp. nr. 24 (2008–2009) Om endringar i statsbudsjettet for 2008 mv. under Samferdselsdepartementet. I budsjettet for 2014 er det lagt opp til å trekkje 10 mill. kr frå fondet.

Som omtalt under kap. 4380, post 01 Diverse gebyr, vil gebyrinntektene bli 4,4 mill. kr lågare enn budsjettert i 2014, og dette beløpet må i staden trekkjast frå reguleringsfondet.

I samband med lønnsoppgjeret 2014 blei Post- og teletilsynet tildelt 2,389 mill. kr over kap. 1380, post 01 Driftsutgifter. Etaten er sjølvfinansierande. Sidan utgiftene til lønnsoppgjeret ikkje kan dekkjast over kap. 4380, post 01 Diverse gebyr, foreslår departementet at også 2,389 mill. kr blir dekt av reguleringsfondet.

Departementet foreslår derfor at løyvinga på kap. 4380, post 51 Frå reguleringsfondet, blir auka med 6,789 mill. kr.

For 2014 har Samferdselsdepartementet fullmakt til å trekkje inntil 10 mill. kr til eller frå Post- og teletilsynets reguleringsfond. Ein auke i løyvinga på post 51 Frå reguleringsfondet, gjer at fullmakta må aukast, jf. forslag til romartalsvedtak.