Prop. 33 S (2014–2015)

Endringar i statsbudsjettet 2014 under Olje- og energidepartementet

Til innhaldsliste

4 Bruk av fullmakter under petroleumsverksemda

Som ein del av den årlege behandlinga av statsbudsjettet gir Stortinget fullmakter til Kongen i statsråd og Olje- og energidepartementet knytte til petroleumsverksemda, jf. Prop. 1 S og Innst. 9 S (2013–2014).

Nedanfor gjer Olje- og energidepartementet greie for bruk av enkelte av desse fullmaktene i 2014.

4.1 Fullmakt XI – Utbyggingsprosjekt på norsk kontinentalsokkel

Fullmakt for forenkla behandling frå styresmaktene si side har blitt nytta ved tre høve i 2014:

Edvard Grieg oljerøyrleidning

Departementet mottok 28. juni 2013 søknad om løyve til anlegg og drift av Edvard Grieg oljerøyrleidning. Grieg oljerøyrleidning er ein planlagt oljerøyrleidning frå Edvard Grieg-plattforma til eit tilkoplingspunkt på Grane oljerøyrleidning. Oljen frå Edvard Grieg- og Ivar Aasen-felta skal fraktast gjennom Grieg oljerøyrleidning og Grane oljerøyrleidning til Stureterminalen i Øygarden kommune i Hordaland, for lagring og utskiping derifrå. Grieg oljerøyrleidning har planlagt oppstart samtidig med Grieg-feltet i fjerde kvartal 2015.

Deltakarane i partnarskapen er Statoil Petroleum AS (29 prosent), Lundin Norway AS (30 prosent), Det norske oljeselskap ASA (14 prosent), OMV Norge AS (12 prosent), Wintershall Norge AS (9 prosent) og Bayerngas Norge AS (6 prosent).

Dei totale investeringane i Edvard Grieg oljerøyrleidning er i plan for anlegg og drift berekna til 2,02 mrd. 2013-kroner. Plan for anlegg og drift av Edvard Grieg oljerøyrleidning vart vedteken ved kongeleg resolusjon 10. januar 2014.

Utsirahøgda gassrøyrleidning

Departementet mottok 25. oktober 2013 søknad om løyve til anlegg og drift av Utsirahøgda gassrøyrleidning. Utsirahøgda gassrøyrleidning er ein planlagt gassrøyrleidning frå Edvard Grieg-plattforma til eit tilkoplingspunkt på SAGE-røyrleidningen på britisk sektor. Røyrleidningen skal i første rekkje transportere gass frå Edvard Grieg- og Ivar Aasen-felta til SAGE og vidare til St. Fergus i Storbritannia. Utsirahøgda gassrøyrleidning har planlagt oppstart samtidig med Grieg-feltet i fjerde kvartal 2015.

Deltakarane i interessentskapet er Statoil Petroleum AS (36 prosent), Det norske oljeselskap ASA (21 prosent), Bayerngas Norge AS (9 prosent), OMV Norge AS (8 prosent) og Wintershall Norge AS (6 prosent).

Dei totale investeringane i Utsirahøgda gassrøyrleidning er i plan for anlegg og drift berekna til 1,38 mrd. 2013-kroner. Plan for anlegg og drift av Utsirahøgda gassrøyrleidning vart vedteken ved kongeleg resolusjon 4. april 2014.

Flyndre

Departementet mottok 18. september 2013 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Flyndre. Flyndre er eit grenseoverskridande felt, og all infrastruktur vil liggje på britisk side av grensa. Flyndre blir bygd ut med ein installasjon på havbotnen og kopla til Clyde-innretninga på britisk side. Her vil brønnstraumen bli prosessert for vidare eksport til Teeside i Storbritannia. Gassen frå Flyndre vil primært brukast som brenngass på Clyde- og Fulmarinnretningane på britisk side. Produksjonen er planlagt å ta til i juni 2016. Rettshavarane på Flyndre på norsk side er operatøren Maersk Oil Norway AS (88,346 prosent), Statoil Petroleum AS (6,654 prosent) og Petoro AS (5 prosent).

Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til 3,45 mrd. 2014-kroner. Plan for utbygging og drift av Flyndre vart vedteken ved kongeleg resolusjon 23. mai 2014.

4.2 Fullmakt XII – Overføring av eigedomsrett mot bruksrett

Fullmakt om overføring av eigedomsrett mot bruksrett har blitt nytta ved to høve i 2014:

Svalin og Grane

Rettshavarane i Svalinfeltet og Granefeltet inngjekk 28. oktober 2012 ei avtale om overføring av eigedomsrett til oppgraderingar på Graneplattforma. Rettshavarane i Svalinfeltet har investert i oppgraderingar av Graneplattforma for å leggje til rette for produksjon frå Svalin. Eigarskapen vart overført til rettshavarane på Granefeltet ved produksjonsstart for Svalin i tredje kvartal 2014. Staten har ein direkte eigardel i Svalinfeltet på 30 prosent og ein eigardel på 28,94 prosent i Granefeltet. SDØE sin del av investeringa utgjer 175 mill. kroner.

Fram H-Nord og Troll

Rettshavarane i Fram H-Nord-feltet og Trollfeltet inngjekk 29. april 2013 ei avtale om overføring av eigedomsrett til oppgraderingar på Troll C-plattforma. Rettshavarane i Fram H-Nord-feltet har investert i oppgraderingar av prosessanlegget på Troll C-plattforma for å handtere brønnstraumen frå Fram H-Nord. Eigarskapen vart overført til rettshavarane på Trollfeltet ved produksjonsstart for Fram H-Nord i tredje kvartal 2014. Staten har ein direkte eigardel i Fram H-Nord-feltet på 11,2 prosent og ein eigardel på 56 prosent i Trollfeltet. SDØE sin del av investeringa utgjer 3,7 mill. kroner.