St.meld. nr. 25 (2006-2007)

Om Noregs deltaking i den 61. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 60. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

1 Tale av Jens Stoltenberg, statsminister i Noreg, til generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane, 61. sesjon

New York, 19. september 2006

President, eksellensar.

FN er no meir i sentrum for internasjonale tilhøve enn det har vore på mange år. Vi ser at generalsekretæren og staben hans er pådrivarar for diplomati. Dei er til stades og kjem med fredsinitiativ i Midtausten. Dei samordnar og fører vidare fredsoperasjonane i Libanon.

FN utarbeider mandat og førebur seg på nye, viktige oppdrag, som Darfur.

FN støttar land som er på veg ut av konfliktar, som Burundi og Sierra Leone.

Dei gjev soldatar og sivile i Afghanistan legitimitet og vern i samsvar med folkeretten.

Og set i gang ein global strategi mot terrorisme.

Det er FN vi alle set vår lit til når andre prosessar ikkje lukkast. Og Noreg arbeider hardt for å støtte opp om den leiande rolla FN har.

Anten ved å sende maritime styrkar til libanesiske farvatn.

Eller ved å ha soldatar i Afghanistan.

Eller ved å lære opp framtidige fredstryggjande styrkar til Darfur.

I den politiske erklæringa til den norske regjeringa står det at:

«Det er i norsk interesse at vi har en FN-ledet verdensorden. Derfor vil Regjeringen arbeide for å styrke FN og internasjonal rett.»

FN kan rekne med Noreg. Vi meiner at vår samla innsats for fred og utvikling og for miljøet vil halde mål. Både når ein ser framover og i ettertid.

Dei av oss som er trufaste tilhengjarar av eit sterkt og effektivt FN, må òg vere hovudpådrivarane for endring og fornying.

Eg har den æra å sitje saman med framståande kollegaer i eit panel som skal arbeide for reformer i FN, oppnemnt av generalsekretæren. Panelet skal utarbeide framlegg til korleis FN kan utrette meir, bli betre og raskare når det gjeld utvikling, humanitær hjelp og miljøet.

Det var toppmøtet i 2005 som kravde betre samanheng i aktivitetane til Dei sameinte nasjonane på desse områda, og at dei skulle styrast betre.

Over tid har FN lagt nye organ og nye aktivitetar til porteføljen sin. Det er få menneske som har det heile og fulle oversynet. Og det er ikkje mange som kan fortelje kva FN gjer for utviklinga i eit bestemt land. Eller som kan svare klart og tydeleg på kor mykje pengar FN bruker i eit visst land.

I fleire land er FN-systemet representert med meir enn 20 ulike organisasjonar. Det blir meldt om at det i eit land som Ghana er 14 ulike FN-kontor.

Mange FN-organisasjonar tek seg av mange av dei same sakene. Dette blir kalla overlapping.

Det er meir enn 20 ulike organisasjonar som arbeider med vatn.

Det er meir enn ti som arbeider for at fleire jenter skal få utdanning.

Dette fører til eit fragmentert system som er styrt på ein lite oversiktleg måte. Det fører til dobbeltarbeid og mindre høve til å overvake resultata.

Vi ville ikkje styre våre eigne saker på denne måten, verken nasjonalt eller lokalt.

Og det er vi, medlemslanda, som har skulda.

Vi må setje ein stoppar for dobbeltarbeidet, fragmenteringa og rivaliseringa mellom dei ulike delane av systemet.

I staden må vi fokusere på resultata.

Og vi må vere villige til å endre oss. Tilpasse oss nye situasjonar og gje avkall på oppgåver som vi ikkje treng lenger.

Vi treng å sørgje for at det blir brukt mindre på byråkrati og meir ute i felten.

Lat oss til dømes ta samordninga av humanitær hjelp etter at nødhjelpsfondet, som Jan Egeland leier, blei oppretta. Når han har desse ressursane, kan han samordne meir ved å styre ressurstilgangen.

Det er på same måten når det ikkje er krise: Det lèt seg ikkje gjere å skilje styring og finansiering. Men dette er ofte situasjonen i dag.

Alle saker som gjeld reformer, synest å vere svært kontroversielle her i FN. Men reformer må til.

Det mest uansvarlege vi kan gjere no, er å late vere å gjere noko. Å late organa, dei som sit i leiinga og deira representantar gjere dobbeltarbeid og sløse med knappe ressursar.

Rapporten frå panelet skal leggjast fram for generalsekretæren seinare i år. Vi har hatt ein open og oversiktleg prosess. Vi har halde møte i alle verdsdelane og høyrt på ei rekkje involverte partar, dei som arbeider i felten, representantar for landa.

Mi bøn til alle dykk, til medlemsstatane, er å ta i mot rapporten med eit ope sinn.

Og lat meg ikkje etterlate nokon tvil om dette: Alt vi måtte tene på å vere meir effektive må kanaliserast til utviklingslanda.

Kvart einaste øre som vi tener på å betre arbeidsinnsatsen eller ved å redusere dei faste utgiftene, må gå til hjelp som når fram til dei som treng ho. Dette vil vere til glede for både mottakarland og gjevarland.

***

Vi er i den heldige stillinga at vi har sett oss tydelege mål for organisasjonen.

For seks år sidan vedtok vi tusenårsmåla her i New York.

Vi forplikta oss til å gjere vårt beste for å nå desse måla.

Noreg arbeider med alle åtte. I år gjev vi 0,96 prosent i bistand. Og vi vil nå 1-prosentmerket om nokre få år.

Vi har no gått aktivt inn for å vere leiande når det gjeld å gjennomføre tusenårsmål nr. 4 som forpliktar oss til å redusere dødstala for born med to tredelar innan 2015.

Talet på born som døyr før dei er fylte fem år, utgjer ein og ein halv gong folketalet i New York kvart år. Dei fleste av dei døyr av årsaker som kan førebyggjast.

Talet på born som døyr av lungebetennelse aleine kvar månad, er like stort som dødstala etter tsunamien.

Dei fleste slike vanlege sjukdommar kunne vi ha førebygd med vaksiner som kostar berre 20 dollar per barn.

Når vi tillèt slike dødstal for born, kveler vi det potensialet statane har, og forlengjer den lange natta med underutvikling.

Dette kan og må endrast. I går kunngjorde eg at den norske regjeringa har vedteke å auke sitt årlege bidrag til å få ned barnedødstala og til vaksiner frå 75 millionar dollar i året til 125 millionar frå og med neste år.

Alt i alt vil Noreg fram til og med 2015 bidra med 1,3 milliardar dollar til vaksiner knytt til aktivitetar for å få ned dødstala.

Det neste steget vil vere å utvikle ein global strategi for å nå tusenårsmål nr. 4.

Ein plan for finansiering og gjennomføring.

Å nå det målet og andre tusenårsmål handlar eigentleg om å reformere FN.

Ein organisasjon som set seg mål,

og som meislar dei i stein,

slik vi gjorde då vi vedtok tusenårsmåla,

må tilpasse strukturen og arbeidsmetoden sin

til desse måla.

Det er også av den grunn vi må reformere FN, for å få ned barnedødstala. For å redde liv. Slik vi sa vi skulle.

Vi har utretta store ting tidlegare. Og vi har meir å hjelpe oss med enn nokon annan generasjon. Eg inviterer dykk alle til å bli med på denne globale kampanjen for at born skal overleve.

Takk for merksemda.

Til forsida