St.meld. nr. 25 (2006-2007)

Om Noregs deltaking i den 61. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 60. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

3 Saker i plenum

3.1 Generaldebatten

Temaet for generaldebatten i år var «gjennomføring av ein global partnarskap for utvikling». I det siste innlegget sitt i opningsdebatten i generalforsamlinga fokuserte generalsekretær Annan på tryggleik, utvikling og menneskerettar, og stadfeste at desse utfordringane ikkje er blitt løyste i tiårsperioden hans som generalsekretær, men snarare er styrkte gjennom ein uroleg verdsøkonomi, politisk uro og ei utbreidd forakt for menneskerettar og rettstryggleik.

Reformprosessen var eit gjennomgåande tema i generaldebatten i år òg. Det blei stort sett gjeve støtte til det nye Menneskerettsrådet, og både rådet og Fredsbyggingskommisjonen blei trekte fram som positive reformtiltak. FNs terrorismestrategi blei helst velkommen av mange land både frå nord og sør. OCHAs nyoppretta Central Emergency Response Fund (CERF) hausta òg mykje ros. Reform av Tryggingsrådet var eit gjennomgåande tema hos utviklingslanda, og det blei retta mykje kritikk mot den noverande strukturen til rådet. I tillegg var det mange som trekte fram ei styrking av Generalforsamlinga og ECOSOC. Handel, og at det er viktig med framgang i WTO-forhandlingane, blei trekt fram av dei fleste av utviklingslanda som sjølve nøkkelen til utvikling, og vestlege land blei bedne om å gje utviklingsland betre tilgang og å opne opp marknadene sine for handel med utviklingsland.

Når det gjeld regionale konfliktar, fekk situasjonen i Midtausten merksemd i debatten med mykje kritikk frå arabiske land mot Israel etter bombinga av Libanon i sommar. Finland la på vegner av EU vekt på at fred i Midtausten berre kan oppnåast gjennom ei forplikting som fører fram til ein sjølvstendig, levedyktig palestinsk stat som lever i fred med Israel. USA fokuserte òg på Midtausten i innlegget sitt, og brukte mykje av innlegget på å appellere til folka i denne regionen og la vekt på den innsatsen USA har gjort for å hjelpe regionen i å konsolidere utvikling, demokrati og framgang. Iran blei frå fleire hald bede om å sleppe IAEA inn i landet, og mange bad om diplomati og dialog når det gjaldt atomprogrammet til Iran. Behovet for å finne ei løysing på konflikten i Darfur blei trekt fram av mange av vestlanda og av afrikanske land. Sudan presiserte på si side at det ikkje vil kunne bli utplassert nokon internasjonal styrke i Darfur utan samtykke frå presidenten.

Det mest fargerike innspelet i Generalforsamlinga kom frå Venezuelas president Hugo Chávez, som gjekk hardt ut mot president Bush og politikken til USA og skulda regjeringa i USA for å utnytte, plyndre og true resten av verda.

Noreg la i sitt innlegg vekt på den viktige rolla FN har i internasjonal politikk. Vidare blei det lagt vekt på tilrådingane frå FN-reformpanelet, som den norske statsministeren er med å leie, om å samordne og effektivisere FN på landplan for å setje organisasjonen i stand til å kunne levere meir og betre støtte til utviklingslanda. Det ansvaret verdssamfunnet har for å oppnå tusenårsmål 4 om å sikre at barn overlever, blei framheva. Trongen for auka innsats for likestilling blei òg vektlagd.

3.2 Oppfølging av FN-toppmøtet 2005

Reformer av bistandsverksemda til FN

FN-toppmøtet i 2005 bad Generalsekretæren om å komme med framlegg til ytterlegare reformer av bistandsverksemda til FN. Generalsekretæren følgde opp dette på nyåret 2006 då han bad statsminister Stoltenberg om å leie eit høgnivåpanel som skulle sjå på korleis ein kunne gjere FN meir effektivt innan utviklingshjelp, humanitær bistand og miljø. Høgnivåpanelet var sett saman av 13 medlemmer frå gjevarland og mottakarland. Medformenn var statsministrane frå Pakistan og Mosambik. Panelet arbeidde i seks månader.

Den 9. november 2006 overleverte statsminister Stoltenberg rapporten frå høgnivåpanelet til Generalsekretæren, og presenterte samstundes framlegga i eit møte med FNs generalforsamling. Bodskapen frå panelet var at det er heilt naudsynt med reformer for å sikre den høge legitimiteten og den evna FN har til å nå tusenårsmåla. Eit meir einskapleg, samordna og effektivt FN har utsikt til å bli berebjelken i det internasjonale utviklingssamarbeidet. Dei mange fonda, programma og særorganisasjonane i FN må samarbeide på ein ny måte. På landnivå må dei ulike FN-kontora samlast til eitt kontor med éin leiar, eitt program og eitt budsjett. Organisasjonane i FN-systemet må samarbeide betre og tettare, og administrasjonen, økonomistyringa og personalforvaltninga må moderniserast. Det blir føreslege å styrkje det arbeidet FN gjer med kvinner og likestilling og å betre handteringa av humanitære saker og miljøet. Nye mellomstatlege styringsstrukturar skal sikre at FN opptrer og leverer meir samla og effektivt.

FNs generalsekretær gav i desember 2006 si fulle støtte til tilrådingane frå høgnivåpanelet, og har bede medlemslanda om å gjere dei vedtaka som er naudsynte for å setje i verk reformene. Generalsekretæren var sjølv raskt på banen og sette i gang ei rekkje tiltak for å modernisere FN-systemet i tillegg til å sikre eit tettare samarbeid mellom organisasjonane. Vidare gav han instruks om at det skulle setjast i verk pilotprosjekt i fleire mottakarland for «Eitt FN» på landnivå. Han har òg komme med framlegg til å styrkje arbeidet med kvinne- og likestillingsspørsmål. Arbeidet med å gjennomføre reformframlegga vil bli vidareført i 2007. Det er forventa at forhandlingane om nye ordningar for styring og finansiering av bistandsverksemda til FN vil bli krevjande. Det vil òg bli ei utfordring å sikre støtte til reformene frå dei mange særorganisasjonane i FN.

Reformer av FNs sosiale og økonomiske råd (ECOSOC)

Som eit ledd i oppfølginga av erklæringa frå FN-toppmøtet i 2005, og etter press frå utviklingslanda, blei det under den 60. generalforsamlinga semje om å styrkje ECOSOC. Det var derimot meir krevjande å semjast om kva reformer som er naudsynte for å få dette til. Difor tok det nærare eitt år før forhandlingane blei sluttførte. Vedtaket som endeleg blei fatta med konsensus under den 61. generalforsamlinga, er ikkje svært omfattande, men inneheld nokre nye tiltak med sikte på å gjere ECOSOC meir relevant og tyngre når det gjeld å handtere utviklingspolitiske spørsmål. Det blir lagt opp til at medlemslanda årleg skal møtast på ministernivå for mellom anna å gjere opp status for arbeidet med å nå tusenårsmåla. Møta blir lagde til ECOSOCs hovudsesjon. I tillegg vil det annakvart år bli arrangert eit høgnivåforum for utvikling. Formålet med dette er å få auka internasjonalt trykk i arbeidet med å løyse sentrale utfordringar i utviklingssamarbeidet. Verdsbanken, WTO, det sivile samfunnet og privat sektor vil òg bli inviterte til å delta på desse møta. Det første utviklingsforumet vil blir halde i 2007.

3.3 Reform av Tryggingsrådet

Debatten om reform av Tryggingsrådet starta for alvor i kjølvatnet av Generalsekretærens rapport «In Larger Freedom» frå 2005, og pågjekk fram mot toppmøtet i 2005. Det er framleis brei semje om at Tryggingsrådet i si noverande form ikkje speglar dei demografiske og politiske realitetane i det 21. hundreåret og difor må reformerast. Det er likevel inga semje om korleis utvidinga bør skje, og dei ulike framlegga og alliansane som har utkrystallisert seg, nøytraliserer kvarandre slik at det ikkje er det naudsynte 2/3-fleirtalet for nokon av framlegga. Det er tre «leirar» i spørsmålet. G4-landa Japan, Tyskland, India og Brasil ønskjer ei utviding til 25 plassar med fast medlemskap for fleire land, mellom anna dei sjølve. I motsetnad til dette framlegget står «konsensusgruppa», med Italia og Pakistan i spissen, som meiner at ei utviding av Tryggingsrådet må skje med konsensus og at talet på faste medlemmer ikkje bør aukast. Eit tredje framlegg er kravet frå AU og dei afrikanske landa om 26 medlemmer og fleire faste medlemmer med vetorett.

Reformsaka kom opp til handsaming i plenum medio desember, og eit syttitals medlemsland teikna seg på talarlista. I den debatten som følgde, kom det fram kjende synspunkt, og det blei tidleg klart at det ikkje var endring i posisjonane, og dermed ikkje grunnlag for noko av dei tre framlegga. Frå norsk side blei støtta til å utvide rådet med både faste og fleire valde medlemmer gjenteken. I oppsummeringa av debatten signaliserte presidenten at ho vil rådføre seg med nøkkelland og komme attende på eit seinare tidspunkt med eventuelle framlegg til korleis ein kan føre prosessen vidare.

I debatten kom fleire inn på framlegget om å reformere arbeidsmetodane i Tryggingsrådet, det såkalla S5-framlegget, der Costa Rica, Jordan, Liechtenstein, Singapore og Sveits har komme med eit framlegg om korleis arbeidsmetodane i rådet kan bli betre. Framlegget har ikkje støtte frå dei permanente medlemmene. Desse meiner at det i samsvar med FN-pakta er rådet sitt mandat sjølv å fastsetje sin eigen forretningsorden. I debatten blei det vist til at arbeidsmetodane og ei reform av desse må sjåast i samanheng med ei strukturell reform av rådet.

3.4 Fredsbyggingskommisjonen

FN har gode resultat når det gjeld å hindre krig mellom statar, men har veike punkt organisatorisk når det gjeld å hindre og førebyggje interne konfliktar og å hjelpe svake statar som nyleg har komme ut av interne konfliktar. Med bakgrunn i dette vedtok toppmøtet i september 2005 å opprette ein fredsbyggingskommisjon som eit rådgjevande organ under Tryggingsrådet og Generalforsamlinga, eit fredsbyggingskontor og eit fredsbyggingsfond. Fredsbyggingskommisjonen hadde opningsmøte i juni 2006, der Angola blei valt til leiar og Noreg og El Salvador nestleiarar.

Det landspesifikke arbeidet til kommisjonen har byrja, med Burundi og Sierra Leone som dei første landa på agendaen til kommisjonen. Det har vore halde to møte om høvesvis Burundi og Sierra Leone, og det er identifisert prioritetsområde for fredsbygging i begge land. Noreg har ansvaret for å leie arbeidet når det gjeld Burundi.

Kommisjonen har sidan han blei vedteken oppretta under den førre generalforsamlinga, vore prega av kjende motsetnader mellom medlemslanda, som venta er når det blir oppretta eit nytt sentralt organ i FN. Debatten om deltaking utover medlemslanda er særleg omdiskutert. Det er likevel brei semje om at FN må prioritere dette nye satsingsområdet.

Kontoret for fredsbygging er oppretta i sekretariatet. Kontoret har mellom anna ansvar for å hjelpe kommisjonen, utføre strategisk arbeid og administrere Fredsbyggingsfondet. Noreg har medverka med 200 millionar kroner til fondet.

3.5 Humanitære spørsmål

Debatten om å styrkje samordninga av den humanitære bistanden frå FN gjekk i kjende spor. Ei rekkje land uttrykte støtte til den reformprosessen som er i gang, og at det er viktig å effektivisere samordninga og leveringa av den humanitære bistanden. Den såkalla klyngjetilnærminga blei trekt fram av alle dei store gjevarlanda som ei positiv tilnærming som bør halde fram. Somme land var likevel skeptiske til modellen, med den grunngjevinga at det er fare for å undergrave den rolla og innverknaden mottakarlanda har på bistanden, og at det er for tidleg å omfamne modellen då han ikkje i tilstrekkeleg grad er gjennomført i praksis. ICRC understreka at dei var positive til å arbeide med dei ulike klyngjene, men at organisasjonen ikkje formelt kan slutte seg til modellen.

Ein gjengangar i debatten var ros til visegeneralsekretær Jan Egeland for innsatsen hans. Opprettinga av Central Emergency Response Fund (CERF) blei spesielt trekt fram i denne samanhengen. Samtidig som det blei uttrykt støtte til CERF, blei det frå fleire hald peikt på at det er naudsynt med forbetringar når det gjeld å operasjonalisere fondet, i tillegg til at gjevarbasen bør utvidast. Somme land stilte seg òg tvilande til i kva grad CERF er til hjelp ved underfinansierte humanitære kriser.

Eit anna tema som fekk merksemd, var behovet for å styrkje arbeidet for å sikre eit likestillingsperspektiv i bistanden. Seksuell og kjønnsbasert vald blei nemnt av fleire, det same blei problemstillingar knytte til sivilt-militært samvirke i humanitære kriser.

Frå norsk side blei likestillingsperspektivet framheva. Det blei vidare peikt på at CERF er ein suksess så langt, og at det er viktig å halde oppe fleksibiliteten og den raske saksbehandlinga. Det blei òg annonsert at Noreg ville auke bidraget til fondet i 2007. Støtte til klyngjetilnærminga og høgnivåpanelet «Eitt FN» blei understreka, og dessutan at ein må sjå på sivilt-militært samarbeid frå eit humanitært perspektiv.

Forhandlingane om resolusjonen om å styrkje samordninga av den humanitære bistanden frå FN var vanskelege. Det lét seg ikkje gjere å bli samde om vedtak som gjekk vidare enn tidlegare resolusjonar om vern, tilgang, internflyktningar og anna innan reformprosessen. Derimot blei det tilslutning til omtale av kjønnsbasert vald ,for første gong i denne samanhengen.

Når det gjeld resolusjonen om tryggleik for FN-personell, lét det seg ikkje gjere å semjast om tilleggsprotokollen til konvensjonen om tryggleik for FN-personell.

Vidare blei det vedteke resolusjonar om humanitær bistand til Liberia, Angola, Filippinane, det palestinske folket og dei landa som blei ramma av tsunamien. Resolusjonen om bistand til det palestinske folket blei vedteken ved votering.

3.6 Hiv / Aids

I 2001 hadde FN ein spesialsesjon om hiv/aids der den såkalla «Declaration of Commitments» blei vedteken. Våren 2006 blei denne følgd opp med eit nytt toppmøte som vedtok ein resolusjon med oppdaterte mål og plikter. Generalforsamlinga har kvart år eit punkt på dagsordenen der det blir gjort opp status for desse målsetjingane og pliktene.

Etter råd frå UNAIDS blei det avgjort at handsaminga av dette punktet på dagsordenen skulle flyttast til våren 2007. Dette fordi medlemslanda i tråd med resolusjonen frå 2006 er forplikta til innan utgangen av året å rapportere status for hiv/aids-situasjonen og planar for å forbetre tiltak med sikte på å nå målsetjinga om universell tilgang til førebygging, medisinsk behandling og oppfølging. Når ein har fått oversyn over desse rapportane, vil generalforsamlinga kunne vurdere denne saka meir føremålstenleg.

USA kom med framlegg til eit vedtak med tilråding om å innføre ein internasjonal dag for hiv-testing og rådgjeving i 2007. Fleire amerikanske byar har hatt god røynsle med slike markeringar. Noreg og fleire av våre likesinna land sette pris på initiativet, men åtvara samstundes om at ikkje alle land ville ha kapasitet til å takle den tilstrøyminga ein slik kampanje vil kunne føre til. Teksten som blei vedteken, tok difor høgd for at det vil bli gjennomført eventuelle nasjonale markeringar av ein internasjonal hiv/aids-testingsdag baserte på lokale prioriteringar og lokale tilhøve.

3.7 Migrasjon

FNs generalsekretær Kofi Annan leidde 14. og 15. september ein høgnivådialog i New York om temaet migrasjon og utvikling. Dette var første gongen FN hadde eit eige forum om samanhengen mellom migrasjon og utvikling. Hovudinntrykket frå møtet er at det internasjonale samfunnet er på god veg mot ei felles forståing av dei utfordringane ein står overfor når det gjeld migrasjon og utvikling. Utviklingsminister Erik Solheim leidde den norske delegasjonen. Innlegget til Solheim la vekt på dei positive aspekta ved migrasjon og at migrasjon bør vere eit val der migrantar har rettar. Rettane til kvinner og barn må løftast fram i det vidare arbeidet. Statsråden uttrykte òg støtte til framlegget frå Generalsekretæren om eit globalt forum, som ei oppfølging av høgnivådialogen.

3.8 Afrika-spørsmål

Debatten om Afrika-spørsmål la vekt på å støtte NEPAD som kontinentet si eiga drivkraft i arbeidet for utvikling, tryggleik og fred. Mange land var opptekne av Den afrikanske unionens freds- og tryggingsråd og det ansvaret det internasjonale samfunnet har for å støtte opp om rådet. To resolusjonar blei vedtekne, ein om NEPAD og ein om årsakene til konflikt og fremjing av fred og berekraftig utvikling i Afrika.

3.9 Regionale konfliktar

Handsaminga av dagsordenspunkta om Midtausten og situasjonen til palestinarane blei som forventa ei gjentaking frå tidlegare år. I debatten var det stadig fleire land som var uroa over den stadig forverra humanitære situasjonen i dei palestinske områda. Avrøystingane over dei mange resolusjonane gjekk føre seg etter same mønster som tidlegare år. Når det gjaldt Afghanistan, blei dei to tradisjonelle resolusjonane (ein humanitær og ein politisk) slegne saman til ein resolusjon for å sikre ei meir heilskapleg tilnærming til situasjonen i landet. I debatten blei det uttrykt stor uro over den stadig forverra situasjonen i Afghanistan. Fleire medlemsland framheva behovet for auka innsats og samordning. Det blei òg gjeve brei støtte til Afghanistan Compact som rammeverket for internasjonal innsats i gjenreisinga av landet.

3.10 Havretts- og fiskerispørsmål

Generalforsamlinga er ein sentral arena for å profilere Noreg som ressursnasjon med viktige interesser på det marine området. Det norske hovudinnlegget på den 61. generalforsamlinga framheva det viktige i FN-avtalen om fiske på ope hav og resultata frå evalueringskonferansen som blei halden under denne våren 2006. I det norske innlegget stod spørsmål knytte til trugsmål mot det marine økosystemet sentralt. Ulovleg, uregulert og urapportert fiske er eit stort problem til liks med ureining frå ulike kjelder.

Under den 61. generalforsamlinga sette Noreg fokus mellom anna på dei skadeverknadene utslepp av klimagassar har på det marine miljøet. Vidare blei det sett fokus på at ulovleg, uregulert og urapportert fiske er eit omfattande problem, men at landa eigentleg har dei naudsynte verkemidla for å stoppe slik verksemd. Det er særleg viktig å gjennomføre ein effektiv hamnestats- og flaggskipskontroll. Frå norsk side la ein òg stor vekt på at det blir etablert regionale forvaltningsorganisasjonar, slik det er gjort i Noreg sine nærområde, sidan berekraftig forvaltning av ressursane på ope hav krev internasjonalt samarbeid. Avgjerande for den marine miljøtilstanden er vidare til dømes tiltak mot landbasert ureining og destruktiv fiskepraksis, medrekna botntråling. I det norske innlegget blei det òg framheva kor viktig det er at ein i forvaltninga av marine område nyttar prinsippet om økosystemtilnærming, og det blei her vist til den norske forvaltningsplanen for Barentshavet. For at utviklingslanda skal kunne makte å oppfylle pliktene sine etter HRK og tilknytte avtalar og gjere seg nytte av dei marine ressursane på ein berekraftig måte, er det naudsynt å støtte opp om kapasitets- og institusjonsbygginga i desse landa.

Eit anna poeng i det norske innlegget var at den prosessen som er i gang for å avgrense statane sin kontinentalsokkel utanfor 200 nautiske mil, er viktig som ledd i å gjennomføre føresegnene i HRK om dette. For mange land er 2009 fristen for å dokumentere yttergrensene for sokkelen for Kontinentalsokkelkommisjonen som er oppretta under HRK. For mange utviklingsland er dette ei stor utfordring, og også på dette området er det naudsynt å støtte utviklingslanda. Noreg bidrog i 2006 med om lag 7 millionar kroner til eit FN-fond oppretta for dette formålet. Noreg la i november 2006 fram for Sokkelkommisjonen dokumentasjon på kor mykje av norsk kontinentalsokkel som strekkjer seg utanfor 200 nautiske mil i våre nærområde.

Vedtaka frå Generalforsamlinga, som omfattar heile den havpolitiske agendaen, inneber mellom anna avgjerd om at vidare problemstillingar knytte til biodiversitet utanfor nasjonale soner, medrekna forvaltning av genressursar, vitskapens rolle i forvaltninga og utvikling av biologiske ressursar og områdebaserte forvaltningstiltak, skal drøftast i ei eiga arbeidsgruppe. Eit framlegg frå EU om å starte forhandlingar om ein havrettsleg avtale om marine verneområde alt no, førte ikkje fram. Det norske synet er at ein i dagens situasjon kan sikre vernet av marine område ved å styrkje gjennomføringa av etablerte avtalar og ordningar, og at vidare tiltak må vurderast i lys av arbeidet i arbeidsgruppa. Etter eit norsk framlegg blei det semje om å uttrykkje uro over dei skadelege verknadene som ein forventar at klimaendringane vil ha på marint miljø.

Under den 59. generalforsamlinga stod problemstillingar knytte til vern av sårbare habitat på havbotnen sentralt i drøftingane. Etter svært vanskelege forhandlingar blei det semje om å oppmode statane om å vurdere eit mellombels forbod mot skadeleg fiskeripraksis, medrekna botntråling. Noreg var den gongen pådrivar for å få dette gjennom, og det blei òg vedteke å evaluere dei tiltaka som var trefte, på den 61. generalforsamlinga. På denne generalforsamlinga stod partane òg i utgangspunktet langt frå kvarandre. Sjølv om det ikkje blei semje om eit forbod mot bruk av skadeleg fiskereiskap i uregulerte område på ope hav, slik Noreg og ei rekkje andre land føreslo, blei det derimot semje om omfattande tiltak mot fiskeriaktivitet som kan skade sårbare område på ope hav. Etter norsk initiativ blei det vidare semje om å setje i gang ein prosess i FAO med sikte på å forhandle fram ein rettsleg bindande avtale om hamnestatskontroll som reiskap mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Det blei òg semje om norske framlegg om eit auka samarbeid knytt til å klargjere det ansvaret flaggstatane har for fiskebåtane sine, ei auka utveksling av informasjon om kvoter og landa fisk som ledd i kampen mot slikt fiske, og ei styrking av oppmodinga i resolusjonen om å prioritere gjennomføringa av Johannesburg-planen når det gjeld fiskeri. Etter framlegg frå Noreg og EU blei det òg semje om å oppmode statane om å gjere meir for å hjelpe utviklingsland til å bli part i FN-avtalen om fiske på ope hav.

Noreg stod som medframleggsstillar til begge resolusjonane. Fiskeriresolusjonen blei vedteken med konsensus, medan havrettsresolusjonen blei kravd teken opp til avrøysting av Venezuela (som ikkje er part i HRK), som røysta mot. Tre land avstod.

3.11 Den internasjonale domstolen i Haag

Den internasjonale domstolen i Haag feira 60-årsjubileum i 2006. Domstolen er ein integrert del av FN-pakta, og er eitt av hovudorgana i FN, med sete i Haag.

Domstolen sin kompetanse er for det første å avgjere tvistar mellom statar, vanlegvis avgjerder om grensefastsetjing, suverenitetsspørsmål, diplomatiske relasjonar, spørsmål om nasjonalitet osb. Domstolen kjem òg med fråsegner i saker som er lagde fram for domstolen av internasjonale organisasjonar, medrekna Generalforsamlinga i FN. Som eit døme gav domstolen i 2004 ei slik rådgjevande fråsegn om at muren som er sett opp av Israel i palestinske område, er i strid med folkeretten. Medlemslanda i FN er medlemmer av domstolen, men for at domstolen skal vere kompetent til å avgjere saker, må statane ha akseptert domstolens jurisdiksjon. Sekstisju medlemsland har akseptert domstolens jurisdiksjon.

Domstolen er finansiert over det regulære FN-budsjettet, og rapporterer årleg til Generalforsamlinga. Presidenten for domstolen, Rosalyn Higgins, gjorde greie for verksemda ved domstolen. For seksti år sidan var Den internasjonale domstolen i Haag så godt som den einaste internasjonale tvisteløysingsmekanismen, medan ein i dag har ei lang rekkje ulike mekanismar på område som havretten, menneskerettane, handelsretten osb., og Higgins hevda at det no er ein viss risiko for fragmentering og mangel på konsistens i utviklinga av rettslege normer. Domstolen handsamar for tida tolv saker. Desse omfattar mellom anna skuldingar om brot på menneskerettane, bruk av makt og delte naturressursar.

Resolusjonen frå Generalforsamlinga i høve 60-årsjubileet blei vedteken med konsensus, og oppmodar statane om å akseptere Den internasjonale domstolen sin kompetanse.

3.12 Den internasjonale straffedomstolen

Vedtektene til Den internasjonale straffedomstolen (ICC) blei vedtekne på ein diplomatkonferanse i Roma i 1998 og tredde i kraft i 2002. Noreg har høyrt til gruppa som har vore pådrivar for å opprette domstolen, som har sete i Haag.

Domstolen er no fullt ut operativ og rapporterer til Generalforsamlinga på årleg basis. Presidenten for domstolen, Philippe Kirsch, presenterte den andre årlege rapporten frå domstolen. To nye land, Saint Kitts og Nevis og Tsjad, har slutta seg til Roma-vedtektene og fører talet på statspartar opp i 102. Domstolen førebudde sine første saker og etterforsking var i gang i Nord-Uganda, Den demokratiske republikken Kongo og Darfur. Kongo har overlevert éin person til domstolens varetekt, og i Nord-Uganda har det blitt utferda arrestordre mot fem personar. Kirsch peikte på dei vanskane domstolen møter når det gjeld å gjennomføre etterforsking i konfliktområde. Vidare understreka han at det var naudsynt at medlemslanda samarbeidde fullt ut, særleg når det gjeld arrestasjonar, innhenting av bevis, avhøyr og relokalisering av vitne. Han peika på at eit samarbeid mellom FN og domstolen, særleg på bakken, ville gjere domstolen meir effektiv.

I den debatten som følgde, peikte Noreg på at domstolen har ei svært viktig rolle å spele når det gjeld å sikre rettferd og halde forbrytarar strafferettsleg ansvarlege. Dessutan at det er viktig at domstolen utfyller nasjonale domstolar. Ein er frå norsk side glad for det styrkte samarbeidet mellom domstolen og FN, og ein understreka vidare kor viktig det var med eit godt samarbeid mellom domstolen og medlemslanda. Fred og rettferd er to mål som heng saman. Det internasjonale samfunnet må arbeide for begge måla, også i vanskelege situasjonar der dei ein har grunn til å tru er lovbrytarane, sit ved forhandlingsbordet, til dømes i samband med ein fredsavtale.

Resolusjonen til støtte for Den internasjonale straffedomstolen, der Noreg var medframleggsstillar, blei vedteken utan avrøysting. USA heldt likevel, slik ein har gjort dei tidlegare åra, eit innlegg der ein distanserte seg frå konsensus.

3.13 Dei internasjonale straffedomstolane for det tidlegare Jugoslavia og Rwanda

Den internasjonale straffedomstolen for det tidlegare Jugoslavia (ICTY) og Den internasjonale straffedomstolen for Rwanda (ICTR) blei oppretta av Tryggingsrådet i høvesvis 1993 og 1994. Mandatet til ICTY er å straffeforfølgje personar som er ansvarlege for folkemord, brotsverk mot menneskja og krigsbrotsverk utførte i det tidlegare Jugoslavia etter 1991. Mandatet til ICTR er å straffeforfølgje personar som har utført folkemord, brotsverk mot menneskja og krigsbrotsverk i Rwanda, og dessutan rwandiske borgarar som er ansvarlege for slike brot i nabolanda i perioden 1.1.–31.12. 1994. Begge domstolane arbeider med å gradvis gjennomføre avslutningsstrategiane sine.

Domstolane blir finansierte over eigne budsjett fastsette av Generalforsamlinga og gjennom utlikna bidrag frå medlemslanda i FN. Begge domstolane rapporterer både til Generalforsamlinga og til Tryggingsrådet. På den 61. generalforsamlinga blei det halde ein felles debatt etter at presidentane for domstolane hadde lagt fram rapportane sine.

Nordmannen Erik Møse, president for ICTR, sa i innlegget sitt at domstolen har god framdrift når det gjeld strategien for å avslutte verksemda til domstolen innan 2008. Men ei hovudutfordring for domstolen er å få arrestert mistenkte forbrytarar. Dette krev samarbeid frå nasjonale styresmakter. Møse oppmoda òg landa til å akseptere at saker blir overførte til deira nasjonale domstolar, og oppmoda FN om å hjelpe til med å styrkje nasjonale rettssystem. Det er avsagt seks nye dommar, og til saman 56 personar har til no fått avsagt dom eller er i aktive rettssaker.

Presidenten for ICTY, Fausto Pocar, gjorde greie for ulike tiltak domstolen har treft for å auke effektiviteten i forhandlingar og ankeforhandlingar. Saker mot i alt 97 av 106 tiltalte er avslutta. Førebuingsfasen var forbetra med ei meir aktiv rolle for dommarane. Pocar appellerte òg til medlemslanda om å arrestere seks sentrale mistenkte som framleis er på frifot.

I den debatten som følgde, gav ein frå norsk side uttrykk for full støtte til krigsforbrytardomstolane, som har gjeve eit vesentleg bidrag til utviklinga av den internasjonale rettsordenen ved effektivt å straffeforfølgje personar som har utført alvorlege internasjonale kriminelle handlingar, og hevda at dersom mandata til domstolane skal oppfyllast på ein effektiv måte, må statane samarbeide, også når det gjeld dei finansielle forpliktingane dei har vis-à-vis domstolane.

3.14 Rapporten frå Generalsekretæren om arbeidet i organisasjonen

Generalsekretæren presenterer kvart år ein oversiktsrapport der arbeidet i ulike delar av organisasjonen blir oppsummert (A/61/1). I år var likevel denne rapporten viktigare enn vanleg. Grunnen til dette var at Generalsekretæren i rapporten gav uttrykk for at han ville innføre fleire nye delmål i tilknyting til tusenårsmåla («Millennium Development Goals /MDG»). Dei nye delmåla gjeld retten til anstendig arbeid, universell tilgang til aidsbehandling innan 2010, drastisk reduksjon i tap av biodiversitet innan 2010 og sist, men ikkje minst, eit delmål knytt til målsetjinga om universell tilgang til reproduktive helsetenester innan 2015. Generalforsamlinga tok rapporten til etterretning samrøystes, og med dette sette dei òg sitt godkjenningsstempel på dei nemnde framlegga.

Fleire av desse målsetjingane er ikkje nye i seg sjølve, men det at dei blir tekne med som delmål i MDG-rammeverket inneber at det vil bli utvikla statistiske indikatorar som i praksis gjer det mogeleg å samle data om utviklinga på desse felta. At medlemslanda i samarbeid med FN utviklar og rapporterer om aktuell statistikk, er i sin tur viktig for å kunne halde det politiske presset oppe med sikte på å nå viktige utviklingsmål. Særleg når det gjaldt det nye delmålet om reproduktiv helse, var dette eit resultat av aktivt påtrykk frå den politiske leiinga i dei nordiske landa og Nederland. Ein liten, men viktig siger.

Til forsida