St.meld. nr. 33 (2006-2007)

Eksport av forsvarsmateriell frå Noreg i 2006, eksportkontroll og internasjonalt ikkje-spreiingssamarbeid

Til innhaldsliste

3 Utanriksdepartementets arbeid for større innsyn

Regjeringa er oppteken av å gje større innsyn i spørsmål knytte til utførselen av norsk forsvarsmateriell. I denne meldinga er det difor lagt vekt på å skildre varene og teknologien som er utført i størst mogeleg grad, samtidig som det blir opplyst om kva land som har fått varene. For å gjere framstillinga av eksportomfanget meir oversiktleg er det òg utarbeidd grafiske framstillingar. Det er informert om formidling av forsvarsmateriell mellom tredjeland og om overføring av produksjonsrettar for forsvarsmateriell til utlandet. I tillegg er det informert om forsvarsstyresmaktas utførsel av forsvarsmateriell, om utførselen av handvåpen og om kva EU-kriterium som er lagde til grunn ved avslag på søknader om lisens.

Informasjonen er slik inndelt:

  • varer som er utførte, mellom anna korleis varene fordeler seg på kategori A- og B-materiell,

  • avslag på lisenssøknader,

  • løyve til formidling av forsvarsmateriell frå eitt tredjeland til eit anna,

  • løyve til overføring av produksjonsrettar,

  • utførsel av handvåpen,

  • relevante utlån av forsvarsmateriell frå forsvarsstyresmakta.

Det er lagt vekt på å gjere informasjonen meir oversiktleg ved å bruke grafiske framstillingar og forklaringar, mellom anna i form av fotnotar.

Det har dei siste åra blitt vesentleg større openheit om eksporten av forsvarsmateriell. Forsvarsbedriftene er pålagde nye rapporteringsplikter. For å etterleve desse pliktene krevst det godt innarbeidde system og rutinar. Dette gjeld òg for det arbeidet Utanriksdepartementet har med rapportane, medrekna nødvendig kvalitetssikring av materialet.

For å sikre at informasjonen som står i den årlege stortingsmeldinga, er så korrekt og komplett som mogeleg, er det nødvendig å gje tid til å etablere dei nødvendige rutinane og systema. Det vesentlege innsyn i eksporten av forsvarsmateriell, må vurderas mot den lovpålagde teiepliktreglar og behovet bedriftene har for å verne om forretningsmessige tilhøve. Dette er bakgrunnen for at denne meldinga om eksporten av forsvarsmateriell i 2006 i hovudsak følgjer same formatet som meldinga om eksporten i 2005.

Praktiseringa av auka innsyn vil måtte skje innanfor ramma av dei avgrensingar som teieplikta i eksportkontrollova set. I medhald av lova har alle plikt til å gje Utanriksdepartementet den hjelpa som krevst for å kontrollere at føresegnene i lova eller forskriftene blir følgde. Det gjeld alle opplysningar som er rekna som nødvendige i samband med behandlinga av søknader om eksportlisens. Ein slik rett til å innhente bedriftssensitiv informasjon har sitt motstykke i dei strenge føresegnene om teieplikt i lova.

Når det gjeld Stortingets innsyn i eksporten av forsvarsmateriell, meiner regjeringa at Stortinget skal sikrast innsyn gjennom den årlege stortingsmeldinga om eksport av forsvarsmateriell. Regjeringa vil samtidig vidareføre praksisen med å konsultere og informere Stortinget om saker av særleg omfang og som er særleg viktige.

Til forsida