St.meld. nr. 33 (2006-2007)

Eksport av forsvarsmateriell frå Noreg i 2006, eksportkontroll og internasjonalt ikkje-spreiingssamarbeid

Til innhaldsliste

5 Det nasjonale eksportkontrollapparatet

Utanriksdepartementet er nasjonal styresmakt og forvaltningsorgan for eksportkontrollen. Ansvaret for politiske spørsmål, regelverket og lisensieringa ligg i departementet. Departementet har i tillegg ansvaret for å samordne den nasjonale innsatsen på eksportkontrollområdet. Det nasjonale eksportkontrollapparatet omfattar Tollverket, Politiets tryggingsteneste (PST), Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) og Forsvarsstaben. I nokre saker kan det òg vere aktuelt å samarbeide med andre etatar, særleg Forsvarsdepartementet, Institutt for energiteknikk (IFE) eller Statens strålevern. Tollverket er ansvarleg for å handheve eksportkontrollen, og PST har ansvaret for å førebyggje og etterforske mogelege brot på regelverket.

Merksemda er no retta mot ikkje-statlege aktørar i tillegg til mot spreiingsland. Det er ei tydeleg utvikling mot auka oppgåver på eksportkontrollområdet. I tillegg er sakene blitt stadig meir komplekse. Dette krev eit tett samarbeid mellom dei etatane som er involverte.

Utanriksdepartementet tok i januar 2007 initiativet til å opprette eit tverrinstitusjonelt samarbeid mellom dei involverte instansane, i første rekkje PST, Forsvarsstaben, Tollverket og FFI. Gruppa kjem saman med jamne mellomrom for å drøfte og koordinere kontrolltiltak. I tillegg kjem gruppa saman i situasjonar som krev rask samhandling. Eit slikt formalisert fleirfagleg samarbeid vil leggje til rette for ei best mogeleg utnytting av ressursar og koordinering av dei involverte aktørane sine aktivitetar på eksportkontrollområdet. Intensjonen er å kanalisere eksportkontrollspørsmål i brei forstand for å drøfte dei i gruppa. Dette vil sikre kompetansebygging, samordning og nødvendig kontinuitet, og representerer såleis ei vesentleg styrking av den norske eksportkontrollinnsatsen.

I politilova av 4. august 1995 nr. 54 blei det i endring av 15. juni 2001 (§ 17b) mellom anna lagt til at PST skal førebyggje og etterforske spreiinga av masseøydeleggingsvåpen og av utstyr, materiale og teknologi for produksjon eller bruk av slike våpen. Vidare blir PST pålagt å førebyggje og etterforske brot på føresegner i eller i medhald av Lov om kontroll med eksport av strategiske varer, tjenester og teknologi m.v. og Lov til gjennomføring av bindende vedtak av De Forente Nasjoners Sikkerhetsråd eller anna lovgjeving om tilsvarande særlege tiltak.

PST har sett i gang ein landsomfattande førebyggjande aktivitet retta mot relevante bedrifter, offentlege instansar, akademiske institusjonar og forskingssentra. Formålet er å skape større medvit hos desse når det gjeld trugsmålet om spreiing av masseøydeleggingsvåpen og trugsmålet om illegalt kjøp av utstyr, teknologi og kunnskap til program for utvikling av slike våpen eller leveringsmiddel.

I tillegg til dei kontrollane Tollverket utfører på eige initiativ, samarbeider Utanriksdepartementet og PST med Tollverket om kontrollarbeidet. Slik kontroll kan gjelde verifikasjon av utførselsdokument og fraktdokument eller fysisk kontroll av varene. Når Tollverket går gjennom ein bedriftsrekneskap, skal dei òg kontrollere dokument som gjeld eksport bedrifta har utført. Vidare har PST og Tollverket styrkt samarbeidet om eksportkontrollen i distrikta.

Som eit resultat av informasjonsutvekslinga i dei multilaterale eksportkontrollregima har Utanriksdepartementet etablert ein database over utanlandske importørar og brukarar som det i spreiingssamanheng knyter seg ei viss uro til. Tollverket har òg tilgang til denne databasen, slik at planlagd utførsel til desse mottakarane kan bli oppdaga og undersøkt nærare. Databasen blir oppdatert kontinuerleg.

Ved fysisk tollkontroll, vurdering av tekniske eigenskapar og bruksområde for produkt, teknologi eller tenester kan ein nytte seg av ekspertise frå FFI eller IFE. Dersom ein eksportsøknad rører ved viktige forsvarsspørsmål eller materiellsamarbeidet med andre land, blir det innhenta fråsegner frå Forsvarsdepartementet. Nærings- og handelsdepartementet blir konsultert når ein søknad rører ved viktige norske næringsinteresser.

Bevisstgjering gjennom informasjon til eksportørane

Eit effektivt eksportkontrollsystem krev nært samarbeid og dialog med produsentar og leverandørar av sensitive varer og teknologi. Det blir etablert ein stadig nærare dialog med relevante teknologibedrifter for å sikre at alle det vedkjem, er kjende med regelverket og har etablert interne rutinar for å sikre at dette blir etterlevd i bedrifta. For å sikre dette, blir det halde årlege orienteringsmøte i tillegg til eigne møte med representantar for einskilde bedrifter.

Både dei multilaterale eksportkontrollregima og Tryggingsrådet i FN har gjort vedtak og komme med sanksjonar mot enkelte land. Desse vedtaka og sanksjonane krev eit nært samarbeid og dialog med potensielle teknologileverandørar nasjonalt for å kunne etterlevast. Dette inneber at departementet vil styrkje dialogen og informasjonsinnsatsen sin overfor norsk næringsliv framover.

Det blir lagt vekt på at ein skal vere tilgjengeleg for næringslivet i det daglege arbeidet, både ved telefonkontakt, bruk av e-post og personleg kontakt. Også andre aktørar i det nasjonale apparatet har kontakt med relevante eksportørar og potensielle leverandørar av sensitive varer for å utveksle informasjon, mellom anna Tollverket og Politiets tryggingsteneste (PST).

Det er svært viktig for norske teknologibedrifter og -institusjonar at norske styresmakter har tillit og truverde når det gjeld å gjennomføre ein ansvarleg eksportkontroll. For å medverke til å sikre dette, er informasjonsverksemd og etablering av etterlevingsrutinar i relevante bedrifter ei viktig oppgåve for Utanriksdepartementet.

Omfattande informasjon om eksportkontrollen er i tillegg lagd ut på Internett (www.eksportkontroll.mfa.no). Det blir lagt stor vekt på å auke ålmenta sin kunnskap om eksportkontroll og ikkje-spreiing, og det blir heile tida arbeidd med å halde informasjonen på heimesida oppdatert og relevant.

5.1 Eksportkontroll av forsvarsmateriell

I samsvar med retningslinjene skal våpen og ammunisjon (kategori A-materiell) berre leverast til statlege styresmakter. Eksportkontrollen omfattar ikkje aktivitetane til det norske forsvaret. Det er gjort unntak frå reglane når utstyret skal brukast av norske styrkar i utlandet, til dømes i samband med internasjonale operasjonar, under minerydding eller som ledd i kampen mot internasjonal terrorisme, eller når mottakaren er forsvarsstyresmakta i eit NATO- eller EU-land. Forsvarsdepartementet er pålagt å rapportere om slik utførsel kvart år. Informasjon om forsvarets utlån og bruk av eige materiell i utlandet er sett opp i kapittel 7 i denne meldinga.

Regelverket krev ikkje at det blir innhenta løyve frå Utanriksdepartementet til marknadsføring. Slik verksemd er likevel så langsiktig og ressurskrevjande at bedriftene normalt ønskjer førehandstilsegn om at eksportlisens kan påreknast før dei bruker vesentlege ressursar. Utanriksdepartementet behandlar førespurnader om førehandstilsegn i samsvar med retningslinjene, på same måten som om det gjaldt konkrete lisenssøknader. Når ein gjev førehandstilsegn, tek ein likevel alltid atterhald om at spørsmålet om eksportlisens vil bli vurdert i lys av situasjonen på det tidspunktet ein konkret søknad ligg føre.

Konvensjonell våpeneksport er i utgangspunktet eit nasjonalt ansvar og må òg sjåast i samanheng med eigne tryggingsinteresser og beredskap. Det er eit positivt trekk at det dei siste åra er utvikla eit auka internasjonalt samarbeid og koordinering også på dette området. Dette samarbeidet har òg bana vegen for større openheit om landa sine eksportaktivitetar.

Samarbeidsavtalar

Ved underleveransar frå Noreg til utanlandsk produsent i tilfelle der det ligg føre ein samarbeidsavtale mellom den norske og den utanlandske bedrifta, som er godkjend av vedkommande styresmakt, kan Utanriksdepartementet fråvike kravet om sluttbrukarkontroll. Per 1. april 2006 ligg det føre i overkant av 50 slike samarbeidsavtalar. Denne ordninga er avgjerande for at norske bedrifter skal kunne opptre truverdig og påliteleg i internasjonal handel på forsvarsmateriellområdet.

Oppfølgingsleveransar

Sidan forsvarsmateriell ofte har lang levetid, vil det gjennom ein lang periode vere nødvendig å vedlikehalde og reparere utstyret og kjøpe reservedelar. Tilgang til framtidig vedlikehald og reservedelar er iblant ein del av kontraktsvilkåra. Som forvaltnings- og kontrollorgan legg Utanriksdepartementet stor vekt på eit nært samarbeid med kvar eksportør frå sak til sak.

Eksportkontrollforskrifta opnar for at eit utførselsløyve kan kallast tilbake dersom lisensinnehavaren vesentleg misbruker løyvet, dersom det kjem fram nye eller endra fakta eller dersom det skjer endringar i politiske tilhøve i mottakarstaten eller området som vesentleg endrar det grunnlaget løyvet blei gjeve på.

Kontroll med formidling mellom tredjeland

Det følgjer av eksportkontrollforskrifta at handel, formidling eller anna hjelp ved salg av militære varer og teknologi på liste I frå eitt framandt land til eit anna, ikkje er tillate for personar som har bustad eller opphaldsstad i Noreg og for norske selskap, stiftingar og samanslutningar utan løyve frå Utanriksdepartementet. Som ledd i styrkinga av det norske regelverket blir det arbeidd med sikte på å utvide jurisdiksjonen til å gjelde norske rettssubjekt og å inkludere kontroll med transport av våpen og militært materiell mellom to tredjeland.

Noreg har engasjert seg aktivt internasjonalt for å oppnå semje om felles kriterium som utgangspunkt for den nasjonale kontrollen med formidlinga av våpen i leverandørlanda. Formålet er å sikre at den nasjonale eksportkontrollen på våpeneksportområdet ikkje blir undergravd av smotthol i form av formidlingsaktivitetar utanfor offentleg kontroll. Det er eit mål at så mange land som mogeleg innfører kontroll med formidlinga. Dette vil gjere det vanskelegare for formidlarar å operere utanfor offentleg kontroll.

Handvåpen

Norske bedrifter produserer ikkje militære handvåpen, og slike våpen blir dermed ikkje eksporterte frå Noreg. Utførselen av handvåpen omfattar i all hovudsak samle-, jakt- og konkurransevåpen til enkeltpersonar. Det krevst dokumentasjon som stadfester at personar som kjøper eit jakt- eller konkurransevåpen eller anna våpen av samleverdi frå Noreg, har importløyve til å innføre våpenet, og dessutan løyve til å eige eller bere slike våpen i importlandet, eller til autoriserte våpenforhandlarar. I kapittel 7.5 er det sett opp eit oversyn over omfanget av denne eksporten.

Noreg arbeider aktivt innanfor ei rekkje internasjonale forum med sikte på å hindre at det blir handla ulovleg med handvåpen eller at handvåpen blir leverte til grupper utanfor offentleg kontroll, og dermed fører til destabilisering eller medverkar til å eskalere konfliktar i utsette område.

5.2 Eksportkontroll av fleirbruksvarer

Utanriksdepartementets vareliste II er ei samanstilling av varelistene for fleirbruksvarer i dei multilaterale eksportkontrollregima. Fleirbruksvarer og tilhøyrande teknologi har først og fremst sivile bruksområde men også eit viktig potensial når det gjeld utvikling og produksjon av masseøydeleggingsvåpen. Dette kan mellom anna vere visse kjemikaliar, biologiske stoff, verktymaskiner, laserar, gassovervakingsutstyr, grafitt, høgtrykksdyser, hydrofonar, måleutstyr, optisk materiale eller radarsystem.

Eksportkontrollen av fleirbruksvarer er basert på det multilaterale eksportkontrollsamarbeidet. Alle land som deltek i dei internasjonale ikkje-spreiings- og eksportkontrollregima, forpliktar seg til å gjennomføre nasjonal kontroll med utgangspunkt i felles varelister og retningslinjer.

Kontrollen med at det ikkje blir levert fleirbruksvarer eller -teknologi frå norske bedrifter som kan brukast til utvikling av masseøydeleggingsvåpen, er meir komplisert enn for militært materiell. Faren for at slike varer kan hamne i hendene på terroristar eller i skjulte masseøydeleggingsprogram gjer denne kontrollen endå meir utsett. Dette er bakgrunnen for at Utanriksdepartementet arbeider med ei ytterlegare styrking av eksportkontrollregelverket, mellom anna når det gjeld formidling av fleirbruksvarer mellom to tredjeland.

Dei sentrale elementa i vurderinga av om ein leveranse av ei fleirbruksvare kan tillatast, er om vara kan brukast i samband med våpen, også masseøydeleggingsvåpen, og sluttbrukarkontroll. Søknader om eksport av fleirbruksvarer blir underkasta ei grundig teknisk vurdering av bruksområde og mogeleg bruk i samband med masseøydeleggingsvåpen. Sluttbrukaren blir òg grundig vurdert på basis av den informasjonen som ligg føre, anten som resultat av informasjonsutvekslinga i dei multilaterale regima eller bilateralt. Dersom departementet kjem fram til at det kan innvilgast lisens, krevst det dokumentasjon som stadfester kva vara skal brukast til og kvar ho skal brukast eller installerast. I særlege tilfelle blir det i tillegg stilt som vilkår at vara kan inspiserast av norske representantar utan forvarsel for å sikre at bruken er i tråd med det som er føresett.

Likens blir det vurdert om vara som det er søkt om utførsel av, er relevant i høve til den oppgjevne sluttbruken både når det gjeld teknisk kapasitet og mengd. Søknaden blir avslegen dersom ein finn at vara mest sannsynleg vil bli brukt i våpenprogrammet til eit sluttbrukarland.

Søknaden blir likeins avslegen dersom eit anna medlemsland i eit av dei multilaterale regima har rapportert avslag på ein identisk søknad. Avslag på eksportsøknader og bakgrunnen for avslaget blir rapportert til det relevante eksportkontrollregimet. Det er ein føresetnad at deltakarlanda ikkje skal undergrave kvarandres avslag ved å innvilge identiske søknader. Slike avslag må grunngjevast ut frå retningslinjene for det aktuelle regimet. I tvilstilfelle, eller dersom det er nødvendig å innhente meir informasjon, til dømes i tekniske spørsmål, kan det innleiast konsultasjonar mellom partane med sikte på å avklare om det dreiar seg om ein identisk søknad eller ikkje .

I lys av at fleirbruksvarene har sivile bruksområde er det viktig at eksportkontrollstyresmaktene har den kompetansen og dei ressursane som er nødvendige for at søknader om eksport kan behandlast på ein forsvarleg og kompetent måte og innanfor eit rimeleg tidsrom.

For å sikre at Noreg etterlever dei omfattande krava til kjernefysisk eksportkontroll, er det utarbeidd særskilde retningslinjer for søknadsbehandlinga i Utanriksdepartementet som omhandlar visse særleg sensitive kjernefysiske varer.

Kontroll med ikkje-listeførte varer – «fangar alt»

Det vil vere varer og teknologi som ikkje er omfatta av varelistene, men som likevel kan ha eit stort potensial i samband med utvikling eller produksjon av masseøydeleggingsvåpen. For å kunne fange opp forsøk på å skaffe ikkje-listeførte varer til bruk i program for utvikling av masseøydeleggingsvåpen, er det etablert såkalla «fangar alt»-reglar («catch-all»). Dette inneber at det er lisensplikt for alle varer eller tenester og all teknologi uavhengig av varelistene, når det er kjent at dei er tenkte eller vil bli brukte til utvikling, produksjon, vedlikehald, lagring, deteksjon, identifikasjon eller destruksjon av kjernevåpen, kjemiske eller biologiske våpen eller til utvikling, produksjon, vedlikehald eller lagring av missil som kan levere slike våpen. Denne kontrollen har blitt viktigare dei siste åra. Det er sett i verk eit arbeid for å styrkje eksportkontrollforskrifta på dette området.

Forskriftsendringar gjorde i 2005 inneber at det òg krevst utførselslisens for ikkje-listeførte fleirbruksvarer til land under våpenembargo vedteken av Tryggingsrådet i FN, når det ligg føre opplysningar om at varene er meinte for militær bruk. Dette er i tråd med konsensusvedtak fatta av Wassenaar-samarbeidet i 2003 og med EU-retten.

Kontroll med immateriell teknologioverføring

Immateriell overføring av sensitiv programvare, teknologi eller kunnskap kan mellom anna skje munnleg, ved bruk av telefaks eller ved bruk av elektroniske medium, til dømes Internett. Immateriell teknologioverføring krev difor andre kontrolltiltak enn den tradisjonelle grensekontrollen som Tollverket utfører. Dei multilaterale eksportkontrollregima har dei siste åra drøfta tiltak som kan vere effektive i ein slik samanheng.

Det er brei semje om at elektroniske leveransar av sensitiv programvare og teknologi representerer eit svakt ledd i eksportkontrollen, og at deltakarlanda må kontrollere overføring av sensitiv teknologi gjennom lisensieringskrav på nasjonal basis.

I den norske eksportkontrollovgjevinga er immaterielle teknologioverføringar omfatta av det generelle regelverket. Slike overføringar krev løyve frå Utanriksdepartementet på same måten som annan eksport av produkt, teknologi og tenester som er omfatta av kontrollistene. Kontrollen skjer i nært samarbeid med næringslivet, og departementet legg stor vekt på informasjon og dialog òg i dette spørsmålet. EU vedtok felles kontrollmekanismar for immateriell teknologioverføring i 2000, og det blir òg arbeidd med sikte på å etablere felles standardar innanfor dei multinasjonale eksportkontrollregima.

Til forsida