Meld. St. 24 (2011–2012)

Finansmarknadsmeldinga 2011

Til innhaldsliste

2 Finansiell stabilitet

2.1 Innleiing

Om det finansielle systemet ikkje fungerer godt, kan heile økonomien li stor skade. Å leggja til rette for finansiell stabilitet er difor ei viktig oppgåve for styresmaktene. Finansiell stabilitet føreset at finansinstitusjonane har tilstrekkelege kapitalbufferar til å handtera tap, og at betalingssystema er forsvarleg sikra. Finansiell stabilitet inneber òg at det finansielle systemet er robust nok til å tola forstyrringar i økonomien.

Dette kapitlet handlar om utsiktene for finansiell stabilitet. Det inneheld oversikter og vurderingar av marknadstilhøve, risikoutviklinga for finansinstitusjonane og soliditet og resultat i institusjonane. Det fyrste avsnittet gjev ei kort oversikt over arbeidet med å tryggja finansiell stabilitet i Noreg.

Mykje av bakgrunnsinformasjonen og talmaterialet til dette kapitlet er henta frå Noregs Bank og Finanstilsynet.

2.2 Arbeidet med å tryggja finansiell stabilitet i Noreg

Det finansielle systemet er samansett av aktørar, marknadsplassar og infrastruktur for transaksjonar. Systemet utfører betalingar og legg til rette for at aktørar i realøkonomien skal kunna handtera og omfordela finansiell risiko og allokera ressursar over tid. Som mellommenn og motpartar i denne handelen tek finansinstitusjonane på seg skyldnader og risiko. For aktørane i realøkonomien kan det vera vanskeleg å ta høgd for at finansinstitusjonane kan misleghalde pliktene sine. Det er mange døme på at aktørar i realøkonomien er helt avhengige av at dei involverte finansinstitusjonane gjer opp for seg. Problem i finansinstitusjonar får difor lett følgjer for realøkonomien.

På grunn av det økonomiske samspelet mellom finansinstitusjonane kan veike sider i ein avgrensa del av finansmarknaden skada heile finansmarknaden. Problem kan verta forsterka gjennom negative vekselverknader mellom finansmarknadene og realøkonomien. Styresmaktene kan søkja å bryta dette negative samspelet med bruk av pengepolitiske verkty, med å stimulera økonomien gjennom finanspolitikken, eller, i alvorlege tilfelle, med ekstraordinære tiltak retta direkte mot finansinstitusjonane.

Om finansinstitusjonane har låg eigenkapitaldel, eller har gjort seg avhengige av finansiering frå lite stabile kjelder, kan det vera særleg ressurskrevjande å motverka negative vekselverknader mellom finansmarknadene og realøkonomien. Vert tiltaka frå styresmaktene omfattande nok, kan jamvel statar hamna i økonomiske vanskar som følgje av utgiftene til tiltaka. I mange tilfelle er det såleis mindre ressurskrevjande å førebyggja overdriven risikotaking som kan føra til kriser i finanssektoren, enn å motverka utslaga av finanskriser. Å leggja til rette for finansiell stabilitet er difor ei viktig oppgåve for styresmaktene.

Styresmaktene arbeider for å førebyggja soliditets- og likviditetskriser i finanssystemet gjennom krav i lover og forskrifter og gjennom tilsyn med finansinstitusjonane og finansmarknadene. I Noreg har vi lagt stor vekt på heilskapleg og konsistent regulering, som mellom anna går ut på at same slags risiko vert regulert likt same kvar han finst, slik at risiko ikkje hopar seg opp der han er minst regulert. Dette prinsippet har lege til grunn for norsk finansmarknadsregulering i mange år. Det er òg ein føresetnad for finansiell stabilitet – og eit viktig mål i seg sjølv – å ha eit godt forbrukarvern på finansmarknaden.

Arbeidet med å tryggja finansiell stabilitet er i Noreg delt mellom Finansdepartementet, Noregs Bank og Finanstilsynet. Finansdepartementet har det overordna ansvaret for å sjå til at det finansielle systemet fungerer godt. Noregs Bank og Finanstilsynet skal medverka til at det finansielle systemet er robust og effektivt, og overvaker difor finansinstitusjonane, verdipapirmarknadene og betalingssystema for å avdekkja element som kan truga stabiliteten. Finanstilsynet fører òg tilsyn med finansinstitusjonane og marknadsplassane. Noregs Bank er långjevar i siste instans.

I 2006 vart det etablert såkalla trepartsmøte mellom Finansdepartementet, Noregs Bank og Finanstilsynet. I trepartsmøta vert det utveksla informasjon om mellom anna utviklinga i norsk og internasjonal økonomi og stoda på finansmarknadene. Møta er ein viktig kanal for utveksling av informasjon mellom dei tre institusjonane, og dei er med på å gje eit heilskapleg bilete av utsiktene for finansiell stabilitet. I utgangspunktet vert desse møta haldne kvart halvår, men oftare når det trengst. Som følgje av finanskrisa og den urolege stoda på internasjonale finansmarknader har det vore halde trepartsmøte oftare dei siste åra. I 2011 var det fire slike møte, medan det til no i 2012 har vore tre møte.

Finansdepartementet vurderer tiltak for å betra makroovervakinga av systemrisiko i Noreg, mellom anna etter innspel frå ei arbeidsgruppe nedsett av Finansdepartementet for å greia ut korleis makroovervakinga av finanssektoren bør innrettast i Noreg. Rapporten frå gruppa er omtala i kapittel 3.

2.3 Hovudtrekk i risikobiletet og utsiktene for finansiell stabilitet

2.3.1 Utviklinga på finansmarknadene

Utviklinga på dei internasjonale finansmarknadene i 2011 var særleg prega av aukande otte for at somme EU-land skulle misleghalda statsgjelda si og for at styresmaktene i Europa ikkje ville greia å gjennomføra naudsynte støttetiltak og budsjettinnstrammingar. Tiltaka som vart gjennomførde utetter hausten, var ikkje nok til å stagga den negative utviklinga. Mistrua var fyrst avgrensa til Hellas, Portugal og Irland, men spreidde seg i 2011 særleg til Italia og Spania. Rentene på italienske og spanske statspapir steig til nivå som ikkje er berekraftige i lengda, men det betra seg mot slutten av 2011 og utetter i 2012, jf. boks 2.1. Prisen på å forsikra seg mot misleghald av europeisk statsgjeld (CDS-prisen) steig òg monaleg i 2011, og fleire land vart nedgraderte av kredittvurderingsbyråa.

Når marknaden mister tiltrua til at eit land kan greia gjelda si, aukar renta på gjelda til landet. Då aukar òg faren for at landet faktisk ikkje greier å betala gjelda. Fleire europeiske land var i ein slik negativ spiral i 2011.

Boks 2.1 Statsgjeldsstoda i nokre EU-land

Statsgjelda i fleire av industrilanda har dei siste åra auka til nivå som ein før berre har sett i krigstid. Dei siste berekningane frå IMF syner at bruttogjelda hjå dei tradisjonelle industrilanda samla sett truleg vil auka frå om lag 104 pst. av BNP i 2011 til 109 pst. i 2013. Gjennomsnittet for euroområdet ligg no på om lag 88 pst. og vil truleg auka til 91 pst. i 2013. Dei verst stilte landa ligg godt over dette, jf. figur 2.1A. Våren 2012 rekna IMF ut at dersom ein skal redusera gjelda til industrilanda til 60 pst. av BNP innan 2030, må landa i gjennomsnitt redusera primærbalansen (budsjettbalansen før rentekostnader) med 8,6 pst. av BNP mellom 2011 og 2020, og deretter halda eit jamt nivå.

Dei to siste åra har det særleg vore tvil om evna somme statar i Europa har til å greia gjelda si. Gjennom fyrste halvår 2010 auka rentene for statslån kraftig i fleire europeiske land, i nokre tilfelle til ikkje-berekraftige nivå, jf. figur 2.1B. Hellas fekk kriselån frå eurolanda og IMF i mai 2010, og i november 2010 og april 2011 fekk høvesvis Irland og Portugal òg kriselån. Våren 2011 vart det klårt at Hellas trong meir hjelp. I mars 2012 fekk Hellas ei ny bergingspakke frå EU og IMF. Lånet vart godkjent då Hellas greidde å minka statsgjelda med 100 mrd. euro gjennom ein gjeldsletteoperasjon. Hellas sjølv måtte skjera meir ned på budsjetta og innføra fleire djuptgripande strukturelle reformer. Marknaden har reagert med kraftig fall i renta på gresk statsgjeld, men renta er framleis svært høg. Bergingspakka og tiltaka som ligg til grunn for den, kan redusera statsgjelda til 117 pst. av BNP innan 2020, ned frå om lag 160 pst. i dag.

Dei fleste euroland er no i ferd med å betra budsjettbalansen sin slik at dei i perioden 2013–2015 truleg kjem inn under den traktatfesta grensa i EU for maksimalt offentleg budsjettunderskot på 3 pst. av BNP. Somme land må ha meir tid enn dette. Budsjettbalansen i euroområdet vart i gjennomsnitt styrkt med om lag 2 pst. i 2011, og det er venta at det gjennomsnittlege budsjettunderskotet går ned frå 6,2 pst. i 2010 til 2,7 pst. i 2013.

I tillegg til å gje kriselån til utsette land har EU vorte samd om og gjennomført ei rekkje tiltak som skal betra den økonomiske samordninga i EU, for å reisa opp att tillita i finansmarknadane og bu seg på og førebyggja nye kriser. Nokre av tiltaka krev framleis godkjenning i dei nasjonale parlamenta. Tiltaka kan kort oppsummerast slik:

  • Eurolanda fekk i stand to mellombels ordningar for krisefinansiering for euroland, ESFS og EFSM, i mai 2010. Toppleiarane i eurolanda er samde om å skifta desse ordningane ut med ei permanent ordning, kalla ESM, i juli 2012. Utlånsramma er på 500 mrd. euro til nye utlån I tillegg skal eksisterande utlån på om lag 200 mrd. euro vidareførast under EFSF.

  • EU innførde i januar 2011 nye budsjettrutinar og rutinar for samordning av den økonomiske politikken i EU, kalla «det europeiske semesteret».

  • EU innførde i desember 2011 mellom anna strengare handhevingsreglar for dei eurolanda som bryt grensene som stabilitets- og vekstpakta (SVP) set for budsjettunderskot og gjeldsgrad. Det vart òg innført nye reglar for å overvaka og retta opp makroøkonomisk ubalanse tidlegare.

  • Europlusspakta vart inngått i mars 2011. Dette er ei politisk avtale om nærare samordning av den økonomiske politikken og budsjettpolitikken.

  • EU-landa utanom Storbritannia og Tsjekkia skreiv 2. mars 2012 under på ei ny mellomstatleg avtale (ei finanspakt) som mellom anna bind statane til å nedfella strengare budsjettreglar i det nasjonale lovverket enn det SVP krev. Dei årlege strukturelle budsjettunderskota skal ikkje overstiga 0,5 pst. av BNP. Landa i euroområdet skal òg samordna både den økonomiske politikken og budsjettpolitikken betre, og det vart vedteke å halda to eurotoppmøte i halvåret.

Eit tilnærma uavgrensa tilbod av 3-årige lån (mot trygd) frå Den europeiske sentralbanken har vore særskilt viktig, og renta på italiensk og spansk statsgjeld stabiliserte seg på nyåret. Ny uro oppstod i mars og april 2012 som følgje av uvisse knytt til svakare vekstutsikter, at dei offentlege innstrammingsplanane ikkje vert gjennomført etter planen, og at kapitalbehovet til spanske bankar har auka.

Figur 2.1 Utviklinga i offentleg bruttogjeld og rentepåslag på statsrentene i nokre land

Figur 2.1 Utviklinga i offentleg bruttogjeld og rentepåslag på statsrentene i nokre land

Kjelde: EU-kommisjonen, OECD og IMF

Statsgjeldsproblema og nedjusteringar av vekstutsiktene for verdsøkonomien medverka til kursfall og store svingingar òg på aksjemarknadene i 2011, jf. figur 2.2A. Utviklinga var nokså stabil i 1. halvår 2011, før ny uro om statsgjeldsstoda i Europa førde til kraftige fall på seinsommaren. Kursane henta seg dels opp att utetter hausten, mellom anna som følgje av samordna tiltak frå sentralbankane i mange land. Aksjekursutviklinga for finansinstitusjonar har vore svakare enn for marknaden generelt både i Noreg og i utlandet.

Fleire europeiske bankar har store investeringar i europeisk statsgjeld. Når det vert meir uvisse om tilbakebetaling av statsgjelda, fell verdien på statsgjeldspapira til bankane. Svekte resultat og otte for tap gjer det dyrare og vanskelegare for bankane å finansiera seg på marknaden av di det vert meir risikabelt for investorane å låna pengar til bankane. Fall i verdien på statsgjeldspapira inneber òg at bankane ikkje kan stilla like mykje trygd for lån. Eit tredje moment er at soliditetsproblem hjå somme statar reduserer evna deira til å stø opp om bankane i ein krisesituasjon.

Mange europeiske bankar har hatt vanskar med å finansiera seg i 2011, og det har vorte utferda lite obligasjonsgjeld frå bankane. Vanskane vert spegla av risikopåslaga, jf. figur 2.2B. Dei korte pengemarknadsrentene ligg vanlegvis nær styringsrentene frå sentralbankane, og auka påslag er ofte eit teikn på uro på marknaden. Av di europeiske bankar stod andsynes store forfall på finansieringa i byrjinga av 2012, og tilhøva på finansieringsmarknadene ikkje såg ut til å betra seg, var utsiktene dystre mot slutten av 2011. Eit tilnærma uavgrensa tilbod om 3-årige lån (mot trygd) til 1 pst. rente frå Den europeiske sentralbanken (ESB) hindra truleg at problema vart betydeleg større. Meir enn 500 europeiske bankar lånte til saman om lag 490 mrd. euro i den fyrste tildelinga 21. desember 2011. Det svarar til rundt 5 pst. av BNP i eurosona. I den andre tildelinga 28. februar 2012 lånte 800 bankar om lag 530 mrd. euro. I tillegg til å hjelpa bankane tyder mykje på at tiltaket òg har betra tilhøva for dei mest utsette, gjeldstyngde landa i eurosona, av di bankane i stor mon har kjøpt statspapir for likviditeten frå ESB. Dette kan visa seg å vera lønsamt for bankane dersom statsgjelda dei kjøper, ikkje vert misleghalden, ettersom rentene på statsgjelda ligg monaleg høgare enn renta på 1 pst. som dei betaler til ESB.

Nordiske bankar er mindre påverka av uroa i Europa enn europeiske bankar elles, men prisen på forsikring mot misleghald av obligasjonsgjelda til nordiske bankar (CDS-prisen) har likevel auka mykje i 2011, jf. figur 2.2C. Uroa ute har innverknad på tilhøva for dei nordiske institusjonane, mellom anna av di marknaden for finansiering i stor mon er internasjonal. Figuren syner likevel at CDS-prisen for DNB og Nordea har auka mindre, og frå eit lågare nivå, enn gjennomsnittet for europeiske bankar (iTraxx-indeksen). Det kan vera teikn på at investorar trur nordiske bankar er mindre utsette for tap, mellom anna som følgje av god utvikling i dei nordiske økonomiane og relativt høg kapitaldekning i bankane. På den andre sida har utviklinga for danske bankar likna meir på utviklinga for europeiske bankar generelt enn på utviklinga for norske og svenske bankar. Det heng saman med problema i den danske banksektoren, jf. boks 2.2. For det norske kredittføretaket Eksportfinans ASA var 2011 turbulent, jf. omtale i avsnitt 2.5.

Boks 2.2 Utviklinga i andre nordiske land

Våre nordiske granneland vart alle hardt råka av den internasjonale finanskrisa. I Finland og Sverige er årsaka at etterspurnaden etter eksportvarer fall særleg mykje, og at eksporten utgjer ein stor del av økonomien deira. På Island var det samanbrotet i banksektoren som var hovudårsaka. Arbeidsløysa auka kraftig i alle dei nordiske nabolanda våre. Den økonomiske utviklinga i Danmark var allereie svak da internasjonale finanskrisa starta, særleg på grunn av utviklinga i bustadmarknaden. Det har sidan vore store problem i den danske banksektoren. Bustadprisane i Danmark har falle med over 20 pst. sidan våren 2007. Danske bankar har fått større tap på utlåna, fleire små og mellomstore bankar har gått konkurs, og det har til tider vore vanskeleg for bankane å finansiera seg på pengemarknaden.

Styresmaktene i Danmark har lagt fram ein serie med såkalla bankpakker for å bøta på problema i tida etter finanskrisa, mellom anna ein generell garanti andsynes banksektoren og visse bankspesifikke garantiar. Den tredje bankpakka kom hausten 2010 og innebar mellom anna at kreditorane til bankane måtta bera tap om banken skulle gå over ende. Då det etter kvart viste seg at dette ikkje var eit tomt trugsmål frå styresmaktene, svara kredittratingbyråa med å nedgradera fleire danske bankar. Utanlandske långjevarar vart meir varsame med å låna ut til danske bankar. I 2011 vart tre mindre bankar slegne konkurs i Danmark, og styresmaktene lanserte den fjerde bankpakka med tiltak. Pakka inneber mellom anna at det har vorte meir attraktivt for solide bankar å overta kriseråka bankar, at samanslåingar av bankar kan verta stødde av statlege garantiar, og at kreditorane til bankane ikkje skal måtta bera så store tap som før om banken skulle gå over ende.

I Sverige tok den økonomiske veksten seg raskt opp etter finanskrisa. Finland og Danmark henta seg ikkje like rakst inn att, og heller ikkje på Island har BNP kome tilbake til nivået frå før krisa. I Finland og Sverige har bustadprisane har gått vidare opp, og bankane har klart seg betre enn i mange andre land. Medan gjeldsveksten til hushalda aukar i Finland og Noreg, er han på veg ned i Sverige. På Island er det gjort mykje for å betra situasjonen i finanssektoren, og sjølve sektoren er vorten mykje mindre. Bustadprisane fall kraftig gjennom finanskrisa, men tok seg noko opp i fjor.

Det er fleire teikn på at Sverige, Danmark og Finland no vert råka av krisa i euroområdet. Til dels kjem det av fall i eksporten, men den innanlandske etterspurnaden er òg svak. Det ser ut til at arbeidsløysa vil stiga noko i tida som kjem.

Samla sett betra tilhøva seg noko på internasjonale og norske finansmarknader mot slutten av 2011 og tidleg i 2012. Aksjekursane har auka, prisen på kredittforsikring er redusert, risikopåslaga i pengemarknadsrentene har gått noko ned, og indikatorane tyder på at investorane er meir villige til å ta risiko. Rentene på statspapir frå land som Italia og Spania har gått noko ned frå toppnivåa i november 2011. Likevel er det stor uvisse om den vidare utviklinga. Mange europeiske statar er i ei uklår økonomisk stode, og misleghald av statsgjeld frå eitt eller fleire land kan ha særs alvorlege og uoversiktlege verknader. Dei europeiske statsgjeldsproblema kan spreia seg til amerikansk økonomi og til framveksande økonomiar, og faren for at europeiske bankar skal stramma kraftig inn på tilbodet av kreditt til den europeiske realøkonomien, er ikkje over.

Figur 2.2 Aksjekursutviklinga, rentepåslag på pengemarknaden, pris på å forsikra seg mot misleghald av bankgjeld (CDS-pros), og utviklinga i gjeldsbør og rentebør i norske hushald

Figur 2.2 Aksjekursutviklinga, rentepåslag på pengemarknaden, pris på å forsikra seg mot misleghald av bankgjeld (CDS-pros), og utviklinga i gjeldsbør og rentebør i norske hushald

I figur C er CDS-prisen på å forsikra seg mot misleghald av obligasjonsgjeld med kredittbyteavtalar («credit default swaps», CDS). CDS-prisar er definert som ein prosentdel av (den nominelle) verdien av eigedelen som er forsikra, eller ein indeks, og gjeld for eitt år om gongen (sjølv om innbetalingane gjerne er kvartalsvise).

Kjelde: Bloomberg, Noregs Bank, Reuters Ecowin og Statistisk sentralbyrå

2.3.2 Stoda for dei norske finansinstitusjonane

Norske bankar og kredittføretak har dei siste åra finansiert ein større del av verksemda si gjennom å utferda obligasjonar og sertifikat på marknaden, og mykje av denne marknadsfinansieringa er henta i utlandet og i utanlandsk valuta. Medan det er dei større bankane som i størst mon er direkte avhengige av marknadsfinansiering, kan forstyrringar på dei internasjonale finansieringsmarknadene raskt spreia seg til dei mindre bankane òg, av di dei større bankane er viktige finansieringskjelder for dei mindre bankane. Sjølv om finansieringsstrukturen har vorte noko meir robust det siste året, utgjer dei kortsiktige låna framleis ein nokså stor del av finansieringa til bankane og kredittføretaka sett under eitt.

Røynsla frå den internasjonale finanskrisa er at bankar kan få likviditetsproblem utan at dei har tydelege, underliggjande soliditetsproblem. Uroa på marknaden den siste tida har vist at dei norske institusjonane òg er sårbare. Om dei steller seg slik at dei mest heile tida er avhengige av å kunna omfinansiera seg i utanlandske marknader, er dei utsette for problem ute. Norske bankar har allereie i stor mon utnytta potensialet for å finansiera nye utlån gjennom å overføra bustadlån til bustadkredittføretak. Det er difor viktig at bankane no reduserer likviditetsrisikoen på anna vis, og at dei kan klara seg gjennom lengre periodar med problem på finansmarknadene. For økonomien som heilskap er det viktig at det finansielle systemet kan tilby ny kreditt til dei som treng det, òg i urolege tider.

I oktober 2011 kom ein på ministernivå i EU til semje om at europeiske storbankar bør styrkja soliditeten, slik at alle storbankane har ei rein kjernekapitaldekning på minst 9 pst. innan 30. juni 2012. I Noreg legg Finanstilsynet til grunn at alle norske bankar vil ha ei rein kjernekapitaldekning på minst 9 pst. innan 30. juni 2012. Dei fleste norske bankane ligg over dette. Ved utgangen av 2011 hadde bankane samla sett ei rein kjernekapitaldekning på 11 pst.

Norske bankar har styrkt soliditeten monaleg etter 2008, òg i 2011. Det har dei gjort ved å halda att delar av resultata – som har vore gode i perioden – og å henta inn ny kapital på marknaden, i staden for å redusera balansen. Resultatutviklinga dei siste åra og utsiktene framover tyder på at bankane vil ha gode moglegheiter til å styrkja soliditeten endå meir gjennom å halda att overskot. Dei kan òg henta ny eigenkapital på marknaden og frå eigarane. Som nemnt i boks 2.9 nedanfor er det ikkje gjeve at dei samla finansieringskostnadene for ein bank vil auka om han styrkjer soliditeten. Sidan risikoen minkar for både eigarane og kreditorane når soliditeten er betre, kan banken rekna med lågare avkastningskrav på både eigenkapitalen og gjelda. Generelt bør eigenkapitalen i bankane vera høgare av samfunnsøkonomiske omsyn enn ut frå perspektivet hjå kvar einskild bank. Fleire studiar har dessutan synt at den reine kjernekapitaldekninga som er samfunnsøkonomisk optimal, ligg monaleg høgare enn det som følgjer av minstekrava i Basel III-tilrådingane, jf. boks 2.9 nedanfor.

Risikoen til bankane er sterkt knytt til kva evne og vilje låntakarane deira har til å betala renter og avdrag. Føretakskundane til bankane har for tida god soliditet og inntening, men risikoen knytt til desse låntakarane er var for konjunkturar. Dersom norsk økonomi vert utsett for nye vesentlege forstyrringar, eller utviklinga i verdsøkonomien vert svak, kan utsiktene raskt endra seg. Utviklinga på dei norske eigedomsmarknadene vil òg ha stor innverknad på risikoen, dels fordi lån til føretak innanfor næringseigedom utgjer ein stor del av føretakslåna, og dels på grunn av koplinga mellom bustadprisutviklinga og etterspurnaden frå hushalda. Får hushalda dårlegare økonomi eller mindre bustadformue som følgje av eit bustadprisfall, kan ein rekna med at dei vil stramma inn på forbruket, noko som vil råka føretaka. Eit større bustadprisfall kan påføra bankane auka tap på utlåna til føretakssektoren samstundes som dei får mindre trygd for utlåna til hushalda.

Bustadlån til hushalda utgjer storparten av utlåna frå bankar og kredittføretak. Hushalda si evne til å bera gjeld kan målast med gjelds- og rentebøra, jf. figur 2.2D. Gjeldsbøra ligg no på om lag 195 pst., og ein reknar med at ho vil auka til nesten 220 pst. innan 2015, mellom anna på grunn av låge renter og vekst i bustadprisane. Ved førre gjeldstopp i hushalda, like før den norske bankkrisa på byrjinga av 1990-talet, var gjeldsbøra om lag 150 pst. Rentebøra er no låg, men vil auka etter kvart som rentenivået kjem attende til eit meir normalt nivå. Det er ein fare for at mange hushald no tilpassar seg i von om at renta vert verande låg og arbeidsmarknaden god i svært lang tid.

I Noreg har korkje bustadprisane eller gjelda i hushalda nokon gong vore så høge som no, og rentenivået er svært lågt. Vi har ikkje røynsler med denne stoda. Om bustadprisane fell, kan tapa i bankane auka monaleg, både på bustadlån og lån til føretak. Det kan tala for særleg varsemd, og for at bankane og kredittføretaka held meir kapital bak kvart lån i båe segment. Det er ein fare for at høg vekst i bustadprisane kan gje von om endå meir prisvekst, noko som kan medverka til prisveksten. Då kan eit korrigerande prisfall verta kraftigare enn det elles ville vore, forsterka av tru på meir prisfall.

Dei større norske bankane nyttar i stor mon såkalla interne modellar for å rekna ut kapitalkravet på utlån, noko som generelt kan innebera lågare kapitalkrav enn den enklare standardmetoden. For å hindra at interne modellar skal redusera kapitalkravet for mykje, er det innført ei overgangsordning som inneber at bankar som nyttar interne modellar, skal ha ansvarleg kapital som minst svarar til 80 pst. av kapitalkravet etter dei tidlegare Basel I-reglane («Basel I-golvet»). Det kan reisast spørsmål ved om dei interne modellane er eigna til å berekna risiko for store tap. Til dømes hadde ei rekkje av dei utanlandske bankane som fekk store tap under finanskrisa, lang røynsle med slike modellar. Ein av grunnane til at interne modellar har svikta, er at dei i stor mon byggjer på statistikk som i avgrensa mon har fanga opp endringar i grunnleggjande tilhøve. På somme område, så som risiko knytt til bustadlån, er det tydeleg at dei historiske tala som ligg inne i modellane, gjev eit avgrensa døme på risikoen ved nye utlån.

Livsforsikringsselskapa står andsynes store utfordringar i tida som kjem. Levealderen til dei forsikra aukar meir enn det selskapa har lagt til grunn, noko som aukar verdien av skyldnadene til selskapa. Rentene har kome ned på eit nivå som kan gjera det utfordrande for livsforsikringsselskapa og pensjonskassene å stabilt oppnå ei avkastning som er høgare enn rentegarantien. Selskapa bør difor byggja opp eigenkapitalen og sikra seg inntekter som ikkje er direkte avhengige av marknadsutviklinga. For kollektive pensjonsprodukt, der kundane kvart år skal førehandsbetala for rentegarantien, er det viktig at selskapa tek seg godt nok betalt for rentegarantien og nyttar inntektene til å byggja opp forsvarlege bufferar for år med låg avkastning.

For fripolisar og visse individuelle forsikringskontraktar kan ikkje selskapa på årleg basis ta betalt for rentegarantien. På desse kontraktane får selskapa i staden ta del i avkastninga som overstig rentegarantien. Det er difor eit problem for livsforsikringsselskapa om kapitalavkastninga vert lågare enn rentegarantien over lengre tid.

Dei nye EU-reglane for forsikringsselskap (Solvens II) skal gjelda frå 2014 og inneber mellom anna at verdien av forsikringsskyldnadene skal vurderast ut frå marknadsrenter. Den endelege utforminga av reglane er enno uviss, men norske livsforsikringsselskap må truleg auka bufferkapitalen for å stetta dei nye krava. For somme selskap, særleg dei selskapa der fripolisar utgjer ein vesentleg del av verksemda, er utfordringane store. Banklovkommisjonen arbeider for tida med utkast til reglar om mellom anna nye pensjonsprodukt, tilpassa Solvens II-regelverket og rekneskapsstandardane. Slike nye produkt vil letta overgangen til Solvens II-regelverket for livsforsikringsselskapa. Det er likevel viktig at livsforsikringsselskapa bur seg på overgangen til Solvens II-regelverket med å auka bufferkapitalen.

Som Finansdepartementet har understreka i finansmarknadsmeldingane i fleire år, er det særs viktig at livsforsikringsselskapa og pensjonskassene passar på at det med god sikringsmargin er samsvar mellom risiko og soliditet. Stoda framover krev god risikostyring og tilfredsstillande bufferkapital.

Risikoutviklinga og soliditetstilhøvet for norske finansinstitusjonar er nærare omtala i avsnitta 2.4 og 2.5 nedanfor.

2.3.3 Det makroøkonomiske biletet

Veksten i verdsøkonomien tok seg gradvis opp gjennom andre halvår 2009 og 2010, men fall att i 2011. Fleire faktorar påverka veksten negativt gjennom året. Mellom anna auka oljeprisen frå 80 til 112 dollar per fat i 2011, i stor mon som følgje av uroa i viktige produsentland i Nord-Afrika og Midtausten. Prisauken reduserte kjøpekrafta og drog ned aktiviteten i oljeimporterande land. Naturkatastrofen som råka Japan i mars 2011 sette landet kraftig attende og braut av viktige forsyningsliner i bilindustri og produksjon av elektronikk elles i verda.

Statsgjeldskrisa, med kraftige innstrammingar i offentlege budsjett og auka uvisse i hushald og føretak, drog ned aktiviteten i euroområdet. Det var særleg utviklinga i dei gjeldsutsette landa som trakk ned i 2011, men òg i Tyskland var veksten negativ.

USA og Japan har òg store statsfinansielle utfordringar. I USA auka aktiviteten gjennom 2011, og stemningsindikatorar tyder på auka optimisme. Arbeidsløysa har halde seg høg, men fall litt i byrjinga av 2012. Veksten i framveksande økonomiar i Asia vert påverka av uroa i industrilanda, og i Kina har dessutan den innanlandske etterspurnaden falle. Veksten i BNP i Kina var i siste kvartal i fjor den lågaste på over to år.

I tida framover er det venta at kraftige finanspolitiske innstrammingar og vedvarande svak konkurranseevne vil trekkja ned aktiviteten i eurolanda, og prognosemakarar reknar med fall i BNP i 2012. Det er venta at den positive utviklinga i USA vil halda fram. For Kina og andre framveksande økonomiar i Asia er anslaga for veksten justerte noko ned den siste tida, men dei er høge jamført med anslaga for dei tradisjonelle industrilanda. Uvissa om utviklinga framover er stor.

Noreg har klart seg betre enn dei fleste andre industriland. Sterk vekst i etterspurnaden frå oljeverksemda gjorde at verdiskapinga i fastlandsøkonomien raskt tok seg opp att etter finanskrisa, og BNP har no vakse i ni kvartal på rad. Veksten i fastlandsøkonomien i fjor vart om lag som lagd til grunn i Nasjonalbudsjettet 2012. I tillegg til auka etterspurnad frå petroleumsnæringa var auka bustadinvestering med på å dra opp aktiviteten i fastlandsøkonomien. Moderat vekst i forbruket til hushalda trakk på den andre sida veksten i fastlandsøkonomien ned, og sparinga til hushalda er no komen opp på eit høgt nivå. Sysselsetjinga aukar òg, og arbeidsløysa i Noreg er låg både i internasjonalt og historisk perspektiv.

Lågare prisar på importerte konsumvarer og norskproduserte jordbruksvarer har gjeve låg underliggjande inflasjon, om endringar i avgifter og energiprisar vert haldne utanfor. Høg fyllingsgrad i vassmagasina er venta å gje låge elektrisitetsprisar i tida som kjem. Veksten i lønene auka frå 3,7 pst. i 2010 til 4,3 pst. i 2011.

Det er no ein klår tendens til ei todeling av norsk økonomi, der leverandørar av varer og tenester til petroleumsverksemda veks, medan verksemder som er avhengige av tradisjonell eksport, slit. Eksporten av tradisjonelle varer var om lag uendra frå 2010 til 2011, sjølv om han fall ein god del mot slutten av 2011. Prisane på tradisjonelle eksportvarer gjekk òg noko ned i 2. halvår 2011. Høgt kostnadsnivå i Noreg gjer situasjonen ekstra krevjande for norske eksportverksemder. Vidare har den norske krona styrkt seg i inneverande år, og den importvegne kronekursen er no om lag 4 pst. sterkare enn gjennomsnittet for dei siste 5 åra.

På rentemøtet 14. mars 2012 sette Noregs Bank ned styringsrenta med ¼ prosenteining, til 1,5 pst. Hovudstyret la særleg vekt på dei svake vekstutsiktane ute og den sterke krona. Noregs Bank publiserte òg ein ny rentebane, som for åra 2013-2015 ligg om lag 1¼ prosenteiningar lågare enn rentebana publisert i oktober 2011. Norsk pengemarknadsrente med tre månaders løpetid (Nibor) fall markant frå midten av november 2011 til midten av januar 2012, og har sidan lege nokså stabilt rundt 2,7 pst. Rentene på norske statspapir har falle i takt med nedgangen i tilsvarande renter frå USA og Tyskland, og er svært låge i eit historisk perspektiv.

Til no i 2012 har stemningsindikatorar for norsk økonomi peika oppover, og forbruksveksten har vist teikn til å ta seg opp. I Nasjonalbudsjettet 2012 anslo Finansdepartementet ein vekst i BNP for Fastlands-Noreg på 3,1 pst. i år. På grunn av dempa vekst hjå handelspartnarane til Noreg blir veksten truleg lågare enn dette. Finansdepartementet vil leggja fram nye anslag i revidert nasjonalbudsjett seinare i mai 2012.

2.4 Nærare om risikoutviklinga for finansinstitusjonane

2.4.1 Innleiing

I analysar av risikoutviklinga for finansinstitusjonane er det vanleg å skilja mellom ulike former for risiko, så som likviditetsrisiko, kredittrisiko, marknadsrisiko og operasjonell risiko. Dette avsnittet handlar om utviklinga innanfor desse risikoslaga, og til slutt kjem ei drøfting av såkalla systemrisiko, som det har vorte meir merksemd om etter finanskrisa.

2.4.2 Likviditetsrisiko

Omgrepet likviditetsrisiko blir nytta om risikoen for at ein aktør i økonomien ikkje kan innfri skyldnader ved forfall sjølv om han er solvent. Aktørar er rekna som solvente når verdien av eigedelane deira er høgare enn verdien av gjelda, slik at eigenkapitalen er positiv. Likviditetsrisiko oppstår mellom anna når det er ulik forfallsstruktur på eigedelar og skyldnader. Av di bankverksemd i stor mon går ut på å finansiera langsiktige, ikkje-likvide utlån med likvide innskot, er bankane særleg utsette for likviditetsrisiko. Om bankane i tillegg finansierer langsiktige utlån eller andre ikkje-likvide eigedelar med kortsiktige lån på marknaden, aukar det likviditetsrisikoen hjå bankane.

Også norske bankar opplevde under finanskrisa at det vart vanskeleg å henta inn ny finansiering på dei internasjonale finansmarknadene. For bankane var stoda urovekkjande av di ho ikkje kunne vara ved utan at bankane før eller seinare ville få likviditetsproblem. For økonomien som heilskap var stoda illevarslande av di ho kunne føra til eit brått fall i tilbodet av ny kreditt. For å halda oppe kredittilbodet skipa norske styresmakter ordninga for byte av obligasjonar med førerett (OMF) mot statleg likviditet i form av statssertifikat. Norske bankar har no i stor mon teke ut bustadlåna sine, slik at bustadlåna i realiteten i stor mon vert finansierte med OMF utferda frå bustadkredittføretak. Ved utgangen av 2011 utgjorde verdien av uteståande OMF om lag 45 pst. av bustadlåna i norske bankar og bustadkredittføretak. Overføringa av bustadlån til bustadkredittføretak har hjelpt bankane i ein periode med lite stabil tilgang på lån på marknaden. Av di storparten av bustadlåna som er eigna for OMF no er nytta til dette føremålet, er denne metoden for å hjelpa bankane med å finansiera seg meir eller mindre oppbrukt. Det er difor viktig at bankane no minkar likviditetsrisikoen på anna vis.

OMF for 154 mrd. kroner, det vil seia om lag 22 pst. av uteståande OMF, var ved utgangen av 2011 plasserte i den statlege byteordninga. Byteavtalene i byteordninga kjem til forfall dei neste åra, og forfalla er særleg store i 2014. Det inneber omfinansieringsrisiko for bankane og kredittføretaka. Staten har difor opna for innfriing av byteavtalene før tida. Det kan medverka til ein meir gradvis auke i tilbodet av OMF på marknaden, og til at dei institusjonane som tek del i ordninga, lettare kan spreia fornyinga av finansieringa over tid.

Av di OMF er sikre papir for investorane, er OMF ei nokså rimeleg finansieringskjelde for institusjonane, jf. figur 2.10 i avsnitt 2.5.3 nedanfor. Ved utgangen av 2011 var det utferda OMF for 717 mrd. kroner frå kredittføretaka. OMF har generelt lengre løpetid enn bankobligasjonar, jf. figur 2.3C, og likviditetsrisikoen i dei kredittføretaka som utferdar OMF, er difor avgrensa. Høvet til å finansiera utlånsverksemda gjennom overføring av utlån til kredittføretak som utferdar OMF, har òg medverka til ein meir robust finansieringsstruktur i bankane, av di dei har vorte mindre avhengige av å henta inn anna marknadsfinansiering for å finansiera nye utlån.

I tillegg til kundeinnskot og OMF finansierer bankane og kredittføretaka verksemda si mellom anna med obligasjons- og sertifikatlån på marknaden. Figur 2.3A viser at denne marknadsfinansieringa har vorte ei større finansieringskjelde for norske bankar og kredittføretak sett under eitt dei siste åra. Denne utviklinga heldt fram i 2011.

Figur 2.3 Finansieringsstrukturen til norske  bankar og bustadkredittføretak

Figur 2.3 Finansieringsstrukturen til norske bankar og bustadkredittføretak

I figur A er lange obligasjonslån lån med løpetid lengre enn eitt år, medan «korte obligasjons- og sertifikatlån» står for lån med løpetid på opp til eitt år.

Kjelde: Finanstilsynet, Noregs Bank og Stamdata

Den internasjonale finanskrisa synte at etterspurnaden etter obligasjonar og sertifikat som er utferda av norske bankar, i periodar kan falla heilt bort. Internasjonalt såg ein fleire døme på bankar som fekk likviditetsproblem av di dei ikkje kunne omfinansiera seg, utan å ha tydelege underliggjande soliditetsproblem.

For at ikkje bankane skal få slike finansieringsvanskar, er det viktig at dei i gode tider syter for å få god nok likviditet til å klara seg gjennom lengre periodar då det er uråd å skaffa ny finansiering gjennom utferding av obligasjonar og sertifikat.

Ser ein på bankar og kredittføretak under eitt, har dei etter finanskrisa gjort seg noko mindre avhengige av den mest kortsiktige marknadsfinansieringa. Obligasjons- og sertifikatlån med løpetid på eitt år eller mindre utgjorde 8 pst. av den samla finansieringa til bankane og kredittføretaka ved utgangen av 2011, om lag uendra frå 2010, jf. figur 2.3A. Dette er om lag 1/3 lågare enn ved utgangen av 2008. Delen langsiktig marknadsfinansiering (med løpetid over eitt år) har auka jamt over fleire år og utgjorde vel 26 pst. av den samla finansieringa ved utgangen av 2011. Løpetida på den langsiktige marknadsfinansieringa har derimot lenge vore nokså stabil, og låg ved utgangen av 2011 i gjennomsnitt på om lag 4 år for bankane og kredittføretaka, jf. figur 2.3B.

Norske bankar og kredittføretak hentar mykje av marknadsfinansieringa si i utlandet og i utanlandsk valuta. Forstyrringar på dei internasjonale marknadene får difor verknader for likviditetsrisikoen i det norske finanssystemet. Tilhøva på dei internasjonale marknadene har til tider vore vanskelege i 2011, særleg frå sommaren og utetter hausten. Uroa knytt til statsgjeldsproblema i eurosona medverka til at tilbodet av langsiktig finansiering vart svekt, og til at finansieringa vart dyrare for dei bankane som likevel utferda gjeldspapir med lengre løpetid. Den europeiske marknaden for OMF fungerte betre enn marknaden for bankgjeld. Stoda har betra seg etter årsskiftet, noko som truleg heng saman med at Den europeiske sentralbanken i desember 2011 og februar 2012 gav eit tilnærma uavgrensa tilbod av 3-årige lån (mot trygd) til 1 pst. rente til europeiske bankar.

Dei større norske bankane er meir direkte avhengige av marknadsfinansiering, og av å henta denne finansieringa i utlandet, enn mindre bankar. For mindre bankar er dei større bankane viktige finansieringskjelder. Uro på dei internasjonale finansieringsmarknadene kan såleis spreia seg til norske bankar som er lite direkte avhengige av marknadsfinansiering. Figur 2.3C syner at det særleg er den mest kortsiktige obligasjonsgjelda til bankane som er henta i utanlandsk valuta. Dette biletet har lenge vore stabilt. Om bankane steller seg slik at dei mest heile tida er avhengige av å henta ny finansiering på utanlandske marknader, er dei utsette for problem ute. Til no har norske og andre skandinaviske bankar hatt tillit og nokså god tilgang på finansiering på dei internasjonale marknadene.

Kundeinnskot og kundeinnlån utgjorde 43 pst. av den totale finansieringa til bankane og kredittføretaka ved utgangen av 2011, som er mykje lågare enn nivået dei seinare åra. Årsaka er at utlånsauken har vore større enn innskotsauken. For bankane åleine har innskot utgjort ein monaleg større del av finansieringa etter 2008, av di bankane har overført store utlånsporteføljar til kredittføretaka (som stort sett finansierer seg gjennom utferding av OMF). Frå ei innskotsdekning (kundeinnskot i prosent av utlån til kundar) på om lag 64 pst. fram til hausten 2008, var innskotsdekninga i norske bankar gått opp til 81 pst. ved utgangen av 2011.

Kundeinnskot er normalt rekna som ei stabil finansieringskjelde for bankane, sjølv om kundane for det meste kan disponera desse midlane utan bindings- eller oppseiingstid. God soliditet i banken og ei god og truverdig innskotsgarantiordning styrkjer innskytarane si tiltru til at innskota er trygge. Med slike føresetnader er det forsvarleg at banken nyttar innskota til finansiering av langsiktige utlån.

Den norske innskotsgarantiordninga er med og gjer kundeinnskot til ei stabil finansieringskjelde for bankane. Ordninga fungerte godt under den internasjonale finanskrisa. I motsetnad til i fleire andre land var det ikkje naudsynt å utvida den norske garantiordninga eller å gje statsgarantiar for bankane sine utlån eller innlån under krisa.

Som omtala i boks 2.3 er den norske innskotsgarantiordninga stødd av kapitalen i Bankenes sikringsfond. Førehandsfinansieringa av sikringsfondet medverkar til at innskotsgarantiordninga har truverde, og til at Bankenes sikringsfond har evne til å handsama problem i banksystemet.

Den norske innskotsgarantiordninga dekkjer opp til 2 mill. kroner per innskytar per bank, jf. boks 2.3. EU-kommisjonen har kome med framlegg til nytt direktiv om innskotsgarantiordningar som mellom anna inneber fullharmonisering av dekningsnivået i innskotsgarantiordningar i EU til 100 000 euro. Dersom framlegget frå EU-kommisjonen skulle verta gjennomført i Noreg, ville dekningsnivået i den norske innskotsgarantiordninga gå ned med heile 60 pst. Departementet arbeider aktivt for å føra dekningsnivået i den norske ordninga vidare, jf. nærare omtale i kapittel 3.

Boks 2.3 Den norske innskotsgarantiordninga

Innskotsgarantiordninga i Noreg er ei god ordning for innskytarane. Opp til 2 mill. kroner per innskytar per bank er dekt dersom banken er medlem i Bankenes sikringsfond. Medlemskap er obligatorisk for alle norske bankar. Filialar av utanlandske bankar er dekte av ordninga i heimlandet, men somme filialar har likevel valt å knyta seg til den norske ordninga. Den norske ordninga dekkjer då innskot på opp til 2 mill. kroner, med frådrag for det som etter reglane vert dekt gjennom garantiordninga i heimstaten.

Innskotsgarantiordninga er stødd av kapitalen i Bankenes sikringsfond, som er bygd opp av avgifter frå medlemsbankane og avkastninga på desse avgiftene. Bankane skal etter banksikringslova betala inn avgift om fondskapitalen er lågare enn minstekravet (summen av 1,5 pst. av samla garanterte innskot hjå medlemsbankane og 0,5 pst. av berekningsgrunnlaga for kapitaldekningskrava deira), og dessutan dekkja skilnaden mellom fondskapitalen og minstekravet med garantiar. Ved utgangen av 2011 var minstekravet til fondskapitalen rekna til 21,6 mrd. kroner, medan den faktiske fondskapitalen var 22,8 mrd. kroner. Det vert difor ikkje kravd inn avgift til Bankenes sikringsfond frå medlemsbankane i 2012.

Fondet kan låna pengar for å dekkja krav frå innskytarar dersom kapitalen i fondet ikkje skulle strekkja til ved garantiutbetalingar, og fondet vil dessutan overta kravet overfor ein bank når fondet dekkjer tapte innskot. Såleis kan fondet samla sett sikra innskytarkrav som er mykje større enn sjølve fondet.

Arbeidet for å føra vidare gjeldande dekningsnivå i den norske innskotsgarantiordninga er omtala i kapittel 3 saman med mogelege endringar i innrettinga av Bankenes sikringsfond.

Som omtala i kapittel 3 er det no eit stort arbeid i gang for å betra det internasjonale likviditetsregelverket for bankar. Særleg viktig er semja om dei såkalla Basel III-tilrådingane, som mellom anna truleg vil innebera at det om nokre år vert innført kvantitative krav til likviditet og finansieringsstruktur i EU/EØS-området og i andre viktige jurisdiksjonar. Finanstilsynet har allereie innført krav om rapportering frå institusjonane basert på dei venta krava. Likviditetsutviklinga i norske bankar og kredittføretak kan ha samanheng med at institusjonane tilpassar seg venta endringar i regelverket. Institusjonane har likevel ein veg å gå før dei stettar dei nye EU-krava, og dei bør difor auka behaldninga av sikre og lett omsetjelege eigedelar og skaffa seg lengre og meir stabil finansiering.

Innføringa av reglar som svarar til Basel III-tilrådingane kan òg ha positiv verknad på etterspurnaden etter OMF, ettersom krava til bankane sine behaldningar av likvide lågrisikopapir kjem til å auka. Avhengig av korleis OMF vert klassifisert i EU/EØS-reglane som skal gjennomføra Basel III-tilrådingane, kan OMF verta eit alternativ til andre likvide lågrisikopapir, så som statsobligasjonar. Forsikringsselskapa kan òg verta meir interesserte i OMF i åra frametter, særleg dersom rentene på, og tilboda av, sikre statspapir i ynskt valuta held seg låge. Innføringa av dei nye Solvens II-reglane kan også medverka til auka interesse frå forsikringsselskapa for OMF.

Samla sett er det den uvisse stoda på internasjonale finansmarknader som pregar utsiktene for likviditetsrisikoen i norske bankar og kredittføretak. Finansieringsstrukturen i dei norske institusjonane har vorte noko meir robust det siste året, men samstundes har uro på marknaden vist at institusjonane framleis er utsette. Den kortsiktige marknadsfinansieringa utgjer enno ein nokså stor del av marknadsfinansieringa til institusjonane. Det krev at dei har nok likvide midlar til å klara seg gjennom lengre periodar med problem på finansmarknadene.

For økonomien som heilskap er det viktig at det finansielle systemet kan tilby ny kreditt til dei som treng det, òg i urolege tider. Det er ikkje realistisk å krevja at nye utlån skal finansierast på førehand, og det er ei grunnleggjande oppgåve for bankane å ta på seg likviditetsrisiko gjennom å transformera likvide innskot til langsiktige, illikvide utlån. Sjølv om det òg er viktig å betra likviditetsregelverket, kviler den finansielle stabiliteten på at bankane har ein grunnleggjande soliditet som gjer dei til sikre låntakarar på obligasjons- og sertifikatmarknaden.

2.4.3 Kredittrisiko

2.4.3.1 Generelt

Kredittrisiko er risikoen for ikkje å få tilbakebetalt eit heilt eller delar av eit krav eller eit utlån, med dei tapa ein i så fall dreg på seg etter at verdien av trygd er trekt frå.

Bankane utset seg for kredittrisiko gjennom utlån til hushald og føretak. Kredittføretaka har ein raskt veksande marknadsdel av utlåna til hushalda, mykje fordi dei har høve til å utferda obligasjonar med førerett (OMF). Om lag 80 pst. av forvaltningskapitalen til bankane og bustadkredittføretaka er sett saman av utlån, og kredittrisikoen er under normale tilhøve den største risikoen for norske bankar og andre kredittinstitusjonar.

2.4.3.2 Kredittveksten

Kredittindikatoren K2 er eit breitt mål på kor stor bruttogjeld publikum (hushald, ikkje-finansielle føretak og kommunar) har til norske kredittkjelder. Kredittveksten målt ved denne indikatoren fall kraftig i kjølvatnet av finanskrisa, mest på grunn av minkande låneopptak frå ikkje-finansielle føretak, jf. figur 2.4A. Tolvmånadersveksten i kreditt til denne gruppa av låntakarar har auka nesten kvar månad frå hausten 2010, og låg ved utgangen av 2011 på meir enn 5 pst. Tolvmånadersveksten i kreditt til hushalda har òg auka gjennom 2011, og enda på 7,3 pst. ved utgangen av året.

I økonomiske oppgangstider er det vanlegvis stor etterspurnad etter kreditt. I nedgangstider kan ein venta at etterspurnaden etter kreditt minkar, at risikoen knytt til eksisterande engasjement aukar, og at den risikoberande evna til bankane minkar. Saman kan desse faktorane bremsa kredittveksten mykje. Dersom tilbodet av kreditt minkar fordi bankane manglar eigenkapital eller anna naudsynt finansiering, forsterkar det nedgangskonjunkturen.

Figur 2.4B syner vekst i kreditt til norske ikkje-finansielle føretak etter bankkrisa i 1990-åra, dotcom-krisa tidleg i 2000-åra («IT-bobla») og finanskrisa i 2008. Fallet i kredittveksten var kraftig i månadene etter at finanskrisa slo inn i 2008, men frå eit høgt nivå. Fallet etter dei to andre krisene var mindre bratt, men varde lenge, om lag 34 månader etter bankkrisa og 42 månader etter dotcom-krisa. Etter bankkrisa var kredittveksten målt over 12 månader negativ i tre og eit halvt år. Etter finanskrisa steig kredittveksten til føretaka raskt og kraftig. Det siste punktet på finanskrisekurva gjeld januar 2012. Då var tolvmånadersveksten nesten 6 pst. På same stadium etter bankkrisa og dotcom-krisa var tolvmånadersveksten høvesvis –3,7 og 1 pst. Av di dotcom-krisa ikkje kom av ei krise i finansinstitusjonane, er det grunn til å tru at mykje av fallet i kredittveksten etter dotcom-krisa kom av fall i etterspurnaden etter kreditt.

Figur 2.4 Tolvmånadersvekst i innanlandsk kreditt (K2). Prosent

Figur 2.4 Tolvmånadersvekst i innanlandsk kreditt (K2). Prosent

I figur B er den månaden då kredittveksten var på topp før ei krise, kalla t = 0 i figuren. Vidare viser t-ane månader etter t = 0. For bankkrisa var mai 1990 t = 0, for dotcom-krisa november 2000 og for finanskrisa april 2008.

Kjelde: Noregs Bank og Statistisk sentralbyrå

2.4.3.3 Kredittrisiko ved utlån til hushaldssektoren

Kredittrisikoen til bankane er sterkt knytt til kva evne og vilje hushalda har til å betala renter og avdrag, og til utviklinga på bustadmarknaden. Utlån til personkundar frå bankane og bustadkredittføretaka utgjorde 55 pst. av dei samla utlåna ved utgangen av 2011. Om lag 91 pst. av desse låna var lån med trygd i bustadeigedom. For bankane åleine utgjorde utlån til personkundar om lag 39 pst. av dei samla utlåna.

Hushalda si evne til å bera gjeld kan målast med gjelds- og rentebøra. Gjeldsbøra er gjeld i prosent av disponibel inntekt, medan rentebøra er renteutgifter i prosent av disponibel inntekt.

Gjeldsveksten til hushalda har i fleire år vore høgare enn inntektsveksten, slik at gjeldsbøra har auka. Gjeldsbøra flata ut i kjølvatnet av finanskrisa, men har sidan auka att. Gjeldsbøra ligg no på om lag 195 pst., jf. figur 2.2D ovanfor. Framskrivingar frå Noregs Bank syner at gjeldsbøra truleg kjem til å auka dei neste par åra, mellom anna på grunn av låge renter og vekst i bustadprisane. Ifølgje framskrivingane kan gjeldsbøra koma opp i nesten 220 pst. innan 2015. Ved førre gjeldstopp i hushalda, like før den norske bankkrisa på byrjinga av 1990-talet, utgjorde gjelda om lag 150 pst. av den disponible inntekta i hushalda.

Medan gjeldsbøra er høg i historisk samanheng, er rentebøra til hushalda etter måten låg på grunn av det låge rentenivået, jf. figur 2.2D att. Etter kvart som rentenivået kjem attende til eit meir normalt nivå, kjem rentebøra òg til å auka. Det vil svekkja gjeldsbeteningsevna hjå hushalda og auka kredittrisikoen til bankane. Ifølgje framskrivingane frå Noregs Bank vil låge renter halda rentebøra på om lag same nivå som i dag fram til 2014, før ho vil auka inn i 2015. Framskrivingane er uvisse, og stig rentene raskare enn det som ligg til grunn for anslaga, vil òg rentebøra auka raskare. Om dei høge rentepåslaga på innlåna til bankane held fram, eller utlånsrentene til hushalda på anna grunnlag stig meir enn venta, kan ein òg rekna med at rentebøra vil auka meir enn det framskrivingane i figuren syner. Finanstilsynet og Statistisk sentralbyrå har til dømes rekna ut at den firedelen av hushalda som står for halvparten av samla gjeld i hushalda, kan få ei rentebør på meir enn 20 pst. om renta skulle stiga til 6,7 pst. i 2013.

Den finansielle marginen til hushalda er definert som årleg inntekt etter skatt fråtrekt renteutgifter og naudsynte levekostnader (utrekna av statens institutt for forbruksforskning). Har eit hushald ein slik margin som er lågare enn det beløpet som må til for å betala avdrag på lån, er det fare for at gjelda vil auka som del av inntekta. Den finansielle marginen er basert på likningsopplysningar, og difor er dei nyaste tala frå 2009. Om lag 14 pst. av hushalda hadde då ein finansiell margin som var lågare enn ei månadsløn. Hadde utlånsrentene til dømes vore 5 prosenteiningar høgare, hadde 23 pst. av hushalda hatt ein finansiell margin lågare enn månadsløna. Dette er om lag som i 1987, då mange hushald etter kvart hamna i økonomiske vanskar. Tala kan tyda på at etter måten mange hushald no tilpassar seg i von om at renta vert verande låg og arbeidsmarknaden god i svært lang tid.

Trass i at spareraten auka, medverka gjeldsvekst og kurstap på verdipapir til svekte finansielle bufferar hjå hushalda i 2011, jf. figur 2.6A. Netto fordringar i prosent av disponibel inntekt (nettofordringsraten) fall med vel 6 prosenteiningar frå 2010 til 2011. Raten ved utgangen av 2011 var marginalt lågare enn det lågaste nivået under finanskrisa. Nettofinansformuen til hushalda er redusert med til saman 44 pst. frå utgangen av 2006 til utgangen av 2011. Den likvide bufferen til hushalda er endå meir redusert av di illikvide forsikringskrav utgjer ein stor og aukande del av finansformuen. Noregs Bank ventar at spareraten i hushalda vil halda fram med å auka dei neste par åra, jf. figur 2.6A. I uvisse tider ser ein ofte at fleire hushald forbrukar mindre for å betala ned gjeld eller byggja opp økonomiske reservar gjennom å auka finansformuen. Uvissa om utviklinga i internasjonal økonomi er difor ein faktor som kan føra til høgare varsemdssparing, slik ein såg under og etter finanskrisa.

Storparten av sparinga i hushalda skjer gjennom investeringar i bustad. Tek ein omsyn til verdien av den store bustadformuen, er den økonomiske stillinga til dei norske hushalda samla sett god. Bustadformuen kan vera ein god buffer mot individuelle økonomiske problem. Når ein vurderer utsiktene for finansiell stabilitet, har bustadformuen likevel avgrensa relevans, av di verdien av bustadformuen varierer med utviklinga i økonomien.

Gjeldsutviklinga i hushalda rettar seg mykje etter utviklinga på bustadmarknaden ettersom ein stor del av låneopptaka til hushalda finansierer investering i bustad. Høge bustadprisar i pressområde vil difor over tid medverka til gjeldsauke i hushalda. Dei som allereie er etablerte på bustadmarknaden, kan ta opp større lån med pant i bustaden når han aukar i verdi. Optimisme kan òg medverka til høg etterspurnad etter lån hjå norske hushald. Til dømes kan den gode inntektsveksten for norske lønstakarar, von om vedvarande låge renter og god utvikling på arbeidsmarknaden medverka til etterspurnaden. Optimisme kan òg medverka til auka tilbod av lån. Dei seinare åra har det vore sterk konkurranse om lånekundane på bustadlånmarknaden, samstundes som bankane har hatt god tilgang på finansiering på kapitalmarknaden.

Boks 2.4 Utviklinga på bustadmarknaden

Norske bustadprisar steig med om lag 9 pst. i 2011, mot 8 pst. i 2010, jf. figur 2.5. Veksttakta var høg gjennom 2011, men gjekk noko ned mot slutten av året. Til no i 2012 har veksten vore nokså høg, men lågare enn i 2011. I februar 2012 var tolvmånadersveksten i bustadprisane 7 pst. Etter omslaget på bustadmarknaden i desember 2008 har bustadprisane i gjennomsnitt auka med 0,75 pst. kvar månad. Dersom ein korrigerer for inflasjon, var prisane ved utgangen av februar 2012 om lag 8,5 pst. høgare enn ved førre pristopp i 2007.

I fleire land har bustadprisane stige mykje dei seinare åra, før dei i dei fleste landa byrja å falla frå 2007, jf. figuren. Noreg er av dei landa som har hatt høgast bustadprisvekst. Bortsett frå nokre månader etter finanskrisa har det ikkje vore mykje til prisfall i Noreg jamført med i andre land. Etter finanskrisa i 2008 og 2009 har bustadprisane stige att i mange land, men ikkje like fort som føre krisa. Danmark er eit av landa der bustadprisane har falle mest.

Figur 2.5 Bustadprisutviklinga i nokre land og bustadprisutviklinga i Noreg deflatert med ulike  faktorar (1995 = 100)

Figur 2.5 Bustadprisutviklinga i nokre land og bustadprisutviklinga i Noreg deflatert med ulike faktorar (1995 = 100)

Kjelde: Statistisk sentralbyrå, Norges Eiendomsmeglerforbund, ECON Pöyry, Finn.no, Eiendomsmeglerforetakenes forening og Noregs Bank

Forklaringar på svingingar i bustadprisane kan finnast både på tilbodssida og på etterspurnadssida og i samspelet mellom dei to. Av di tilbodet av bustader av ein viss kvalitet er nokså uelastisk på kort sikt, kan endringar i etterspurnaden gje store prisutslag.

Etterspurnaden etter bustader er avhengig av fleire faktorar. Når sysselsetjinga er høg, inntektsutviklinga god og rentene låge, aukar betalingsviljen og -evna hjå dei som ønskjer å kjøpa bustader.

På lengre sikt er det ein nærare samanheng mellom bustadprisane og kostnadene med å byggja bustader. Likevel har reelle bustadprisar dei siste tiåra auka mykje meir enn kostnadene med å byggja bustader i Noreg, jf. figur 2.5.

Veksten i bustadprisane har vore høg dei seinare åra, jf. omtale i boks 2.4. Tolvmånadersveksten var ved utgangen av 2011 om lag 9 pst., mot 8 pst. året før. Noreg er blant landa som har hatt høgast bustadprisvekst, både før og etter den internasjonale finanskrisa.

Om bustadprisane fall monaleg aukar faren for tap på bustadlån. Eit element som kan medverka til det er at fall i bustadverdiar kan gjera ein større del av bustadlåna aktuelle for sanering av gjeld i høve til gjeldsordningslova.

Finanstilsynet har sidan 1994 gjennomført undersøkingar av korleis bankane praktiserer utlån med pant i bustad. Den siste undersøkinga vart gjennomførd hausten 2011 og omfatta dei 15 største bankane på den norske marknaden for bustadlån. Til saman stod bankane for om lag 75 pst. av dei samla utlåna frå bankar til bustadføremål. Låna i undersøkinga vart hovudsakeleg utbetalte i august 2011.

Undersøkinga syner at omfanget av nye lån med høg lånegrad har auka monaleg frå 2010, jf. figur 2.6B. Meir enn 26 pst. av nye lån (lånebeløp) var større enn 90 pst. av verdien av bustaden, mot vel 20 pst. i førre undersøking i 2010. Skil ein ut dei låna der føremålet var kjøp av bustad (og ikkje omfinansiering eller andre føremål), hadde om lag 38 pst. av nye lån (lånebeløp) ein lånegrad på 90 pst. eller høgare. Det er òg ein auke frå året før. Samstundes har det ifølgje bustadlånundersøkinga til Finanstilsynet vore ein auke i omfanget av tilleggstrygd for lån med høg lånegrad. Om lag 53 pst. av låna med lånegrad på 90 pst. eller høgare hadde tilleggstrygd.

Naturleg nok er det særleg dei yngre låntakarane som tek opp store lån i høve til verdien av bustaden og i høve til årsløna. Noverdien av framtidig inntekt er òg høgast når ein er ung. Samstundes er uvissa om den individuelle, framtidige inntekta størst i denne aldersgruppa, og dei yngste låntakarane kan vera særleg utsette om arbeidsløysa stig. For nye lån til låntakarar under 35 år steig prosentdelen med lånegrad over 90 pst. frå 34 pst. hausten 2010 til 38 pst. hausten 2011, ifølgje bustadlånsundersøkinga. For lån til kjøp av bustad var prosentdelen 10 prosenteiningar høgare (48 pst.), opp 2 prosenteiningar frå 2010. Låntakarar under 35 år som tok opp slike lån, fekk med lånet ei gjennomsnittleg gjeld på 354 pst. av disponibel inntekt. Det er 22 prosenteiningar høgare enn i undersøkinga frå 2010.

Kvart fjerde bustadlån i bustadlånsundersøkinga til Finanstilsynet var lån med avdragsfritak. Det er det høgaste nivået som er registrert i bustadlånundersøkingane, som Finanstilsynet altså har gjennomført sidan 1994. Gjennomsnittleg periode for avdragsfritak i 2011-undersøkinga var noko over fire år, og det var dei yngste låntakarane som i størst mon tok opp lån med avdragsfritak. Periodar med avdragsfritak kan fungera som bufferar mot dårlege tider i hushalda, men avdragsfritak inneber òg at heile lånesummen kan vera utsett for framtidig renteauke. Samla sett kan eit stort omfang av lån med avdragsfritak medverka til at rentebøra i hushalda vert høgare etter kvart som rentene kjem opp på eit meir normalt nivå. I periodar med låge renter vil det difor normalt vera tilrådeleg å betala ned på lån.

Låg fastrentedel inneber at norske hushald er meir utsette ved uventa renteauke enn hushald i land der fastrentedelen er høgare. I bustadlånundersøkinga frå hausten 2011 hadde 1,6 pst. av låna fast rente, om lag ei prosenteining mindre enn i 2010.

Boks 2.5 Retningsliner for forsvarleg utlånspraksis

Finanstilsynet gav i mars 2010 retningsliner for forsvarleg utlånspraksis for lån til bustadføremål. Retningslinene gjeld for alle norske finansinstitusjonar under tilsyn frå Finanstilsynet, og for norske filialar av utanlandske finansinstitusjonar. Etter at dei vart stramma inn i desember 2011, kan retningslinene no oppsummerast slik:

  1. Det bør hentast inn sikker informasjon om inntekt og samla gjeld hjå låntakaren og om den bustaden låntakaren skal ta opp lån til.

  2. Banken bør berekna kunden si evne til å greia lånet med utgangspunkt i inntekt, alle utgifter, samla gjeld og konsekvensar av ein viss renteauke. Dersom låntakaren har eit såkalla likviditetsunderskot etter mogleg renteauke, bør det som hovudregel ikkje gjevast lån, og banken bør rå kunden ifrå å ta opp lånet.

  3. Lånet, inkludert andre lån med pant i bustaden, bør normalt ikkje vera større enn 85 pst. av bustadverdien.

  4. Ved avvik frå normene må det anten finnast formell tilleggstrygd (annan eigedom, kausjon/garanti), eller banken må ha gjort ei særskild vurdering av om det er forsvarleg å vika av frå retningslinene. Kriterium for slike særskilde vurderingar bør fastsetjast av styret i banken.

  5. Lån som er større enn 70 pst. bustadverdien, bør normalt etablerast med betaling av avdrag frå fyrste termin.

  6. Banken må klårgjera kva kundegrupper som kan få rammekreditt. Det bør takast omsyn til at betalingsevna kan verta monaleg svekt i kredittida som følgje av redusert inntekt.

  7. Før banken kan gje rammekredittar, må han vurdera om det er forsvarleg. Rammekredittar bør normalt ikkje vera større enn 70 pst. av marknadsverdien på bustaden.

  8. I vurderinga av betalingsevna må banken ta høgd for at renta kan auka med minst 5 prosenteiningar. Det er viktig å informera låntakaren godt om dette. I rådgjevinga si bør banken alltid klårgjera konsekvensane av valet mellom fast og flytande rente.

  9. Om banken skal avvika frå dei interne retningslinene sine, må avgjerdene takast på eit høgare nivå enn der ein til vanleg har fullmakt til å gje bustadlån.

  10. For kvart kvartal skal det leggjast fram ein rapport om banken si oppfølging av retningslinene for styret i banken eller leiinga for utanlandske filialar. Avvik frå retningslinene skal identifiserast og rapporterast.

Finanstilsynet har varsla at tilsynet vil følgja opp retningslinene gjennom rapportering i samband med dei årlege bustadlånsundersøkingane, tilsyn med norske institusjonar og møte med filialar. Bryt institusjonane retningslinene, kan Finanstilsynet gje pålegg om auka kapitaldekning med heimel i kapitaldekningsreglane, om naudsynt etter kontakt med tilsynsstyresmaktene i heimlandet til filialane.

Finanstilsynet gav i mars 2010 retningsliner for forsvarleg utlånspraksis for lån til bustadføremål. Retningslinene vart stramma inn i desember 2011, mellom anna slik at lån normalt ikkje bør overstiga 85 pst. av verdien av bustaden, jf. nærare omtale i boks 2.5. Finanstilsynet grunngav innstrammingane med at gjeldsnivået hjå norske hushald aukar, renta er låg, bustadprisveksten er høg og utlånspraksisen til bankane har vore for liberal.

Innstrammingane i retningslinene er i samklang med nylege tilrådingar frå IMF og OECD og med reglar som frå før finst i fleire andre land. Til dømes har ein i Sverige sidan hausten 2010 hatt retningsliner som til liks med dei frå Finanstilsynet mellom anna seier at bustadlån normalt ikkje bør overstiga 85 pst. av verdien av bustaden. IMF la i februar 2012 fram ein særskild rapport om norsk økonomi, ein såkalla artikkel IV-konsultasjon, der organisasjonen framheva det høge gjeldsnivået hjå hushalda og utviklinga på bustadmarknaden som risikofaktorar. IMF er positive til endringane i retningslinene til Finanstilsynet, men skriv òg at retningslinene må handhevast strammare for å vera effektive nok og at det trengst meir bindande retningsliner for å få minska omfanget av lån med høg risiko så mykje som ein ynskjer. Dette er òg tema i ein gjennomgang av norsk økonomi frå OECD med tittelen «Economic Survey of Norway», som òg blei lagd fram i februar 2012. OECD konkluderer mellom anna med at det kan trengast fleire tiltak innan makroovervaking og forbrukarvern for å handtera den finansielle sårbarheita som følgjer av høg gjeld med flytande rente hjå hushalda.

Finanstilsynet har gjort framlegg om ein lovheimel for å gje forskriftsreglar om forsvarleg utlånspraksis. Framlegget er saman med andre moglege tiltak handsama av ei arbeidsgruppe som har greidd ut korleis makroovervakinga av finanssektoren bør innrettast i Noreg, og er nærare omtala i kapittel 3.

Innstrammingane i retningslinene frå Finanstilsynet om forsvarleg utlånspraksis for lån til bustadføremål kan medverka til at hushalda ikkje tek opp større lån enn dei kan greia, og at bankane ikkje gjev lån med høg risiko for tap. Utlånsundersøkinga til Noregs Bank syner at bankane stramma inn på kredittilbodet til hushalda både i 4. kvartal 2011 og 1. kvartal 2012, men at bankane ikkje legg opp til å stramma til meir i 2. kvartal 2012, jf. figur 2.6C. Bakgrunnstala tyder på at det særleg er retningslinene frå Finanstilsynet som ligg bak, men òg omsynet til kapitaldekninga til bankane er nemnd som grunn.

Kredittrisikoen på utlåna til hushaldssektoren ser ut til å ha vorte noko verre for bankane det siste året. Risikoen for at fleire hushald tek på seg for mykje gjeld, har auka. Nettofinansformuen i hushalda har minka, gjeldsbøra er på veg opp att og ei normalisering av rentenivået kan gje kraftig auke i rentebøra for mange. Utviklinga i den norske økonomien er god, men utsiktene internasjonalt er framleis svært uvisse.

Endringar i bustadprisane har særs stor verknad på norsk økonomi og på kredittrisikoen til bankane. Bustadprisane er høge og stigande. Skulle bustadprisane falla mykje, mistar bankane trygd for utlåna sine, og dei kan få auka tap på utlåna til føretakssektoren av di lågare etterspurnad frå hushalda vil svekkja innteninga til føretaka.

Figur 2.6 Nokre mål på utviklinga i kredittrisikoen til bankane på lån til hushalda og ikkje-finansielle føretak

Figur 2.6 Nokre mål på utviklinga i kredittrisikoen til bankane på lån til hushalda og ikkje-finansielle føretak

I figur C er svara frå bankane rekna om til ein poengskala frå –100 til 100. Om alle bankane i utvalet til dømes melder om noko innstramming i kredittpraksisen, vert det samla nettotalet –50.

I figur E er resultatgraden ordinært resultat i føretaka før skattekostnad i prosent av driftsinntektene. Tala for resultatgrad i figuren er prega av utviklinga i petroleumssektoren. Eigenkapitaldelen er eigenkapital i prosent av sum gjeld og eigenkapital.

Kjelde: Finanstilsynet, Noregs Bank og Statistisk sentralbyrå

2.4.3.4 Kredittrisiko ved utlån til føretakssektoren

Lån til ikkje-finansielle føretak utgjorde om lag 52 pst. av dei samla utlåna frå bankane ved utgangen av 2011. Som del av dei samla utlåna frå bankane har utlåna til føretak auka med om lag 22 prosenteiningar sidan 2004. Det heng saman med at bankane har overført ein stor del av låna til hushald til bustadkredittføretaka. Figur 2.7D syner at utlån innanfor næringseigedom utgjer ein stor del av føretakslåna. Skipsfart er òg ei viktig næring for norske bankar, noko som syner seg i den store delen lån til utanlandske føretak i figuren. Norske bankar si verksemd innanfor næringseigedom og skipsfart er omtala i boks 2.6.

Boks 2.6 Norske bankars utlån innanfor næringseigedom og skipsfart

Lån til føretak innanfor næringseigedom og skipsfart utgjer meir enn halvparten av utlåna frå bankane til ikkje-finansielle føretak. Utviklinga for desse næringane har stor innverknad på utlånstapa og soliditeten til bankane. Løyvd kreditt til føretak innanfor næringseigedom og skipsfart utgjorde høvesvis 245 pst. og 156 pst. av den ansvarlege kapitalen til bankane ved utgangen av 3. kvartal 2011.

Risikoen på utlåna innanfor næringseigedom heng nær saman med utviklinga i norsk økonomi. Bankane rapporterte hausten 2011 at risikoen hadde vorte mindre dei seinare månadene, og at nedskrivingane hadde minka noko. Nedskrivingane er generelt størst i kategorien «anna», som mellom anna inneheld lån til hotelleigedom, industrilokale og lager. I 3. kvartal 2011 utgjorde nedskrivingane i denne kategorien noko under 2,5 pst. av trekte lån.

Eigenkapitaldelen til føretak innanfor næringseigedom har auka dei siste åra og låg ved utgangen av 2010 på om lag 44 pst. Samstundes har det vore ei strukturendring på låntakarsida, der såkalla finansielle eigedomsføretak i stor mon har teke over for føretak som kjøper eigedom til eiga verksemd. Finansielle eigedomsføretak kjøper eigedom for investeringa si skuld, som alternativ til investeringar i til dømes verdipapir. For å gje eigarane (investorane) høg avkastning har finansielle eigedomsføretak ofte høg lånegrad når dei kjøper eigedom. Av di bankane sine utlån innanfor næringseigedom i større mon vert gjevne til færre og større eigedomsføretak enn før, kan konsentrasjonsrisikoen til bankane ha auka.

Innanfor næringseigedom utgjer lån til føretak som eig kontoreigedom, ein stor del av engasjementa til bankane, jf. figur 2.7. Tilbodet av kontor har mykje å seia for innteningsutsiktene til aktørar innanfor kontoreigedom. I Oslo, som har ein stor del av marknaden for kontoreigedom i Noreg, kjem det fleire nybygg på marknaden dei neste par åra, noko som kan gjera det vanskelegare å få leigd ut lokale, og dessutan dempa sals- og leigeprisane.

Innanfor skipsfart utgjer lån til offshoreverksemd ein stor del av engasjementa til bankane, jf. figur 2.7. Dei tradisjonelle skipsfartssegmenta (tørrbulk, tank, konteinar, kjemikalie- og produkttank og gass) utgjer om lag 10 pst. kvar.

Etter omslaget i verdsøkonomien frå 2008 fall ratar og skipsverdiar innanfor fleire segment kraftig. Marknaden har henta seg noko inn att, men overkapasitet er framleis eit problem i tradisjonelle skipsfartssegment som tørrbulk, tank og konteinar. Vedvarande låge fraktratar utgjer ein risiko for lønsemda i fleire reiarlag innanfor desse segmenta. Lågare panteverdiar og svekt evne til å greia gjeld aukar risikoen for tap. DNB og Nordea står for ein stor del av utlåna frå norske bankar til skipsfartsføretak.

Figur 2.7 Løyvd kreditt til føretak innanfor næringseigedom og skipsfart fordelt på segment.  Norske bankar ved utgangen av 3. kvartal 2011

Figur 2.7 Løyvd kreditt til føretak innanfor næringseigedom og skipsfart fordelt på segment. Norske bankar ved utgangen av 3. kvartal 2011

Kjelde:  Finanstilsynet

Lønsemda i norske børsnoterte føretak betra seg i fyrste del av 2011 før ho gjekk noko ned frå 2. kvartal.1 Både resultata og eigenkapitaldelen i dei børsnoterte føretaka auka i fyrste del av året, jf. figur 2.6E. Eigenkapitaldelen var stabil dei neste kvartala, medan resultata gjekk noko ned. Dei norske børsnoterte føretaka si evne til å greia gjeld (gjeldsbeteningsevna) fall kraftig under finanskrisa i 2008 og 2009, men har sidan betra seg som følgje av lågare gjeldsvekst og lågare renteutgifter, jf. figur 2.6F. Bakgrunnstala syner at gjeldsbeteningsevna auka i dei fleste næringar. Ein kan venta lågare gjeldsbeteningsevne i tida framover, av di risikopåslaga på gjeldsfinansieringa til føretaka aukar og gjelda veks.

Som nemnt i boks 2.6, utgjer utviklinga på marknaden for næringseigedom og innanfor skipsfart ein viktig del av det samla risikobiletet for norske bankar. Fall i leigeinntekter og eigedomsprisar kan svekkja gjeldsbeteningsevna til føretaka som driv med næringseigedom, og påføra bankane tap. Innanfor skipsfart er risikobiletet ulikt for ulike segment. Om utviklinga i verdsøkonomien vert svak, kan fleire føretak få problem med å greia gjelda, mellom anna til dei to største norske bankane.

Det vart opna om lag like mange konkursar i 2011 som året før, jf. figur 2.6F. Utanom einskildpersonføretak vart det opna om lag 3200 føretakskonkursar, marginalt høgare enn i 2010. Dei fleste føretaka som gjekk konkurs i 2011, var små føretak med låg omsetnad, få tilsette og etter måten lita bankgjeld. Det har avgrensa utlånstapa hjå bankane. Historisk har utviklinga i gjeldsbeteningsevna følgt konkursutviklinga med eit visst tidsetterslep (og med motsett forteikn), jf. figuren. Såleis kan konkursutviklinga gje von om stabilisering av gjeldsbeteningsevna til føretaka.

I dei ikkje-finansielle føretaka er soliditeten og innteninga for tida god, men risikoen knytt til desse låna er var for konjunkturar. Dersom norsk økonomi vert utsett for nye vesentlege forstyrringar eller utviklinga i verdsøkonomien vert svak, kan utsiktene raskt endra seg. Om lag 40 pst. av utlåna frå bankane til ikkje-finansielle føretak er lån til føretak i konkurranseutsett sektor. Lågare etterspurnad etter varer og tenester hjå handelspartnarane til Noreg kan svekkja innteninga til føretaka. Vidare vil utviklinga på dei norske eigedomsmarknadene ha stor innverknad på risikoen på føretakslåna, dels direkte på grunn av låna til føretak innanfor næringseigedom og dels indirekte på grunn av koplinga mellom bustadprisutviklinga og etterspurnaden frå hushalda.

2.4.4 Marknadsrisiko

Marknadsrisiko er risiko for økonomisk tap eller gevinst som følgje av endringar i marknadsprisar på til dømes aksjar, renteberande papir, råvarer og fast eigedom. Norske bankar er etter måten lite utsette for marknadsrisiko, for investeringane deira på verdipapirmarknadene er små i høve til den samla forvaltningskapitalen. Marknadsrisikoen er òg låg i norske bankar fordi både innlån og utlån stort sett er lån med flytande rente. Såleis har bankane berre avgrensa risiko knytt til skilnaden mellom innlånsrenter og utlånsrenter.

Livsforsikringsselskapa og pensjonskassene er særskilt utsette for marknadsrisiko. Grunnen til det er at mykje av forvaltningskapitalen er plassert i verdipapir, samstundes som storparten av skyldnadene inneheld ein lovnad om ei viss avkastning på kapitalen (rentegaranti). Om aksjekursane fell, må forsikringsselskap og pensjonskasser med mykje aksjar i høve til eigenkapital difor anten raskt redusera aksjedelen eller henta inn meir eigenkapital.

Figur 2.8A syner at det dei siste åra har vore ein nær samanheng mellom aksjekursar og aksjedelen i kollektivporteføljen i norske livsforsikringsselskap. Aksjebehaldningane til livsforsikringsselskapa vart kraftig reduserte under den internasjonale finanskrisa gjennom både nedsal og verdifall. Med mindre aksjar vart selskapa mindre utsette for vidare fall i aksjekursane, men ein fekk òg mindre del i kursoppgangar. Dette hende på nytt, rett nok i mindre skala, i 2011. Ved utgangen av 2011 utgjorde aksjar 15,7 pst. av forvaltningskapitalen, 4 prosenteiningar mindre enn i 2010. Nedgangen var størst mot slutten av året, mykje på grunn av eit stort aksjenedsal i eit av dei største livsforsikringsselskapa.

Når selskapa reduserer aksjedelen, nyttar dei mykje av dei frigjorde midlane til å kjøpa rentepapir med lågare risiko enn aksjar, jf. figur 2.8B. Den delen av forvaltningskapitalen som er sett saman av obligasjonar og sertifikat og vurdert i rekneskapen til verkeleg verdi, auka med snaue 2 prosenteiningar frå 2010 til 2011, til om lag 30,5 pst. Obligasjonar haldne til forfall skal etter føresetnadene ikkje seljast på marknaden, og vert i rekneskapen difor ikkje påverka av endringar i marknadsrentene. Delen av forvaltningskapitalen som er sett saman av obligasjonar haldne til forfall, var om lag uendra i 2011.

Om lag halvparten av den samla obligasjons- og sertifikatporteføljen til selskapa var ved utgangen av 2011 plassert i norske papir, og storparten av dette var gjeldspapir utferda av bankane. Selskapa har dei seinare åra auka behaldninga av obligasjonar med førerett (OMF) utferda av kredittføretak. OMF er sikre papir som kan verta endå meir attraktive når Solvens II-reglane tek til å gjelda, av di kapitalkrava for investeringar i slike papir er etter måten låge. Etterspurnaden etter OMF kan òg verta høgare i Noreg enn i andre land ettersom marknaden for norske statspapir er liten.

Livsforsikringsselskapa har nokså låg eksponering mot statspapir utferda av dei mest gjeldstyngde eurolanda, jf. figur 2.8C. Ein stor del av eksponeringa er mot papir utferda av Italia, men jamvel desse utgjer under 1 pst. av forvaltningskapitalen i selskapa. Det meste av dei italienske papira, og i praksis alle dei portugisiske papira, er føresett haldne til forfall, og difor ikkje nedskrivne i høve til minska marknadsverdi. Hovuddelen av dei italienske, portugisiske og spanske statsgjeldspapira er eigd av eitt av dei store selskapa, og eksponeringa mot desse tre landa utgjer om lag 5 pst. av den samla obligasjonsporteføljen til selskapet.

I tillegg til aksjar og rentepapir investerer livsforsikringsselskapa i bygg og fast eigedom. Som del av forvaltningskapitalen har eigedom vore stabil dei seinare åra, og utgjorde om lag 13 pst. ved utgangen av 2011, jf. figur 2.8B. Frå 2007 har livsforsikringsselskapa investert meir i utlån og krav vurderte i rekneskapen til amortisert kost.2 Ved utgangen av 2011 utgjorde slike investeringar 16,4 pst. av forvaltningskapitalen i kollektivporteføljen, snaue 2 prosenteiningar høgare enn året før.

Kapitalforvaltninga til pensjonskassene skil seg frå den i livsforsikringsselskapa såleis at aksjedelen har lege meir stabilt og høgare, og at det meste av rentepapira er vurdert til verkeleg verdi i rekneskapen. Det å ha mykje aksjar inneber høgare risiko og større svingingar, men òg høgare avkastningspotensial. Den høgare risikoen er motsvara av større bufferkapital, jf. avsnitt 2.5.4 nedanfor.

Prisane på mange gjeldspapir har endra seg uvanleg mykje gjennom 2011, og uvissa om verdien på mange gjeldspapir er framleis stor. Samstundes er rentene på lågrisikoplasseringar låge. Det gjer risikostyringa i kapitalforvaltninga til livsforsikringsselskapa og pensjonskassene utfordrande, og det er særs viktig at dei jamt passar på at det med god sikringsmargin er samsvar mellom risiko og soliditet. Spørsmål knytte til mellom anna soliditet og det låge rentenivået er nærare omtala i avsnitt 2.5.4.

Figur 2.8 Utviklinga på hovudindeksen på Oslo Børs og investeringar frå norske livsforsikringsselskap. Utgangen av 2011

Figur 2.8 Utviklinga på hovudindeksen på Oslo Børs og investeringar frå norske livsforsikringsselskap. Utgangen av 2011

Kjelde: Finanstilsynet

2.4.5 Operasjonell risiko

Operasjonell risiko er risiko for tap som kjem av manglande eller sviktande interne prosessar, svikt i system eller hjå personar. Operasjonell risiko omfattar mellom anna juridisk risiko og omdømerisiko. Årsakene kan til dømes vera mangelfulle prosedyrar, feil i IKT-system, regelbrot, brann, terroråtak eller tillitssvikt. Avgrensinga mot andre typar risiko er ikkje presis, og tap som vert klassifiserte under kredittrisiko eller marknadsrisiko, kjem ofte til dels av operasjonell svikt, til dømes veike sider ved kredittvurderingsprosessar.

Finansdepartementet har som mål at det skal drivast systematisk førebyggjande arbeid for å gjera finansinstitusjonane og finansmarknadene mindre sårbare og sikra ei god nok vernebuing til å handtera risikohendingar.

Beredskapsutvalet for finansiell infrastruktur (BFI) vart skipa for å tryggja ei best mogleg samordning av vernebuingsarbeidet i den finansielle infrastrukturen. Utvalet vurderer driftsstabilitet, risiko og sårbarheit i den finansielle infrastrukturen. Utvalet har i 2011 hatt tre ordinære møte, eit ekstraordinært møte og to vernebuingsøvingar. Det ekstraordinære møtet vart halde i juni 2011 for å drøfta følgjene av ein mogleg streik i finansnæringa. Arbeidet i BFI er nærare omtala i kapittel 7 om verksemda til Finanstilsynet.

Operasjonell risiko i finanssektoren er meir og meir knytt til drifta av IKT-system, der kontinuerleg tilgang på telekommunikasjon og stabil straumforsyning er avgjerande. Dei elektroniske finansielle transaksjonane må gjennom mange ledd, inkludert kundesystem (nettbank, minibankar, betalingsterminalar o.a.) og interbanksystem. Denne IKT-infrastrukturen er kompleks og sårbar og inneber ein aukande operasjonell risiko for bankane og banksystemet. I tillegg kan bankane si utkontrahering av IKT-verksemd ha gjort betalingssystemet meir utsett for driftsavvik. Tenesteleverandørar på dette området nyttar meir og meir ressursar i lågkostland. Dersom ein stor del av IKT-verksemda i finanssektoren vert utkontrahert til utanlandske aktørar, kan det føra til dårlegare kontroll med systema og større operasjonell risiko.

Betalingssystema har ein samfunnskritisk funksjon og utgjer ein viktig del av kjerneverksemda i finanssektoren. Det var høg grad av stabilitet i dei norske betalingssystema i 2011, men det var òg fleire alvorlege hendingar knytte til drifta av betalings- og IKT-system.

Norske nettbankar vart utsette for fleire såkalla trojanar- og phishingåtak gjennom året. Målet med slike åtak er å stela sensitiv informasjon for vinninga eller skaden si skuld, ofte ved å gje seg ut for å vera ein påliteleg og kjend motpart. I februar 2011 kom det eit massivt, samordna åtak mot norske nettbankar, og nye åtak kom i bølgjer utetter året. Metodane vart stadig endra, og ulike bankar og bankgrupperingar vart råka etter tur. Bankane legg store ressursar inn på mottiltak, og tapa knytte til slike åtak i 2011 var avgrensa. Finanstilsynet har varsla at tilsynet vil vurdera tryggleiken i nettbankane og sjå om det trengst nokon tiltak.

I påska 2011 var det problem med kortautoriseringa i betalingssystema som leverandørar driftar på vegner av bankane, noko som fekk alvorlige følgjer for brukarstader og for kortkundane til bankane. Den mest alvorlege verknaden var at doble og multiple reservasjonar på kundekontoane som følgje av feil ved betaling med kort reduserte dei disponible midlane til kundane. Hendinga avdekte at både leverandørane og bankane mangla kunnskap om verdikjeda for betalingskorttransaksjonar og at samordninga av vernebuinga mellom aktørane ikkje var god nok. Etter hendinga utferda Finanstilsynet pålegg til alle bankar om å kartleggja og dokumentera kritiske komponentar i IKT-systema og melda om dei til tilsynet. Finanstilsynet gav òg pålegg om at bankane må samordna vernebuinga si med leverandørane.

Høg risikotaking i finansinstitusjonar som følgje av godtgjersle som har gjeve dei tilsette økonomisk motiv for å handla kortsiktig og med høg risiko, har vore peika på som ei av årsakene til den internasjonale finanskrisa. Departementet fastsette 1. desember 2010 ei forskrift om ordningar for godtgjersle i finansinstitusjonar, verdipapirføretak og forvaltningsselskap for verdipapirfond, som tok til å gjelda 1. januar 2011. Forskrifta pålegg styret i finansføretak å fastsetja retningsliner og rammer for slike ordningar. Dei skal gjelda for heile føretaket, og skal stø opp om og gje tilskuv til god styring og kontroll med risikoen til føretaket på lengre sikt. Såleis kan forskrifta medverka til mindre risikotaking i finansføretaka.

2.4.6 Systemrisiko

Systemrisiko kan definerast som risikoen for forstyrringar i tilbodet av finansielle tenester på grunn av problem i heile eller delar av finanssystemet, som kan ha alvorlege negative verknader på produksjon og sysselsetjing. Det er viktig at ein finn fram til gode verkty for å handtera systemrisikoen. Den internasjonale oppgjersbanken (BIS) analyserer systemrisiko langs to dimensjonar: ein strukturdimensjon og ein tidsdimensjon.

I strukturdimensjonen ser ein på korleis problem eller sjokk spreier seg i finanssystemet og kva som er felles risikofaktorar for ulike delar av systemet. Til dømes kan samanvovne finansmarknader og eksponeringar hjå finansinstitusjonane mot dei same risikoane medverka til å spreia og forsterka forstyrringar. Dersom institusjonane i eit finanssystem har stor eksponering mot kvarandre, til dømes gjennom eigenkapitalinstrument, kan problem i éin institusjon spreia seg ekstra raskt til dei andre institusjonane. Det same gjeld dersom ein institusjon som til dømes driftar viktig infrastruktur, får problem. Dessutan kan marknaden sin tillit til éin institusjon byggja på tillita til andre institusjonar.

I tidsdimensjonen ser ein på korleis oppbygginga av risiko i finanssystemet og økonomien heng saman med konjunkturane og på vekselverknadene mellom finanssystemet og realøkonomien. Til dømes kan det byggja seg opp risiko i finanssystemet i høgkonjunkturar med høg kreditt- og gjeldsvekst, rask oppgang i formuesprisar og høg risikotaking i finansinstitusjonane. Den internasjonale finanskrisa viste korleis negative vekselverknader mellom finanssystemet og realøkonomien kan forsterka nedgangskonjunkturar og forstyrringar i finanssystemet.

Systemrisiko heng såleis nært saman med dei risikoane ein elles vurderer i analysar av utsiktene for finansiell stabilitet, så som likviditetsrisiko, kredittrisiko, marknadsrisiko og operasjonell risiko. Ei samla vurdering av desse risikoane, slik dei fleste analysar av utsiktene for finansiell stabilitet inneheld, kan vera eit utgangspunkt for overvakinga av systemrisikoen. Til dømes er det i avsnitt 2.4.3 ovanfor peika på at det er stor risiko knytt til utviklinga på bustadmarknaden og i gjelda til hushalda. Denne kjelda til risiko er ein typisk og viktig komponent i tidsdimensjonen av systemrisikoen. Tidlegare kriser i Noreg og i andre land har vist at problem hjå hushalda skapar problem for bankane og føretaka, noko som trekkjer ned aktiviteten i økonomien og aukar problema for hushalda. Det nye i norsk økonomi er som nemnt at både bustadprisane og gjelda i hushalda er høgare enn nokosinne, og dessutan er rentenivået svært lågt. Sidan vi aldri har opplevd noko liknande, bør vi vera særskilt merksame på risikoen dette inneber.

Eit døme på ein analyse som seier mykje om strukturdimensjonen til systemrisikoen, finn ein i avsnitt 2.4.2 ovanfor, om likviditetsrisikoen til bankane. Om bankane har lik finansieringsstruktur, eller ein eller nokre få bankar forsyner store delar av banksystemet med finansiering, kan det medverka til å spreia og forsterka forstyrringar. Det same gjeld sjølve verksemda til bankane: Gjev dei lån til dei same gruppene av låntakarar, vert dei råka likt om ei eller fleire grupper av låntakarar ikkje greier gjelda.

Den norske bankmarknaden er prega av få store og etter måten mange små og mellomstore bankar. Marknadsdelen til dei tre største bankane i Noreg, målt i prosent av total forvaltningskapital, har auka dei seinare åra, og ligg noko under 60 pst. Den største banken, DNB, har åleine ein marknadsdel på rundt 35 pst., jf. avsnitt 2.5.2 nedanfor. Sjølv om marknadsdelane til dei tre største bankane er lågare i Noreg enn i til dømes Danmark, Finland og Sverige, kan konsentrasjonen på den norske bankmarknaden likevel vera slik at han gjev eit merkande tilskot til systemrisikoen i Noreg.

Den institusjons- og marknadsretta finansmarknadsreguleringa er grunnleggjande òg for å halda systemrisikoen i sjakk. I tillegg trengst makroovervaking for å overvaka, identifisera og redusera systemrisiko i finanssystemet slik at det vert meir robust mot finansiell ustabilitet. Makroovervaking liknar på den institusjonsretta reguleringa når det gjeld bruk av verkemiddel og kva aktørar ein nyttar dei på, jf. boks 2.7.

Boks 2.7 Kva er makroovervaking?

Målet med makroovervaking kan formulerast som å overvaka, identifisera og redusera systemrisiko i finanssystemet for å gjera systemet meir robust mot finansiell ustabilitet. Til liks med den institusjonsretta finansmarknadsreguleringa skal makroreguleringa medverka til finansiell stabilitet. Den internasjonale finanskrisa synte at det kan vera vanskeleg å syta for finansiell stabilitet gjennom den tradisjonelle kombinasjonen av makroøkonomiske verkemiddel og tilsyn med finansinstitusjonane kvar for seg.

Den internasjonale oppgjersbanken (BIS) har definert makroovervaking («macroprudential supervision») som

«the use of prudential tools with the explicit objective of promoting the stability of the financial system as a whole, not necessarily of the individual institutions within it. The objective of macroprudential policy is to reduce systemic risk by explicitly addressing the interlinkages between, and the common exposures of, all financial institutions, and the procyclicality of the financial system».

Det internasjonale valutafondet (IMF) forklarar på si side at makroovervaking omfattar

«prudential tools to limit systemic or system-wide financial risk, thereby minimizing the incidence of disruptions in the provision of key financial services that can have serious consequences for the real economy, by (i) dampening the buildup of financial imbalances; (ii) building defenses that contain the speed and sharpness of subsequent downswings and their effects on the economy; and (iii) identifying and addressing common exposures, risk concentrations, linkages, and interdependencies that are sources of contagion and spillover risks that may jeopardize the functioning of the system as a whole.»

I Noreg har ei arbeidsgruppe med medlemer frå Finansdepartementet, Noregs Bank og Finanstilsynet greidd ut korleis makroovervakinga av det norske finanssystemet bør innrettast, jf. nærare omtale i avsnitt 3.8 i kapittel 3.

Finansdepartementet vurderer tiltak for å betra makroovervakinga av systemrisiko i Noreg. Mellom anna vil departementet vurdera nærare utforming av og prosedyrar for nye bufferkrav til kapital i finansinstitusjonane (omtala som bevaringsbuffer og motsyklisk buffer i samband med dei såkalla Basel III-tilrådingane), på bakgrunn av framlegg til nye EU-reglar (dei såkalla CRD IV-reglane) og innspel frå ei arbeidsgruppe nedsett av Finansdepartementet for å greia ut korleis makroovervakinga av finanssektoren bør innrettast i Noreg. Rapporten frå gruppa er omtala i kapittel 3, jf. avsnitt 3.8.

2.5 Nærare om marknadsstruktur, resultat og soliditet

2.5.1 Innleiing

Nedanfor kjem fyrst ei oversikt over strukturen på dei norske finansmarknadene. Vidare inneheld avsnittet ei nærare utgreiing om resultata og særleg soliditeten i dei norske finansinstitusjonane.

2.5.2 Marknadsstruktur

2.5.2.1 Oversikt over finansmarknaden

Dei sentrale aktørane på den norske finansmarknaden er bankar og andre kredittinstitusjonar (kredittføretak og finansieringsselskap), forsikringsselskap, pensjonskasser, verdipapirføretak og forvaltningsselskap for verdipapirfond. Store endringar i strukturen kjem ofte av fusjonar eller fisjonar. Det har ikkje vore slike store strukturendringar på dei norske finansmarknadene i 2011.

Figur 2.9 syner forvaltningskapitalen i norske finansinstitusjonar og verdipapirfond.3 Forvaltningskapitalen auka mest i kredittinstitusjonane frå 2010 til 2011, til saman rundt 11 pst. Forvaltningskapitalen i livsforsikringsselskapa og pensjonskassene auka med høvesvis 5 og 3 pst., medan han heldt seg mest uendra i skadeforsikringsselskapa og verdipapirfonda.

Figur 2.9 Forvaltningskapital i norske finansinstitusjonar ved utgangen av 2011. Milliardar kroner

Figur 2.9 Forvaltningskapital i norske finansinstitusjonar ved utgangen av 2011. Milliardar kroner

Kjelde: Finanstilsynet

Det er sju større finansgrupperingar eller konsern på den norske finansmarknaden, jf. tabell 2.1. DNB er det klårt største finanskonsernet i Noreg, med ein samla marknadsdel på om lag 32 pst. Andre store grupperingar/sameiningar er Sparebank 1 Gruppen / Samarbeidende Sparebanker, Storebrand, KLP, Terra-Gruppen og Gjensidige. Det svenske finanskonsernet Nordea er representert i Noreg gjennom norske dotterselskap og har ein samla marknadsdel på 10 pst. Samla sett har finansgrupperingane og konserna dei største marknadsdelane innanfor livsforsikring og bankverksemd. Utanlandske aktørar har òg store marknadsdelar gjennom både filialar og dotterselskap, særleg innanfor skadeforsikring og finansieringsverksemd.

Tabell 2.1 Strukturen på den norske finansmarknaden. Talet på institusjonar og samla forvaltningskapital (mrd. kroner) i ulike bransjar. Prosent av forvaltningskapital i ulike bransjar og totalt (marknadsdelar). Per 31. desember 2011.

Kredittinstitusjonar

Livsforsikring

Skadeforsikring

Verdipapirfond

Sum konsern

Samla tal på institusjonar

220

22

96

20

Samla forvaltningskapital (mrd. kroner)

5 405

907

193

485

Marknadsdelar

DNB

35 %

28 %

1 %

21 %

32 %

Sparebank 1

13 %

3 %

7 %

6 %

11 %

Nordea

11 %

6 %

0 %

8 %

10 %

KLP

1 %

29 %

2 %

9 %

5 %

Storebrand

1 %

25 %

1 %

12 %

5 %

Terra

4 %

0 %

2 %

1 %

4 %

Gjensidige

0 %

1 %

28 %

0 %

1 %

Sum konsern/ alliansar

65 %

92 %

40 %

58 %

67 %

Andre føretak

35 %

8 %

60 %

42 %

33 %

Heile marknaden

100 %

100 %

100 %

100 %

100 %

– Norskeigde institusjonar

74 %

93 %

69 %

78 %

– Utanlandskeigde dotterselskap

13 %

7 %

0 %

11 %

– Filialar av utanlandske institusjonar

13 %

0 %

31 %

11 %

2.5.2.2 Kredittinstitusjonane

Ved utgangen av 2011 var det 220 kredittinstitusjonar på den norske kredittmarknaden. Av dei var 142 bankar, 30 kredittføretak og 48 finansieringsselskap. Kredittføretaka tilbyr i hovudsak pantelån til finansiering av næringsverksemd og bustadkjøp, medan finansieringsselskapa for det meste driv med leasing, bilfinansiering, kortbaserte utlån og forbruksfinansiering. Dei fleste av bustadkredittføretaka vart skipa i 2008 og 2009 som følgje av den statlege ordninga som gav bankane høve til å byta til seg statspapir mot obligasjonar med førerett (OMF).

I 2011 gjekk talet på kredittinstitusjonar ned frå 226 til 220. Det vart to færre bankar, eitt kredittføretak mindre og tre færre finansieringsselskap. Nedgangen i talet på bankar kjem av at fire mindre sparebankar slo seg saman til to.

Samla forvaltningskapital på kredittmarknaden var 5 405 mrd. kroner, fordelt på 4 035 mrd. kroner i bankane, 1 620 mrd. kroner i kredittføretaka og 125 mrd. kroner i finansieringsselskapa. DNB var den største aktøren, med 35 pst. av forvaltningskapitalen. Sparebank 1 Gruppen og Nordea var høvesvis nest størst og tredje størst, med marknadsdelar på 13 pst. og 11 pst. Det var til saman 35 filialar av utanlandske kredittinstitusjonar på den norske marknaden ved utgangen av 2011. Dei hadde ein marknadsdel på 13 pst.

2.5.2.3 Forsikring og pensjon

Det er 22 livsforsikringsselskap på den norske marknaden. Dette er uendra frå 2010. Av dei 22 selskapa er 12 norske selskap og 10 er mindre filialar av utanlandske selskap. Samla forvaltningskapital var 907 mrd. kroner ved utgangen av 2011. Marknadsdelen til dei tre største selskapa, DNB Livsforsikring, Storebrand Livsforsikring og Kommunal Landspensjonskasse (KLP), var 82 pst. målt i forvaltningskapital. Dette har lenge vore nær uendra.

Det er 95 private og kommunale pensjonskasser i Noreg med om lag 201 mrd. kroner i samla forvaltningskapital.

Det er 96 aktørar som tilbyr skadeforsikring på den norske marknaden gjennom etablering i Noreg. Dei fire største skadeforsikringsselskapa, Gjensidige Forsikring, If Skadeforsikring, Tryg Vesta og Sparebank 1 Skadeforsikring, hadde ein samla marknadsdel på 65 pst. målt etter forfallen bruttopremie ved utgangen av 2011. Dei fleste små skadeforsikringsselskapa er sjøforsikringsselskap og såkalla captive-selskap (selskap skipa innanfor eit konsern eller ein organisasjon for å handtera eigne risikoar).

2.5.2.4 Verdipapir

Ved utgangen av 2011 var det 140 verdipapirføretak på den norske marknaden. Av dei var 29 bankar. Filialar av utanlandske verdipapirføretak og grensekryssande investeringstenesteverksemd er ikkje medrekna. I verdipapirføretak som er bankar, vert det ytt investeringstenester i samband med vanleg bankverksemd. For alle verdipapirføretaka var kapital under aktiv forvaltning om lag 758 mrd. kroner.

Forvaltningsselskapa for verdipapirfond hadde ved utgangen av 2011 ein forvaltningskapital på om lag 826 mrd. kroner. Av dette var 485 mrd. kroner forvalta for norskregistrerte verdipapirfond, medan 341 mrd. kroner var kapital til aktiv forvaltning. Verdipapirfond er kollektive investeringsordningar og sjølvstendige juridiske einingar.

2.5.3 Resultat og soliditet i kredittinstitusjonane

2.5.3.1 Bank

Resultata for dei norske bankane var noko lågare i 2011 enn i 2010. Før skatt fikk bankane eit samla resultat på vel 33 mrd. kroner, om lag 2 ½ mrd. kroner lågare enn i 2010. Justert for store eingongsverknader i 2010 knytte til pensjonskostnader og samanslåingsgevinstar var 2011-resultatet likevel 5 pst. betre enn 2010-resultatet. Jamført med forvaltningskapitalen var resultata i 2011 på nivå med gjennomsnittet for dei ti siste åra, jf. figur 2.10A.

Avkastninga på eigenkapitalen etter skatt minka frå 13 pst. i 2010 til 10,8 pst. i 2011, men tek ein her òg omsyn til dei store eingongsverknadene i 2010, var nedgangen marginal. Tre mindre bankar gjekk med underskot i 2011.

Tabell 2.2 Resultat for alle norske bankar

2011

2010

Mill. kr.

Pst. av GFK1

Mill. kr.

Pst. av GFK

Netto renteinntekter

55 641

1,49 %

52 975

1,51 %

Andre inntekter

26 287

0,70 %

26 679

0,76 %

Løns- og personalkostnader

21 066

0,56 %

18 587

0,53 %

Andre kostnader

20 287

0,54 %

19 121

0,55 %

Driftsresultat før tap

40 574

1,09 %

41 946

1,20 %

Tap på utlån

6 874

0,18 %

6 269

0,18 %

Vinst/tap på ikkje-finansielle eigedelar og langsiktige verdipapir

-71

0,00 %

295

0,01 %

Resultat før skatt

33 630

0,90 %

35 971

1,03 %

Skattekostnad

9 310

0,25 %

9 416

0,27 %

Resultat etter skatt

24 320

0,65 %

26 554

0,76 %

Eigenkapitalavkastning

10,8 %

13,0 %

1 Gjennomsnittleg forvaltningskapital (GFK) gjennom året i kvar einskild bank

Kjelde: Finanstilsynet

Den viktigaste inntektskjelda til bankane er netto renteinntekter, som er skilnaden mellom renteinntektene og rentekostnadene. Jamført med gjennomsnittleg forvaltningskapital har desse inntektene minka i fleire år, men har vore stabile dei siste par åra, jf. figur 2.10A. Utviklinga i renteinntektene heng nær saman med utviklinga i rentemarginen, som er skilnaden mellom gjennomsnittleg utlåns- og innskotsrente. Figur 2.10B syner at samla rentemargin har vore om lag uendra dei siste par åra, medan marginane på utlån og innskot har variert mykje. Utviklinga i marginane på utlån og innskot er mellom anna prega av aukande konkurranse på bustadlånsmarknaden og konkurranse om kundeinnskot som finansieringskjelde.

Bankane står andsynes dyrare marknadsfinansiering som ikkje vert fanga opp i rentemarginen. Rentepåslaget på bankane sine obligasjonsinnlån er monaleg høgare enn i tida før finanskrisa, jf. figur 2.10C. Etter kvart som innlåna som vart opptekne før finanskrisa, kjem til forfall og nye innlån med høgare påslag kjem i staden, aukar finansieringskostnadene til bankane.

På den andre sida har kostnadsnivået i bankane vore fallande i fleire år, jf. utviklinga i driftskostnadene i figur 2.10A. Kostnadene har minka i høve til både inntekter og forvaltningskapital, og reduksjonen er jamt fordelt på personalkostnader og andre driftskostnader.

Figur 2.10 Resultat, rentemargin, misleghald, rein kjernekapitaldekning o.a.

Figur 2.10 Resultat, rentemargin, misleghald, rein kjernekapitaldekning o.a.

I figur B er utlånsmarginen skilnaden i prosenteiningar mellom effektiv Nibor-rente (3 mnd.) og gjennomsnittleg utlånsrente, medan innskotsmarginen er skilnaden mellom Nibor og gjennomsnittleg innskotsrente. Den samla rentemarginen er skilnaden i prosenteiningar mellom gjennomsnittleg utlåns- og innskotsrente.

I figur C er «swaprenter» renter i rentebyteavtaler med 5 års løpetid, inngått mellom bankar. I slike rentebyteavtaler vert ei fastrente bytt mot ei flytande rente. Ein nyttar swaprenter i utrekninga av dei indikative kredittpåslaga av di swaprentene speglar venta 3-månaders pengemarknadsrenter over 5 år.

I figur E står «Basel I-golv» for ei overgangsordning som inneber at institusjonar som nyttar interne modellar, skal ha ansvarleg kapital som minst svarar til 80 pst. av minstekravet til kapital under Basel I-reglane.

I figur F omfattar kategoriane «Andre (større)» og «Andre (små)» andre bankar med forvaltningskapital høvesvis over og under 10 mrd. kroner.

Kjelde: DNB Markets, Finanstilsynet, Noregs Bank og Statistisk sentralbyrå

Utlånstapa i bankane utgjorde 0,24 pst. av dei samla utlåna (eller 0,18 pst. jamført med forvaltningskapitalen, sjå tabell 2.2) i 2011, mot 0,22 pst. i 2010. Tapa i 2011 svarar til 6,9 mrd. kroner. Held ein tapa til DNB Bank gjennom dotterselskapet DNB Nord utanom, utgjorde utlånstapa i bankane 0,19 pst. av dei samla utlåna. Den marginale auken frå 2010 kjem av ein liten auke i tapa i DNB Bank (til 0,26 pst. av utlåna) og ei dobling i tapa i Nordea Bank Norge (til 0,31 pst. av utlåna). Auken i tapa til Nordea kjem for det meste av tap på nokre få større føretaksengasjement. For dei andre bankane var det samla sett ein nedgang i tapa frå 2010 til 2011.

Misleghaldet, som kan vera ein indikator på framtidig tap på utlån, låg på same nivå i 2011 som året før, jf. figur 2.10D. Misleghaldet i bankkonserna utgjorde 1,7 pst. av utlåna i 2011. Talet er i nokon mon påverka av at bankane har overført bustadlån med låg risiko til kredittføretak, sjølv om talet inkluderer misleghald i kredittføretak som er del av bankkonsern. Dersom utviklinga med å overføra trygge bustadlån til kredittføretaka held fram, vil utlånsporteføljen til bankane innehalda ein større del føretakslån og ein mindre del sikre bustadlån i framtida. Det kan føra til høgare og meir varierande tap i bankane i åra som kjem.

Bankane si evne til å bera tap utan at innskytarar og andre alminnelege kreditorar lid tap, er avhengig av nivået og kvaliteten på kjernekapitalen og annan ansvarleg kapital. Etter kapitaldekningsreglane skal kjernekapitalen utgjera minst 4 pst. av den risikovekta balansen, og den ansvarlege kapitalen skal utgjera minst 8 pst. Kapitaldekningsreglane er omtala i boks 2.8.

Boks 2.8 Gjeldande kapitaldekningsreglar

Finansinstitusjonane skal ha ein buffer i form av ansvarleg kapital for å kunna bera dei tapa dei risikerer gjennom verksemda si. Den ansvarlege kapitalen i bankar og andre finansinstitusjonar tener som eit vern for innskytarar, forsikringstakarar, kreditorar og i mange tilfelle òg for samfunnet. Soliditet i finansinstitusjonane er dessutan viktig for å dempa medsykliske svingingar i utlånspraksis som igjen kan forsterka konjunktursvingingar i økonomien.

Kapitaldekningsreglane byggjer på tre såkalla pilarar. Pilar I handlar om dei tekniske berekningane av kapitalkrava og set opp minstekrava til ansvarleg kapital. Pilar II inneheld krav om at institusjonane sjølve skal vurdera kor mykje kapital dei treng i høve til den samla risikoeksponeringa. Tilsynsstyresmaktene skal gå gjennom desse vurderingane og kan setja kapitalkrav til einskildinstitusjonar ut over minstekrava etter pilar I. Pilar III inneheld reglar om informasjon som institusjonen skal offentleggjera, noko som skal medverka til marknadsdisiplinen.

Minstekravet til kapitaldekning i norske finansinstitusjonar etter pilar I er at ansvarleg kapital skal utgjera minst 8 pst. av berekningsgrunnlaget, medan kjernekapitaldekninga må vera på minst 4 pst. av berekningsgrunnlaget. I tillegg vert det sett krav om at finansinstitusjonane minst må ha kjernekapitaldekning på mellom 6 og 7 pst. (avhengig av risikoprofilen) for å kunna utferda fondsobligasjonar, og som hovudregel minst 7 pst. kjernekapitaldekning for å kunna utferda tidsavgrensa ansvarlege lån.

Detaljerte reglar om berekningsgrunnlaget er fastsette i kapitalkravsforskrifta. Detaljar om kva ansvarleg kapital kan vera samansett av, følgjer av forskrifta om berekning av ansvarleg kapital.

Berekningsgrunnlaget er den risikovekta verdien av eigedelane til finansinstitusjonane. Etter dei tidlegare internasjonale reglane for kapitaldekning, Basel I-reglane, skulle berekningsgrunnlaget fastsetjast ut frå faste risikovekter på ulike eigedelar. Desse sjablongvektene for risiko innebar at eigedelsporteføljar som etter reglane gav like minstekrav til kapital, kunna variera mykje med omsyn til risiko.

Basel II-reglane, som tok til å gjelda 1. januar 2007, skal knyta kapitalkravet nærare saman med dei reelle risikoane. Bankane må anten nytta ein standardmetode for utrekning av kapitalkravet, eller dei må nytta eigne, interne modellar. Standardmetoden inneber at eigedelane til bankane skal risikovektast i balansane ut frå kredittvurderingar frå kredittratingbyrå der slike finst, men reglane er elles langt på veg som dei tidlegare reglane (Basel I). Bankar som nyttar interne modellar, skal vekta eigedelar i samsvar med modellar som vert kalibrerte ut frå mellom anna banken sin eigen risikohistorikk. Det er ikkje råd å få til større risikosensitivitet i regelverket utan at berekningsgrunnlaga til bankane vert meir vare for økonomiske opp- og nedturar. Dessutan har bruk av interne modellar i bankane i praksis ført til gjennomgåande lågare risikovekter, lågare berekningsgrunnlag og såleis òg mindre kapital for ei viss kapitaldekning enn det som var tilfelle under Basel I- regelverket.

Som nemnt i kapittel 3 arbeider ein no med endringar i Basel II-regelverket ut frå røynslene med den internasjonale finanskrisa. Pakka med endringar vert ofte kalla Basel III.

Dei seinare månadene har såkalla rein kjernekapitaldekning, der hybridkapitalinstrument (instrument med eigenskapar til felles med både gjeld og eigenkapital) er fråtrekte i berekninga, vorte eit meir nytta mål på soliditeten i bankar. Mellom anna kom ein på ministernivå i EU i oktober 2011 til semje om at europeiske storbankar bør ha ei rein kjernekapitaldekning på minst 9 pst. innan 30. juni 2012. Den europeiske banktilsynsmakta EBA har følgt opp denne semja. EBA har gjeve råd til tilsynsstyresmaktene i EU-landa om korleis bankane kan oppkapitaliserast for å nå målet. I Noreg legg Finanstilsynet til grunn at alle norske bankar vil ha ei rein kjernekapitaldekning på minst 9 pst. innan 30. juni 2012.

Norske bankar har styrkt soliditeten monaleg etter 2008, jf. figur 2.10E. Frå utgangen av 2010 til utgangen av 2011 auka dei den reine kjernekapitaldekninga frå 10,7 pst. til 11 pst. Den totale kapitaldekninga, som inkluderer hybridkapitalinstrument og ansvarleg lånekapital, låg på 13,6 pst. ved utgangen av 2011, ned 0,6 prosenteiningar frå året før. Bankane har auka forvaltningskapitalen samstundes som den reine kjernekapitaldekninga har auka. Det syner at bankane har styrkt soliditeten gjennom å auka kjernekapitalen framfor å redusera balansen. Bankane har halde att delar av resultata – som har vore gode i perioden – og dei har henta inn kapital i marknaden.

Dei fleste norske bankane ligg allereie over EU-tilrådinga om minst 9 pst. rein kjernekapitaldekning, jf. figur 2.10F. Finanstilsynet er i dialog med dei bankane som ligg under 9 pst., og har mellom anna pålagt dei å laga planar for å koma opp på 9 pst. innan 30. juni 2012. Det er grunn til å tru at EU-tilrådinga kan gje opphav til ein høgare marknadsstandard for soliditet i bankane. Saman med uvissa om den vidare økonomiske utviklinga talar dette for at bankane bør sikta mot å ha ein viss buffer ned til ei rein kjernekapitaldekning på 9 pst.

Gjennomføringa av dei såkalla Basel III-tilrådingane i EØS-retten vil gje høgare minstekrav til kapitaldekning enn dei som gjeld i dag, jf. omtala i kapittel 3. Tilpassinga til dei nye minstekrava talar òg for styrkt soliditet, sjølv om dei norske bankane allereie ligg godt an òg i høve til desse framtidige minstekrava.

Resultatutviklinga dei siste åra og utsiktene framover tyder på at bankane vil kunna styrkja soliditeten endå meir gjennom å halda att overskot. Dei kan òg henta ny eigenkapital på marknaden og frå eigarane. Fleire av dei større sparebankane henta inn ny eigenkapital på marknaden i 2011, medan andre varsla tidleg i 2012 at dei ville utferda eigenkapitalinstrument på marknaden. Som drøfta i boks 2.9 er det ikkje gjeve at dei samla finansieringskostnadene for ein bank vil auka om han styrkjer soliditeten. Sidan risikoen minkar for både eigarane og kreditorane når soliditeten er betre, kan banken rekna med lågare avkastningskrav på både eigenkapitalen og gjelda.

Boks 2.9 Gevinst og kostnad ved auka eigenkapital i bankar

Eit føretak må generelt gje eigenkapitalen ei høgare avkastning enn gjelda. Ein viktig grunn til det er at eigenkapitalen tek meir risiko enn gjelda. Reduserer føretaket eigenkapitalen, aukar risikoen både for eigarane og kreditorane. Eit føretak med låg eigenkapital må altså rekna med at avkastningskravet frå eigarane og renta på innlåna er høgare enn i eit tilsvarande føretak med høgare eigenkapital.

Franco Modigliani og Merton Miller utvikla på slutten av 1950-talet eit kjent resultat som kallast Modigliani-Miller-teoremet.1 Modigliani og Miller fekk seinare Sveriges Riksbanks pris i økonomisk vitskap til minne om Alfred Nobel. Teoremet seier at verdien av eit føretak – og såleis òg dei samla finansieringskostnadene til føretaket – under visse føresetnader er uavhengig av kapitalstrukturen til føretaket, altså av høvet mellom eigenkapitalen og gjelda.2 Føresetnadene gjeld neppe fullt ut, mellom anna av di skattetilhøve og informasjonsmessige asymmetriar kan gjera det dyrare å finansiera seg med ny aksjekapital enn med gjeld.

Særskilde tilhøve kan gjera gjeldsfinansiering rimelegare for bankar enn for andre føretak.3 Mellom anna har nokre studiar peika på at kortsiktige, sikra innlån (og kundeinnskot) kan innebera pengeliknande tilgjengelegheit og tryggleik for kreditorane, og såleis låg finansieringskostnad for bankane.4 I tillegg har marknaden oppfatta det slik at nokre bankar har ein implisitt statsgaranti som gjer at aksjeeigarane og kreditorane kan velta noko av risikoen over på samfunnet.5 I tilfellet med implisitt statsgaranti er ikkje auka finansieringskostnader hjå bankane som følgje av auka eigenkapitaldel ein samfunnøkonomisk kostnad.

Den europeiske sentralbanken (ESB) har nyleg rekna på i kva mon Modigliani-Miller-teoremet faktisk held for bankar.6 ESB har nytta data for 54 bankar frå heile verda, inkludert dei nordiske storbankane, frå perioden 1995–2011, og kome til at Modigliani-Miller-effekten truleg ligg ein stad mellom 41 og 73 pst. (avhengig av modelleringa). Det inneber i så fall at mellom 41 og 73 pst. av kostnaden ved auka eigenkapitaldel vert vunnen att gjennom lågare krav til eigenkapitalavkastning. Ifølgje eit illustrerande døme i ESB-artikkelen kan kravet til eigenkapitalavkastning etter dette minka med opp mot 2 prosenteiningar om eigenkapitaldelen vert dobla.

Resultata tyder på at krav om meir eigenkapital i bankane, som fremjar finansiell stabilitet, kan innførast utan at finansieringskostnadene til bankane aukar mykje. Kostnaden med å byggja opp eigenkapital kan likevel vera høg i ein nedgangskonjunktur når overskota er små. Då kan òg marknaden for emisjonar fungera dårleg. Det talar for at bankane bør halda att overskot for å byggja opp eigenkapitalen i gode tider.

Eigenkapitalen i bankane bør vera høgare av samfunnsøkonomiske omsyn enn ut frå perspektivet hjå kvar einskild bank. Grunnen er at alvorlege forstyrringar i finanssystemet, som vert meir sannsynlege om eigenkapitalbufferane til bankane er små, er særs skadelege for økonomien som heilskap.

Fleire studiar har rekna på netto samfunnsøkonomiske gevinstar av meir eigenkapital i bankane. Studiane byggjer på at eigenkapitalen i bankane påverkar BNP gjennom to ulike kanalar, som trekk BNP i kvar si retning. I den eine kanalen (kostnadskanalen) fører auka eigenkapital til høgare finansieringskostnadar for bankane. Det fører igjen til lågare kredittilbod eller høgare utlånsrenter til publikum, noko som trekk BNP ned.

I den andre kanalen (gevinstkanalen) fører auka eigenkapital i bankane til mindre fare for finanskriser. Finanskriser påverkar BNP negativt. Om faren for finanskriser minkar, aukar venta BNP. Gevinstane ved auka eigenkapital i bankane vert altså kanalisert til samfunnet gjennom fråværet av reduksjon i BNP som følgje av finanskriser.

I studiane legg ein til grunn at gevinsten ved å auka eigenkapitalen med éi eining er større di lågare eigenkapitalen er, medan kostnaden er ein konstant reduksjon i BNP for kvar eining auke i eigenkapital. Den samfunnsøkonomisk optimale eigenkapitaldekninga finn ein der den samfunnsøkonomiske kostnaden ved å auka eigenkapitaldekninga med éi eining er lik den samfunnsøkonomiske gevinsten, der både kostnaden og gevinsten vert målt i verknaden på BNP.

Baselkomiteen har i ein studie funne at den optimale reine kjernekapitaldekninga (rein kjernekapital i prosent av det risikovekta berekningsgrunnlaget) på sikt kan liggja ein stad mellom 10 og 15 pst.,7 medan forfattarane av ein artikkel utgjeven av Bank of England har funne at den reine kjernekapitaldekninga minst bør liggja mellom 16 og 20 pst.8 Spennet i anslaga kjem særleg av at ein i kvar studie oftast reknar ut frå to eller fleire føresetnader om kor kraftige og varige verknader finanskriser har på BNP. Vidare er det verdt å merkja seg at forfattarane av Bank of England-artikkelen legg til grunn ein Modigliani-Miller-effekt på 45 pst., medan Baselkomiteen set han til 0 pst. Baselkomiteen vedgår at dette er konservativt, og at anslaget deira difor kan vera for lågt. Sveriges Riksbank har på si side rekna ut at svenske storbankar helst bør ha ei rein kjernekapitaldekning på mellom 10 og 17 pst., men Riksbanken vedgår til liks med Baselkomiteen at premissen deira om ingen Modigliani-Miller-effekt kan gje for låge anslag.9

Både dei nemnde og andre studiar av samfunnsøkonomisk optimal rein kjernekapitaldekning i bankar kjem fram til at bankane bør ha monaleg meir kapital enn det som følgjer av minstekrava i Basel III-tilrådingane.

1 Modigliani, Franco og Merton Miller (1958). «The cost of capital, corporation finance and the theory of investment». American Economic Review, nr. 48/1958.

2 Blant føresetnadene i teoremet er fråvar av skattar, konkurskostnader, agentkostnader og asymmetrisk informasjon, og at marknaden skal vera effisient, det vil seia at prisane skal spegla all tilgjengeleg informasjon.

3 Det er gode haldepunkt for å seia at Modigliani-Miller-teoremet i utgangspunktet òg gjeld for bankar, jf. mellom anna Admati, Anat R., Peter M. DeMarzo, Martin F. Hellwig og Paul Pfleiderer (2011). «Fallacies, Irrelevant Facts, and Myths in the Discussion of Capital Regulation: Why Bank Equity is Not Expensive». Stanford Graduate School of Business Research Paper Series, nr. 2063/2011.

4 Det er greidd ut om dette i mellom anna Kashyap, Anil K., Jeremy C. Stein og Samuel Hanson (2010). «An Analysis of the Impact of ’Substantially Heightened’ Capital Requirements on Large Financial Institutions». Upublisert artikkel (mimeo) frå University of Chicago Booth School of Business og Harvard University, mai 2010.

5 Sjå til dømes Haldane, Andrew (2010). «The $100 billion question». Tale frå 30. mars 2010, publisert på nettsidene til Bank of England.

6 Den europeiske sentralbanken (2011). «Common equity capital, banks’ riskiness and required return on equity» i Financial Stability Review December 2011.

7 Baselkomiteen for banktilsyn (2010). «An assessment of the long-term economic impact of stronger capital and liquidity requirements».

8 Miles, David, Jing Yang og Gilberto Marcheggiano (2011). «Optimal bank capital». Bank of England Discussion Paper, nr. 31/2011.

9 Sveriges Riksbank (2011). «Lämplig kapitalnivå i svenska storbanker – en samhällsekonomisk analys».

Meininga med Basel II-reglane for kapitaldekning, som har vore gjeldande sidan 2007, er å måla risikoen ved verksemda til bankar meir nøye enn ein kunne med dei tidlegare meir sjablongmessige Basel I-reglane. Dei større norske bankane nyttar i stor mon såkalla interne modellar for å rekna ut den risikovekta balansen (berekningsgrunnlaget) som ligg til grunn for kapitaldekningskrava. Andre bankar nyttar ein standardmetode som gjev eit kapitalkrav på om lag same nivå som utrekningar etter Basel I-reglane, jf. figur 2.11A nedanfor.

Som ei overgangsordning skal bankar som nyttar interne modellar, ha ansvarleg kapital som minst svarar til 80 pst. av minstekravet til kapital etter Basel I-reglane. Overgangsordninga, som vert kalla «Basel I-golvet», hindrar at dei interne modellane reduserer berekningsgrunnlaget for mykje, og gjeld i alle landa i Norden. Figur 2.10E syner kva utslag denne ordninga har for den rapporterte soliditeten til bankane.

Figur 2.10E syner òg kor mykje rein kjernekapital bankane har som del av den ikkje-risikovekta forvaltningskapitalen. Fram til 2008 minkar denne uvekta brøken meir enn den risikovekta brøken, medan han etter 2008 har auka saktare. Skilnaden mellom desse to måla på soliditet syner at tilveksten i eigedelar har vore større enn tilveksten i kapitalkrava. Skilnaden har auka jamt med tida og har aldri vore høgare enn ved utgangen av 2011. Eit nytt kapitalkrav knytt til eit uvekta soliditetsmål vil truleg verta innført om nokre år i EU/EØS-området og andre stader, jf. kapittel 3. Bakgrunnen er røynslene frå den internasjonale finanskrisa, då ein mellom anna såg at veike risikomodellar kan dekkja til og undervurdera risiko.

Interne modellar inneber generelt minska kapitalkrav gjennom lågare risikovekter, jf. figur 2.11A. Dette ser ein både internasjonalt og hjå norske bankar, sjølv om dei faktiske kapitalkrava ligg monaleg høgare i dei landa som har Basel I-golv (som altså set ei grense for kor låge dei reelle risikovektene kan verta). Det kan reisast spørsmål ved om dei lågare risikovektene som følgjer av modellane, verkeleg speglar betre risikostyring og kontroll, særleg med tanke på at Basel II-reglane (som opna for dei interne modellane) vart innførde då utviklinga i lengre tid hadde vore nokså god og stabil, både på finansmarknadene og i realøkonomien. Sjølv om ein uttrykkeleg kravde at modellane skulle kalibrerast med omsyn til dette, er modellane farga av historiske data, og truleg særleg av dei nyare observasjonane. Såleis kan risikovektene verta lågare etter lengre periodar med låge tap og medverka til lågare kapitaldekning samstundes som risiko kan byggja seg opp. Det er stor uvisse om kor godt dei interne modellane som vert nytta i dag, høver til å berekna framtidig risiko. På somme område, så som risiko knytt til bustadlån, er det tydeleg at historiske tal gjev eit avgrensa døme på risikoen.

Figur 2.11A og 2.11B illustrerer at kapitalkrava speglar historiske tap. Jamvel under den norske bankkrisa i byrjinga av 1990-åra var tapa på lån til personkundar, som stort sett er bustadlån, låge jamført med tapa på lån til føretak. Når økonomien i hushalda vert svekt, har hushalda til no ofte prioritert å betala på bustadlånet og stramma inn på konsum og andre utgifter. Slik er det i fleire land. I periodar med finansiell uro eller lågare økonomisk aktivitet kan bankane sine tap på bustadlån difor vera etter måten små sjølv om det kanskje er hushalda som fyrst får økonomiske vanskar. Lågare etterspurnad frå hushalda svekkjer innteninga til føretaka og aukar bankane sine tap på lån til føretaka.

Som nemnt i avsnitt 2.4.3 ovanfor utgjer utviklinga på bustadmarknaden og i gjelda til hushalda ein stor risiko for bankane. Korkje bustadprisane eller gjelda i hushalda har nokon gong vore så høge som no, og rentenivået er svært lågt. Bankane har ikkje røynsler med noko slikt. Om risikoen vert utløyst, kan tapa auka monaleg på både bustadlån og lån til føretak. Det kan tala for særleg varsemd og for at bankane og kredittføretaka bør halda meir kapital bak kvart lån i båe segmenta.

Figur 2.11 Risikovekter for berekning av kapitalkrav og tap på utlån i norske bankar (bankkonsern) og bustadkredittføretak

Figur 2.11 Risikovekter for berekning av kapitalkrav og tap på utlån i norske bankar (bankkonsern) og bustadkredittføretak

Dei modellbaserte vektene i figur A er vekta gjennomsnitt per 2. kvartal 2011 for den delen av låneporteføljen i institusjonane som institusjonane nyttar interne modeller på for å berekna kapitalkravet. Institusjonane nyttar i ulik mon standardmetoden og eigne, interne modellar på ulike delar av låneporteføljane sine, innanfor både føretakslån og bustadlån. Vidare er ikkje dei modellbaserte vektene fullt ut representative for det faktiske kapitalkravet, av di det gjeldande Basel I-golvet set ei grense for kor låge dei reelle vektene kan verta. Basel I-golvet er ei overgangsordning som inneber at institusjonar som nyttar interne modellar, skal ha ansvarleg kapital som minst svarar til 80 pst. av minstekravet til kapital etter Basel I-reglane.

I figur B er dei sektorfordelte tapa berre tap hjå bankar (morbankar). Av di tapa på lån til personkundar er høgare i bankane enn i bustadkredittføretaka (som har dei sikraste bustadlåna), vil tapa på lån til personkundar i bankane og kredittføretaka samla vera lågare enn det figuren gjev inntrykk av.

Kjelde: Finanstilsynet og Noregs Bank

2.5.3.2 Kredittføretak

Resultatet før skatt for kredittføretaka (Eksportfinans ASA ikkje medrekna) var 5,7 mrd. kroner i 2011, mot 5,2 mrd. kroner i 2010. Jamført med gjennomsnittleg forvaltningskapital fall resultatet frå 0,50 pst. til 0,47 pst., i hovudsak som følgje av fall i netto renteinntekter. Kredittføretaka hentar det meste av finansieringa si gjennom å utferda obligasjonar med førerett (OMF). Marknaden for OMF har vore prega av den generelle uroa på finansmarknadene i 2011, men kredittføretaka har ikkje hatt problem med å utferda slike papir. Rentekostnaden til kredittføretaka har likevel gått opp i 2011, ettersom rentepåslaget på slike papir òg har auka noko, særleg mot slutten av året, jf. figur 2.10C ovanfor. Dei bokførde tapa til kredittføretaka er låge, og noko lågare i 2011 enn i 2010, jamført med gjennomsnittleg forvaltningskapital. Misleghaldet er òg lågt, men her har det vore ein liten auke i 2011.

Det har vore stor auke i utlåna frå kredittføretak dei siste åra. Årsaka er at bankane i stor mon overfører utlånsporteføljar til bustadkredittføretak. Utlåna frå kredittføretaka auka med 19 pst. til om lag 1 100 mrd. kroner i 2011. Året før auka dei med rundt 30 pst. Når bankane overførar bustadlån til kredittføretak, kan bankane i røynda nytta marknaden for OMF til å finansiera verksemda si. Det er til no ikkje utferda mykje OMF med trygd i næringseigedomslån, men bankane sit òg på ein heil del slike lån som kan eigna seg for overføring til kredittføretak.

Norske kredittføretak er underlagde dei same kapitaldekningsreglane som norske bankar. Ved utgangen av 2011 hadde kredittføretaka ei rein kjernekapitaldekning på 10,3 pst., marginalt lågare enn året før. Den totale kapitaldekninga (medrekna hybridkapital og ansvarleg lånekapital) var 11,8 pst.

Tabell 2.3 Resultatpostar kredittføretak (utan Eksportfinans)

2011

2010

Mill. kroner

Pst. av GFK

Mill. kroner

Pst. av GFK

Netto renteinntekter

5 411

0,45 %

5 559

0,54 %

Andre inntekter

1 687

0,14 %

1 654

0,16 %

Andre kostnader

1 275

0,11 %

1 912

0,18 %

Driftsresultat før tap

5 822

0,48 %

5 300

0,51 %

Bokførde tap

110

0,01 %

108

0,01 %

Resultat før skatt

5 712

0,47 %

5 192

0,50 %

Eigenkapitalavkastning

9,9 %

10,6 %

Rein kjernekapitaldekning

10,3 %

10,5 %

Kjelde: Finanstilsynet

Året 2011 var turbulent for Eksportfinans ASA. Mellom anna vart gjelda til føretaket nedgradert av ratingbyråa etter at det vart kjent at føretaket ikkje lenger skulle forvalta den statlege ordninga for subsidierte eksportkredittar. Nedgraderinga gav eit kraftig fall i marknadsverdien av gjelda til Eksportfinans. Dette slo inn i rekneskapen til Eksportfinans som ein stor urealisert gevinst, av di Eksportfinans rekneskapsfører storparten av si eiga gjeld til såkalla verkeleg verdi. Rekneskapsføring av finansielle instrument til verkeleg verdi innber oftast at ein nyttar marknadsprisane på instrumenta. Eksportfinans sitt resultat før skatt vart såleis særs høgt i 2011. Rekneskapen syner at medan føretaket fekk eit resultat på 600 mill. kroner i 2010, var resultatet for 2011 på heile 42 mrd. kroner. Utan den urealiserte gevinsten på gjelda ville resultatet for 2011 truleg vera om lag det same som for 2010.

2.5.3.3 Finansieringsselskap

Resultatet før skatt i finansieringsselskapa var om lag uendra på 1,8 mrd. kroner frå 2010 til 2011. Jamført med gjennomsnittleg forvaltningskapital var resultatet noko lågare i 2011. Det kjem av ein auke i finansieringskostnaden til selskapa, hovudsakeleg via auka finansieringskostnad hjå morselskapa deira. Jamført med gjennomsnittleg forvaltningskapital minka utlånstapa frå 0,9 pst. i 2010, til 0,6 pst. i 2011. Den reine kjernekapitaldekninga var i røynda uendra frå 2010 til 2011 og var om lag 17 pst. ved utgangen av året.

Fleire av finansieringsselskapa og somme bankar driv med forbruksfinansiering. Dette er lån som stort sett vert gjevne utan krav om trygd, og som inneber høg kredittrisiko. Forbrukslåna omfattar kortbaserte utlån og andre slags lån, og dei fleste ligg mellom 10 000 kroner og 400 000 kroner. Figur 2.12 syner utviklinga i slike utlån i eit utval av selskap, og dessutan utviklinga i tap og misleghald. Utlånsveksten minka markert i 2009, men har teke seg opp att dei siste par åra. Tapa på forbrukslån ligg generelt høgare enn på andre slags lån til personkundar, men har minka jamt dei siste åra, og låg i 2011 på 1,5 pst. av utlåna.

Medan storparten av forbrukslåna vert gjevne til låntakarar mellom 40 og 50 år, er det låntakarane under 30 år som oftast mislegheld forbrukslåna sine.

Figur 2.12 Forbrukslån i eit utval av finansieringsselskap (mrd. kroner) og tap og misleghald i  prosent av utlån

Figur 2.12 Forbrukslån i eit utval av finansieringsselskap (mrd. kroner) og tap og misleghald i prosent av utlån

Kjelde: Finanstilsynet

2.5.4 Resultat og soliditet i forsikringsselskapa og pensjonskassene

2.5.4.1 Livsforsikringsselskap

Det bokførde resultatet i livsforsikringsselskapa før skatt og kundetildeling vart halvert frå 2010 til 2011 og enda på 6 mrd. kroner, jf. tabell 2.4. Det verdijusterte resultatet (som tek omsyn til urealiserte kursgevinstar) før skatt og kundetildeling var om lag –3,4 mrd. kroner i 2011. Dette er monaleg lågare enn i 2010 og 2009 då det verdijusterte resultatet var høvesvis 23 og 15 mrd. kroner, men ikkje så ille som i 2008 då det enda på –22 mrd. kroner. Resultatet i 2011 er prega av utviklinga på internasjonale aksjemarknader, særleg i 3. kvartal 2011. I dei andre kvartala i 2011 fekk livsforsikringsselskapa positive resultat.

Jamført med gjennomsnittleg forvaltningskapital utgjorde premieinntektene 9,7 pst. og erstatningane 6,1 pst. i 2011, om lag uendra frå 2010. Det meste (om lag 80 pst.) av premieinntektene kom frå kollektive pensjonsprodukt. Av dette utgjorde inntekter frå private og kommunale ordningar høvesvis 46 og 54 pst. Utviklinga med at innskotsbaserte pensjonsprodukt utgjer ein større del av premieinntektene, heldt fram. I 2011 kom 40 pst. av premieinntektene frå dei kollektive private ordningane frå innskotsprodukt.

Tabell 2.4 Resultatpostar i norske livsforsikringsselskap

2011

2010

Mill. kr.

Pst. av GFK

Mill. kr.

Pst. av GFK

Premieinntekter

85 095

9,7 %

79 358

9,6 %

Nettoinntekter frå finansielle eigedelar i kollektivporteføljen

20 040

2,3 %

45 122

5,5 %

av dette renteinntekter og utbyte

24 516

2,8 %

21 977

2,7 %

av dette gevinstar ved realisasjon

-1 595

-0,2 %

4 702

0,6 %

av dette verdiendringar

-10 170

-1,2 %

11 040

1,3 %

Erstatningar

-53 986

-6,1 %

-50 400

-6,1 %

Endring i kontraktfastsette forsikringsskyldnader

-29 986

-3,4 %

-49 018

-5,9 %

av dette endring i kursreguleringsfond

9 375

1,1 %

-10 639

-1,3 %

Midlar tilordna forsikringskontraktane

-2 4040

-0,3 %

-7 931

-1,0 %

Forsikringsrelaterte driftskostnader

-5 762

-0,7 %

-5 685

-0,7 %

Resultat av teknisk rekneskap (kundeporteføljane)

2 298

0,3 %

2 973

0,4 %

Resultat av ikkje-teknisk rekneskap (selskapsporteføljen)

1 293

0,2 %

1 775

0,2 %

Resultat før skatt og tildeling til kundar

5 992

0,7 %

12 680

1,5 %

Verdijustert resultat før skatt og tildeling til kundar

-3 383

-0,4 %

23 319

2,8 %

Totalresultat etter skatt

2 662

0,3 %

5 296

0,6 %

Kjelde: Finanstilsynet

Den bokførde kapitalavkastninga i kollektivporteføljen (som for det meste skal dekkja skyldnader med ein viss rentegaranti) var 4,2 pst. i 2011, om lag ei prosenteining lågare enn i 2010, jf. figur 2.13A. Den verdijusterte kapitalavkastninga (som tek omsyn til urealiserte kursgevinstar) enda på 2,8 pst. i 2011, og det var ned frå 6,8 pst. i 2010.

Figur 2.13B syner at renteinntektene er ein stabil og viktig del av inntektene frå eigedelane i kollektivporteføljen. Jamført med gjennomsnittleg forvaltningskapital var desse inntektene marginalt høgare i 2011 enn i 2010 sjølv om rentene på dei sikraste papira fall i 2011. Inntektene frå obligasjonar haldne til forfall vert ikkje straks påverka av lågare rentenivå. Renteinntektene heldt stand òg på grunn av ein generell auke i rentepåslaget på mindre sikre rentepapir, og fordi livsforsikringsselskapa auka behaldninga av rentepapir. Inntektene frå aksjar svingar mykje og har stor innverknad på den samla kapitalavkastninga. Aksjane gav (for det meste urealiserte) tap i 3. kvartal 2011, men auka monaleg i verdi mot slutten av året.

Figur 2.13 Kapitalavkastning, forvaltningsinntekter, bufferkapital og gjennomsnittleg rentegaranti

Figur 2.13 Kapitalavkastning, forvaltningsinntekter, bufferkapital og gjennomsnittleg rentegaranti

Kjelde: Finanstilsynet

Bufferkapitalen gjev uttrykk for livsforsikringsselskapa si evne til å ta tap utan å falla under dei fastsette minstekrava til kapital. Bufferkapitalen er samansett av eigenkapital (i form av kjernekapital ut over minstekravet) og kundemidlar (i form av tilleggsavsetningar opp til eitt års rentegaranti, kursreguleringsfond og risikoutjamningsfond). Jamført med forvaltningskapitalen var bufferkapitalen i livsforsikringsselskapa 4,8 pst. ved utgangen av 2011, ei prosenteining lågare enn året før. Nivået på og samansetjinga av bufferkapitalen ved utgangen av 2011 var om lag som ved utgangen av 2009, jf. figur 2.13C. Nedgangen frå 2010 kjem av fall i kursreguleringsfondet, som speglar (urealiserte) endringar i marknadsverdien på eigedelane i kollektivporteføljen. Stoda betra seg monaleg i 4. kvartal 2011.

Alle livsforsikringsselskapa stetta minstekravet til kapitaldekning og kravet til solvensmargin ved utgangen av 2011. Samla kapitaldekning i livsforsikringsselskapa var 15,7 pst.

Storparten av skyldnadene til livsforsikringsselskapa er skyldnader med ein viss rentegaranti andsynes kundane. Den gjennomsnittlege rentegarantien var om lag 3,3 pst. i 2011, noko lågare enn i 2010, jf. figur 2.13D. Figuren syner òg at rentene på sikre rentepapir har kome ned på eit nivå som kan gjera det utfordrande for selskapa å stabilt oppnå ei avkastning på kundemidlane som overstig rentegarantien. For å møta denne utfordringa må selskapa byggja opp eigenkapitalen og sikra seg inntekter som ikkje er direkte avhengige av marknadsutviklinga.

Etter verksemdsreglar i forsikringsverksemdslova som har vore gjeldande sidan 2008, skal kundane som har kollektive pensjonsprodukt med kontraktfastsette ytingar, kvart år førehandsbetala for forvaltning av midlar knytte til forsikringskontrakten, medrekna selskapet sin risiko for avkastningsresultatet (rentegarantien). Det er såleis viktig at selskapa tek seg godt nok betalt for rentegarantien, og at dei nyttar inntektene til å byggja opp forsvarlege eigenkapitalbufferar for dei åra avkastninga på kundeporteføljane er lågare enn rentegarantien. Prisane (rentegarantipremiane) kan endrast frå år til år og gje selskapa inntekter i år med låge renter òg.

Renterisikoen er annleis for fripolisar og individuelle forsikringskontraktar teikna før 2008, som ved utgangen av 2011 utgjorde om lag 28 pst. av skyldnadene til livsforsikringsselskapa. Selskapa kan ikkje ta inn rentegarantipremie på desse produkta, men får i staden inntektene sine gjennom at selskap og kunde deler overskotet frå kapitalavkastninga (den delen av avkastninga som er høgare enn rentegarantien). Det er difor eit problem for livsforsikringsselskapa om kapitalavkastninga vert lågare enn rentegarantien over lengre tid.

Kundane innanfor ytingsbaserte kommunale tenestepensjonsprodukt med rentegaranti kan ikkje avvikla ordningane (berre flytta dei mellom selskap), men i privat sektor kan slike ordningar avviklast og skiftast ut med innskotsbaserte tenestepensjonsordningar. I slike tilfelle vert dei eksisterande skyldnadene omgjorde til fripolisar, som livsforsikringsselskapa ikkje kan ta inn rentegarantipremie på. Stig rentegarantipremien for føretak som har ytingsbaserte tenestepensjonsordningar, til dømes som følgje av lågt rentenivå i marknaden, aukar sannsynet for at fleire vil avvikla desse ordningane, og for at livsforsikringsselskapa må handsama fleire fripolisar.

Banklovkommisjonen har nyleg gjort framlegg om regelendringar som inneber at det, om forsikringstakaren samtykkjer, kan utferdast fripolisar med investeringsval utan rentegaranti, jf. boks 2.10. Dersom ein skulle opna for slike produkt, kan det redusera dei utfordringane livsforsikringsselskapa har med eksisterande og framtidige fripolisar.

Boks 2.10 Fripolisar med investeringsval o.a.

Når ein arbeidstakar sluttar i eit føretak som har ei tenestepensjonsordning med fastsette ytingar, får arbeidstakaren ein fripolise. Fripolisar er ferdig betalte forsikringskontraktar som gjev den forsikra rett til ei viss pensjonsyting. I 2009 var det utferda om lag 860 000 fripolisar, og talet stig. Mange fripolisar gjev nokså små pensjonsytingar, og somme arbeidstakarar og pensjonistar har fleire fripolisar.

Banklovkommisjonen har i NOU 2012:3 gjort framlegg om å bremsa utferdinga av nye, små fripolisar. Er opptent premiereserve knytt til alderspensjon mindre enn 50 pst. av grunnsummen i folketrygda (G), kan pensjonsinnretninga etter gjeldande rett overføra midlane tilordna pensjonsrettane til ei individuell pensjonsavtale i staden for å utferda ein fripolise. Framlegget frå Banklovkommisjonen inneber at terskelnivået vert heva til 150 pst. av G (arbeidstakar med minst 8 års medlemstid i ei pensjonsordning kan etter framlegget likevel alltid krevja å få utferda ei fripolise).

For opphøyrande (ikkje livsvarige) ytingar kan pensjonsinnretningane i dag korta ned utbetalingstida slik at den årlege utbetalinga minst svarar til 20 pst. av G, medan livsvarige ytingar med årleg utbetaling mindre enn 20 pst. av G kan gjerast om til opphøyrande ytingar. Banklovkommisjonen har gjort framlegg om å heva terskelnivået frå 20 til 40 pst. av G for opphøyrande ytingar, og frå 20 til 30 pst. av G for livsvarige ytingar. Om det vert opna for dette, kan det medverka til raskare utbetaling av små alderspensjonsytingar, og såleis til raskare sanering av desse skyldnadene.

Banklovkommisjonen har òg gjort framlegg om at eigarar av fripolisar skal kunna avtala at livsforsikringsselskapet skal forvalta fripolisen med såkalla investeringsval. Ei slik forvaltningsordning vil medføra at livsforsikringsselskapet ikkje gjev nokon avkastningsgaranti på alderspensjonsrettane. Om det vert opna for dette, kan risikoen, og såleis òg kapitalkravet, til livsforsikringsselskapa verta monaleg mindre. Den årlege alderspensjonen vil etter ei slik ordning ikkje verta definert til ein gjeven sum, men vil i staden verta rekna ut frå verdien på pensjonskapitalen på uttakstidspunktet. NOU 2012: 3 frå Banklovkommisjonen var til høyring fram til 25. april 2012.

Dei nye solvensreglane for forsikringsselskap frå EU, Solvens II-regelverket, skal etter gjeldande tidsplan i hovudsak tre i kraft i norsk lovgjeving frå 2014. Regelverksendringane inneber utfordringar for livsforsikringsselskapa i åra som kjem. Endringane vil venteleg verta relativt store for selskapa, mellom anna når det gjeld soliditetskrav, krav til kapitalforvaltning og rapporteringssystem. Etter dei nye reglane skal verdien av forsikringsskyldnadene vurderast ut frå marknadsrenter.

Detaljane i det komande Solvens II-regelverket er ikkje fastsette i EU, og det er uvisse om den endelege utforminga av reglane. Solvens II-regelverket er nærare omtala i avsnitt 3.3 i kapittel 3. Det synast likevel som at norske livsforsikringsselskap må auka bufferkapitalen for å stetta dei nye krava. Stresstestar baserte på førebels utkast til reglar syner at bufferkapitalen i livsforsikringsselskapa er for låg og at somme selskap står andsynes store utfordringar ved overgangen til Solvens II-regelverket. Dette gjeld særleg dei selskapa der fripolisar utgjer ein vesentleg del av verksemda.

Banklovkommisjonen arbeider for tida med utkast til reglar om mellom anna nye pensjonsprodukt, tilpassa Solvens II-regelverket og nye rekneskapsstandardar. Slike nye produkt vil letta overgangen til Solvens II-regelverket for livsforsikringsselskapa. Det er likevel viktig at livsforsikringsselskapa bur seg på overgangen til Solvens II-regelverket med å auka bufferkapitalen.

Ein stor del av produkta til livsforsikringsselskapa inneber skyldnad til å gje livsvarige utbetalingar til dei forsikra. Selskapa er difor utsette for risikoen for at dei forsikra lever lenger enn det som vart føresett då premiane vart betalte og midlane til å dekkja skyldnadene vart sette av. Venta levealder i Noreg aukar og har til no auka meir enn det livsforsikringsselskapa har lagt til grunn. Jamvel ein liten auke i venta levealder kan gjera at avsetningane må aukast monaleg. Selskapa oppdaterte føresetnadene om levealder for nokre år sidan og auka avsetningane som følgje av det. Sidan levealderen held fram med å auka, må selskapa rekna om att på skyldnadene sine og auka avsetningane endå meir for å sikra soliditeten. Finanstilsynet har varsla krav om at selskapa tek i bruk nye, oppdaterte føresetnader om levealder frå og med 2013.

Som Finansdepartementet har understreka i finansmarknadsmeldingane i fleire år, er det særs viktig at livsforsikringsselskapa og pensjonskassene passar på at det med god sikringsmargin er samsvar mellom risiko og soliditet. Stoda framover krev god risikostyring og tilfredsstillande bufferkapital.

2.5.4.2 Pensjonskasser

Resultatet i pensjonskassene før skatt og kundetildeling var 2,9 mrd. kroner i 2011, mot 4,8 mrd. kroner i 2010.4 Jamført med forvaltningskapitalen var resultatet 1,6 pst., ned frå 2,8 pst. i 2010. Resultatnedgangen kjem av nedgang i nettoinntektene frå finansielle eigedelar (kapitalavkastninga) og noko lågare premieinntekter.

Pensjonskassene må på same vis som livsforsikringsselskapa ta omsyn til krav til årleg minsteavkastning (rentegaranti). Den bokførde kapitalavkastninga i kollektivporteføljen var 4,8 pst. i 2011, ned frå 5,5 pst. i 2010, jf. figur 2.13A ovanfor. Den verdijusterte kapitalavkastninga fall med over 9 prosenteiningar, til –0,2 pst., i hovudsak på grunn av reduserte aksjeverdiar. Den verdijusterte kapitalavkastninga minka meir i dei private kassene enn i dei kommunale ettersom dei private kassene hadde ein større del av porteføljen plassert i aksjar.

Figur 2.14 Bufferkapital i prosent av forvaltningskapitalen i pensjonskasser

Figur 2.14 Bufferkapital i prosent av forvaltningskapitalen i pensjonskasser

Kjelde: Finanstilsynet

Pensjonskassene har jamt over meir aksjar i kapitalforvaltninga si enn det livsforsikringsselskapa har. Difor er kassene òg nøydde til å ha høgare bufferkapital enn livsforsikringsselskapa. Som i livsforsikringsselskapa minka bufferkapitalen i pensjonskassene i 2011. For private og kommunale kasser samla enda han på 8,8 pst. ved utgangen av året, mot 12,4 pst. ved utgangen av 2010, jf. figur 2.14. Bufferkapitalen minka om lag like mykje relativt sett i dei private og kommunale kassene, til høvesvis 10,1 og 6,5 pst. ved utgangen av 2011. Nedgangen kjem av fall i kursreguleringsfondet.

2.5.4.3 Skadeforsikringsselskap

Samla resultat før skatt i skadeforsikringsselskapa var om lag 3 mrd. kroner i 2011, mot om lag 4 mrd. kroner i 2010 (captive-selskap ikkje medrekna). Det tekniske resultatet var høgare i 2011 enn i 2010 ettersom auken i premieinntektene var større enn auken i erstatningane og driftskostnadene. Eit fall i finansinntektene på meir enn 1,5 mrd. kroner førde til at det samla resultatet vart svakare i 2011 enn i 2010, jf. tabell 2.5. Trass i at skadeforsikringsselskapa hadde mindre aksjedel enn livsforsikringsselskapa, medverka uroa på dei internasjonale finansmarknadene til stor nedgang i finansinntektene.

Summen av skadeerstatningskostnader og andre forsikringsrelaterte driftskostnader for eiga rekning målt i prosent av premieinntekter for eiga rekning kallast «combined ratio». Dette er eit uttrykk for kor lønsam sjølve forsikringsverksemda er, det vil seia kor stor del av utgiftene skadeforsikringsselskapa kan dekkja gjennom premiane. Er «combined ratio» høgare enn 100 pst., må selskapet ha andre inntekter for å gå i balanse, til dømes finansinntekter. I 2011 var «combined ratio» like under 96 pst., om lag ei prosenteining lågare enn dei siste par åra, jf. figur 2.15. Grunnen til betringa var lågare driftskostnader. Skadeerstatningskostnadene var om lag uendra i 2011, året sett under eitt, trass i at erstatningane etter ekstremkulda i 2010 var høge i byrjinga av 2011.

Det er mange selskap på den norske skadeforsikringsmarknaden. I 2011 hadde 19 av skadeforsikringsselskapa negativt resultat før skatt, mot 7 i 2010. Samla sett var soliditeten i skadeforsikringsselskapa god ved utgangen av 2011, og om lag på nivå med året før. Kapitaldekninga var 40 pst.

Figur 2.15 Erstatningskostnader og andre  driftskostnader i prosent av premieinntektene  («combined ratio») i skadeforsikringsselskapa

Figur 2.15 Erstatningskostnader og andre driftskostnader i prosent av premieinntektene («combined ratio») i skadeforsikringsselskapa

Kjelde: Finanstilsynet

Tabell 2.5 Resultatpostar for skadeforsikringsselskap (utanom captive-selskap)

2011

2010

Mill. kr

Pst. av premie

Mill. kr

Pst. av premie

Premieinntekter f.e.r.

29 611

26 943

Allokert investeringsavkastning

1 193

4,0 %

1 218

4,5 %

Andre forsikringsrelaterte inntekter

251

0,8 %

116

0,4 %

Erstatningskostnader f.e.r.

22 839

77,1 %

20 801

77,2 %

Forsikringsrelaterte driftskostnader f.e.r.

5 568

18,8 %

5 433

20,2 %

Endring i sikringsavsetning o.a.

291

1,0 %

472

1,8 %

Resultat av teknisk rekneskap

2 202

7,4 %

1 548

5,7 %

Netto inntekter frå investeringar

2 070

7,0 %

3 716

13,8 %

Allokert investeringsavkastning

1 193

4,0 %

1 218

4,5 %

Andre inntekter/kostnader

–14

0,0 %

–36

–0,1 %

Resultat før skatt

3 064

10,3 %

4 010

14,9 %

Kjelde: Finanstilsynet

2.5.5 Resultat i verdipapirføretak og forvaltningsselskap

Verdipapirføretak som ikkje er bankar, hadde driftsinntekter på 6,5 mrd. kroner i 2011, om lag 1,2 mrd. kroner mindre enn året før. Dei viktigaste inntektskjeldene for verdipapirføretaka som ikkje er bankar, var i 2011 emisjons- og rådgjevingsverksemd (såkalla «corporate finance»), investeringsrådgjeving og aktiv forvaltning av porteføljar på vegner av forsikringsselskap, pensjonskasser og private føretak. Verdipapirføretaka som ikkje er bankar, hadde eit samla driftsresultat på 515 mill. kroner i 2011. Det er heile 1,3 mrd. kroner mindre enn året før.

Tradisjonelt har òg verdipapirmekling vore ei viktig inntektskjelde for verdipapirføretak som ikkje er bankar. Strukturelle endringar og nye handelsmønster, mellom anna gjennom meir automatisert og direkte handel, har redusert behovet for tradisjonell mekling dei seinare åra. Denne utviklinga har halde fram i 2011. Prisane på tradisjonelle meklingstenester har òg vorte pressa ned og medverka til at inntektene til verdipapirføretaka frå mekling har gått kraftig ned, jf. figur 2.16. Såleis har soliditeten i fleire verdipapirføretak vorte svekt.

Mange bankar har løyve til å driva verdipapirverksemd. Denne verksemda gav bankane driftsinntekter på 6,8 mrd. kroner i 2011, opp frå 6,1 mrd. kroner i 2010. Det meste av bankane sine inntekter frå investeringstenester og tilleggstenester kom i 2011 frå tenesteyting i samband med handel i derivat, gjeldsinstrument og valuta.

Dei viktigaste inntektskjeldene for forvaltningsselskapa for verdipapirfond er godtgjersle for forvaltning av fond og inntekter frå aktiv forvaltning av porteføljar. Samla driftsresultat for forvaltningsselskapa var 871 mill. kroner i 2011. Det er 21 pst. mindre enn i 2010.

Figur 2.16 Inntekter til verdipapirføretaka frå aksjemekling og emisjons- og rådgjevingsverksemd («corporate finance»). Mill. kroner

Figur 2.16 Inntekter til verdipapirføretaka frå aksjemekling og emisjons- og rådgjevingsverksemd («corporate finance»). Mill. kroner

Kjelde: Finanstilsynet

Fotnotar

1.

Utviklinga i børsføretaka er lettare å følgja med på av di børsføretaka melder om resultat kvart kvartal og kan gje forvarsel om utviklinga i føretaka generelt.

2.

Å føra ein finansiell eigedel til amortisert kost i rekneskapen inneber at verdien av eigedelen vert talfesta til noverdien av venta kontantstraumar over den attståande løpetida, neddiskontert med den effektive renta på eigedelen.

3.

Berre ein liten del av kapitalen som verdipapirføretak og forvaltningsselskap for verdipapirfond forvaltar, står på balansen deira (verdipapirfond er til dømes sjølvstendige juridiske einingar). Desse institusjonane er difor ikkje med i figuren. Talet for verdipapirfond gjeld kapital i sjølve fonda.

4.

Tala gjeld eit utval av dei 41 største pensjonskassene i Noreg. Desse står for om lag 90 pst. av samla forvaltningskapital i pensjonskassene.

Til forsida