Meld. St. 15 (2014-2015)

Noregs fiskeriavtalar for 2015 og fisket etter avtalane i 2013 og 2014

Til innhaldsliste

5 Fisket etter avtalane i 2013 og 2014

Dette kapitlet gjer greie for hovudtrekka i fisket etter fiskeriavtalane Noreg hadde med andre land i 2013 og 2014. Hovudvekta er lagt på norsk utnytting av avtalene og i kva grad partane som får tildelt kvotar i norske område, faktisk utnyttar desse kvotane.

Norske fiskarar utnyttar generelt kvotane godt, og for dei kommersielt viktigaste bestandane blir kvotane nytta så godt som fullt ut, jf. tabell 5.1

Tabell 5.1 Norsk utnytting av dei kommersielt viktigaste kvotane i 2013 og 2014

Utnyttingsgrad

2013

2014

Barentshavet, Noreg – Russland

Torsk

100 %

101 %

Hyse

98 %

101 %

Nordsjøen og Skagerrak, Noreg – EU

Sild

102 %

102 %

Sei

74 %

94 %

Fleirpartsavtalar

Norsk vårgytande sild (nvg-sild)1

96 %

103 %

Makrell1

107 %

100 %

Kolmule1

104 %

108 %

1 Oversikta tek ikkje omsyn til overføringar over år (kvotefleksibilitet).

Noreg utnyttar godt kvotane på dei bestandane som vi deler med Russland. Noreg har god tilgang på desse bestandane i eiga sone, og vi nyttar difor lite av sonetilgangen vi har i russiske sone. Russland fiskar store deler av sine kvotar i norsk økonomisk sone (NØS).

Forhandlingane med EU var seint ferdige, både i 2013 og 2014. Dette påverka i særleg grad EU sitt fiske i Nordsjøen i 2014. Noreg nytta heile den norske sildekvoten, i tillegg var torske- og seikvoten brukbart nytta begge åra. I følgje offisiell fangststatistikk har EU i dei seinare åra hatt relativt god utnytting av fellesbestandane i Nordsjøen.

I EU-farvatna vart dei norske kvotene av dei pelagiske artane kolmule og brisling, i tillegg til blåkveite, godt nytta. Norske linefartøy fiska ein god del av botnfiskkvotane av blålange, lange og brosme både i 2013 og 2014.

Det norske fisket i Skagerrak har dei siste åra i hovudsak vore konsentrert om reke og sild. EU har fiska mest av artane torsk, hyse, raudspette og reker i Skagerrak. Sverige fiska store deler av kvotane sine i NØS.

Noreg hadde ingen tosidig avtale med Færøyane i 2013. Avtalen for 2014, med omsyn til botnfisk, vart først inngått i mars 2014. Dette er truleg noko av årsaka til låg kvoteutnytting fordi lineflåten bruker å fiske i færøysk sone tidleg på året. Færøyane har fiska mesteparten av kvotane sine på torsk, hyse og sei i NØS.

Med unntak av kveite har Noreg hatt godt utbytte av kvotane i Grønlands sone i 2013 og 2014. Det same har Grønland i NØS nord om 62°N. Noreg har også utnytta botnfiskkvotane ved Island godt begge åra. Det same har Island i NØS nord om 62°N.

Alle kyststatane har nytta kvotane sine av dei pelagiske artane norsk vårgytande sild, kolmule og makrell. Med unntak av det norske fisket har fisket på desse kvotane langt på veg skjedd i andre farvatn enn dei norske.

I loddefisket ved Island, Grønland og Jan Mayen sesongen, 2012/2013, var det ikkje grunnlag for å opne for sommarfiske. Vinterfisket var svært dårleg, norske fartøy nytta 13 pst. av den norske kvoten. For sesongen 2014/2015 har det vore opna både for sommar- og vinterfiske, og dette har ført til at Noreg har nytta heile kvoten sin.

5.1 Tosidige avtalar

5.1.1 Noreg – Russland

Noreg har ei høg utnytting av kvotane på dei fiskebestandane vi forvaltar saman med Russland. Også Russland utnyttar sine kvotar godt. Russland fiskar store deler av sine kvotar i norsk økonomisk sone (NØS). Noreg nyttar lite av sonetilgangen vi har i russisk sone, fordi vi har god tilgang på desse bestandane i eiga sone.

Tabell 5.2 Norske kvotar og fangstar på fellesbestandane i Barentshavet

Art

Kvotar1 (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2013

2014

2013

2014

Torsk

472 340

466 439

470 635

471 590

Hyse

101 107

90 484

99 437

91 576

Blåkveite

9 675

9 675

9 293

9 977

Lodde

119 000

38 980

120 950

40 021

1 Etter overføring til tredjeland.

2 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 6. februar 2015, inklusive forskningsfangst og ungdoms- og rekreasjonsfisket.

Tabell 5.3 Russiske kvotar og fangstar på fellesbestandane i Barentshavet

Kvotar1 (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2013

2014

2013

2014

Torsk

434 740

431 735

432 318

433 370

Hyse

89 154

79 115

85 668

78 649

Blåkveite

8625

8625

10 310

-

Lodde

81 000

26020

60 384

25 714

1 Etter overføring til Noreg og før overføring til tredjeland.

2 Fangsttal utarbeidd i den norsk-russiske analysegruppa i 2014 og fangsttal oversendt frå russiske styresmakter til norske styresmakter. Fangsttal for blåkveite for 2014 er ikkje inkludert i oversendinga frå russiske styresmakter.

Tabell 5.4  Norske kvotar og fangstar i russisk økonomisk sone

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2013

2014

2013

2014

Torsk

140 000

140 000

7323

6 521

Hyse

35 000

35 000

1424

1 418

Blåkveite

8925

8925

6

4

Lodde

114 000

8800

150

-

Reker

3500

4000

2339

1426

Grønlandssel2

7000

7000

-

-

Steinbit

2500

2500

1367

678

Flyndre

200

200

-

-

Bifangstkvote

500

500

21

8

1 Fiskeridirektoratets register for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 10. februar 2015.

2 Antall dyr.

Tabell 5.5 Russiske kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2013

2014

2013

2014

NØS N 62°N

Torsk

140 000

200 000

138 647

161 881

Hyse

35 000

35 000

22 506

18 914

Blåkveite

7875

7875

3790

3779

Lodde

76 000

25 920

2695

-

Sei2

14 250

12 000

14 017

12 037

Steinbit

4500

4 500

3534

4012

Uer3

2000

2000

746

605

Snabeluer3

2000

2000

549

491

Kolmule4

11 192

20 887

12

150

Norsk vårgytande sild4

79 356

54 682

19 587

23 821

Andre artar

3 000

3000

411

344

Fiskerisona ved Jan Mayen

Norsk vårgytande sild

-

-

16 618

4795

Makrell

-

-

3

25

Kolmule

-

-

1527

1384

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 6. februar 2015.

2 Av totalkvoten på 12 000 tonn sei kunne inntil 5000 tonn fiskast i eit direktefiske i 2014.

3 Kvoten for snabeluer og uer kunne berre nyttast til bifangst i 2013 og 2014.

4 Kolmulekvoten og sildekvoten i NØS nord for 62°N kunne òg fiskast i fiskerisona ved Jan Mayen.

5.1.2 Noreg – EU

Forhandlingane med EU for 2013 og 2014 gjekk treigt, og vart ferdige høvesvis 18. januar 2013 og 12. mars 2014. Dette gjorde det noko vanskelegare for fiskarane frå EU og Noreg å fiske i kvarandre sine soner. Tradisjonelt har EU-flåten fiska i norsk sone heile året, medan den norske flåten ikkje har vore avhengig av å kunne fiske i EU-sona dei første vekene. At avtalene kom seint i 2013 og 2014 har difor truleg hatt mest å seie for EU-flåten. Lysingfangstar i Nordsjøen har auka dei siste åra. Noreg har fått større blåkveitekvote i EU-sona i ICES-område IIa, og kvoten er godt utnytta. Tabellane 5.6 til og med 5.9 viser at Noreg og EU i stor grad fiskar kvotane i Nordsjøen i sine eigne soner.

Tabell 5.6 Norske kvotar og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen

Art

Kvotar1 (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2013

2014

2013

2014

Torsk

4659

4911

4085

4585

Hyse

9652

5498

1662

2676

Sei

46 854

39 739

33 811

36 956

Kviting

1703

669

560

916

Raudspette

5545

7214

844

584

Sild3

141 366

138 563

144 721

142 001

1 Etter overføringar frå EU og tredjeland.

2 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 9. februar 2015.

3 Tabellen syner nordsjøsildkvoten inkludert den delen av Skagerrakkvoten som kan takast ut i Nordsjøen.

Tabell 5.8 syner fangstmoglegheitene for norske fartøy i EU-sona. For fleire artar kan kvoten også fiskast i NØS eller i internasjonalt område. Slike fangstar reduserer høvet til å fiske tilsvarande i EU-sona. Det er til dømes tilfellet med makrellen. Avvik kan elles komme av at fisken er vanskeleg tilgjengeleg eller at det er liten interesse for å fiske denne arten.

Noreg får også kvotar i grønlandske farvatn gjennom forhandlingane med EU. Tradisjonelt har kvoten på blåkveite på Vest-Grønland vore godt nytta, men i 2014 vart også kvoten på Aust-Grønland nytta. Dei siste åra har det vore liten interesse for å fiske reker.

Tabell 5.7 EUs kvotar og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen

Art

Kvotar1 (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2013

2014

2013

2014

Torsk3

21 974

23 073

16 251

12 463

Hyse

34 681

32 079

31 408

20 528

Sei

43 486

36 917

37 022

18 344

Kviting

17 039

15 233

12 158

9063

Raudspette

91 225

104 117

72 465

44 116

Nordsjøsild

339 380

333 726

322 804

241 124

1 Etter overføringar mellom Noreg og EU og før overføring til tredjeland.

2 Fangsttala for heile 2013 og for 2014 per 30. september 2014 var utarbeidd i førebuinga til forhandlingane. mellom Noreg og EU hausten 2014.

3 I tillegg kjem 2637 tonn i 2013 og 2769 tonn i 2014 som var avsett til forsøk med CCTV.

Tabell 5.8 Norske kvotar og fangstar i EU-farvatn1 og tildelte kvotar frå EU i grønlandske farvatn

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar (tonn)

2013

2014

2013

2014

EU-farvatn2

Makrell

153 355

278 868

80 079

75 924

Sild3

60 000

60 000

60 520

59 209

Augepål

20 000

15 000

20 284

7866

Kolmule

144 408

277 983

130 343

212 603

Tobis

22 450

0

21 394

-

Brisling

10 000

9000

1670

9007

Hestmakrell

3550

3550

148

381

Torsk3

4659

4911

2012

2222

Hyse3

9652

5498

907

1736

Sei34

47 354

40 239

18 937

12 143

Blålange

150

150

155

49

Lange5

6140

5500

5131

4824

Brosme5

2923

2923

2287

1391

Kviting3

1703

669

443

821

Raudspette3

5545

7214

781

530

Sjøtunge

30

10

-

-

Blåkveite6

824

1000

1112

899

Kombinert kvote

140

140

315

148

Andre artar

3250

4000

1781

2627

Vest-Grønland7

Blåkveite

575

575

573

572

Kveite

75

75

-

-

Aust-Grønland7

Reker

2700

2550

3

-

Blåkveite

575

575

286

587

Kveite

75

75

-

-

Uer8

800

800

178

445

Torsk9

500

-

511

-

Skolest/Isgalt o.a.9

120

60

7

52

1 Etter overføringar til EU og tredjeland.

2 Fangsttala er henta frå Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 6. februar 2015.

3 For desse fellesbestandane avtalar EU og Noreg storleiken på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane kan maksimalt kan fiske i dei respektive sonene. Norske fartøy kan fiske kvoten i både EU-sonen og i NØS.

4 Inkludert kvote og fangst i ICES-område Via.

5 Av den samla kvoten for lange og brosme kan inntil 25 prosent vere bifangst (maksimalt 3 000 tonn).

6 Kvoten på blåkveite gjeld for ICES-underområder IIa og VIa.

7 Fangsttala er henta frå Fiskeridirektoratets register for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 11. februar 2015.

8 Kvoten på uer ved Aust-Grønland kan òg fiskast i internasjonalt farvatn.

9 Kvoten på torsk og skolest/isgalt kan fiskast både på Vest- og Aust-Grønland.

Tabell 5.9 EU sine kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1(tonn)

2013

2014

2013

2014

NØS, N 62°N

Torsk

19 971

20 524

19 714

20 486

Hyse

1481

1200

1436

1008

Sei

2 550

2550

1381

547

Blåkveite

50

50

69

77

Uer

750

750

127

2

Snabeluer

750

750

30

86

Kolmule

113 630

203 448

55

25

Makrell

11 788

22 179

73

2020

Norsk vårgytande sild2

34 695

24 519

30 566

8781

Andre artar

350

350

132

141

NØS, Nordsjøen3

Torsk4

19 481

20 054

5932

6626

Hyse4

26 505

23 862

4907

4589

Sei4

44 366

36 917

13 031

12 551

Kviting4

11 734

10 320

580

527

Raudspette4

37 581

42 723

5658

5371

Makrell

21 906

39 115

2836

137

Nordsjøsild4

50 922

50 000

1935

3446

Augepål

0

0

4

2

Kolmule

114 430

203 448

204

2

Tobis

0

0

-

775

Reker

480

480

147

73

Andre artar

10 115

10 870

8041

8568

Norsk vårgytande sild

34 695

24 519

-

-

Kolmule

113 630

203 448

-

-

1 Fiskeridirektoratets register for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 9. februar 2015. Tala er basert på fartøya sine kalkulerte soner ved fiske.

2 EU sin kvote av norsk vårgytande sild nord for 62°N kunne fiskast i område under norsk jurisdiksjon nord for 62°N.

3 EU sine kvotar i NØS i Nordsjøen er både i 2013 og 2014 sett saman av tre kvoteavtalar: avtalen mellom EU og Noreg, avtalen mellom Sverige og Noreg og «kolmuleavtalen». Avtalen mellom Sverige og Noreg er presentert i tabell 5.12.

4 For desse fellesbestandane avtalar EU og Noreg storleiken på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane kan fiske i dei respektive sonene.

Noreg – EU: fisket i Skagerrak og Kattegat

Det norske fisket i Skagerrak har dei siste åra i hovudsak vore konsentrert om reker og sild. EU nyttar best ut kvotane på torsk, hyse, nordsjøsild og raudspette. Det er i hovudsak Danmark og Sverige som fiskar på desse kvotane, men for enkelte artar har òg andre EU-land mindre kvotar. På eige grunnlag kvoteregulerer EU òg andre bestandar enn dei det er fastsett kvotar på gjennom avtalen om regulering av fiskebestandane i Skagerrak/Kattegat. Tabellane 5.10 og 5.11 viser kvotane og fangstane i Skagerrak og Kattegat i 2013 og 2014.

Tabell 5.10 EU sine kvotar og fangstar i Skagerrak og Kattegat

Art

Kvotar1 (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2013

2014

2013

2014

Torsk

3660

3843

3681

3077

Hyse

2653

2256

1769

1605

Kviting

1031

1031

45

53

Raudspette

8959

9855

6486

6319

Sild

54 324

47 174

37 958

20 750

Brisling

38 480

30 784

2325

12 644

Reker

3551

3551

2931

2541

1 Torsk, raudspette og reker kan berre fiskast i Skagerrak. For dei andre artane gjeld kvotane både i Skagerrak og den nordlege delen av Kattegat.

2 Fangsttala for heile 2013 og for 2014 per 30. september 2014 var utarbeidd i førebuinga til forhandlingane mellom Noreg og EU hausten 2014.

Tabell 5.11 Norske kvotar og fangstar i Skagerrak og Kattegat

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2013

2014

2013

2014

Torsk2

138

144

197

134

Hyse

117

99

222

85

Kviting

19

19

5

5

Raudspette

483

501

138

43

Sild3

3667

3118

3011

2048

Makrell

3000

3000

139

135

Brisling

3120

2496

817

256

Reker

3099

3099

3739

4505

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 9. februar 2015.

2 Tabellen viser Skagerrakkvoten ekskludert den overførbare delen av Skagerrakkvoten som kan tas ut i Nordsjøen.

3 Utanfor grunnlinjene.

Noreg – EU: Sverige

Noreg har ein såkalla nabolandsavtale med Sverige om fiskeri, som gjev svenske fiskarar retten til å fiske i norsk sone i Nordsjøen. Svenske fiskarar får tildelt kvotar på torsk, hyse, kviting, lyr, sei, sild, makrell, reker og industrifisk. Svenske kvotar og fangstar i norske havområde i 2013 og 2014 er vist i tabell 5.12.

Tabell 5.12 Svenske kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2013

2014

2013

2014

NØS, Nordsjøen

Torsk

382

382

305

361

Hyse

707

707

98

89

Sei

880

880

873

876

Kviting

190

190

28

44

Industrifiske2

800

800

178

777

Makrell

242

247

242

180

Sild

922

866

922

857

Reker

123

123

104

104

Andre artar

-

-

61

44

1 Fangsttala er basert på innrapporterte tal frå Det Svenske Fiskeriverket.

2 Industrifiskkvoten til Sverige omfattar kolmule, augepål, tobis, brisling og hestmakrell. Av dette kunne det fiskast maksimalt 400 tonn hestmakrell.

5.1.3 Noreg – Færøyane

Noreg hadde ingen tosidig avtale med Færøyane i 2013. Avtalen for 2014 med omsyn til botnfisk, vart først inngått i mars 2014, og det er truleg noko av årsaka til låg kvoteutnytting då lineflåten bruker å fiske i færøysk sone tidleg på året.

Færøyane har utnytta botnfiskkvotane godt. Færøyske fartøy har i hovudsak fiska kvoten på kolmule og makrell i si eiga sone, i EU-sona og i internasjonalt farvatn dei siste åra. Dei har difor ikkje fiska makrell og kolmule i NØS nord for 62°N eller i fiskerisona ved Jan Mayen i 2014.

Tabell 5.13 Norske kvotar og fangstar i færøysk sone

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2013

2014

2013

2014

Lange/blålange

-

1 250

-

528

Brosme

-

1 025

-

379

Sei

-

-

-

-

Makrell

-

54 684

-

383

Hestmakrell

-

-

-

-

Kolmule

-

124 180

-

3170

Andre artar

-

737

-

63

1 Fiskeridirektoratets register for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 10. februar 2015.

Tabell 5.14 Færøyske kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2013

2014

2013

2014

NØS, N 62°N

Torsk

-

12 000

-

12 263

Hyse

-

1300

-

867

Sei

-

300

-

315

Kolmule

-

22 090

-

-

Makrell

-

54 684

-

-

Andre artar2

-

300

-

182

NØS, Nordsjøen

Kolmule

-

22 090

-

-

Makrell

-

54 684

-

-

Fiskerisona ved Jan Mayen

Kolmule

-

22 090

-

-

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 9. februar 2015.

2 Inkludert uer, sei og blåkveite.

5.1.4 Noreg – Grønland

Noreg sine kvotar og fangstar i grønlandsk sone i 2013 og 2014 går fram av tabell 5.15. I tillegg kan norske fartøy fiske i grønlandsk sone på kvote tildelt av EU (sjå tabell 5.8).

Kvotane på torsk og blåkveite var godt nytta, medan kvoten på kveite tradisjonelt er vanskeleg å nytte.

Kvoten på uer er delt i botnlevande og pelagisk uer. Den pelagiske uerkvoten frå Grønland og EU kan fiskast i internasjonalt farvatn. Desse kvotane var godt nytta.

Tabell 5.15 Norske kvotar og fangstar i grønlandsk sone

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2013

2014

2013

2014

Vest-Grønland:

Blåkveite

900

900

900

900

Aust-Grønland:

Blåkveite

275

275

275

275

Kveite

160

160

4

47

Uer

2200

1350

2156

1367

Bifangst av andre artar

150

150

52

59

Vest- og Aust-Grønland:

Torsk

750

1200

750

1289

1 Fiskeridirektoratets register for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 11. februar 2015.

Tabell 5.16 Grønlandske kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar1 (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2013

2014

2013

2014

NØS, N 62°N

Torsk

9400

8825

9403

8205

Hyse

1580

1400

1575

1139

Sei

1000

700

972

407

Andre artar

260

260

94

71

1 Grønland overførte 5900 torsk og 530 tonn hyse frå Russland til NØS i 2013, og 5325 torsk og 500 tonn hyse frå Russland til NØS i 2014.

2 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 9. februar 2015.

5.1.5 Noreg – Island

Norske fartøy har utnytta kvotane på botnfisk ved Island godt dei seinaste åra. Island har også tradisjonelt fiska opp torskekvoten som dei er tildelt, samstundes som dei i stor grad utnyttar det kvantum som kan fiskast som bifangst. Islandske fartøy har i hovudsak fiska kvoten på norsk vårgytande sild i si eiga sone og i færøysk sone dei siste åra. Dei har difor ikkje fiska norsk vårgytande sild i NØS nord for 62°N eller i fiskerisona ved Jan Mayen i 2013 og 2014.

Tabell 5.17 Norske kvotar og fangstar i islandsk sone

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

Brosme, lange, blålange

500

500

486

494

Uer2

-

-

19

18

Anna2

-

-

101

55

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 10. februar 2015.

2 I tillegg til kvoten på 500 tonn botnfisk hadde norske fartøy og høve til å ha inntil 25 prosent bifangst av andre artar.

3 Sesongen 2013/2014 og 2014/2015.

Tabell 5.18 Islandske kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2013

2014

2013

2014

NØS, N 62°N

Torsk

9141

9075

9039

9073

Hyse2

-

-

1865

2065

Sei2

-

-

290

289

NVG-sild

16 713

11 299

-

-

Andre artar2

2742

2723

40

33

Fiskerisona ved Jan Mayen

NVG-sild

89 817

60 722

-

-

1 Fiskeridirektoratets register for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 9. februar 2015.

2 Bifangst inntil 30 prosent.

5.2 Kyststatsavtalar og andre fleirsidige avtalar

5.2.1 Norsk vårgytande sild

I 2007 var kyststatane einige om å innføre kvotefleksibilitet over årsskiftet for 2008. Denne ordninga er seinare ført vidare. Tabell 5.19 og 5.20 viser kvotane før og etter overføringar mellom partane, og overføringar over år.

Færøyane har i 2013 og 2014 ikkje skrive under avtalen fordi dei er misnøgde med deira del av totalkvoten. Dei andre partane har desse to åra inngått firepartsavtale der dei sette av eit kvantum til Færøyane i samsvar med deira del av kvoten tidlegare år. Partane har nytta kvotane sine godt i 2013, alle er innanfor kvotefleksibiliteten. Færøyane og Island har dei siste åra fiska store delar av kvoten sin i eiga sone. I 2014 har EU og Island igjen eit større kvantum enn dei har høve til å føre over til 2015. EU har informert kyststatane om at dei har utvida deira kvotefleksibilitet til 20 pst. På grunn av problem i eksportmarknaden. Dette er førebelse tal.

Tabell 5.19 Kvotar og fangstar av norsk vårgytande sild i 2013

STAT

Kvote

Balanse 2012

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangstar (tonn)1

Balanse 2014

EU2

40 297

3153

-

43 450

40 820

2630

Færøyane3

105 230

-

2050

103 180

105 038

-1858

Island

89 817

4020

833

94 670

90 723

3947

Noreg

377 590

-19 266

-833

357 491

360 696

-3205

Russland

79 356

-

-

79 356

78 324

1032

Totalt

692 290

12 093

-2050

678 147

675 601

2546

Grønland

-

-

2050

-

12 131

-

1 Fangsttala er innrapportert frå deltakande land under fempartsforhandlingane 22. januar 2015.

2 EU har rapportert fangst per 30. november 2014.

3 Færøyane har sett eigen kvote på 17 prosent av totalkvoten på 619 000 tonn.

Tabell 5.20 Kvotar og fangstar av norsk vårgytande sild i 2014

STAT

Kvote

Balanse 2013

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangstar (tonn)1

Balanse 2015

EU2

27 244

2630

-

29 874

23 552

6322

Færøyane3

40 000

-

-12 100

27 900

26 898

1002

Island

60 722

3947

619

65 288

56 956

8332

Noreg

255 277

-3205

-619

251 453

263 191

-11 738

Russland

53 650

1032

10 000

64 682

60 283

4399

Totalt

436 893

4404

-2100

439 197

430 880

8317

Grønland

-

-

2100

2100

13 208

-11 108

1 Fangsttala er innrapportert frå deltakande land under fempartsforhandlingane 22. januar 2015 – førebelse tal.

2 EU har rapportert fangst per 30. november 2014.

3 Færøyane har sett eigen kvote på 9,6 % av totalkvoten på 418 487 tonn.

5.2.2 Lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen

For sesongen 2013/2014 vart førebels totalkvote (TAC) fastsett til 160 000 tonn i oktober 2013. Noreg hadde då ikkje høve til å nytte kvoten knytt til Grønland eller Jan Mayen fordi lodde ikkje er tilgjengeleg i desse farvatna om hausten og vinteren. Det var eit svært dårleg fiske i Islands økonomiske sone (IØS) denne vinteren. Berre 6 fartøy fekk fangst og dei fiska totalt 6 175 tonn.

For sesongen 2014/2015 vart førebels TAC fastsett til 450 000 tonn i juni 2014. Fisket i IØS vart ikkje opna før 1. oktober. Norske fartøy starta difor fisket i juli i Grønlands fiskerisone og fiska 30 486 tonn. I januar starta dei fisket i IØS på resten av kvoten. 31. januar vart TAC auka, norsk kvote i IØS auka då til 50 909 tonn. Det var eit godt fiske i IØS og Noreg nytta heile kvoten i sesongen 2014/2015. Noreg har ikkje fått fangsttal frå dei andre partane om deira fiske etter lodde.

Fisket etter lodde varierer frå sesong til sesong. Dersom TAC blir fastsett tidleg er det mogleg for norske fartøy å nytte kvoten knytt til Grønlands fiskerisone. Dersom TAC blir fastsett seint, kan dei norske fartøya berre nytte kvoten som er knytt til IØS.

Tabell 5.21 Norske kvotar og fangstar av lodde i sesongane 2013/2014 og 2014/2015

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

13/142

14/153

13/14

14/15

Totalt

49 189

81 069

6175

80 994

Derav Grønland

12 800

46 400

-

30 486

Derav Jan Mayen

49 089

81 069

-

-

Derav Island

40 869

50 909

6175

50 508

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 27. februar 2015.

2 Norsk kvote var samansett av 12 800 tonn frå trepartsavtalen, der 4480 tonn kunne fiskast i Islands økonomiske sone (IØS) og 34 921 tonn frå avtalen mellom Noreg og Island om fisket i Barentshavet. I tillegg fekk Noreg eit kompensasjonstillegg på 1468 tonn frå førre sesong, der alt kunne fiskast i IØS.

3 Norsk kvote var juni 2014 samansett av 36 000 tonn frå trepartsavtalen, der 12 600 tonn kunne fiskast i IØS, og 34 669 tonn frå avtalen mellom Noreg og Island om fisket i Barentshavet. Noreg kunne altså fiske totalt 70 669 tonn lodde, der inntil 36 000 tonn kunne fiskast ved Grønland. 31. januar 2015 var TAC auka til 580 000 tonn. Norsk kvote auka då til totalt 81 069 tonn, der totalt 50 909 tonn kunne fiskast i IØS.

Figur 5.1 Lossing av sild

Figur 5.1 Lossing av sild

Foto: ©Scanfishphoto.com

5.2.3 Kolmule

Noreg byter tradisjonelt til seg kolmule frå EU samstundes som vi byter frå oss kolmule til Russland. Frå og med 2013 vart det innført kvotefleksibilitet over årsskiftet i fisket etter kolmule. Noreg fiska både i 2013 og 2014 på forskot på neste års kvote. Tabell 5.22 og 5.23 viser kvotane før og etter overføringar mellom partane, og overføringar over år. Dei fleste partane utnyttar kvotane godt.

Tabell 5.22 Kvotar og fangstar av kolmule i 2013

STAT

Kvote

Balanse 2012

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangstar (tonn)1

Balanse 2014

EU

177 548

10 137

-45 000

142 685

114 882

17 755

Færøyane

154 614

894

-75 000

80 508

85 768

-5620

Island

104 339

-2851

-

101 488

104 918

-3430

Noreg

155 324

438

33 808

189 570

196 245

-6675

Totalt

591 825

8618

-86 192

514 251

501 813

2390

Russland

47 694

1185

86 192

135 071

120 669

4769

Grønland

3481

202

-

3683

2136

1547

1 Fangsttala er innrapportert frå deltakande land under kyststatsforhandlingane om kolmule i oktober 2014.

Tabell 5.23 Kvotar og fangstar av kolmule i 2014

STAT

Kvote

Balanse 2013

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangstar (tonn)1

Balanse 2015

EU

331 349

17 755

-115 000

234 104

121 336

33 135

Færøyane

288 549

-5260

-62 000

221 289

209 595

10 156

Island

194 722

-3430

-

191 292

165 122

19 472

Noreg

289 874

-6675

79 113

362 312

399 519

-37 207

Totalt

1 104 494

2390

-97 887

1 008 997

895 509

33 792

Russland

89 009

4142

95 887

189 038

54 482

8901

Grønland

6497

348

-

6845

6891

-46

1 Fangsttala er innrapportert frå deltakande land under kyststatsforhandlingane om kolmule i oktober 2014.

5.2.4 Makrell

Frå og med 2011 vart det innført kvotefleksibilitet over årsskiftet i fisket etter makrell. Tabell 5.24 og 5.25 viser kvotane før og etter overføringar mellom partane, og overføringar over år. Noreg fiska både i 2013 og 2014 på forskot på neste års kvote. Noreg fiska storparten av kvoten i 2014 i eiga sone. Dei fleste partane utnyttar kvotane godt.

Tabell 5.24 Kvotar og fangstar av makrell i 2013

STAT

Kvote

Balanse 2012

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangstar (tonn)1

Balanse 2014

EU

336 285

-

-

-

313 640

22 645

Færøyane

125 852

32 743

13 000

145 595

143 001

2594

Island

123 182

7460

1300

131 942

139 532

-7590

Noreg

153 597

-5894

-242

147 462

164 728

-17 267

Totalt for kyststatane

738 916

-

-

-

760 901

382

Russland

68 358

13 500

81 858

80 819

1039

Grønland

71 400

-1400

70 000

52 796

17 204

1 Fangsttala er innrapportert frå deltakande land under kyststatsforhandlingane om makrell i oktober 2014.

Tabell 5.25 Kvotar og fangstar av makrell i 2014

STAT

Kvote

Balanse 2013

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangstar (tonn)1

EU

611 205

546 421

Færøyane

156 240

2594

14 000

144 834

150 415

Island

167 826

-7590

1300

161 536

154 825

Noreg

279 110

-17 267

-247

261 596

277 789

Totalt for kyststatane

1 214 381

-

-

-

1 129 450

Russland

102 211

-

14 500

116 711

116 461

Grønland

100 000

-

-

100 000

78 671

1 Fangsttala er førebels og innrapportert til NEAFC per november 2014.

5.2.5 Norsk fiske i Irmingerhavet

Deltakinga i dette fisket har variert frå år til år. I 2014 deltok seks norske fartøy, mot berre to fartøy i 2013. Sjølv om deltakinga i 2014 var relativt høg og kvoten var låg, stod det likevel att 355 tonn av den norske kvoten.

Tabell 5.26 Norske kvotar og fangstar i Irmingerhavet

Art

Kvotar1 (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2013

2014

2013

2014

Snabeluer

3601

2320

2979

1965

1 Den norske kvoten av uer i Irmingerhavet er samansett av tre komponentar: Eit kvantum frå forvaltningssavtalen om snabeluer i Irmingerhavet, og kvantum som Noreg byter til seg frå Grønland og EU.

2 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 11. februar 2015.

5.2.6 Norsk fiske i det nordvestlege Atlanterhavet

Dei siste åra har det vore auka interesse for fiske etter torsk i det nordvestlege Atlanterhavet. I 2013 deltok eitt norsk fartøy i dette fisket, medan to norske fartøy deltok i 2014. I begge åra er kvoten fullt utnytta. Rekekvoten har vore låg dei siste åra og norske fartøy har ikkje fiska reker i det nordvestlege Atlanterhavet sidan 2010.

Tabell 5.27 Norske kvotar og fangstar i det nordvestlege Atlanterhavet

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2013

2014

2013

2014

Torsk

1305

1343

1268

1348

Reker

96

48

-

-

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 10. februar 2015.

5.2.7 Rekefisket ved Svalbard

I 1996 vart rekefisket ved Svalbard regulert ved å setje grenser for innsatsen i fisket. Etter forskriftene kan berre nasjonar som har drive eit tradisjonelt fiske etter reker ved Svalbard delta i dette fisket med eit avgrensa tal på fartøy (Canada, Færøyane, Grønland, Island, EU, Noreg og Russland). For å motverke at rekefisket ekspanderer, vart rekefisket frå 1997 for dei aktuelle landa òg regulert med fiskedøgn. Av same grunn vart maksimalt tal tilletne fiskedøgn redusert med 30 prosent frå 1. januar 2006.

Tabell 5.28 Fangst av reker ved Svalbard

Land

Fangstar1 (tonn)

Maksimalt tillatne fiskedøgn

2013

2014

2013

2014

EU

1270

2212

1080

1080

Færøyane

818

2177

922

922

Grønland

127

121

450

450

Noreg2

4335

5581

5795

5795

Island

93

84

70

70

Russland

194

21

3256

3256

Canada

-

-

108

108

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 10. februar 2015 og Fiskeridirektoratets register for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 10. februar 2015.

2 For norske fartøy er fangsten basert på Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 10. februar 2015.

Til forsida