Meld. St. 26 (2015–2016)

Årsmelding 2015 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer

Til innhaldsliste

3 Utviklinga i 2015 for pensjonar opptente som stortingsrepresentantar

Totalt 391 personar fekk ved utgangen av 2015 pensjon på bakgrunn av tidlegare oppteningstid som stortingsrepresentant (alderspensjon, uførepensjon eller etterlatnepensjon).

3.1 Alderspensjon

Ved inngangen til 2015 var det 262 alderspensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore ein avgang på sju personar og ein tilgang på 17 personar. Per 31. desember 2015 var talet på alderspensjonistar 272 personar. I føregåande stortingsmelding blei det rapportert at talet på alderspensjonistar per 31. desember 2014 utgjorde 257 personar. Avviket skuldast at enkelte pensjonar er innvilga med verknad tilbake i tid. Tala i årsmeldinga for 2015 kan derfor ikkje direkte jamnførast med tilsvarande tal i årsmeldinga for 2014.

Gjennomsnittleg månadleg utbetaling for alderspensjon var 16 869 kroner. Kvinner tok imot 18 575 kroner, mens menn tok imot 15 913 kroner.

I 2015 tok 17 personar ut alderspensjon i ordninga for første gong. Av desse var ni kvinner og åtte menn. Gjennomsnittleg uttaksalder var 65,2 år for kvinner og 67,1 år for menn. Samla sett var den gjennomsnittlege uttaksalderen 66,1 år.

Gjennomsnittleg uttaksalder for stortingsrepresentantar varierer frå år til år, sidan talet på uttak er svært lågt.

Gjennomsnittsalderen for alle alderspensjonistar i ordninga var 74,0 år for kvinner og 75,3 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 74,8 år.

3.2 Uførepensjon

Ved inngangen til 2015 var det fire uførepensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore ein avgang på tre personar. Per 31. desember 2015 var det ein uførepensjonist.

Uførepensjon blir ofte innvilga med verknad tilbake i tid. Det kan framleis bli innvilga uførepensjon som gjeld for 2015.

Gjennomsnittleg månadleg utbetaling for uførepensjon var 20 583 kroner og gjennomsnittsalderen på uførepensjonistar var 58,0 år.

3.3 Etterlatnepensjon (ektefelle- og barnepensjon)

Ved inngangen til 2015 var det 122 ektefellepensjonistar i ordninga. I løpet av året var det ti avgangar og tre tilgangar. Per 31. desember 2015 var talet på ektefellepensjonistar 115 personar.

Gjennomsnittleg månadleg utbetaling for ektefellepensjon var på 9 351 kroner. Kvinner tok imot 9 162 kroner, medan menn tok imot 11 881 kroner.

I 2015 blei tre personar innvilga ektefellepensjon. Det var ei kvinne og to menn. Gjennomsnittsalderen deira var 83,0 år. Gjennomsnittsalderen for alle ektefellepensjonistar i ordninga var 82,3 år for kvinner og 81,4 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 82,2 år.

Ved inngangen til 2015 tok tre personar imot barnepensjon. Det har ikkje vore nokon tilgang eller avgang av personar med barnepensjon i 2015. Gjennomsnittleg månadleg utbetaling for barnepensjon utgjorde 10 709 kroner.

3.4 Rekneskap for 2015

Pensjonane blir dekte over kapittel 41 «Stortinget». I statsrekneskapen blei det utgiftsført 69 932 458 kroner til pensjonar og 1 577 460 kroner til administrasjonskostnader. Dette er om lag som i 2014.