Meld. St. 28 (2016–2017)

Noregs fiskeriavtalar for 2017 og fisket etter avtalane i 2015 og 2016

Til innhaldsliste

5 Fisket etter avtalane i 2015 og 2016

Dette kapitlet gjer greie for hovudtrekka i fisket etter fiskeriavtalane Noreg hadde med andre land i 2015 og 2016. Hovudvekta er lagt på norsk utnytting av avtalane og i kva grad partane som får tildelt kvotar i norske område, faktisk utnyttar desse kvotane.

Norske fiskarar utnyttar generelt kvotane godt, og for dei kommersielt viktigaste bestandane blir kvotane nytta så godt som fullt ut, jf. tabell 5.1.

Tabell 5.1 Norsk utnytting av nokre av dei kommersielt viktige kvotane i 2015 og 2016

Utnyttingsgrad1

2015

2016

Barentshavet, Noreg – Russland

Torsk

100 %

99 %

Hyse

85 %

89 %

Nordsjøen og Skagerrak, Noreg – EU

Sild

102 %

99 %

Sei

107 %

94 %

Fleirpartsavtalar

Norsk vårgytande sild (nvg-sild)

102 %

102 %

Makrell

100 %

102 %

Kolmule

98 %

103 %

1 Oversikta tek ikkje omsyn til overføringar over år (kvotefleksibilitet).

Årsaka til at hysekvoten ikkje vart fullt utnytta i 2015 er at totalkvoten vart auka med 25 prosent midt i året som følgje av ein revidert metodikk for bestandsvurderinga. På tross av hyppige refordelingar i 2016 klarte ikkje flåten å nytta heile kvoten dette året heller. Dette skyldas periodevis dårleg tilgang på hysa. Ved årets slutt stod det igjen betydelege kvantum både i trålgruppa, gruppa for konvensjonelle reiskap og open gruppe.

Noreg utnyttar kvotane på dei bestandane som vi deler med Russland godt. Noreg har god tilgang på desse bestandane i eiga sone, og vi nyttar difor lite av sonetilgangen vi har i russiske sone. Russland fiskar store deler av sine kvotar i norsk økonomisk sone (NØS).

Noreg nytta heile den norske sildekvoten og seikvoten sør for 62°N vart brukbart nytta i 2016. Ifølgje offisiell fangststatistikk har EU i dei seinare åra hatt relativt god utnytting av fellesbestandane i Nordsjøen; det same gjeld kvotane dei har i norsk sone nord for 62°N.

I EU-farvatna vart dei norske kvotane og sonetilgangen av dei pelagiske artane sild, kolmule og brisling, i tillegg til blåkveite og kviting, godt nytta begge åra. Noreg nytta heile augepålkvoten begge åra. Norske linefartøy fiska ein god del av botnfiskkvotane av blålange, lange og brosme både i 2015 og 2016.

Det norske fisket i Skagerrak har dei siste åra i hovudsak vore konsentrert om reke og sild. EU har fiska mest av artane torsk, raudspette, sild og reker i Skagerrak. Med unntak av hyse og kviting har Sverige har nytta sine kvotar i norsk økonomisk sone godt.

Færøyane har fiska mesteparten av kvotane sine på torsk, hyse og sei i NØS begge åra.

Med unntak av kveite og reker har Noreg hatt godt utbytte av kvotane i Grønlands sone i 2015 og 2016. Det same har Grønland i NØS nord for 62°N. Noreg har også utnytta botnfiskkvotane ved Island godt begge åra. Det same har Island i NØS nord for 62°N.

Alle kyststatane har nytta kvotane sine av dei pelagiske artane norsk vårgytande sild, kolmule og makrell godt.

Både i sesongen 2015/2016 og sesongen 2016/2017 nytta Noreg heile kvoten sin av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen. Heile kvoten vart fiska ved Island om vinteren.

For mange fiskeartar er det dei siste åra innført kvotefleksibilitet over år. Samanlikningar mellom kvotar og fangst i dei enkelte år kan difor vere misvisande. Fiskeslaga dette gjelder er markert i fotnotane i tabell 5.1 og 5.2.

Tabell 5.2 Norske kvotar og fangstar på fellesbestandane i Barentshavet

Art

Kvotar1 (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2015

2016

2015

2016

Torsk3

414 920

417 518

413 692

403 898

Hyse3

111 947

122 394

94 831

108 710

Blåkveite

9 675

11 205

9 989

11 931

Lodde

71 980

0

71 319

0

1 Etter overføring til tredjeland.

2 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 16. februar 2017, inklusive forskingsfangst og ungdoms- og rekreasjonsfisket.

3 Oversikta tek ikkje omsyn til overføringar over år (kvotefleksibilitet).

5.1 Tosidige avtalar

5.1.1 Noreg – Russland

Noreg har ei høg utnytting av kvotane på dei fiskebestandane vi forvaltar saman med Russland. Også Russland utnyttar kvotane sine godt; dei fiskar betydelige deler av sine kvotar i norsk økonomisk sone (NØS). Noreg nyttar lite av sonetilgangen vi har i russisk sone, fordi vi har god tilgang på desse bestandane i eiga sone.

I 2015 var Noreg og Russland einige om å innføre kvotefleksibilitet over årsskiftet for 2016. Denne ordninga er ført vidare i 2017.

Årsaka til at hysekvoten ikkje vart fullt utnytta i 2015 er at totalkvoten vart auka med 25 prosent midt i året som følgje av ein revidert metodikk for bestandsvurderinga. På tross av hyppige refordelingar i 2016 klarte ikkje flåten å nytta heile kvoten dette året heller. Dette skyldas periodevis dårleg tilgang på hysa. Ved årets slutt stod det igjen betydelege kvantum både i trålgruppa, i gruppa for konvensjonelle reiskap og i open gruppe.

Tabell 5.3 Russiske kvotar og fangstar på fellesbestandene i Barentshavet1

Kvotar2 (tonn)

Fangstar3 (tonn)

2015

2016

2015

2016

Torsk

389 240

389 240

378 147

394 098

Hyse

99 894

109 700

91 471

115 656

Blåkveite

8 625

9 975

12 953

-

1 Det blei berre tildelt forskingskvantum til lodde i 2016.

2 Etter overføring til Noreg, men før tilbakeføring av ubrukt tredjelandskvote.

3 For 2015 vart fangsttala utveksla i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen. Fangsttala for 2016 er rapportert frå russiske styresmakter til norske styresmakter. Fangst av blåkveite er ikkje med i dei rapportane.

Tabell 5.4 Norske kvotar og fangstar i russisk økonomisk sone

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2015

2016

2015

2016

Torsk

200 000

200 000

6 406

3 740

Hyse

40 000

40 000

1 408

1 642

Blåkveite

8 925

10 455

7

2

Lodde

71 880

-

-

Reker

4 000

4 000

1 829

725

Grønlandssel2

7 000

7 000

-

-

Steinbit

2 500

2 500

457

305

Flyndre

200

200

-

-

Bifangstkvote

500

500

15

11

1 Fiskeridirektoratets register for elektronisk fangst- og aktivitetsdata per 3. januar 2017.

2 Talet på dyr.

Tabell 5.5 Russiske kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2015

2016

2015

2016

NØS Nord for 62°N

Torsk

200 000

200 000

138 602

122 284

Hyse

40 000

47 000

21 270

38 850

Blåkveite

7 875

9 225

4 011

2 156

Lodde

47 920

-

334

-

Sei2

12 000

12 000

11 968

11 790

Steinbit

4 500

4 500

4 564

3 165

Uer3

2 000

2 000

592

1 104

Snabeluer3

7 400

7 400

644

6 807

Kolmule4

21 931

17 545

365

219

Norsk vårgytande sild4

36 498

40 702

25 289

14 965

Andre artar

3 000

3 000

309

477

Fiskerisona ved Jan Mayen

Norsk vårgytande sild

-

40 702

526

626

Makrell

-

-

23

-

Kolmule

21 931

17 545

48

32

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 8. februar 2017.

2 Av totalkvoten på 12 000 tonn sei kunne inntil 5 000 tonn fiskast i eit direktefiske i 2015 og 2016.

3 For 2015 og 2016 kunne russiske fartøy fiske inntil 7 400 tonn snabeluer i eit direktefiske i NØS nord for 62°N; resterande uer kunne berre tas som bifangst.

4 Kolmulekvoten og sildekvoten i NØS nord for 62°N kunne i 2015 òg fiskast i fiskerisona ved Jan Mayen; i 2016 gjaldt dette berre for kolmulekvoten.

5.1.2 Noreg – EU

Tabell 5.8 viser fangstmoglegheitene for norske fartøy i EU-sona. For fleire artar kan kvoten også fiskast i NØS eller i internasjonalt område. Slike fangstar reduserer høvet til å fiske tilsvarande i EU-sona. Det er til dømes tilfellet med makrellen. Avvik kan elles komme av at fisken er vanskeleg tilgjengeleg eller at det er liten interesse for å fiske denne arten.

Noreg får også kvotar i grønlandske farvatn gjennom forhandlingane med EU. Tradisjonelt har kvoten på blåkveite på Vest-Grønland vore best nytta, men dei siste åra har også kvoten på Aust-Grønland vore nytta. Dei siste åra har det vore liten interesse for å fiske reker.

Noreg – EU: fisket i Skagerrak og Kattegat

Det norske fisket i Skagerrak har dei siste åra i hovudsak vore konsentrert om torsk, reker og sild.

EU har dei siste åra nytta best kvotane på torsk, rødspette og nordsjøsild. Det er i hovudsak Danmark og Sverige som fiskar på desse kvotane, men andre EU-land har mindre kvotar for enkelte artar. På eige grunnlag kvoteregulerer EU òg andre bestandar enn dei det er fastsett kvotar på gjennom avtalen om regulering av fiskebestandane i Skagerrak/Kattegat.

Tabell 5.6 Norske kvotar og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen

Art

Kvotar1 (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2015

2016

2015

2016

Torsk

5 175

6 025

5 346

5 558

Hyse5

5 807

13 538

2 001

1 460

Sei4,5

33 743

33 532

35 978

31 561

Kviting

428

878

1 088

1 148

Raudspette5

8 386

8 920

168

94

Sild3,5

130 960

152 512

134 420

150 183

1 Etter overføringar frå EU og tredjeland, inkl. CCTV tillegg.

2 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 10. februar 2017.

3 Tabellen syner nordsjøsildkvoten inkludert den delen av Skagerrakkvoten som kan takast ut i Nordsjøen, før kvotefleksibilitet.

4 Seikvote i Skagerrak og Nordsjøen.

5 Overføringa tek ikkje omsyn til overføringar over år (kvotefleksibilitet).

Figur 5.1 Fiskeriminister Per Sandberg promoterer norsk skrei i Hamburg

Figur 5.1 Fiskeriminister Per Sandberg promoterer norsk skrei i Hamburg

Foto: Nærings- og fiskeridepartementet

Tabellane 5.10 og 5.11 viser kvotane og fangstane i Skagerrak og Kattegat i 2015 og 2016.

Noreg – EU: Sverige

Noreg har ein såkalla nabolandsavtale med Sverige om fiskeri, som gir svenske fiskarar retten til å fiske i norsk sone i Nordsjøen.

Svenske kvotar og fangstar i norske havområde i 2015 og 2016 er vist i tabell 5.12.

Tabell 5.7 EUs kvotar og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen

Art

Kvotar1 (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2015

2016

2015

2016

Torsk3

24 227

27 930

18 157

16 388

Hyse5

31 598

47 688

20 379

16 943

Sei5

31 683

31 284

33 736

24 040

Kviting

12 310

12 610

11 126

8 873

Raudspette5

119 390

122 494

65 211

48 937

Nordsjøsild4,5

316 131

367 952

286 789

233 684

1 Etter overføringar mellom Noreg og EU og før overføring til tredjeland.

2 Fangsttala for heile 2015 og for 2016 per 31. oktober 2016 var utarbeidd i førebuinga til forhandlingane mellom Noreg og EU hausten 2016.

3 I tillegg kjem 2 907 tonn i 2015 og 3 352 tonn i 2016 som var avsett til forsøk med CCTV.

4 I tillegg kjem ein bifangstkvote for sild på 15 744 tonn i 2015 og 13 382 i 2016. Av desse er hhv. 7 396 og 9 449 tonn fisket.

5 Overføringa tek ikkje omsyn til overføringar over år (kvotefleksibilitet).

Tabell 5.8 Norske kvotar og fangstar i EU-farvatn1 og tildelte kvotar frå EU i grønlandske farvatn

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2015

2016

2015

2016

EU-farvatn

Makrell

236 938

201 663

19 438

12 933

Sild3

60 000

60 000

59 133

59 950

Augepål

15 000

15 000

15 802

14 998

Kolmule

102 605

224 506

101 405

214 531

Havbrisling

9 000

20 000

9 065

20 149

Hestmakrell

3 550

3 550

78

642

Torsk3

5 175

6 025

3 089

3 234

Hyse3

5 807

13 538

1 141

715

Sei3,4

34 243

34 032

19 257

14 796

Blålange

150

150

133

91

Lange5

5 500

6 500

6 167

6 512

Brosme5

2 923

2 923

1 863

1 636

Kviting3

428

878

878

970

Raudspette3

8 386

8 920

127

19

Sjøtunge

10

10

-

-

Blåkveite6

1 000

1 100

889

1 009

Kombinert kvote

140

140

150

109

Andre artar9

4 000

4 750

4 268

4 912

Vest-Grønland

Blåkveite

575

575

575

575

Kveite

75

-

1

-

Aust-Grønland7

Reker

2 550

2 000

-

-

Blåkveite

575

575

575

575

Kveite

75

-

-

-

Uer7

800

800

800

800

Skolest/Isgalt o.a.8

60

90

84

76

1 Etter overføringar til EU og tredjeland. Inkluderer ikkje Skagerrak bortsett frå sei.

2 Fangsttala er henta frå Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 13. februar 2017.

3 For desse fellesbestandane avtalar EU og Noreg storleiken på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane maksimalt kan fiske i dei respektive sonene. Norske fartøy kan fiske kvoten i både EU-sona og i NØS.

4 Inkludert kvote og fangst i ICES-område VIa.

5 Av den samla kvoten for lange og brosme kan inntil 25 prosent vere bifangst (maksimalt 3 000 tonn). Inntil 2 000 tonn kan føres mellom brosme- og langekvotane.

6 Kvoten på blåkveite gjeld for ICES-underområder IIa og VIa.

7 Kvoten på uer ved Aust-Grønland kan òg fiskast i internasjonalt farvatn.

8 Kvoten på skolest/isgalt kan fiskast både på Vest- og Aust-Grønland.

9 Område 4 og 2a.

Tabell 5.9 EU sine kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1(tonn)

2015

2016

2015

2016

NØS, Nord for 62°N

Torsk2

22 036

19 900

20 333

19 628

Hyse2

1 288

1 247

1 014

1 188

Sei

2 550

2 550

2 144

2 035

Blåkveite

50

50

85

89

Uer

1 500

1 500

143

1 198

Kolmule

-

149 506

-

26

Makrell

18 852

16 024

9 600

2 630

Norsk vårgytande sild3

-

18 566

-

12 886

Andre artar

350

350

209

238

NØS, Nordsjøen4

Torsk5

21 439

24 658

8 661

7 739

Hyse2,5

26 209

36 180

7 748

7 171

Sei5

32 263

32 164

13 815

9 232

Kviting5

9 038

8 733

854

814

Raudspette5

49 114

50 264

8 803

10 063

Makrell

33 839

29 116

5 567

3 798

Nordsjøsild5

51 093

51 184

18 732

22 664

Augepål

-

-

-

-

Kolmule

800

150 306

763

718

Tobis

-

-

-

-

Reker

480

512

146

193

Andre artar2

11 020

12 495

9 232

9 309

Fiskerisona ved Jan Mayen

Norsk vårgytande sild

18 566

-

-

Kolmule

149 506

-

2

1 Fiskeridirektoratets register for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 2. mars 2017. Tala er basert på fartøya sine rapporterte soner ved fiske.

2 EU bytte i 2015 frå seg lodde ved Grønland, Island og Jan Mayen til Noreg. EU fekk økt kvote av torsk og hyse i NØS nord for 62°N i tillegg til hyse og lange i NØS sør for 62°N i mai 2015. Lange, brosme, breiflabb og sjøkreps ligg under kategorien «andre artar».

3 På grunn av ueinigheit om fordeling av bestanden av norsk vårgytande sild vart det ikkje inngått bilaterale avtalar om fiske i kvarandes sone i 2015. I 2016 vart det i mangel av ein kyststatsavtale om norsk vårgytande sild inngått ein bilateral avtale mellom EU og Noreg der ein blant anna vart samde om soneadgang.

4 EU sine kvotar i NØS i Nordsjøen er både i 2015 og 2016 sett saman av tre kvoteavtalar: avtalen mellom EU og Noreg, avtalen mellom Sverige og Noreg og «kolmuleavtalen». Avtalen mellom Sverige og Noreg er presentert i tabell 5.12.

5 For desse fellesbestandane avtalar EU og Noreg storleiken på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane kan fiske i dei respektive sonene.

Tabell 5.10 EU sine kvotar og fangstar i Skagerrak og Kattegat

Art

Kvotar1 (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2015

2016

2015

2016

Torsk

4 035

4 651

4 031

3 539

Hyse

2 399

3 761

1 374

1 047

Kviting

1 031

1 031

138

152

Raudspette

9 855

11 531

9 221

8 192

Sild3

37 788

44 271

35 862

21 033

Brisling

30 784

30 784

12 892

6 901

Reker

4 074

6 519

3 864

3 009

1 Torsk, raudspette og reker kan berre fiskast i Skagerrak. For dei andre artane gjeld kvotane både i Skagerrak og den nordlege delen av Kattegat.

2 Fangsttala for heile 2015 og for 2016 per 31. oktober 2015 var utarbeidd i førebuinga til forhandlingane mellom Noreg og EU hausten 2016.

3 I tillegg kjem ein bifangstkvote sild på 6 659 tonn i 2015 og 2016. Av desse er hhv. 6 944 og 2 586 tonn fisket.

Tabell 5.11 Norske kvotar og fangstar i Skagerrak og Kattegat

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2015

2016

2015

2016

Torsk4

152

175

101

149

Hyse

105

165

63

70

Kviting

19

19

6

13

Raudspette3

501

535

69

84

Sild2,7

2 908

3 406

2 475

3 924

Makrell

3 000

3 000

186

159

Brisling

2 496

2 496

299

346

Reker5,6

6 346

9 317

6 341

7 797

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 13. februar 2017.

2 Tabellen viser Skagerrakkvoten ekskludert den overførlege delen av Skagerrakkvoten som kan tas ut i Nordsjøen.

3 300 tonn overført frå Nordsjøen.

4 Utanfor grunnlinjene.

5 Den delen av rekekvoten som i utgangspunktet kunne fiskast i Skagerrak utgjorde i 2015 og 2016 høvesvis 3 556 og 5 120 tonn. Rekene i Nordsjøen og Skagerrak høyrer likevel til den same bestanden, og rekekvotane i Nordsjøen og Skagerrak forvaltast derfor som ein. Av den grunn inneheld kvote- og fangsttala også områdekvoten i Nordsjøen og fangstane på denne. I 2015 fiska norske fartøy 4 716 tonn i Skagerrak og 1 625 tonn i Nordsjøen. I 2016 vart det av norske fartøy fiska 5 487 tonn i Skagerrak og 2 310 tonn i Nordsjøen.

6 I 2014 vart Noreg og EU einige om at det kunne fiskast inntil 10 prosent på neste års kvote. Denne ordninga er ført vidare. Ved eit underfiske kunne inntil 10 prosent overførast til neste års kvote.

7 Overføringa tek ikkje omsyn til overføringar over år (kvotefleksibilitet).

Tabell 5.12 Svenske kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2015

2016

2015

2016

NØS, Nordsjøen

Torsk

382

382

376

335

Hyse

707

707

114

108

Sei

880

880

877

880

Kviting

190

190

53

40

Industrifiske2

800

800

786

724

Makrell

312

338

312

294

Sild

1 093

1 184

916

1 149

Reker

123

172

123

155

Andre artar

-

-

72

88

1 Fangsttala er basert på innrapporterte tal frå Det svenske fiskeriverket.

2 Industrifiskkvoten til Sverige omfattar kolmule, augepål, tobis, brisling og hestmakrell. Av dette kunne det fiskast maksimalt 400 tonn hestmakrell.

5.1.3 Noreg – Færøyane

Færøyane har utnytta botnfiskkvotane godt. Færøyske fartøy har i hovudsak fiska kvoten på makrell i si eiga sone, i EU-sona og i internasjonalt farvatn dei siste åra. Dei har difor ikkje fiska makrell i NØS nord for 62°N, eller i fiskerisona ved Jan Mayen i 2015 eller 2016. Færøyane har ikkje hatt tilgang til å fiske kolmule i norske havområde dei siste åra.

Tabell 5.13 Norske kvotar og fangstar i færøysk sone

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2015

2016

2015

2016

Lange/blålange

1 900

2 000

1 773

1 153

Brosme

1 600

1 700

1 214

889

Sei

500

567

39

29

Makrell

51 625

43 881

5

-

Kolmule

80 000

34 800

78 457

739

Andre artar

800

800

102

106

1 Fiskeridirektoratets register for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 13. februar 2017. Fangst justert som følgje av fiske i det særlige området der fartøy har lisens både hos Færøyane og EU.

Tabell 5.14 Færøyske kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2015

2016

2015

2016

NØS, Nord for 62°N

Torsk2

14 121

8 121

13 258

7 910

Hyse

1 800

1 250

1 458

1 088

Sei

800

800

695

707

Kolmule

-

-

-

-

Makrell

46 485

39 512

-

0

Andre artar3

400

200

236

140

NØS, Nordsjøen

Kolmule

-

-

-

-

Makrell

46 485

39 512

-

1 140

Fiskerisona ved Jan Mayen

Kolmule

-

-

-

-

Makrell

46 485

39 512

-

0

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 13. februar 2017.

2 Inkluderer færøyske kvotar som dei har fått av Russland som dei får fiske med Noreg.

3 Inkludert uer, sei og blåkveite.

5.1.4 Noreg – Grønland

Noreg sine kvotar og fangstar i grønlandsk sone i 2015 og 2016 går fram av tabell 5.15. I tillegg kan norske fartøy fiske i grønlandsk sone på kvote tildelt av EU (sjå tabell 5.8).

Kvotane på torsk og blåkveite var godt nytta, medan kvoten på kveite er vanskeleg å nytte.

Kvoten på uer er delt i botnlevande og pelagisk uer. Den pelagiske uerkvoten frå Grønland og EU kan fiskast i internasjonalt farvatn. Desse kvotane vart nytta.

Grønland sine kvotar i NØS blir som regel godt nytta.

Tabell 5.15 Norske kvotar og fangstar i grønlandsk sone

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2015

2016

2015

2016

Vest-Grønland:

Blåkveite

900

900

904

876

Aust-Grønland:

Blåkveite

500

400

586

408

Kveite

160

100

10

5

Uer

800

800

822

869

Brosme

-

200

-

164

Bifangst av andre artar

150

150

84

28

Vest- og Aust-Grønland:

Torsk

1 200

1 200

1 274

807

1 Fiskeridirektoratets register for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 15. februar 2017.

Tabell 5.16 Grønlandske kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar1 (tonn)

Fangstar2 (tonn)

2015

2016

2015

2016

NØS, Nord for 62°N

Torsk3

8 600

8 600

8 009

8 605

Hyse

1 400

1 400

1 117

1 382

Sei

700

700

437

616

Andre artar

260

260

125

164

1 Grønland overførte 5 100 torsk og 500 tonn hyse frå Russland til NØS både i 2015 og 2016.

2 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 15. februar 2017.

3 Inkluderer grønlandske kvotar som dei har fått av Russland som dei får fiske med Noreg.

Figur 5.2 Sildefiske

Figur 5.2 Sildefiske

Foto: Gunn Norvik, Norges sjømatråd

5.1.5 Noreg – Island

Norske fartøy har utnytta kvotane på botnfisk ved Island godt dei seinaste åra. Island har også tradisjonelt fiska opp torskekvoten som dei er tildelt, samstundes som dei i stor grad utnyttar det kvantum som kan fiskast som bifangst. Dei siste åra har Islandske fartøy i hovudsak fiska kvoten på norsk vårgytande sild i si eiga sone og i færøysk sone. Sidan 2015 har dei ikkje hatt høve til å fiske norsk vårgytande sild i norske havområder.

Tabell 5.17 Norske kvotar og fangstar i islandsk sone

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2015

2016

2015

2016

Brosme, lange, blålange

500

500

426

492

Uer2

-

-

26

40

Anna2

-

-

76

76

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 13. februar 2017.

2 I tillegg til kvoten på 500 tonn botnfisk hadde norske fartøy og høve til å ha inntil 25 prosent bifangst av andre artar.

Tabell 5.18 Islandske kvotar og fangstar i norske havområde

Område/art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2015

2016

2015

2016

NØS, Nord for 62°N

Torsk

8 158

8 158

8 250

8 155

Hyse2

-

-

1 816

1 316

Sei2

-

-

224

407

Nvg-sild

-

-

-

-

Andre artar2

2 447

2 447

43

47

Fiskerisona ved Jan Mayen

Nvg-sild

-

-

-

-

1 Fiskeridirektoratets register for elektroniske fangst- og aktivitetsdata per 13. februar 2017.

2 Bifangst inntil 30 prosent.

5.2 Kyststatsavtalar og andre fleirsidige avtalar

5.2.1 Norsk vårgytande sild

I 2007 var kyststatane einige om å innføre kvotefleksibilitet over årsskiftet for 2008. Denne ordninga er seinare ført vidare. Tabell 5.19 og 5.20 viser kvotane før og etter overføringar mellom partane, og overføringar over år.

Som følge av at Færøyane hausten 2012 fremma krav om ein høgare del norsk vårgytande sild, vart det i åra 2013 og 2014 inngått firepartsavtalar mellom EU, Island, Noreg og Russland om fordeling av norsk vårgytande sild. I avtalane vart det satt av eit kvantum til færøysk fiske, i samsvar med deira del frå 2007. Det vart ikkje einigheit om ein kyststatsavtale for 2015, men partane vart likevel samde om ein totalkvote i tråd med anbefalinga frå ICES. I 2016 vart det heller ikkje semje om ein avtale, men 15. januar 2016 la Noreg frem eit forslag til forvaltningstiltak i NEAFCs konvensjonsområde for 2016. I forslaget var det blant anna lagt opp til ein TAC ut frå forvaltningsplanen på 316 876 tonn. Tre parter stemte for, ein imot og ein part valde å ikkje stemme. Noregs forslag vart derfor gjeldande. Fordelinga av kvotar for 2016 er attgitt i tabell 5.20.

Færøyane og Island har dei siste åra fiska store delar av kvota si i eiga sone. I 2015 fiska EU den største delen av kvota si i internasjonalt farvatn; i 2016 tok dei det meste av fangsten i norsk sone.

Tabell 5.19 Kvotar og fangstar av norsk vårgytande sild i 2015

STAT

Kvote

Balanse 2014

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangstar (tonn)1

Balanse 2016

EU

18 242

2 724

0

21 148

14 186

6 962

Færøyane2

40 000

-856

-12 100

27 044

25 864

1 180

Island

41 063

6 072

419

47 544

42 627

4 927

Noreg

172 638

-11 678

-419

160 541

176 173

-15 632

Russland

36 498

0

10 000

46 498

45 853

645

Totalt

308 623

-3 738

-2 100

302 785

304 703

-1 918

Grønland

20 000

0

2 100

22 100

13 127

8 973

1 Tala er innrapportert frå deltakande land under fempartsforhandlingane oktober 2016.

2 Færøyane har sett ein eigen kvote på 13 prosent av totalkvoten på 308 623 tonn.

Tabell 5.20 Kvotar og fangstar av norsk vårgytande sild i 2016

STAT

Kvote

Balanse 2015

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangstar (tonn)1

EU

20 629

1 842

0

22 471

13 256

Færøyane2

56 087

1 180

-12 500

44 767

2 940

Island

45 979

4 106

0

50 085

45 380

Noreg

193 294

-15 632

0

177 662

115 961

Russland

40 624

78

10 000

50 702

29 362

Totalt

356 613

-8 426

-2 500

345 687

206 899

Grønland

20 000

0

2 500

22 500

20 292

1 Tala er innrapportert frå deltakande land under fempartsforhandlingane oktober 2016.

2 Færøyane har sett ein eigen kvote på 15,7 prosent av totalkvoten på 356 613 tonn.

5.2.2 Lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen

Kyststatane vart i mai 2015 einige om ein førebels TAC fastsett til 300 000 tonn for sesongen 2015/2016. Fisket i Grønlands økonomiske sone starta 29. juni medan fisket i Islands økonomiske sone ikkje vart opna før 1. oktober. Eit norsk fartøy gjekk til Grønland men fant ikkje lodde. 19. oktober vart TAC redusert til 44 000 tonn lodde. Norsk kvote vart då redusert til 34 685 tonn. Etter fleire tokt ble TAC den 22. januar 2016 auka til 173 000 tonn lodde. Norsk kvote auka til 58 326 tonn lodde. Dei fyrste fartøya gjekk til Island i slutten av januar 2016. Med bakgrunn i tal frå elektronisk rapportering stoppa islandsk kystvakt det norske loddefisket natt til 22. februar 2016. Då vart kvoten estimert oppfiska.

For sesongen 2016/2017 vart kyststatane juni 2016 samde om å vidareføra dei bilaterale avtala frå mai 2015. På grunn av låge målingar av bestanden hausten 2015 vart det ikkje funne grunnlag for å opne for eit sommarfiske etter lodde. Etter fleire tokt hausten 2016 og januar 2017 vart det i slutten av januar sett ein TAC på 57 000 tonn lodde. Det norske fisket vart opna 30. januar. Island gjennomførde eit nytt tokt i byrjinga av februar, noko som gjorde at det 14. februar vart funne grunnlag for å auka TAC til 299 000 tonn. Norsk kvote auka difor til 59 474 tonn.

Tabell 5.21 Norske kvotar og fangstar av lodde i sesongane 2015/2016 og 2016/2017

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

15/162

16/173

15/16

16/17

Totalt

58 326

59 474

58 239

59 245

Derav Grønland

27 161

28 309

-

-

Derav Jan Mayen

58 326

59 474

-

-

Derav Island

58 326

59 474

58 239

59 245

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 26. februar 2017/Noregs Sildesalslag per 26. februar 2017.

2 Norsk kvote vart i juni 2015 samansett av 24 000 tonn frå trepartsavtalen, 31 165 tonn frå avtalen mellom Noreg og Island om fisket i Barentshavet, samt 20 000 tonn i kvotebyte frå EU. Noreg kunne sommaren 2015 fiske totalt 75 165 tonn lodde, der inntil 44 000 tonn kunne fiskast ved Grønland. 19. oktober vart TAC redusert til 44 000 tonn. Kvoteelementet frå EU falt vekk og norsk kvote vart redusert til 34 685 tonn. 22. januar ble TAC auka til 173 000 tonn. Noreg fekk då 13 321 tonn frå EU og norsk kvote auka til totalt 58 326 tonn der alt kan fiskast i IØS.

3 Kvoten vart samansett av 23 920 tonn frå trepartsavtalen, der alt kunne fiskast i IØS, 31 165 tonn frå avtalen mellom Noreg og Island om fisket i Barentshavet, samt 4 389 tonn frå årleg kvoteavtale mellom EU og Noreg knyta til førre sesong.

5.2.3 Kolmule

I tillegg til Noregs kyststatsdel av kolmule, byter også Noreg tradisjonelt til seg kolmule frå EU – samstundes som vi byter frå oss kolmule til Russland.

Frå og med 2013 vart det innført kvotefleksibilitet over årsskiftet i fisket etter kolmule.

Noreg fiska både i 2015 og 2016 på forskot på neste års kvote. I 2015 fiska norske fartøy den største delen av kvoten sin i internasjonalt farvatn vestafor Irland; i 2016 fiska dei mest i EU-sona vestafor og nordafor Irland. Sjølv om det ikkje vart semje om ein kyststatsavtale for kolmule i 2015 eller 2016, fekk Noreg gjennom bilaterale avtalar med EU og Færøyane tilgjenge til å fiske deler av kvoten i høvesvis EU-sona og i Færøysona. I 2015 utnytta norske fartøy begge tilgjenga fullt ut; i 2016 vart det fiska svært lite i Færøysona, medan tilgjenget til EU-sona vart nytta nesten til det fulle.

Tabell 5.22 og 5.23 viser kvotane før og etter overføringar mellom partane, og overføringar over år. Dei fleste partane utnyttar kvotane godt.

EU-fartøy og færøyske fartøy har i dei siste åra fiska den største delen av sine kvotar i eigne farvatn, medan islandske fartøy i størst grad har fiska i færøysk sone. Russland og Grønland fiskar i hovudsak i Færøysk sone og i internasjonalt farvatn.

Tabell 5.22 Kvotar og fangstar av kolmule i 2015

STAT

Kvote

Balanse 2014

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangstar (tonn)

Balanse 2016

EU

347 087

33 135

-115 605

262 617

193 805

70 812

Færøyane

425 000

-8 224

-67 000

349 776

286 527

63 249

Island

204 458

7 922

0

212 380

214 890

-2 510

Noreg

417 499

-37 207

80 674

460 966

489 439

-28 473

Totalt

1 394 044

-4 374

-101 931

1 287 739

1 184 661

103 078

Russland

93 459

10 350

102 731

206 540

185 763

20 777

Grønland

6 822

0

0

6 822

5 651

1 171

Kjelde: Tala er innrapportert frå deltakande land under kyststatsforhandlingane om kolmule i oktober 2016.

Tabell 5.23 Kvotar og fangstar av kolmule i 20161

STAT

Kvote

Balanse 2015

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangstar (tonn)1

EU

321 570

34 709

-81 500

274 779

168 125

Færøyane

275 832

71 475

-82 500

264 807

272 569

Island

163 570

-2 510

- 1500

159 560

164 702

Noreg

243 495

-28 473

57 455

272 477

310 064

Totalt

1 004 467

75 201

-108 045

971 623

915 460

Russland

70 714

9 346

100 045

180 105

171 554

Grønland

4 565

96

8 000

12 661

12 864

1 Kvotetala er innrapportert frå deltakande land under kyststatsforhandlingane om kolmule i oktober 2016; fangsttala er innrapportert til NEAFC (HOD 17/02).

5.2.4 Makrell

Frå og med 2011 vart det innført kvotefleksibilitet over årsskiftet i fisket etter makrell. Tabell 5.24 og 5.25 viser kvotane før og etter overføringane mellom partane, og overføringane over år. Noreg fiska både i 2015 og 2016 på forskot på neste års kvote. Noreg fiska storparten av kvoten i 2015 og 2016 i eiga sone. Dei fleste partane utnyttar kvotane godt.

Tabell 5.24 Kvotar og fangstar av makrell i 20161

STAT

Kvote

Balanse 2015

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangstar (tonn)2

EU

441 586

51 951

338

493 875

432 162

Færøyane

112 892

-1 783

-20 169

90 940

93 266

Island

147 824

11 089

1 300

160 213

167 319

Noreg

201 663

-16 062

4 031

189 632

209 300

Totalt for kyststatane

903 965

45 195

-14 500

934 660

641 549

Russland

108 467

14 500

122 967

120 915

Grønland

85 000

0

0

85 000

35 828

1 Kvotar er innrapportert frå deltakande land under kyststatsforhandlingane om makrell i oktober 2016, samt frå bilateral avtale mellom Færøyane og Russland for 2016.

2 Fangsttala er basert på innrapporterte tal til NEAFC (HOD 17/02).

Tabell 5.25 Kvotar og fangstar av makrell i 20151

STAT

Kvote

Balanse 2014

Overføring

Kvote etter overføring og fleksibilitet

Fangstar (tonn)

Balanse 2015

EU

519 512

59 587

312

579 411

454 915

124 496

Færøyane

132 814

-4 287

-20 940

107 587

109 370

-1 783

Island

172 964

6 161

1 300

180 425

169 336

11 089

Noreg

237 250

-16 133

4 828

225 945

242 007

-16 062

Totalt for kyststatane

1 062 540

11 452

-14 500

1 093 368

973 628

117 740

Russland2

114 143

14 500

128 643

128 246

397

Grønland

85 000

85 000

30 379

0

1 Tala er innrapportert frå deltakande land under kyststatsforhandlingane om makrell i oktober 2016.

2 Fangsttala for Russland er basert på innrapporterte tal til NEAFC (HOD 16/16), samt den bilateral avtalen mellom Færøyane og Russland for 2015.

Figur 5.3 Makrellfiske

Figur 5.3 Makrellfiske

Foto: Havforskingsinstituttet

5.2.5 Norsk fiske i Irmingerhavet

Deltakinga i fisket i Irmingherhavet har variert frå år til år. I 2015 deltok tre norske fartøy, mens det deltok to fartøy i 2016. Kvoteutnyttinga har òg variert frå år til år. Dei to siste åra har kvoten vorte fullt utnytta.

Tabell 5.26 Norske kvotar og fangstar i Irmingerhavet

Art

Kvotar1 (tonn)

Fangstar2,3 (tonn)

2015

2016

2015

2016

Snabeluer

1 166

1 127

1 547

1 396

1 Den norske kvoten av uer i Irmingerhavet er samansett av tre komponentar: Eit kvantum frå forvaltningsavtalen om snabeluer i Irmingerhavet, og kvantum som Noreg byter til seg frå Grønland og EU.

2 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 15. februar 2017.

3 I fisket etter snabeluer i NEAFC-områder har partane bestemt at omrekningsfaktoren 1,7 skal nyttast ved fangstrapportering til NEAFC-sekretariatet. Det er også dette som ligg til grunn for Fiskeridirektoratets vurdering av når fisket må stoppast. I tabellen ovanfor er likevel dei offisielle norske omrekningsfaktorane nytta. Omrekningsfaktoren på japankutta uer er på 1,95, noko som gjer at dei offisielle norske tala er noko høgare enn det som ligg til grunn for fangstrapportane til NEAFC-sekretariatet.

5.2.6 Norsk fiske i det nordvestlege Atlanterhavet

Dei siste åra har det vore auka interesse for fiske etter torsk i det nordvestlege Atlanterhavet. I 2015 deltok fire norske fartøy i dette fisket, medan tre norske fartøy deltok i 2016. Kvoten var fullt utnytta i begge åra.

Norske fartøy har ikkje fiska reker i det nordvestlege Atlanterhav sidan 2014; orsaka er ein dårleg bestandssituasjon.

Tabell 5.27 Norske kvotar og fangstar i det nordvestlege Atlanterhavet

Art

Kvotar (tonn)

Fangstar1 (tonn)

2015

2016

2015

2016

Torsk

1 276

1 289

1 281

1 318

Reker

-

-

-

-

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 13. februar 2017.

Til forsida