Meld. St. 3 (2018–2019)

Statsrekneskapen 2018

Til innhaldsliste

4 Statens balanse med kommentarar til finanspostar m.m.

Kapittel 4 tek føre seg desse emna: statens balanse med notar til viktige endringar (4.1), statens finansinntekter og finansutgifter (4.2), garantiar (4.3) og hovudprinsippa for føring av statsrekneskapen (4.4).

4.1 Statens balanse med notar

Kapitalrekneskapen er ei oppstilling av statens balanse med hovudvekt på finansielle eigedelar, gjeld og eigenkapital i staten. Kapitalrekneskapen er presentert i tabell 3.1 i vedlegg 3. Ei balanseoppstilling på samanstilt nivå er òg presentert i tabell 1.11 i vedlegg 1.

Dei viktigaste eigedelane i balansen er spesielle fond, utlån, fast kapital i statsverksemdene og verdipapir medrekna kapitalen i statens sjølvstendige verksemder. Realkapital er normalt ikkje med i kapitalrekneskapen. For forretningsverksemdene er realkapital likevel ein del av balansen, jf. vedlegg 5, som syner balansen for desse verksemdene. Den viktigaste gjeldsposten er statsgjelda, som inneheld statskassevekslar, kortsiktige kontolån og faste lån opptekne innanlands.

Statens eigedelar minka med 293,8 mrd. kroner i 2018, frå 10 060,7 mrd. kroner til 9 767,0 mrd. kroner. Gjeldssida utanom eigenkapitalen hadde ein netto nedgang på 71,0 mrd. kroner i 2018, frå 766,3 mrd. kroner til 695,4 mrd. kroner. Eigenkapitalen minka med 222,8 mrd. kroner frå 9 294,4 mrd. kroner til 9 071,6 mrd. kroner. Vesentlege endringar vert omtalt i notane under.

Tabell 4.1 Statens eigedelar og gjeld (tal i mill. kroner)1)

Tekst

Note

31.12.2017

31.12.2018

Endring

Eigedelar

60. Kontantbehaldning

1

162 386

187 653

25 267

61. Spesielle fond og forsikringar

2

8 742 991

8 504 428

-238 563

62. Verdipapir

3

175 819

178 966

3 147

63. Utlån og uteståande krav

4

478 785

480 846

2 061

64. Ordinære fond

5

195 523

128 703

-66 819

65. Forskot

6

222

218

-4

66. Kapital i statsbankane

7

620

620

-

68. Fast kapital i statsverksemdene

8

237 844

238 521

677

69. Eigenbehaldning statspapir

9

78 345

59 130

-19 215

70–72. Mellomvære med rekneskapsførarar

10

-3 022

-5 437

-2 415

77. Overkurs/underkurs statspapir

11

-8 780

-6 666

2 114

Sum eigedelar

10 060 732

9 766 982

-293 750

Gjeld og eigenkapital

80. Statsgjelda

12

522 047

523 869

1 822

81. Kontolån frå ordinære fond

13

207 878

141 315

-66 562

82. Verksemder med særskilde fullmakter

14

19 146

19 862

716

84. Deposita og avsetjingar

15

2 742

-6 489

-9 231

87. Overførte unytta løyvingar

16

14 506

16 811

2 305

Sum gjeld

766 319

695 369

-70 950

99. Avslutningskonto (eigenkapital)

17

9 294 413

9 071 614

-222 799

Sum gjeld og eigenkapital

10 060 732

9 766 982

-293 750

1) Det kan vere avvik mellom sumtala i tabellen og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vere i samsvar med kapitalrekneskapen i tabell 3.1 i vedlegg 3.

Notar:

Note 1. Kontantbehaldninga til staten auka med 25,3 mrd. kroner i 2018. Kontantbehaldninga er plassert i Noregs Bank. Sjå tabell 1.14 i vedlegg 1.

Note 2. Spesielle fond og forsikringar minka med 238,6 mrd. kroner. Dette kjem av ein nedgang i bokført verdi av Statens pensjonsfond med 240,7 mrd. kroner for Statens pensjonsfond utland (SPU) og 1,0 mrd. kroner for Statens pensjonsfond Noreg (SPN). Statens pensjonsfond vert bokført til marknadsverdi i kapitalrekneskapen, og vert nærare omtalt i kapittel 3. Bokført verdi for Norfund auka med 3,1 mrd. kroner i 2018. Av dette var 1,3 mrd. kroner tilført grunnfondskapital og 1,8 mrd. kroner utgjer netto annan auke. Sjå tabell 5.8 i vedlegg 5 for balansetal for Norfund.

Note 3. Verdipapir, medrekna kapitalen i statens sjølvstendige verksemder, auka med netto 3,1 mrd. kroner. Auken kjem for ein del av tildeling av utbyteaksjar i Equinor AS (tidlegare Statoil ASA) med 1,8 mrd. kroner, medan sal av aksjar for SAS AB medførte ein nedgang på 1,2 mrd. kroner. Investinor AS auka med 250 mill. kroner etter overføring av midlar frå Investeringsfondet for Investinor AS i 2017. DNB ASA og Telenor ASA minka båe med 0,2 mrd. kroner ved tilbakekjøp av aksjar. Kongsberg Gruppen ASA auka med 2,5 mrd. kroner etter emisjon i 2018. Innskot i Den asiatiske investeringsbanken førte til ein auke på 0,2 mrd. kroner i 2018. Sjå tabell 3.6 i vedlegg 3 for oversyn over statens aksjeinteresser.

Note 4. Netto utlån og uteståande krav auka med 2,1 mrd. kroner. Av dette kjem 10,2 mrd. kroner frå netto auke i utlån frå Statens lånekasse for utdanning og 3,3 mrd. kroner frå Husbanken. Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse minka med 6,4 mrd. kroner. Investeringslåna til helseføretaka auka med 1,7 mrd. kroner, medan driftskredittramma for helseføretaka auka med 1,1 mrd. kroner. Netto lån under Innovasjon Noreg auka med 0,9 mrd. kroner. Utlån frå Eksportkreditt AS (Statleg eksportfinansieringsordning) minka netto med 8,1 mrd. kroner. I dette beløpet inngår ein auke på 2,3 mrd. kroner ved omrekning av lån i utanlandsk valuta til kursen på balansedagen. Det var òg ein nedgang på utlåna til Avinor AS med 0,4 mrd. kroner.

Note 5. Ordinære fond minka med 66,8 mrd. kroner. Fondet for klima, fornybar energi og energiomlegging under OED vart avvikla i 2018 og minka med 67,8 mrd. kroner. Klima- og energifondet vart overført frå OED til KLD og auka med netto 0,4 mrd. kroner. Lånekassa sitt konverteringsfond minka med 0,3 mrd. kroner. Tapsfond landsdekkjande innovasjonslån og garantiar auka med 0,1 mrd. kroner, og Fond for OPS-prosjekt på veg auka med 0,5 mrd. kroner. Ein må sjå kontogruppe 64 Ordinære fond i samanheng med kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond, jf. note 13. Midlane som fonda har ståande på konto i Noregs Bank, er òg førte opp som kontolån til staten. Sjå òg tabell 3.1 i vedlegg 3 om ordinære fond (eigedelar).

Note 6. Forskot auka med 3,9 mill. kroner. Oppgjersordningane for legemiddel på H-resept og fritt behandlingsval, jf. kap. 0740, er netto balanseført med ein auke på 90,1 mill. kroner. Forskot i Statens vegvesen minka med 91,4 mill. kroner, medan forskot på rammetilskot til kommunar under KMD minka med 2,6 mill. kroner.

Note 7. Det var inga endring i samla kapital i statsbankane i 2018.

Note 8. Fast kapital i statsverksemdene auka med 677 mill. kroner. Kapitalen i SDØE minka med 2,3 mrd. kroner, og kapitalen i Statsbygg auka med 3,0 mrd. kroner. Kapitalen i SPK Forvaltningsbedrift minka med 41 mill. kroner. Sjå òg tabell 3.2 i vedlegg 3 for detaljar om kapitalen i statsverksemdene.

Note 9. Eigenbehaldning av statspapir minka med 19,2 mrd. kroner. Statsobligasjonar minka med 21,9 mrd. kroner, og statskassevekslar auka med 2,7 mrd. kroner.

Note 10. Statlege verksemder sine mellomvære med statskassa endra seg med 2,4 mrd. kroner, frå -3,0 mrd. kroner i 2017 til -5,4 mrd. kroner i 2018, slik at verksemdene har 5,4 mrd. kroner til gode per 31.12.2018.

Stortinget har i saker under 1 mill. kroner gitt Finansdepartementet fullmakt til å postere differansar og uoppklara saker mot konto for forskyving i balansen (eigenkapitalen). I større saker kan Stortinget vedta særskilde fullmakter.

Det vart i 2018 postert 0,1 mill. kroner til debet på konto for forskyving i balansen og til kredit kontogruppe 70/71. Dette gjeld følgande verksemder (tal i kroner):

Barne- og likestillingsdepartementet (708001)

-100 000

Samla

-100 000

Sjå òg tabell 3.9 i vedlegg 3 der departementa sine mellomvære med staten er spesifiserte.

Note 11. Overkurs/underkurs på statspapir er per 31.12.2018 bokført med -6,7 mrd. kroner. Dette er ei endring på 2,1 mrd. kroner frå -8,8 mrd. kroner året før.

Note 12. Statsgjelda auka med 1,8 mrd. kroner. Statskassevekslar minka med 8,0 mrd. kroner og kortsiktige kontolån minka med 0,3 mrd. kroner. Faste lån opptekne innanlands auka med 10,1 mrd. kroner. Endringa i statsgjelda for 2018 er nærare spesifisert i tabell 3.3 i vedlegg 3.

Note 13. Kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond omfattar alle ordinære fond som har fondsmidlar plasserte i statskassa på konto i Noregs Bank. Dei fonda der staten både eig og kan disponere fondskapitalen, er i tillegg aktiverte i kontogruppe 64 Ordinære fond, jf. note 5.

Kontogruppe 81 minka med 66,6 mrd. kroner i 2018. Fondet for klima, fornybar energi og energiomlegging under OED vart avvikla i 2018 og minka med 67,8 mrd. kroner. Klima- og energifondet vart overført frå OED til KLD og auka med netto 0,4 mrd. kroner. Lånekassa sitt konverteringsfond minka med 0,3 mrd. kroner. Alminneleg garantiordning under GIEK minka med 0,4 mrd. kroner, og Tapsfond landsdekkjande innovasjonslån og garantiar auka med 0,1 mrd. kroner. Fond for OPS-prosjekter på veg auka med 0,5 mrd. kroner, medan inneståande knytte til Gjeldsbrevordninga under Utanriksdepartementet og Norad auka samla med 0,7 mrd. kroner. Norsk pasientskadeerstatnings reguleringsfond auka med 0,1 mrd. kroner. Sjå tabell 3.1 i vedlegg 3 og detaljar for Gåveforsterkingsordninga og Gjeldsbrevordninga i tabellane 3.8 og 3.11.

Note 14. Kontogruppe 82 omfattar verksemder med særskilde fullmakter til å nettoføre utgifter og inntekter. Dei likvide midlane til verksemdene er plasserte i Noregs Bank og auka med 716 mill. kroner. Midlane utgjer 19,9 mrd. kroner ved utgangen av året. Staten kan nytta denne likviditeten, som vert notert som gjeld i kapitalrekneskapen. Eit meir detaljert oversyn over midlane i desse verksemdene står i tabell 3.1 og tabell 3.10 i vedlegg 3. Auken i 2018 gjeld særleg universitet og høgskular med 512 mill. kroner og Forsvarets forskingsinstitutt med 108 mill. kroner.

Note 15. Deposita og avsetjingar minka med 9,2 mrd. kroner. Avsetjinga for mellomvære med Statens pensjonsfond utland minka med 8,4 mrd. kroner (slik at staten per 31.12.2018 hadde 8,0 mrd. kroner til gode i SPU midlar), sjå kapittel 3.1. Avsetjing i statsgjelda (konto 84 00 16) minka med 206 mill. kroner, medan avsetjing i Statens vegvesen minka med 716 mill. kroner. Avsetjingar under Olje- og energidepartementet Gassnova auka med 14 mill. kroner. Avsetjinga i Svalbardrekneskapen (konto 84 50 04) auka med 22 mill. kroner. Detaljar om Svalbardrekneskapen står i tabell 5.1–5.3 i vedlegg 5.

Note 16. Unytta løyvingar som vert overførte til neste budsjettår, er registrerte som gjeld i statsrekneskapen. Overføringane frå 2018 til 2019 utgjer til saman 16,8 mrd. kroner, som er 2,3 mrd. kroner meir enn overført løyving frå 2017 til 2018.

Note 17. Avslutningskontoen syner at statens eigenkapital i 2018 minka med 222,8 mrd. kroner, frå 9 294,4 mrd. kroner til 9 071,6 mrd. kroner. Brutto endring i statens eigedelar og gjeld går fram av tabell 4.1 og note 1–16 ovanfor. Netto endring i konto for forskyving i balansen, som syner endring i eigenkapitalen som skriv seg frå transaksjonar som ikkje er førte frå 90-postar, går fram av spesifikasjonen nedanfor. Sjå òg tabell 1.13 i vedlegg 1.

Endring i eigenkapitalen over konto for forskyving i balansen (mill. kroner):

2017

2018

61. Endra verdi Statens pensjonsfond

1 002 155

-241 686

99. Overskot før lånetransaksjonar

8 568

7 001

87. Endring avsetjing overførte midlar

-949

-2 305

Andre endringar:

18 990

14 191

61. Auka verdi Norfund, ikkje ført på 90-post

3 861

1 858

62. Nettovinst verdipapir

-2

2 951

62. Equinor ASA, utbyteaksjar

7 539

1 754

62. Investinor

250

62. Nedskriving NSB AS ved overføring av ROM-eigedom AS til Bane NOR SF

-176

0

62. Føretakskapital, Bane NOR SF

10 000

0

62. Auka eigenkapital i Nye Veier AS

1 000

0

63. Auka utlån til helseføretaka

1 217

2 323

63. Redusert lån TCM

-304

0

63. Justert driftskredittramme, helseføretaka

-5 970

1 107

63. Etablert driftskredittramme, Bane NOR SF

500

0

63. Eksportkreditt AS, valutakurseffekt

-2 294

2 349

63. Anna tap/ettergjeving av lån

1

-7

64. Inneståande fond, ikkje ført på 90-post

-793

931

64. Avvikling av Tøyenfondet og Observatoriefondet

-185

0

65. HOD, oppgjersordning for H-resept/fritt behandlingsval, jf. kap. 0740

-67

90

65. Endring i avsetjing av forskot under Statens vegvesen

101

-91

66. Avvikling tapsfond, Statens miljøfond

-39

0

68. Auke i fast kapital i forvaltningsverksemdene

4 722

677

68. Avvikling fast kapital, Statens kartverk ved omdanning til ordinært forvaltningsorgan

-124

0

70–72 Korrigering av mellomvære med statskassa etter fullmakt

1

0

Sum

1 028 764

-222 799

4.2 Finansinntekter og finansutgifter

Staten hadde i 2018 renteinntekter på 14,4 mrd. kroner og renteutgifter på 10,7 mrd. kroner. Netto renteinntekter vart dermed 3,7 mrd. kroner, jf. tabell 4.2. Frå 2017 til 2018 auka renteutgiftene med 1,8 mrd. kroner, medan renteinntektene auka med 2,1 mrd. kroner.

Tabell 4.2 Renter (tal i mill. kroner)

2016

2017

2018

1. Renteinntekter i alt1)

12 296

12 285

14 409

Renter frå statsbankane og statsføretaka

8 445

8 828

8 842

Renter av kapital i statens forretningsverksemd

77

72

72

Sum renter av kontantbehaldning og andre krav, av dette:

3 774

3 384

5 495

renter av innskot og andre krav

1 817

1 856

4 191

renter av lån til helseføretaka

333

295

280

renter av lån til aksjeselskap

115

57

46

renter frå folketrygda

3

3

1

Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga

1 506

1 173

977

2. Renteutgifter i alt2)

10 848

8 861

10 675

Av innanlandsk statsgjeld

10 825

8 833

10 636

Av utanlandsk statsgjeld

0

0

0

Av investeringslån, helseføretak f.o.m. 2008

23

28

39

Netto renteinntekter/renteutgifter (-)

1 448

3 424

3 734

1) Sjå òg kapittel 2.17 for omtale av statlege utlån gjennom Statens lånekasse for utdanning, Husbanken, bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse, Innovasjon Noreg og eksportfinansieringsordninga gjennom Eksportkreditt Noreg AS.

2) Renteutgifter for statsgjelda omfattar gjeld under kontogruppe 80 og 81. Kap. 1650, post 01 syner driftsutgifter til statsgjeldforvaltning på 38,1 mill. kroner. Medrekna renteutgifter på 10 636,3 mill. kroner syner programområdet 24 statleg gjeld og fordringar, renter og avdrag samla utgifter før lånetransaksjoner på 10 674,4 mill. kroner.

Renteinntekter frå statsbankane og statsføretaka er i 2018 på 8,8 mrd. kroner. Av dette er 3,0 mrd. kroner frå Husbanken, 4,0 mrd. kroner frå Lånekassa, 1,7 mrd. kroner frå eksportfinansieringsordninga, 131 mill. kroner frå Innovasjon Noreg og 18 mill. kroner frå SIVA.

Renteinntekter av innskot og andre krav på 4,2 mrd. kroner er i hovudsak førte på kapittel 5605 Renter av statskassas kontantbehaldning og andre krav. Av dette er 1,6 mrd. kroner renter av inneståande på statens foliokonto i Noregs Bank og 2,5 mrd. kroner renteinntekter av innanlandske verdipapir knytte til statsgjeldsforvaltinga. Renteinntekter av alminnelege fordringar og driftskreditt til statsverksemder vart høvesvis 62,9 og 38,6 mill. kroner i 2018.

Opptrekksrenter for investeringslån til helseføretaka på kapittel 0732 Regionale helseføretak) vart 38,9 mill. kroner. Renteutgiftene på 10,6 mrd. kroner på kapittel 1650 Statsgjelda er mellom anna 10,5 mrd. kroner i renteutgifter knytte til statsobligasjonar og statskassevekslar. Det er 0,1 mrd. kroner i netto utgift som er 2,2 mrd. kroner i renteutgifter på kontolån frå ordinære fond og 2,1 mrd. kroner i inntekter knytte til attkjøps- og rentebyteavtaler. Det er 48,5 mill. kroner i renteutgifter på kontolån frå verksemder som er pålagde å plassere overskotslikviditet som kontolån til staten.

Per 31.12.2018 var statsgjelda 524 mrd. kroner, jf. vedlegg 3, tabell 3.1 og 3.3. Nærare omtale av statens lån i kapitalmarknaden står i Meld. St. 1 (2017−2018) Nasjonalbudsjettet 2018, kap. 3.6 Statens gjeldsforvaltning. Statens lånebehov og behovet for lånefullmakter i 2018 er omtalt i Prop. 1 S (2017−2018) Statsbudsjettet 2018, kap. 7.

4.3 Garantiar

Staten kan ikkje gje garantiar som kan føre til tap i seinare terminar, utan at Stortinget har gjeve ei garantifullmakt. Dette gjeld garantiordningar der staten garanterer for at låntakarar oppfyller skyldnadene sine overfor långivarar.

Tabell 4.3 syner samla garantiansvar etter departement for 2017 og 2018. Per 31.12.2018 har staten gjeve garantiar med eit samla garantiansvar på 183,7 mrd. kroner. Dette er 19,3 mrd. kroner meir enn i 2017. Etter ei ny vurdering har Olje- og energidepartementet rapportert inn 1 mrd. kroner i garantiansvar per 31.12.2017 og 31.12.2018. Ansvaret er knytt til ein varig garanti frå 2007, men som ikkje tidlegare har vært ført opp. Under Nærings- og fiskeridepartementet auka ansvaret i 2018 netto med 16,0 mrd. kroner, og det meste gjeld den allmenne garantiordninga og «gammal allmenn ordning» under GIEK. Samla garantiansvar under Utanriksdepartementet auka med 1,4 mrd. kroner. Under Samferdselsdepartementet auka ansvaret i 2018 med 1,9 mrd. kroner.

Samla utbetalingar ved tap på garantiar i 2018 var på 66,6 mill. kroner, og dette kjem av utbetalingar under GIEK, byggelånsgarantiar til skipsbyggingsindustrien og Innovasjon Norge, og realinvesteringar og driftskreditt.

Vedlegg 4 inneheld meir informasjon om dei ulike garantiordningane (tabell 4.1 og 4.2 med notar).

Tabell 4.3 Samla garantiansvar for staten per 31.12. (tal i mill. kroner)

Garantiansvar per 31.12.2017

Utbetalt ved tap i 2018

Garantiansvar per 31.12.2018

Utanriksdepartementet

31 627,8

33 004,1

Arbeids- og sosialdepartementet

216,8

210,9

Helse- og omsorgsdepartementet

0,6

0,4

Barne- og likestillingsdepartementet

1,1

0,7

Nærings- og fiskeridepartementet

106 832,6

66,6

122 858,0

Samferdselsdepartementet

8 084,6

9 958,9

Finansdepartementet

16 613,9

16 664,6

Olje- og energidepartementet

1 000,0

1 000,0

Sum

164 377,4

66,6

183 697,5

4.4 Prinsipp for føring av statsrekneskapen

Desse hovudprinsippa ligg til grunn for statsrekneskapen:

  • Statens løyvingsrekneskap og balanse vert ført etter kontantprinsippet, i samsvar med løyvingsvedtak i Stortinget.

  • Rekneskapen vert kvart år sett opp med ein rekneskapstermin frå 1. januar til 31. desember. Han skal òg innehalde eit oversyn over garantiar, tilsegnsfullmakter og bestillingsfullmakter som gjeld per 31. desember.

  • Løyvingsrekneskapen vert sett opp etter den inndelinga som Stortinget har fastsett for budsjettet.

  • Løyvingsrekneskapen vert ført etter bruttoprinsippet, slik at inntekter og utgifter vert sette opp kvar for seg.

  • Transaksjonar skal førast med verdien på betalingstidspunktet. Verdien i kapitalrekneskapen vert sett til historisk verdi på transaksjonstidspunktet. Unntak er Statens pensjonsfond og Norfund, som nyttar marknadsverdi. Lån under eksportkredittordninga i utanlandsk valuta vert omrekna til kursen på balansedagen.

  • Lånetransaksjonar på 90-postar i løyvingsrekneskapen (lån, tilbakebetalingar m.m.) vert førte i kapitalrekneskapen som auke/nedgang i statens eigedelar og gjeld.

  • Statsrekneskapen er bygd på fullstendig rapportering frå alle statlege verksemder som rapporterer til statsrekneskapen, og rapportering frå kvart departement. Tala i rekneskapen og statlege verksemder s mellomvære med statskassa er stadfesta av kvart departement.

  • Rapporterte betalingar i kvar verksemd er avstemte mot statens konsernkontosystem i Noregs Bank.

  • Statens løyvingsrekneskap vert gjord opp med eit brutto finansieringsbehov, jf. tabell 1.9. Brutto finansieringsbehov går fram av kapittel 5999 Statslånemidlar og vert ført mot konto for forskyving i balansen (eigenkapitalen) i kapitalrekneskapen. Tabell 1.14 i vedlegg 1 syner samanhengen mellom finansieringsbehovet og faktisk endring i kontantbehaldninga. Netto endring i konto for forskyving i balansen skriv seg frå transaksjonar som ikkje er førte frå 90-postar, jf. note 17 i kapittel 4.1.

Til forsida