Meld. St. 3 (2021–2022)

Statsrekneskapen 2021

Til innhaldsliste

3 Statens pensjonsfond

Lov om Statens pensjonsfond tok til å gjelde 1. januar 2006. Same dato vart Statens pensjonsfond skipa som overbygning over det som før var Statens petroleumsfond og Folketrygdfondet. Desse to fonda skifta samstundes namn til høvesvis Statens pensjonsfond utland (SPU) og Statens pensjonsfond Noreg (SPN). Verksemda i fonda er vidareført under den nye overbygningen. Tabell 3.1 syner at samla verdi av dei to fonda var 12 688,1 mrd. kroner ved utgangen av 2021, tilsvarande ein auke på 1 488,8 mrd. kroner frå utgangen av 2020. Kapitalen i fonda vert teken med i kapitalrekneskapen i kontogruppe 61 Spesielle fond og forsikringar.

Tabell 3.1 Samla verdi av Statens pensjonsfond (tal i mill. kroner)

2020

2021

Endring

SPU

10 907 094

12 355 169

1 448 075

SPN

292 197

332 935

40 738

Statens pensjonsfond

11 199 290

12 688 104

1 488 813

3.1 Statens pensjonsfond utland

Inntektene og utgiftene i SPU er definerte i lov 21. desember 2005 nr. 123 om Statens pensjonsfond. Inntektene i 2021 er summen av statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, netto finanstransaksjonar (medrekna ev. kjøp og sal av aksjar i Equinor ASA), og avkastninga av fondets investeringar. Utgiftene i fondet er ei årleg overføring frå fondet til statskassa etter vedtak i Stortinget.1 Med utgangspunkt i innstillinga frå finanskomiteen om handsaminga av tidlegare lov om Statens petroleumsfond vart det etablert som praksis at overføringa svarer til det oljekorrigerte underskotet i statsbudsjettet. Overføringa frå SPU til statsbudsjettet over kapittel 5800 vert rekneskapsført i samsvar med stortingsvedtaket i nysaldert budsjett. Etter handlingsregelen for budsjettpolitikken skal det strukturelle, oljekorrigerte underskotet over tid svare til venta realavkastning av SPU.

SPU vert forvalta som eit kroneinnskot i Noregs Bank og er ein del av balansen i rekneskapen til banken. Kroneinnskotet har same verdi som banken sin særskilde portefølje av utanlandske eigedelar tilknytt SPU. Rekneskapen for kroneinnskotet vert såleis ført etter dei same retningslinene som rekneskapen elles i Noregs Bank. Rekneskapen er ført etter IFRS. Det stortingsoppnemnde representantskapet skal etter sentralbanklova føre tilsyn med drifta av banken, medrekna kapitalforvaltninga. Representantskapet peikar ut ekstern revisor for Noregs Bank.

Tabell 3.3 nedanfor syner eit resultatoppsett for SPU med resultatelement som følgjer av lov om Statens pensjonsfond. Tabell 3.4 syner balansen til fondet. I tabell 3.2 er dei månadlege kontantoverføringane frå fondet til statskassa spesifiserte.

Resultatoppsettet i tabell 3.3 syner ein auke i verdiane i SPU på 1 448,1 mrd. kroner i 2021. Netto kontantstraum frå statens petroleumsverksemd var på 287,5 mrd. kroner. Etter vedtak i nysaldert budsjett 2021 vart det overført 390,1 mrd. kroner frå SPU til statsbudsjettet. Staten hadde i 2021 ikkje netto finanstransaksjonar2, jf. lov om Statens pensjonsfond § 4. Avkastninga av plasseringane til fondet var 1 550,6 mrd. kroner, jf. Noregs Banks årsmelding om SPU. Av dette kjem til saman 214,1 mrd. kroner3 frå renter, utbyte, og netto andre postar inkludert skattekostnad, med frådrag for forvaltningskostnader, medan 650,2 mrd. kroner kjem frå netto realiserte vinstar/tap på verdipapir og 710,9 mrd. kroner kjem frå netto urealiserte vinstar/tap på verdipapir. Valutakursreguleringar førte til ein reduksjon i verdien av fondet målt i norske kroner svarande til 24,6 mrd. kroner som følgje av styrka kronekurs i 2021. Noregs Banks årsmelding om SPU syner eit positivt resultat frå forvaltning på 1 579,9 mrd. kroner, før valutakursregulering og forvaltningskostnader (jf. spesifikasjon i tabell 3.3, note 4).

Kontantstraumen frå petroleumsverksemda medrekna eventuelle finanstransaksjonar i samband med at staten har kjøpt eller selt aksjar i Equinor ASA, og med frådrag for overføringa til statsbudsjettet, utgjer netto avsetjing til fondet i statsbudsjettet. For 2021 er netto avsetjing -102,6 mrd. kroner.4 Kontantoverføringane mellom statskassa og fondet gjennom året vert fastlagde ut frå ein prognose for netto avsetjing der ein òg tek omsyn til om det vart overført for mykje eller for lite året før. Dei månadlege kontantoverføringane og samanhengen med netto avsetjing til SPU kjem fram i tabell 3.2.

Tabell 3.2 Kontantoverføringar SPU (tal i mill. kroner)

Overføring til SPU

2020

2021

Januar

330

-25 000

Februar

-1 800

-26 000

Mars

-61 000

-27 000

April

-30 000

-27 000

Mai

-36 000

-21 000

Juni

-39 000

-21 000

Juli

-39 000

-21 000

August

-39 000

-20 000

September

-27 000

-11 000

Oktober

-24 000

5 000

November

-5 000

40 000

Desember

3 800

35 000

Sum kontantoverføringar til/frå(-) SPU*)

-297 670

-119 000

+ Oppgjer av mellomrekninga frå i fjor

-2 458

1 363

- Netto avsetjing til SPU i år, inkl. finanspostar

-301 492

-102 553

For lite (-) /mykje overført til SPU i år

1 363

-15 084

*) For 2021 vart det til saman overført 119,0 mrd. kroner frå fondet. I 2020 vart det overført 1 363 mill. kroner for mykje til fondet frå statskassa, jf. mellomrekninga med statskassa per 31.12.2020. Dei kontante overføringane frå SPU til statskassa i 2021 enda opp med å vere 15 084 mill. kroner høgare enn netto avsetjing til SPU og mellomrekninga per 31.12.2020 skulle tilseie, slik at statskassa har ei gjeld til SPU. I kapitalrekneskapen per 31. desember er differansen ført opp som ei mellomrekning mellom fondet og statskassa. Sjå òg tabell 3.4 for spesifikasjon. I tråd med tidlegare praksis vert mellomrekninga gjord opp i overføringane mellom fondet og staten året etter.

Samla verdi av fondet ved utgangen av 2021 er bokført til 12 355,2 mrd. kroner i kapitalrekneskapen. Dette svarer til marknadsverdien av fondet på 12 340,1 mrd. kroner og mellomrekninga på 15,1 mrd. kroner i favør av fondet. Balansen i SPU er nærare spesifisert i tabell 3.4, der bruttotal for balansen til fondet òg kjem fram.

Kapitalen i SPU er plassert i renteberande verdipapir, i aksjar noterte på børs og i unotert eigedom og infrastruktur. Noregs Bank forvaltar SPU på oppdrag frå Finansdepartementet. Finansdepartementet har i mandatet for fondet definert nærare innretting for forvaltninga. Samansetjinga av referanseindeksen for fondet vert nærare omtalt i Meld. St. 9 (2021–2022) Statens pensjonsfond 2022.

Den 3. mars 2022 offentleggjorde Noregs Bank årsmeldinga for forvaltninga av SPU.

Årsmeldinga til Noregs Bank gjer greie for korleis den særskilde porteføljen av utanlandske verdipapir i SPU, som svarer til verdien av innskotet i Noregs Bank, vart forvalta i 2021. I samsvar med forskrift om årsrekneskap m.m. gjeldande frå 2011 følgjer Noregs Bank dei internasjonale rekneskapsstandardane IFRS i rekneskapsrapporteringa.5 Årsmeldinga syner at den bokførte verdien av den særskilde porteføljen var 12 340,1 mrd. kroner ved utgangen av 2021. Avkastninga av dei utanlandske investeringane i fondet vart på 14,5 prosent for heile 2021 målt i valutakorga til fondet. Valutakorga er ei vekta samansetjing av valutaene i referanseindeksane for aksjar og obligasjonar. Når ein fordeler avkastninga på aksje-, obligasjons- og eigedomsporteføljane, ser ein at aksjeinvesteringane gav ei avkastning på 20,8 prosent, obligasjonsinvesteringane gav -1,9 prosent, dei unoterte eigedomsinvesteringane 13,6 prosent og dei unoterte infrastrukturinvesteringane 4,2 prosent.

Verdien av den norske krona styrka seg i 2021 mot fleire av valutaene fondet er investert i. Isolert sett vart verdien av fondet målt i norske kroner 24,6 mrd. kroner lågare som følgje av dette. Det er avkastninga i utanlandsk valuta som er relevant når ein skal vurdere utviklinga i den internasjonale kjøpekrafta til fondet.

Dei samla kostnadene til forvaltninga vert dekte av avkastninga i fondet i samsvar med mandatet for Noregs Bank si forvaltning av SPU. For 2021 utgjorde dei samla kostnadene for SPU 0,04 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital. Avkastningsavhengige honorar til eksterne forvaltarar er rekna med, og kom på 840 mill. kroner i 2021 mot 1 282 mill. kroner i 2020. Til saman utgjorde forvaltningskostnadene til Noregs Bank, medrekna eksterne forvaltarar, 4 640 mill. kroner i 2021, mot 5 305 mill. kroner i 2020. Forvaltningskostnadene er nærare spesifiserte i note 12 i Noregs Bank si årsmelding om SPU for 2021, og kostnadsutviklinga vert nærare omtalt i Meld. St. 9 (2021–2022) Statens pensjonsfond 2022, der årsmeldinga til Noregs Bank er uprenta vedlegg.

Tabell 3.3 Tabell 3.3 Resultatoppsett for SPU1) (tal i mill. kroner)

Notar

2020

2021

Inntekter frå netto kontantstraum (jf. kap. 2800, 50)

1

106 825

287 513

Inntekt frå netto finanstransaksjonar (jf. kap. 2800, 96)

2

9 110

0

Utgift ved overføring til statsbudsjettet (jf. kap. 5800, 50)

3

-417 426

-390 066

Netto avsetjing til SPU i statsbudsjettet

-301 492

-102 553

Avkastning av plasseringane til fondet

4

1 122 356

1 550 628

Samla endring SPU

820 864

1 448 075

1) Tabellen inneheld resultatelement som følgjer av lov om Statens pensjonsfond.

Note 1 Inntekter frå netto kontantstraum

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vert overført til SPU over kapittel 2800, post 50 i statsbudsjettet. Netto kontantstraum utgjer desse postane i statsbudsjettet (tal i mill. kroner):

Kap.

Post

2020

2021

INNTEKTER

5507

Skatt og avgift på utvinning av petroleum

71

Ordinær skatt på formue og inntekt

16 725

51 983

72

Særskatt på oljeinntekter

11 663

33 728

74

Arealavgift m.m.

1 418

940

Sum kap. 5507

29 805

86 651

5508

70

Avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen

5 602

5 197

5509

70

Avgift på utslepp av NOx i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen

1

1

5440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

24

Driftsresultat

59 075

181 937

30

Avskrivingar

22 439

25 634

80

Renter av statens kapital

2 483

2 331

85

Renter på mellomvære

-9

0

Sum kap. 5440

83 988

209 902

5685

85

Utbyte frå Equinor ASA

15 030

10 494

Sum inntekter frå petroleumsverksemda

134 425

312 245

UTGIFTER

2440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

30

Investeringar

27 601

24 732

Sum utgifter til petroleumsverksemda

27 601

24 732

Sum netto kontantstraum

106 825

287 513

2800

Statens pensjonsfond utland

50

Overføring til fondet

106 825

287 513

Note 2 Inntekt frå netto finanstransaksjonar

I 2020 vart det seld aksjar i Equinor for 9 110 mill. kroner, dette påverka resultatoppsettet for SPU i 2020. Det var ikkje finanstransaksjonar som påverka resultatet for SPU i 2021.

Kap.

Post

2020

2021

4811

Equinor ASA

96

Aksjar

9 110

0

Sum finanstransaksjonar

9 110

0

2800

Statens pensjonsfond utland

96

Finanspostar overført til fondet

9 110

0

Note 3 Utgift ved overføring til statsbudsjettet

Overføringa frå SPU til statskassa vert fastsett i samband med stortingshandsaminga av nysaldert budsjett i desember og ført til inntekt over kapittel 5800, post 50 (tal i mill. kroner):

Kap.

Post

2020

2021

5800

Statens pensjonsfond utland

50

Overføring frå fondet

417 426

390 066

Note 4 Inntekter frå avkastning av fondet

Noregs Banks resultatrekneskap for SPU (tal i mill. kroner):

2020

2021

Resultat frå porteføljen før vinst/tap valuta

Inntekt/kostnad frå:

– aksjar

883 788

1 593 618

– obligasjonar

198 080

-40 905

– unotert eigedom

-1 017

35 811

– unotert infrastruktur

1 198

– finansielle derivat

-6 891

-4 839

– utlån med sikkerhetsstillelse

4 028

3 842

– innlån med sikkerhetsstillelse

-751

21

Skattekostnad1)

-7 513

-8 887

Renteinntekt/kostnad

25

-13

Annan inntekt/kostnad

-35

11

Porteføljeresultat før vinst/tap valuta2)

1 069 713

1 579 857

Vinst/tap valuta

57 948

-24 589

Porteføljeresultat

1 127 661

1 555 269

Forvaltningskostnad

-5 305

-4 640

Resultat og totalresultat

1 122 356

1 550 628

1) Sjå note 9 Skattekostnad i Noregs Banks årsrapport for SPU.

2) I Noregs Banks resultatrekneskap for SPU er porteføljeresultat før vinst/tap valuta spesifisert nærare i notane 4, 6, 7, 10 og 13. Referanse til tabellar med slik spesifikasjon står i parentes nedanfor (tal i mill. kroner):

Renter

Utbyte

Real. vinst/tap

Ureal. vinst/tap

Andre postar

Sum

Netto inntekt/kostnad – vinst/tap frå:

– aksjar (4.1)

170 556

652 455

770 608

1 593 618

– obligasjonar (4.2)

47 885

6

-88 796

-40 905

– unotert eigedom (6.1)

6 0881)

29 723

35 811

– unotert infrastruktur (7.1)

80

1 118

1 198

– finansielle derivat (4.3)

-877

-2 223

-1 738

-4 839

Inntekt/kostnad frå utlån med sikkerhetsstillelse (13.1)

3 842

3 842

Inntekt/kostnad frå innlån med sikkerhetsstillelse (13.1)

21

21

Renteinntekt/kostnad

-13

-13

Skattekostnad (10.1)

-8 887

-8 887

Annan inntekt/kostnad

11

11

Porteføljeresultat før vinst/tap valuta

53 162

170 556

650 238

710 915

-5 014

1 579 857

Summen av renteinntekter (53,2 mrd. kroner), aksjeutbyte (170,6 mrd. kroner) og netto andre postar inkludert skattekostnad (-5,0 mrd. kroner), med frådrag av forvaltningskostnader (4,6 mrd. kroner) utgjer 214,064 mrd. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1.

1) Talet inkluderer renter og utbyte som ikkje er fordelte.

Tabell 3.4 Balanse for SPU per 31.12. (tal i mill. kroner)

Eigedelar

2020

2021

Mellomrekning med statskassa1)

0

15 084

Konto i Noregs Bank2)

10 908 457

12 340 085

Sum eigedelar

10 908 457

12 355 169

Gjeld og eigenkapital

Mellomrekning med statskassa1)

1 363

0

Eigenkapital

10 907 094

12 355 169

Sum gjeld og eigenkapital

10 908 457

12 355 169

1) Dei kontante overføringane frå SPU til statskassa i 2021 vart 15 084 mill. kroner høgare enn netto avsetjing til SPU og mellomrekninga per 31.12.2020 skulle tilseie. Denne differansen utgjer per 31.12.2021 ei gjeld som statskassa har til fondet, og som vert avrekna i overføringane mellom fondet og statskassa i 2022. Tilsvarande tal per 31.12.2020 var eit krav på 1 363 mill. kroner i favør av statskassa som vart avrekna i overføringane i 2021.

2) I samsvar med mandat for forvaltninga av Statens pensjonsfond utland fastsett 8. november 2010 vert fondet plassert på ein særskild konto i form av kroneinnskot i Noregs Bank. Noregs Bank plasserer desse midlane i sitt eige namn i aktiva denominerte i utanlandsk valuta. Noregs Banks balanse for SPU fordelte seg slik per 31.12:

Tal i mill. kroner

2020

2021

Eigedelar

Innskot i bankar

18 258

18 450

Utlån med sikkerhetsstillelse

192 526

297 405

Avgiven kontantsikkerheit

5 715

3 725

Uoppgjorde handlar

4 460

15 767

Aksjar

7 538 156

8 383 302

Utlånte aksjar

438 353

505 117

Obligasjonar

2 343 362

2 795 536

Utlånte obligasjonar

520 978

623 367

Finansielle derivat

2 551

7 879

Unotert eigedom

272 507

310 134

Unotert infrastruktur

14 287

Fordring kildeskatt

2 234

3 427

Andre eigedelar

1 340

1 860

Fordring forvaltningsgodtgjering

536

Sum eigedelar

11 340 440

12 980 791

Gjeld og eigenkapital

Innlån med sikkerhetsstillelse

390 380

591 960

Motteken kontantsikring

6 004

11 848

Uoppgjorde handlar

20 326

22 607

Finansielle derivat

7 619

9 055

Utsett skatt

2 308

5 180

Anna gjeld

42

56

Skuldig forvaltningskostnad

5 305

Sum gjeld

431 983

640 706

Eigenkapital SPU

10 908 457

12 340 085

Sum gjeld og eigenkapital

11 340 440

12 980 791

3.2 Statens pensjonsfond Noreg

Folketrygdfondet forvaltar Statens pensjonsfond Noreg (SPN) på oppdrag frå Finansdepartementet.

Folketrygdfondet offentleggjorde 17. februar 2022 årsmeldinga for forvaltninga av SPN i 2021.

Aksje- og obligasjonsplasseringane vert førte til marknadsverdi i Folketrygdfondet sitt rekneskapsoppsett for SPN, jf. tabell 3.6 Hovudtal i balansen for SPN. Eigenkapitalen i SPN var ved utgangen av 2021 332,9 mrd. kroner, mot 292,2 mrd. kroner året før. I årsmeldinga til Folketrygdfondet vert dei ulike eigedels- og gjeldspostane fordelte til høvesvis aksjeporteføljen og renteporteføljen. Sjå note 5 Porteføljeområde i Folketrygdfondet sin rekneskap for SPN. Fordelinga syner at bokført verdi av SPNs aksjeportefølje (målt ved statens kapitalinnskot alt. eigenkapitalen) ved utgangen av 2021 var 210,1 mrd. kroner, og bokført verdi av renteporteføljen var 122,8 mrd. kroner. Tilsvarande tal for 2020 var høvesvis 190,3 mrd. kroner og 101,9 mrd. kroner.

I 2021 syner resultatet til SPN eit overskot på 40,7 mrd. kroner, jf. tabell 3.5 nedanfor.6 Renteinntekter utgjorde 2,8 mrd. kroner, medan utbyte frå selskap i porteføljen utgjorde 7,0 mrd. kroner. Verdipapirvinstane var på 31,2 mrd. kroner, med 35,8 mrd. kroner i vinst på eigenkapitalplasseringar, 3,1 mrd. kroner i tap på renteplasseringar og 1,5 mrd. kroner i tap på finansielle derivat. Netto andre inntekter var på -0,1 mrd. kroner. Samla forvaltningskostnader var 170 mill. kroner, som er 0,05 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital i 2021. Forvaltningskostnadene er kostnadene til Folketrygdfondet si forvaltning av fondet. Dette er nærare omtalt i årsmeldinga til Folketrygdfondet og i Meld. St. 9 (2021–2022) Statens pensjonsfond 2022.

Årsmeldinga til Folketrygdfondet gjer greie for korleis porteføljen av verdipapir i SPN vart forvalta i 2021. Avkastninga av fondet i 2021 var på 14,0 prosent. Avkastninga av plasseringane i renteinstrument var på -1,4 prosent, medan avkastninga av aksjar var på 24,9 prosent.

Folketrygdfondet si forvaltning av SPN vart i 2021 revidert av revisjonsselskapet KPMG, som er oppnemnt av Finansdepartementet.

Tabell 3.5 Folketrygdfondets resultatrekneskap for SPN (tal i mill. kroner)

2020

2021

Vinst og tap på finansielle eigedelar og gjeld til verkeleg verdi over resultatet:

– aksjar

11 135

35 769

– obligasjonar og andre renteberande papir

3 642

-3 077

– finansielle derivat

1 531

-1 492

Renteinntekter

2 741

2 793

Utbyte

5 086

6 989

Andre porteføljeinntekter/-kostnader

-480

-13

Transaksjonskostnader

-34

-61

Porteføljeresultat

23 621

40 908

Forvaltningskostnader

-164

-170

Totalresultat SPN1)

23 457

40 738

1) Summen av renteinntekter (2 793 mill. kroner), aksjeutbyte (6 989 mill. kroner) og netto andre inntekter (-13 mill. kroner), med frådrag for forvaltningskostnader (170 mill. kroner), utgjer 9 599 mill. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4, i kapittel 1.

Tabell 3.6 Hovudtal i balansen for SPN per 31.12. (tal i mill. kroner)

2020

2021

Eigedelar

Bankinnskot

5 770

4 081

Krav knytte til attsalsavtalar

2 197

2 400

Stilt kontantsikring

13

53

Uoppgjorde handlar

170

65

Aksjar

181 782

205 377

Utlånte aksjar

8 303

4 586

Obligasjonar og andre renteberande papir

98 747

116 535

Utlånte obligasjonar og andre renteberande papir

6 003

9 261

Finansielle derivat

3 879

2 070

Krav

93

24

Sum eigedelar

306 957

344 452

Gjeld og eigenkapital

Innlån knytt til attkjøpsavtalar

2 623

6 000

Motteken kontantsikring

11 367

4 126

Uoppgjorde handlar

157

31

Finansielle derivat

603

1 345

Skuldig forvaltningsgodtgjersle

10

15

Sum gjeld

14 760

11 517

Eigenkapital SPN

292 197

332 935

Sum gjeld og eigenkapital

306 957

344 452

Fotnotar

1.

Overføringa frå fondet til statskassa vert fastsett i samband med stortingshandsaminga av nysaldert budsjett i desember.

2.

Sjå omtale i note 2 til tabell 3.3.

3.

Summen av renteinntekter og aksjeutbyte og andre netto inntekter, med frådrag for forvaltningskostnader, utgjer 214,1 mrd. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1. I tabell 3.3, note 4 er elementa i dette sumtalet nærare spesifiserte.

4.

Sjå tabell 3.3 Resultatoppsett for SPU. Netto avsetjing til SPU i 2021 (-102 553 mill. kroner) er netto kontantstraum (287 513 mill. kroner) med frådrag av overføringa til statsbudsjettet frå fondet (390 066 mill. kroner).

5.

Meir om retningsliner for Noregs Banks årsrekneskap og rekneskapsprinsipp står i notane 1 og 2 i Noregs Banks årsrekneskap for SPU.

6.

Sjå fotnote til resultatet i tabell 3.5 som syner samanhengen med statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1.

Til forsida