Meld. St. 3 (2021–2022)

Statsrekneskapen 2021

Til innhaldsliste

4 Statens balanse med kommentarar til finanspostar m.m.

Kapittel 4 tek føre seg desse emna: statens balanse med notar til viktige endringar (4.1), statens finansinntekter og finansutgifter (4.2), garantiar (4.3) og hovudprinsippa for føring av statsrekneskapen (4.4).

4.1 Statens balanse med notar

Kapitalrekneskapen er ei oppstilling av statens balanse med hovudvekt på finansielle eigedelar, gjeld og eigenkapital i staten. Kapitalrekneskapen er presentert i tabell 3.1 i vedlegg 3. Ei balanseoppstilling på samanstilt nivå er òg presentert i tabell 1.11 i vedlegg 1.

Dei viktigaste eigedelane i balansen er spesielle fond, utlån, fast kapital i statsverksemdene og verdipapir medrekna kapitalen i statens sjølvstendige verksemder. Realkapital er normalt ikkje med i kapitalrekneskapen. For forretningsverksemdene er realkapital likevel ein del av balansen, jf. vedlegg 5, som syner balansen for desse verksemdene. Den viktigaste gjeldsposten er statsgjelda, som inneheld statskassevekslar, kortsiktige kontolån og faste lån opptekne innanlands.

Tabell 4.1 Statens eigedelar og gjeld (tal i mill. kroner)1)

Tekst

Note

31.12.2020

31.12.2021

Endring

Eigedelar

60. Kontantbehaldning

1

313 131

344 142

31 011

61. Spesielle fond og forsikringar

2

11 268 925

12 764 939

1 496 014

62. Verdipapir

3

168 652

177 269

8 617

63. Utlån og uteståande krav

4

521 852

553 158

31 306

64. Ordinære fond

5

162 150

162 779

628

65. Forskot

6

66

-33

-99

66. Kapital i statsbankane

7

620

620

-

68. Fast kapital i statsverksemdene

8

245 344

254 573

9 229

69. Eigenbehaldning statspapir

9

74 975

74 514

-461

70–72. Mellomvære med rekneskapsførarar

10

-10 441

-4 355

6 086

77. Overkurs/underkurs statspapir

11

-6 641

-5 068

1 573

Sum eigedelar

12 738 633

14 322 538

1 583 905

Gjeld og eigenkapital

80. Statsgjelda

12

637 963

652 533

14 570

81. Kontolån frå ordinære fond

13

171 037

171 512

475

82. Verksemder med særskilde fullmakter

14

22 754

24 134

1 380

84. Deposita og avsetjingar

15

-755

15 274

16 029

87. Overførte unytta løyvingar

16

25 923

26 878

955

Sum gjeld

856 922

890 331

33 409

99. Avslutningskonto (eigenkapital)

17

11 881 711

13 432 208

1 550 497

Sum gjeld og eigenkapital

12 738 633

14 322 538

1 583 905

1) Det kan vere avvik mellom sumtala i tabellen og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vere i samsvar med kapitalrekneskapen i tabell 3.1 i vedlegg 3.

Statens eigedelar auka med 1 583,9 mrd. kroner i 2021, frå 12 738,6 mrd. kroner til 14 322,6 mrd. kroner. Gjeldssida utanom eigenkapitalen hadde ein netto auke på 33,4 mrd. kroner i 2021, frå 856,9 mrd. kroner til 890,3 mrd. kroner. Eigenkapitalen auka med 1 550,5 mrd. kroner, frå 11 881,7 mrd. kroner til 13 432,2 mrd. kroner. Vesentlege endringar vert omtalt i notane nedanfor.

Notar:

Note 1. Kontantbehaldninga til staten auka med 31,0 mrd. kroner i 2021. Kontantbehaldninga er plassert i Noregs Bank. Sjå tabell 1.14 i vedlegg 1.

Note 2. Spesielle fond og forsikringar auka med 1 496,0 mrd. kroner. Dette kjem av ein auke i bokført verdi av Statens pensjonsfond Noreg (SPN) på 40,7 mrd. kroner, og ein auke i bokført verdi av Statens pensjonsfond utland (SPU) på 1 448,1 mrd. kroner. Statens pensjonsfond vert bokført til marknadsverdi i kapitalrekneskapen. Sjå kapittel 3 for nærare omtale.

Bokført verdi for Norfund auka med 7,2 mrd. kroner. Av dette utgjer knapt 1,7 mrd. kroner tilført grunnfondskapital og reservekapital frå staten i 2021 (jf. kap. 162, postane 95 og 75). Annan auke kjem frå Norfunds årsresultat, som i 2021 innheld ein stor vinst frå sal av eigardel i selskapet SN Power. Sjå tabell 5.7 i vedlegg 5 for balansetal med notar for Norfund.

Note 3. Verdipapir, medrekna kapitalen i statens sjølvstendige verksemder, auka med netto 8,6 mrd. kroner i 2021. Av denne auken kjem 8,1 mrd. kroner frå ein rekneskapsteknisk korreksjon av historisk kostpris på aksjar i Equinor ASA, knytte til Equinors tilbakekjøp av eigne aksjar i 2020. Salssummen av aksjane ( 9,1 mrd. kroner) vart i samsvar med lov om Statens pensjonsfond overført til SPU i 2020. Ved ein feil vart heile salssummen i 2020 bokført i kapitalrekneskapen til reduksjon av kostpris for OED si aksjebehaldning i Equinor, medan gjennomsnittleg kostpris på dei selde aksjane berre utgjorde 1,0 mrd. kroner. Avviklinga av statens eigarskap i Aker Carbon Capture AS og Aker Offshore Wind AS minka kapitalen med til saman 0,8 mrd. kroner. Kapitalen i Investinor AS auka med 260 mill. kroner. Nysnø klimainvestering AS auka med 455 mill. kroner. Store Norske Spitsbergen Kullkompani AS auka med 0,3 mrd. kroner og Space Norway AS auka òg med 0,3 mrd. kroner. Staten selde i 2021 alle aksjane i selskapet Ambita AS. Aksjane var bokført med 6 mill. kroner i kapitalrekneskapen, medan salssum for aksjane var knapt 1,0 mrd. kroner.

Sjå tabell 3.6 i vedlegg 3 for oversyn over statens aksjeinteresser.

Note 4 Netto utlån og uteståande krav auka med 31,3 mrd. kroner. Av dette kjem 15,8 mrd. kroner frå netto auke i utlån frå Statens lånekasse for utdanning og 4,2 mrd. kroner frå Husbanken. Netto utlån under bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse minka med 1,4 mrd. kroner.

Investeringslåna til helseføretaka auka med 6,8 mrd. kroner, medan driftskredittramma for helseføretaka auka med 6,0 mrd. kroner. Det vart i 2021 òg etablert ei driftskredittordning for Nye Veier AS med ei ramme på 1,0 mrd. kroner.

Netto lån under Innovasjon Noreg minka med 0,3 mrd. kroner, medan Investinor AS minka med 0,3 mrd. kroner. Utlån frå Eksportfinansiering Norge (Statleg eksportfinansieringsordning) minka netto med 5,2 mrd. kroner. I dette beløpet inngår òg omrekning av lån i utanlandsk valuta til kursen på balansedagen, og kapitaliserte renter og break cost omgjorde til lån i samband med restruktureringar, sjå òg kapittel 2.17 Statlege utlån. Nytta trekkfullmakt for Eksportfinansiering Norge auka uteståande med netto 1,3 mrd. kroner. Lån til Avinor minka med 0,4 mrd. kroner, medan lån til Norwegian Air Shuttle (hybridlån og obligasjonslån) vart etablerte med til saman 3,6 mrd. kroner. Sistnemnde lån må sjåast i samanheng med restruktureringa av selskapet i 2021 og garantiar stilte av staten til luftfarten i samband med pandemien i 2020/2021.

Note 5. Ordinære fond auka med 628 mill. kroner. Lånekassa sitt konverteringsfond auka med 1,3 mrd. kroner, medan garantiordningar under NFD og FIN minka med 1,4 mrd. kroner. Tilskotsfond landsdekkjande innovasjonsordning auka med 877 mill. kroner, Fond for tilrettelegging og kvalifiserande næringsutvikling auka med 192 mill. kroner, Tapsfond landsdekkjande innovasjonslån og garantiar auka med 140 mill. kroner, medan Klima- og energifondet minka med 557 mill. kroner. Inneståande på Norsk pasienterstatning reguleringsfond auka med 123 mill. kroner, medan Norsk filminstitutt auka med 113,0 mill. kroner. Inneståande i gåveforsterkingsordninga minka med 112,6 mill. kroner, medan andre fond samla minka med 54 mill. kroner.

Ein må sjå kontogruppe 64 Ordinære fond i samanheng med kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond, jf. note 13. Midlane som fonda har ståande på konto i Noregs Bank, er òg førte opp som kontolån til staten. Sjå òg tabell 3.1 i vedlegg 3 om ordinære fond (eigedelar).

Note 6. Forskot minka med 99 mill. kroner. Oppgjersordningane for legemiddel på H-resept og fritt behandlingsval, jf. kap. 0740, er netto balanseført med ein nedgang på 4 mill. kroner. Forskot på rammetilskot til kommunar auka med 16 mill. kroner. Forskot i Statens vegvesen minka med 111 mill. kroner, som følgje av regionreforma og at resterande oppgjer av mellomvære med Oslo fylkeskommune og mellomvære bomselskap for utlegg på kommunal veg, no er førte bort. Det er dermed ikkje lenger noko forskot under SVV, sjå òg tabell 3.9 i vedlegg 3.

Note 7. Det var inga endring i samla kapital i statsbankane i 2021.

Note 8. Fast kapital i statsverksemdene auka med 9,2 mrd. kroner i 2021. Kapitalen i SDØE auka med 6,5 mrd. kroner, og kapitalen i Statsbygg auka med 2,7 mrd. kroner. Kapitalen i SPK Forvaltningsbedrift auka med 35 mill. kroner. Sjå òg tabell 3.2 i vedlegg 3 for detaljar om kapitalen i statsverksemdene.

Note 9. Eigenbehaldning av statspapir minka med 0,5 mrd. kroner. Statsobligasjonar auka med 0,7 mrd. kroner, og statskassevekslar minka med 1,2 mrd. kroner.

Note 10. Statlege verksemder sine mellomvære med statskassa endra seg med 6,1 mrd. kroner, frå -10,4 mrd. kroner i 2020 til -4,4 mrd. kroner i 2021, slik at verksemdene har 4,4 mrd. kroner til gode per 31.12.2021.

Stortinget har i saker under 1 mill. kroner gitt Finansdepartementet fullmakt til å postere differansar og uoppklara saker mot konto for forskyving i balansen (eigenkapitalen). I større saker kan Stortinget vedta særskilde fullmakter.

Det vart i 2021 ikkje gjort nokon føringar på konto for forskyving i balansen mot kontogruppe 70/72.

Sjå òg tabell 3.9 i vedlegg 3 der departementa sine mellomvære med staten er spesifiserte.

Note 11. Overkurs/underkurs på statspapir er per 31.12.2021 bokført med -5,1 mrd. kroner. Dette er ei endring på knapt 1,6 mrd. kroner, frå -6,6 mrd. kroner året før.

Note 12. Statsgjelda auka med 14,6 mrd. kroner. Statskassevekslar minka med 5,0 mrd. kroner og kortsiktige kontolån auka med 22,6 mrd. kroner. Faste lån opptekne innanlands minka med 3,0 mrd. kroner. Endringa i statsgjelda for 2021 er nærare spesifisert i tabell 3.3 i vedlegg 3.

Note 13 Kontogruppe 81 auka med 475 mill. kroner i 2021. Kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond omfattar alle ordinære fond som har fondsmidlar plasserte i statskassa på konto i Noregs Bank. Dei fonda der staten både eig og kan disponere fondskapitalen, er i tillegg aktiverte i kontogruppe 64 Ordinære fond. Det var ein auke i desse fondsmidlane på 628 mill. kroner, jf. omtale i note 5. Andre fondsmidlar som inngår i kontogruppe 81 minka med netto 154 mill. kroner. Alminneleg garantiordning under Eksportfinansiering Norge minka med 444 mill. kroner. Landbrukets utviklingsfond og andre fond under Landbruks- og matdepartementet minka med 166 mill. kroner, medan Gjeldsbrevordninga under Utanriksdepartementet og Norad samla auka med 378 mill. kroner.

Note 14. Kontogruppe 82 omfattar verksemder med særskilde fullmakter til å nettoføre utgifter og inntekter. Dei likvide midlane til verksemdene er plasserte i Noregs Bank og auka med 1,4 mrd. kroner i 2021. Midlane utgjer 24,1 mrd. kroner ved utgangen av året. Staten kan nytta denne likviditeten, som vert notert som gjeld i kapitalrekneskapen. Eit meir detaljert oversyn over midlane i desse verksemdene står i tabell 3.1 og tabell 3.10 i vedlegg 3.

Auken i 2021 gjeld særleg universitet og høgskular som hadde ein netto auke på 2,6 mrd. kroner. Noregs forskingsråd hadde ein nedgang i bankbehaldninga med 1,0 mrd. kroner. Norsk Romsenter hadde ein auke på 78 mill. kroner. Unit (Direktoratet for IKT og fellestjenester i høgare utdanning og forsking) og Veterinærinstituttet hadde ein auke på høvesvis 45 og 60 mill. kroner. Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) hadde ein nedgang på 423 mill. kroner, noko som skuldast avviklinga av Diku som nettobudsjettert verksemd. Andre verksemder hadde ein samla netto auke på drygt 34 mill. kroner

Note 15. Deposita og avsetjingar auka med 16,0 mrd. kroner. Avsetjinga for mellomvære med Statens pensjonsfond utland auka med 16,4 mrd. kroner (slik at staten per 31.12.2021 hadde 15,1 mrd. kroner i gjeld til SPU), sjå kapittel 3.1. Avsetjing i statsgjelda (konto 84 00 16) minka med 104 mill. kroner, medan avsetjing i Statens vegvesen gjekk ned med 295 mill. kroner. Avsetjingar under Olje- og energidepartementet (Gassnova) minka med 12 mill. kroner og står no i null per 31.12.2021. Avsetjinga i Svalbardrekneskapen (konto 84 50 04) minka med 7 mill. kroner. Detaljar om Svalbardrekneskapen står i tabell 5.1–5.3 i vedlegg 5.

Note 16. Unytta løyvingar som vert overførte til neste budsjettår, er registrerte som gjeld i statsrekneskapen. Overføringane frå 2021 til 2022 utgjer til saman 26,9 mrd. kroner, som er 1,0 mrd. kroner meir enn overført løyving frå 2020 til 2021.

Note 17. Avslutningskontoen syner at statens eigenkapital i 2021 auka med 1 550,5 mrd. kroner, frå 11 881,7 mrd. kroner til 13 432,2 mrd. kroner. Brutto endring i statens eigedelar og gjeld går fram av tabell 4.1 og note 1–16 ovanfor. Netto endring i konto for forskyving i balansen, som syner endring i eigenkapitalen som skriv seg frå transaksjonar som ikkje er førte frå 90-postar, går fram av spesifikasjonen nedanfor. Sjå òg tabell 1.13 i vedlegg 1.

Endring i eigenkapitalen over konto for forskyving i balansen (mill. kroner):

2020

2021

61. Endra verdi Statens pensjonsfond

835 211

1 488 813

99. Overskot før lånetransaksjonar

46 901

21 097

87. Endring avsetjing overførte midlar

-9 633

-955

Andre endringar:

45 314

41 541

61. Endra verdi Norfund, ikkje ført på 90-post

-298

5 961

62. Nettovinst verdipapir

5 277

2 744

62. Equinor ASA, korreksjon kostpris

8 131

63. Driftskreditt Nye veier AS

1 000

63. Anna tap/ettergiving av lån

1

63. Auka utlån til helseføretaka

5 329

7 393

63. Justert driftskredittramme, helseføretaka

2 518

6 018

63. Eksportkredittordninga, valutakurseffekt m.m., jf. note 4

43

551

64. Inneståande fond, ikkje ført på 90-post

32 200

628

65. HOD, oppgjersordning for H-resept/fritt behandlingsval, jf. kap. 0740

-56

-4

65. Endring i avsetjing av forskot under Statens vegvesen

-1 187

-111

68. Auke i fast kapital i forvaltningsverksemdene

1 495

9 229

68. Avvikling fast kapital, NVE-anlegg ved omdanning til ordinært forvaltningsorgan

-8

Sum endring

917 793

1 550 497

4.2 Finansinntekter og finansutgifter

Staten hadde i 2021 renteinntekter på 9,0 mrd. kroner og renteutgifter på 9,9 mrd. kroner. Netto renteutgifter vart dermed 0,9 mrd. kroner, jf. tabell 4.2. Frå 2020 til 2021 minka renteutgiftene med 0,7 mrd. kroner, medan renteinntektene minka med 3,6 mrd. kroner.

Tabell 4.2 Renter (tal i mill. kroner)

2019

2020

2021

1. Renteinntekter i alt1)

14 000

12 584

8 989

Renter frå statsbankane og statsføretaka

9 259

9 413

6 263

Renter av kapital i statens forretningsverksemd

86

99

699

Sum renter av kontantbehaldning og andre krav, av dette:

4 654

3 073

2 028

renter av innskot og andre krav

3 384

1 838

1 229

renter av lån til helseføretaka

283

262

224

renter av lån til aksjeselskap

36

28

24

renter frå folketrygda

0

1

2

Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga

951

943

549

2. Renteutgifter i alt

9 888

10 583

9 871

Av innanlandsk statsgjeld

9 796

10 463

9 760

Av utanlandsk statsgjeld

0

0

0

Av investeringslån, helseføretak f.o.m. 2008

92

120

111

Netto renteinntekter/renteutgifter (-)

4 112

2 002

-882

1) Sjå òg kapittel 2.17 for omtale av statlege utlån gjennom Statens lånekasse for utdanning, Husbanken, bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse, Innovasjon Noreg og eksportfinansieringsordninga gjennom Eksportfinansiering Noreg.

Renteinntekter frå statsbankane og statsføretaka er i 2021 på 6,3 mrd. kroner. Av dette er 2,0 mrd. kroner frå Husbanken, 3,3 mrd. kroner frå Lånekassa, 0,9 mrd. kroner frå eksportfinansieringsordninga, 64 mill. kroner frå Innovasjon Noreg og 19 mill. kroner frå SIVA.

Renteinntekter av innskot og andre krav på 1,2 mrd. kroner er i hovudsak førte på kapittel 5605 Renter av statskassas kontantbehaldning og andre krav. Av dette er 1,0 mrd. kroner renteinntekter av innanlandske verdipapir knytte til statsgjeldsforvaltinga. Renteinntekter av alminnelege fordringar vart 17,7 mill. kroner, driftskreditt til statsverksemder vart 114,6 mill. kroner, og Garantiprovisjon vart 64,1 mill. kroner i 2021. Renter av inneståande på statens foliokonto i Noregs Bank vart 16 000 kroner.

Opptrekksrenter for investeringslån til helseføretaka på kapittel 0732 Regionale helseføretak vart 110,6 mill. kroner. Renteutgiftene på 9,8 mrd. kroner på kapittel 1650 Statsgjelda er mellom anna 8,4 mrd. kroner i renteutgifter knytte til statsobligasjonar og statskassevekslar. Det er 1,4 mrd. kroner i netto utgift som er 2,1 mrd. kroner i renteutgifter på kontolån frå ordinære fond og 667 mill. kroner i inntekter knytte til attkjøps- og rentebyteavtalar. Det er 0,9 mill. kroner i renteutgifter på kontolån frå verksemder som er pålagde å plassere overskotslikviditet som kontolån til staten.

Per 31.12.2021 var statsgjelda 653 mrd. kroner, jf. vedlegg 3, tabell 3.1 og 3.3. Nærare omtale av statens lån i kapitalmarknaden står i Meld. St. 1 (2020−2021) Nasjonalbudsjettet 2021, kap. 3.6 Statens gjeldsforvaltning. Statens lånebehov og behovet for lånefullmakter i 2021 er omtalt i Prop. 1 S (2020–2021) Statsbudsjettet 2021, kap. 7.

4.3 Garantiar

Staten kan ikkje gje garantiar som kan føre til tap i seinare terminar, utan at Stortinget har gjeve ei garantifullmakt. Dette gjeld garantiordningar der staten garanterer for at låntakarar oppfyller skyldnadene sine overfor långivarar.

Tabell 4.3 syner samla garantiansvar etter departement for 2020 og 2021. Per 31.12.2021 har staten gjeve garantiar med eit samla garantiansvar på 200,8 mrd. kroner. Dette er 28,9 mrd. kroner lågare enn i 2020.

Under Nærings- og fiskeridepartementet minka ansvaret i 2021 netto med 28,6 mrd. kroner, og det meste gjeld den allmenne garantiordninga og «gammal allmenn ordning» under GIEK som minka netto med 4,9 mrd. kroner, medan garantiordninga for re-forsikring av kredittforsikring (ny i 2020) minka med 19,6 mrd. kroner og garantiordninga for Norsk Luftfart minka med netto 2,5 mrd. kroner.

Samla garantiansvar under Utanriksdepartementet auka med 1,3 mrd. kroner. Under Samferdselsdepartementet minka samla garantiansvar med 0,6 mrd. kroner medan under Finansdepartementet minka garantiansvaret med 1,0 mrd. kroner.

Samla utbetalingar ved tap på garantiar i 2021 var på 5,3 mrd. kroner, og dette kjem av utbetalingar under Eksfin, alminneleg garantiordning og gammal alm. ordning og Innovasjon Noreg, realinvesteringar og driftskreditt og utbetalingar under den statlege garantiordninga for lån til små og mellomstore bedrifter.

Vedlegg 4 inneheld meir informasjon om dei ulike garantiordningane (tabell 4.1 og 4.2 med notar).

Tabell 4.3 Samla garantiansvar for staten per 31.12. (tal i mill. kroner)

Garantiansvar per 31.12.2020

Utbetalt ved tap i 2021

Garantiansvar per 31.12.2021

Utanriksdepartementet

44 386,7

45 677,4

Arbeids- og sosialdepartementet

204,0

202,7

Nærings- og fiskeridepartementet

144 122,1

5 193,9

115 499,0

Samferdselsdepartementet

13 007,6

12 415,3

Finansdepartementet

27 003,2

107,2

26 013,9

Olje- og energidepartementet

1 000,0

1 000,0

Sum

229 723,6

5 301,1

200 808,2

4.4 Prinsipp for føring av statsrekneskapen

Desse hovudprinsippa ligg til grunn for statsrekneskapen:

  • Statens løyvingsrekneskap og balanse vert ført etter kontantprinsippet, i samsvar med løyvingsvedtak i Stortinget.

  • Rekneskapen vert kvart år sett opp med ein rekneskapstermin frå 1. januar til 31. desember. Han skal òg innehalde eit oversyn over garantiar, tilsegnsfullmakter og bestillingsfullmakter som gjeld per 31. desember.

  • Løyvingsrekneskapen vert sett opp etter den inndelinga som Stortinget har fastsett for budsjettet.

  • Løyvingsrekneskapen vert ført etter bruttoprinsippet, slik at inntekter og utgifter vert sette opp kvar for seg.

  • Transaksjonar skal førast med verdien på betalingstidspunktet. Verdien i kapitalrekneskapen vert sett til historisk verdi på transaksjonstidspunktet. Unntak er Statens pensjonsfond og Norfund, som nyttar marknadsverdi. Lån under eksportkredittordninga i utanlandsk valuta vert omrekna til kursen på balansedagen.

  • Lånetransaksjonar på 90-postar i løyvingsrekneskapen (lån, tilbakebetalingar m.m.) vert førte i kapitalrekneskapen som auke/nedgang i statens eigedelar og gjeld.

  • Statsrekneskapen er bygd på fullstendig rapportering frå alle statlege verksemder som rapporterer til statsrekneskapen, og rapportering frå kvart departement. Tala i rekneskapen og statlege verksemder sine mellomvære med statskassa er stadfesta av kvart departement.

  • Rapporterte betalingar i kvar verksemd er avstemte mot statens konsernkontosystem i Noregs Bank.

  • Statens løyvingsrekneskap vert gjord opp med eit brutto finansieringsbehov, jf. tabell 1.9. Brutto finansieringsbehov går fram av kapittel 5999 Statslånemidlar og vert ført mot konto for forskyving i balansen (eigenkapitalen) i kapitalrekneskapen. Tabell 1.14 i vedlegg 1 syner samanhengen mellom finansieringsbehovet og faktisk endring i kontantbehaldninga. Netto endring i konto for forskyving i balansen skriv seg frå transaksjonar som ikkje er førte frå 90-postar, jf. note 17 i kapittel 4.1.

Til forsida