Meld. St. 37 (2015–2016)

Årsmeldingane til Datatilsynet og Personvernnemnda for 2015

Til innhaldsliste

3 Merknader frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet til Personvernnemnda si årsmelding

Personvernnemnda er klageorgan for vedtak fatta av Datatilsynet. I 2015 tok Personvernnemnda imot 17 klagesaker frå Datatilsynet. Fire av sakene blei ferdigbehandla innan utgangen av året. I tillegg ferdigbehandla nemnda 12 saker som ho fekk tilsendt i 2014. Totalt avgjorde dermed Personvernnemnda 16 saker i meldingsåret. Vedtaka til Datatilsynet blei heilt eller delvis endra i ni av sakene. Sjølv om talet på ferdigbehandla saker er redusert samanlikna med året før, framhevar nemnda at fleire av sakene har vore komplekse, og at dei har blitt behandla over fleire nemndmøte. Nemnda har som tidlegare halde ekstra møte for å handtere den store saksmengda. Samfunnet si aukande merksemd på personvern er positivt, men medfører også eit auka press på Datatilsynet og Personvernnemnda. Departementet følgjer utviklinga, og vurderer situasjonen i samband med det årlege budsjettarbeidet.

Spennvidda i sakene til Personvernnemnda er stor. Sakene som blei handsama i 2015 gjeld alt frå bruk av system for gjenkjenning av kjenneteikn i samferdselssektoren og sletting av dokument i personalmapper, til varsling om uautorisert uthenting av helseopplysningar. Samstundes var det ei rekke tema som gjekk igjen, som bruken av loggdata og plassering av behandlingsansvar. Eit tema Personvernnemnda trekker fram som særleg aktuelt, er ilegging av gebyr for brot på personopplysningslova, som er tema i fleire av sakene som vil bli behandla i 2016. Personvernnemnda legg til grunn at talet på saker om ilegging av slike gebyr truleg vil fortsette å auke. Departementet synest dette er ei interessant observasjon, særleg i lys av at EU si personvernforordning inneheld nye reglar om svært strenge administrative sanksjonar for brot på personvernreglane.1

Personvernnemnda blir utnemnd av Stortinget (leiar og nestleiar) og Kongen (dei fem andre medlemmene) for fire år, med høve til utnemning for fire nye år. Funksjonstida til den noverande Personvernnemnda går ut i desember 2016. Både leiar og nestleiar har sete i to periodar og kan difor ikkje bli utnemnde på nytt. Den nye samansetjinga av Personvernnemnda er klar hausten 2016.

Som ledd i det komande arbeidet med å gjennomføre EU si nye personvernforordning i norsk rett, vil det i åra som kjem bli gjort ei grundig vurdering av kva for konsekvensar forordninga vil få for Personvernnemnda, inkludert om forordninga stiller krav til endring i oppgåvene, samansetjinga eller funksjonstida til nemnda.

Fotnotar

1.

Nasjonale datatilsyn blir gjeve myndigheit til å ilegga bøter på inntil 20 000 000 euro eller, der det gjeld eit selskap, inntil 4 prosent av den årlege omsetnaden til selskapet på verdsbasis.

Til forsida