Meld. St. 37 (2015–2016)

Årsmeldingane til Datatilsynet og Personvernnemnda for 2015

Til innhaldsliste

4 Administrasjon og ressursar

4.1 Budsjettet og rammevilkåra til Datatilsynet

Datatilsynet hadde i 2015 ei budsjettramme på kr. 37 262 000, ein reduksjon på om lag 1 million kroner frå 2014. Når ein legg til overføringar frå 2014 og tilleggsløyvingar, hadde Datatilsynet kr. 40 959 000 til disposisjon i 2015. Av tilsynet sine utgifter utgjorde 74 prosent utgifter til lønn og 26 prosent utgifter til drift. Datatilsynet hadde i meldingsåret 43 faste stillingar. I tillegg har tilsynet hatt ein praksisplass og to studentarbeidsplassar. Tilsynet har vore leia av Bjørn Erik Thon, som blei tilsett som direktør på åremål i 2010. Sjølv om leiargruppa i meldingsåret bestod av fire menn og ei kvinne, var det i tilsynet sett under eitt ein relativt jamn kjønnsfordeling, med 56 prosent kvinner og 44 prosent menn.

Datatilsynet gjennomførte totalt 54 tilsyn i meldingsåret. Dette er noko færre enn i dei føregåande åra, og færre enn tilsynet hadde planlagt, særleg på helseområdet og justisområdet. Tilsynet grunngjev nedgangen med utsetjingar, omprioriteringar og noko sjukefråvær. I 2015 kontrollerte tilsynet ei rekke verksemder som driv med samfunnsforsking og fleire reiseselskap. Det blei vidare ført tilsyn med internkontroll og informasjonstryggleik i offentleg sektor for å påverke sektoren til betre etterleving av personvernregelverket, og dessutan tilsyn med DNA-registeret hos Kripos. Datatilsynet har også gjennomført tilsyn med eit sentralt register i finanssektoren, felles pasientdatabasar i helsesektoren, bruk av nettsky og kryptering av kommunikasjonen hos store datasenter.

I 2015 blei det registrert 1 374 nye saker i Datatilsynet, noko som er ein liten nedgang samanlikna med året før. Ifølgje Datatilsynet synest 2015 å vere eit ganske normalt år i arbeidsmengde. Nedgangen i talet på saker og talet på dokument er omtrent like stor (om lag 6,5 prosent), noko som viser at sakene inneheld like mange dokument som året før. Datatilsynet meiner at dette er ein indikasjon på at kompleksiteten i sakene auka fram til 2014 og deretter har vore stabil. I meldingsåret fatta Datatilsynet 595 vedtak, noko som er ein liten auke frå året før. Datatilsynet har også levert 39 høyringssvar på ulike områder. Sjølv om saksbehandlingstida i tilsynet er relativt låg, har mengda restansar gått noko opp samanlikna med tidligare år.

Departementet er tilfreds med at aktivitetsnivået i Datatilsynet er høgt, trass i knappe ressursar. Ressursutnyttinga og prioriteringane i meldingsåret har etter departementet sitt syn vore gode. Departementet vil særleg framheve viktigheita av det internasjonale arbeidet til tilsynet. Dette er ressurskrevjande, men likevel heilt naudsynt i lys av at stadig fleire personvernutfordringar blir internasjonale og må løysast med gode internasjonale reglar og samarbeid. Dette bidreg også til at Datatilsynet får ei stemme i den internasjonale debatten og kan medverke til internasjonale løysingar som sikrar eit godt personvern, også for norske innbyggarar.

4.2 Budsjettet og rammevilkåra til Personvernnemnda

Personvernnemnda hadde i 2015 ei budsjettramme på kr. 1 898 000, og har i meldingsåret brukt kr. 1 711 045. Løyvinga er brukt på innkjøp av litteratur og tenester, deltaking på seminar, arbeidsgodtgjersle og reisegodtgjersle til medlemmene i nemnda, løn til sekretariatet og leige av lokale.

Personvernnemnda har hatt 13 møter i meldingsåret. Av dei 17 klagesakene nemnda tok imot i 2015, var fire ferdigbehandla ved utgangen av året. I tillegg avgjorde nemnda 12 saker frå 2014. Av dei totalt 16 sakene nemnda avgjorde i 2015 var det seks klager frå privatpersonar, fem klager frå ulike helseføretak, to klager frå bedrifter og tre klager frå andre kommunale eller statlege organ. Saksmengda i rapporteringsperioden har vore stor, og fleire av sakene har vore prinsipielle. Nemnda har halde to ekstra møte for å ferdigstille saker. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid var fire-fem månader. Personvernnemnda hadde 13 uferdige saker ved slutten av 2015.

Departementet har jamleg kontakt med Personvernnemnda sitt sekretariat og med leiaren om administrative spørsmål. I rapporteringsperioden har departementet hatt eitt kontaktmøte med nemnda sin leiar og sekretariatet. Det synest å vere eit godt samarbeid mellom leiaren og sekretariatet. Kommunikasjonen med departementet fungerer godt. Som i tidlegare år, har Personvernnemnda ein relativt høg restanse, men departementet ser at nemnda jobbar for å redusere saksbehandlingstida. Departementet vurderer at Personvernnemnda har brukt løyvinga på ein god måte og gjennomført oppgåvene sine tilfredsstillande i 2015.

Til forsida