Meld. St. 43 (2016–2017)

Årsmeldingane til Datatilsynet og Personvernnemnda for 2016

Til innhaldsliste

3 Merknader frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet til Personvernnemnda si årsmelding

Personvernnemnda er klageorgan for vedtak fatta av Datatilsynet. I 2016 tok Personvernnemnda imot 18 klagesaker frå Datatilsynet. 14 av sakene blei ferdigbehandla innan utgangen av året. I tillegg behandla nemnda 13 saker som ho fekk tilsendt i 2015. Saksmengda har vore noko høgare samanlikna med tidlegare år, og nemnda peiker i meldinga si på at fleire av sakene har vore prinsipielle. Totalt avgjorde Personvernnemnda 27 saker i meldingsåret. Vedtaka frå Datatilsynet blei heilt eller delvis endra i elleve av sakene. Talet på klagar og nemnda si endring av vedtak frå Datatilsynet utgjer likevel ein svært liten del av den samla saksmengda Datatilsynet har i løpet av året. Departementet har merka seg at nemnda har jobba godt med å halde talet på restansar nede slik at det låg få saker att då den nye nemnda starta arbeidet sitt i januar 2017.

Sakene som blei behandla i 2016 gjaldt mellom anna overvaking i arbeidstilhøve, spørsmål om innsyn i opplysningar og internkontroll. Eit tema som har gått igjen frå tidlegare år, er bruken av loggdata. Ilegging av gebyr for brot på personopplysningslova har vore særleg aktuelt i 2016, og i fleire av desse sakene endra nemnda lovbrotsgebyret som Datatilsynet hadde fatta vedtak om. Dette gjeld spesielt i saker der klagaren var eit offentleg organ.

Nemnda behandla i meldingsåret fleire saker om innsyn i og tilgang til opplysningar. Spørsmålet har vore aktuelt i fleire saker om innsyn for arbeidsgivar i opplysningar om dei tilsette. Innsyn i og bruk av opplysningar frå e-postkassa til den tilsette og frå elektroniske køyrebøker er aktuelle og tilbakevendande problemstillingar. Òg ønske frå føresette om innsyn i skulen sin aktivitetslogg knytt til skulebarna sin bruk av datasystema ved skulen har vore oppe til behandling i meldingsåret. Departementet merkar seg at ønske om å bruke opplysningar innsamla for eitt formål til andre og nye formål, er aukande.

Nemnda peiker i meldinga si på at personvernspørsmål må sjåast i samanheng med andre rettsområde. Dei peiker særleg på forvaltningslova. Både teieplikt og innsynsrett er viktige personvernprinsipp som er regulerte i forvaltningsretten. Forvaltningslova er ei viktig lov for alle offentlege verksemder. Det inneber at forvaltningslova er viktig både i nemnda sitt eige arbeid, og når dei behandlar saker der eit offentleg organ er enten klagar eller innklaga. Departementet meiner det er viktig at nemnda har god forvaltningskompetanse slik at sakene blir behandla på ein god måte.

Personvernnemnda blir utnemnd av Stortinget (leiar og nestleiar) og Kongen (dei fem andre medlemmene) for fire år, med høve til utnemning for fire nye år. 2016 utgjorde såleis det siste arbeidsåret for nemnda med den dåverande samansettinga. Den nye nemnda blei utnemnd i løpet av 2016, og tok fatt på arbeidet sitt 1. januar 2017.

Til forsida