Meld. St. 43 (2016–2017)

Årsmeldingane til Datatilsynet og Personvernnemnda for 2016

Til innhaldsliste

4 Administrasjon og ressursar

4.1 Budsjettet og rammevilkåra til Datatilsynet

Datatilsynet hadde i 2016 ei budsjettramme på kr. 45 587 000, ei auke på om lag 5,5 millionar kroner frå 2015. Når ein legg til overføringar frå 2015 og tilleggsløyvingar, hadde Datatilsynet kr. 48 084 000 til disposisjon i 2016. Av tilsynet sine utgifter utgjorde 70,9 prosent utgifter til lønn og 29,1 prosent utgifter til drift. Datatilsynet hadde i meldingsåret 40 faste stillingar. I tillegg har tilsynet blitt styrka med sju mellombelse årsverk for å sette dei i stand til å halde normal drift samstundes som dei arbeider med gjennomføring av EU si personvernforordning. Dei har i meldingsåret òg tilsett to studentar og ein lærling for delar av året.

Bjørn Erik Thon har leia tilsynet. Han blei tilsett som direktør på åremål i 2010. Åremålet blei fornya for seks nye år i august 2016. Leiargruppa bestod i meldingsåret av fire menn og ei kvinne. I tilsynet sett under eitt var det likevel ei relativt jamn kjønnsfordeling, med 57 prosent kvinner og 43 prosent menn.

Datatilsynet gjennomførte totalt 85 tilsyn i meldingsåret. Dette er ein auke frå året før. Auka skuldast mellom anna ei stor mengd brevlege tilsyn særleg i helsesektoren og tilsyn knytt til internkontroll i offentlege etatar. I 2016 førte dei tilsyn knytt til kameraovervaking, kryptering hos datasentre og elektroniske spor i det offentlege rom. Det blei òg gjennomført fleire tilsyn i utdanningssektoren der tema mellom anna var informasjonstryggleiken ved bruk av skulen sine fagsystem. Datatilsynet har òg halde fram med kontrollane med politiregistra.

I 2016 blei det registrert 1745 nye saker i Datatilsynet, noko som er ein stor auke samanlikna med året før. Datatilsynet forklarer auka med fleire saker knytt til overføring av personopplysningar til USA, og avgjerda frå EU-domstolen i oktober 2015 om oppheving av Safe Harbor-ordninga. I meldingsåret fatta Datatilsynet 564 vedtak, noko som er ein liten nedgang frå året før. Departementet merkar seg at samstundes med at talet på innkomne saker er gått opp er talet på vedtak gått ned. Dette er truleg noko av årsaka til at Personvernnemnda i si årsmelding peiker på at det i 2016 var ein auke i talet på klager over det nemnda omtalar som «manglende realitetsbehandling av saker, samt bortprioritering uten vedtak og eller avvisningsvedtak». Datatilsynet har i meldingsåret gitt 47 høyringssvar på ulike område.

Departementet meiner Datatilsynet arbeider godt innanfor dei fastsette rammene. Dei har forvalta dei tildelte ressursane på ein god måte i meldingsåret. Departementet meiner at tilsynet sitt breie internasjonale arbeid har positiv effekt på dei oppgåvene tilsynet skal løyse. Dette gjeld ikkje minst deltakinga i WP 29 og arbeidet med å førebu iverksetting av den nye personvernforordninga. Det internasjonale arbeidet styrker òg tilsynet si moglegheit for å medverke til løysingar som sikrar eit godt personvern både for norske innbyggarar og internasjonalt.

4.2 Budsjettet og rammevilkåra til Personvernnemnda

Personvernnemnda hadde i 2016 ei budsjettramme på kr. 1 887 000, og har i meldingsåret brukt kr. 1 502 974. Løyvinga er, som i tidlegare år, brukt på innkjøp av litteratur og tenester, deltaking på seminar, arbeidsgodtgjersle og reisegodtgjersle til medlemmene i nemnda, lønn til sekretariatet og leige av lokale.

Personvernnemnda har hatt elleve møter i meldingsåret. Av dei 18 klagesakene nemnda tok imot i 2016, var 14 ferdigbehandla ved utgangen av året. I tillegg avgjorde nemnda 13 saker frå 2015. Av dei totalt 27 sakene nemnda avgjorde i 2016 var det fem klager frå privatpersonar, tretten klager frå bedrifter, tre klager frå ulike helseføretak og seks klager frå andre kommunale eller statlege organ. Saksmengda i rapporteringsperioden har vore noko høgare enn i tidlegare år. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid har vore fire–fem månader. Personvernnemnda hadde fire uferdige saker ved utgangen av 2016.

Personvernnemnda har bistand frå ein sekretær i 80 %-stilling. Departementet har jamleg kontakt med sekretæren i Personvernnemnda og med leiaren i nemnda om administrative spørsmål. Slik det har vore vanleg dei siste åra, hadde departementet eitt kontaktmøte med nemnda sin leiar og sekretær i løpet av meldingsåret. Det synest å ha vore eit godt samarbeid mellom leiaren og sekretariatet. Kommunikasjonen med departementet har fungert godt. Departementet vurderer at Personvernnemnda har brukt løyvinga si på ein god måte og gjennomført oppgåvene sine tilfredsstillande i 2016.

Til forsida