Ot.prp. nr. 107 (2008-2009)

Om lov om fornybar energiproduksjon til havs (havenergilova)

Til innhaldsliste

1 Eksempel på område der norske miljø har kompetanse

Nedanfor er det lista opp døme på område der norske miljø har kompetanse som er relevant for vindkraft til havs. Lista er ikkje uttømmande.

Flytande turbinløysingar:

Hywind er Statoil sitt eigenutvikla prosjekt på vindkraft til havs. Det er under bygging ein prototyp som skal setjast i drift hausten 2009 om lag 10 km utanfor Karmøy, for ein to års testperiode. Prototypen består av ein fritt flytande sylinder (Spar-bøye), påmontert ein standard offshoretilpassa vindturbin (Siemens 2,3 MW), som er forankra med liner eller ankerkjettingar til havbotnen.

SWAY har planar om å byggje ein prototyp flytande vindturbin til havs på 5 MW. På eigarsida står Inocean, StatoilHydro, Lyse Energi, Scatec og Rosenberg Verft. Tårnet til turbinen skal bestå av eit om lag 200 meter langt røyr med ballast i nedre del som skal forankrast med strekkstag til havbotnen.

WinsSea AS har eit konsept som består av ei halvt nedsenkbar flytande plattform med tre søyler, påmontert tre turbinar på til saman 10 MW (to motvinds og ein medvinds turbin). WindSea er eigd av Statkraft, FORCE Technology AS og NLI AS.

Komplette vindturbinar:

ScanWind er eigd av Morphic Technologies i Sverige (80 %) og Nord Trøndelag Elektrisitetsverk (20 %) med fabrikasjonslokal i Verdal. Dei produserer store vindturbinar tilpassa høg vindfart og tøffe klimatiske forhold. Selskapet har utvikla og testa ut ein 3 og ein 3,5 MW vindturbin gjennom eit svensk/norsk utviklingsprogram og har levert 15 stk. 3,5 MW turbinar til Hundhammerfjellet vindpark. Selskapet er i gang med utvikling av vindturbinar til havs.

Turbinbladproduksjon:

Norsk kompetanse på komposittmaterial og aerodynamikk kan utnyttast for produksjon av blad, som utgjer om lag ein firedel av kostnaden for ein vindturbin. Umoe Rywing leverer blad til store vindturbinar over 1,5 MW og lengder over 34 meter. Devold AMT er leverandør av glas- og kolfibermatter til forsterking av blant anna vindturbinblad.

Støypte nav:

Kristiansand Jernstøperi var tidleg ute med å levere store, støypte stålkomponentar til blant anna nav i dansk vindturbinindustri. Selskapet er kjøpt opp av den danske turbinprodusenten Vestas AS og har skifta namn til Vestas Castings Kristiansand. Rolls-Royce Marine AS Foundry (tidlegare Ulstein Støperi) leverer støypte nav og andre komponentar til vindturbinar.

Gir, generatorar, elektronikk:

SmartMotor utviklar ein ny type permanent magnetgenerator til vindkraftverk, der det ikkje er behov for gir, noko som gir auka styrke. Chapdrive utviklar eit hydraulisk gir der krafta frå rotoren blir overført hydraulisk, slik at gir og generator kan plasserast ved foten av tårnet, noko som reduserer storleik og vekt på maskinhuset. Møre Trafo leverer transformatorar og nettstasjonar til vindturbinar.

Undersjøiske kablar:

Nexans Norway er verdsleiande leverandør av underjordiske og undersjøiske kablar. Dei leverer blant anna likestraumskablar for overføring av elektrisitet med høg spenning over lange avstandar (HVDC). Nexans har hatt leveransar til mange vindparkar til havs, blant anna Hornsrev.

Understell til turbinar til havs:

Aker Solutions (Aker Verdal) har bygd stålunderstell (trefotsfundament) til vindturbinar som skal installerast på 30 meters djupn utanfor Tyskland. Dei har òg utvikla ei slank jacketløysing.

OWEC Tower har utvikla ein slank jacketkonstruksjon som understell for botnfaste vindturbinar til havs. To 5 MW vindturbinar er monterte på understell utvikla av OWEC Tower på 45 meters djupn på austkysten av Skottland.

Seatower er eit selskap under utvikling. Dei ser på ulike løysingar for understell i stål og betong til botnfaste turbinar som skal kunne bringast flytande ut til vindkraftfeltet, senkast ned og sugast fast i botnen der.

Vindressursar og simulering:

Kjeller Vindteknikk AS leverer tenester innan vindressurskartlegging og måletenester. Vektor AS har utvikla vindressurskarttenesta Windsim, som er nytta av vindkraftutbyggjarar i heile Europa. Dei leverer òg konsulenttenester og simuleringar av vindressursar. Meteorologisk institutt og Storm Weather Centre utfører blant anna vindmålingar og vindkartlegging.

Forskingskompetanse:

SINTEF, Institutt for energiteknikk (IFE) og Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet (NTNU) ligg langt framme internasjonalt på sentrale temaområde innanfor landbasert vindkraft og vindkraft til havs. Forskinga er gjerne knytt opp til den norske vindkraftindustrien sine aktivitetar og har danna grunnlaget for industriell kompetanse på området. Nettverk mellom aktørane på områda er etablert, representert ved Forum for marin fornybar energi (utbyggingsinteresser) og Senter for fornybar energi (forsking og utvikling). SINTEF, IFE og NTNU er òg hovudaktørane bak teststasjon for vindkraftverk på Valsneset i Bjugn kommune, VIVA AS, der dei utfører FoU både i eigne prosjekt og for eksterne oppdragsgivarar. Andre sentrale forskingsmiljø på vindkraftområdet er Christian Michelsen Research (CMR) og fleire universitet og høgskular.

Sjå òg kap. 4.8.3 for omtale av forskingssentra for miljøvennleg energi (FME) som rettar seg mot vindkraft til havs.

Til forsida