Ot.prp. nr. 13 (2007-2008)

Om lov om endring i lov 26. mars 1999 nr. 15 om ­retten til å delta i fiske og fangst (deltakerloven)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Fiskeri- og kystdepartementet fremmar i denne proposisjonen to forslag til endringar i lov 26. mars 1999 nr. 15 om retten til å delta i fiske og fangst (deltakerloven).

For det første vert det i kapittel 2 gjort framlegg om å endre deltakerloven § 21 om årlige begrensningar i adgangen til å delta i fiske og fangst mv. Formålet med denne endringa er å opne for at alle fartøy under ein viss storleik, og som er registrert i eit avgrensa geografiske område, kan få adgang til å delta i fangst av kongekrabbe. Dette forslaget er ei oppfølging av forslaga frå regjeringa i St. meld. nr. 40 (2006-2007) Forvaltning av kongekrabbe, der dette er nærare diskutert og grunngjeve.

For det andre vert det i kapittel 3 gjort framlegg om å endre ordlyden i deltakerlova § 25 om gebyr, slik at nevninga «gebyr» vert endra til «avgift» for så vidt gjeld det årlege gebyret som ein fartøyeigar må betale for at fartøyet skal stå registrert i Merkeregisteret. Denne endringa skjer i tråd med nye retningslinjer som er utarbeidde av Finansdepartementet om kva som skal reknast som eit gebyr og kva som skal reknast som ei avgift.