Ot.prp. nr. 30 (2001-2002)

Om lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

4 Økonomiske og administrative konsekvensar av lovforslaga

4.1 Forslaget om endringar i opplæringslova som følgje av at fylkeskommunane framleis skal ha ansvaret for opplæring av pasientar i dei medisinske institusjonane

Forslaget om fylkeskommunalt ansvar for opplæringsverksemda i dei medisinske institusjonane etter at staten har overteke vil ikkje medføre auka utgifter for det offentlege. Forslaget er ei vidareføring av det opplæringsansvaret fylkeskommunane har i dag, og vil derfor heller ikkje ha nemnande administrative konsekvensar.

4.2 Forslaget om andre endringar i opplæringslova

Departementet legg til grunn at forslaget om endring av opplæringslova §§ 2-3 og 2-4 ikkje vil ha økonomiske og administrative konsekvensar.

Endring av opplæringslova § 13-4 krev at midlar blir overførte frå rammetilskottet for fylkeskommunane til rammetilskottet for kommunane. Departementet vil komme tilbake til den nærmare talfestinga i kommuneøkonomiproposisjonen for 2003 og statsbudsjettet for 2003.

Til forsida