Ot.prp. nr. 37 (2002-2003)

Om lov om endring i lov 21. desember 2000 nr. 105 om opplysningsplikt og angrerett mv. ved fjernsalg og salg utenfor fast utsalgssted (angrerettlova)

Til innhaldsliste

5 Merknader til føresegna

Til ny § 11 tredje ledd

Bokverk vil seie ein serie av bøker som til saman utgjer ein heilskap. Bokverk på andre media enn papir, t.d. CD-ROM, er også meint å vere omfatta av føresegna her. Føresegna gjer unntak frå det som elles gjeld for varekjøp etter angrerettlova § 11, der det er eit vilkår at forbrukaren skal ha motteke «heile vara» før angrefristen begynner å gå. Ved kjøp av bokverk som skal leverast etter kvart, er det tilstrekkeleg at forbrukaren har motteke det første bindet i bokserien.

Eit sjølvstendig vilkår for at angrefristen skal begynne å gå er at forbrukaren har fått dei lovpålagde opplysningane som følgjer av angrerettlova kapittel 3, medrekna angreskjema etter forskriftene.

Ein føresetnad for unntaket er vidare at det første bindet sett i samanheng med opplysningane som blir gitt, gjer forbrukaren i stand til å danne seg ei oppfatning av heile bokverket.

Det går ei grense mellom tilfelle som er omfatta av § 11 tredje ledd og abonnementsavtalar, klubbkonstruksjonar og liknande som ikkje er omfatta av føresegna. Det siste er kjenneteikna m.a. ved at det forbrukaren skal ta imot ikkje er konkret spesifisert på førehand.

For at unntaket i § 11 tredje ledd skal kome til bruk, må forbrukaren på førehand opplysast om kva avtalen omfattar, også den samla prisen. Det må spesifiserast kor mange bind som skal leverast. Opplysningane når avtalen blir gjort, og dessutan det første bindet, må gi eit riktig inntrykk av innhald og kvalitet i bokverket. Det kan til dømes ikkje godtakast å villeie forbrukaren ved at det første bindet er rikt illustrert, mens dei andre binda ikkje har bilete i det heile.

Når opplysningsplikta er oppfylt og eitt bind er motteke, er angrefristen 14 dagar. Dersom seljaren misheld opplysningsplikta etter angrerettlova kapittel 3, begynner det å gå ein ny tremånadersfrist/eittårsfrist kvar gong forbrukaren får eit nytt bind, heilt til opplysningsplikta er oppfylt. Angrefristen på kvart enkelt bind er likevel maksimalt eitt år.