Ot.prp. nr. 37 (2005-2006)

Om lov om oppheving av lov 29. november 1991 nr. 78 om Statens Bankinvesteringsfond

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn

Statens Bankinvesteringsfond vart oppretta hausten 1991 saman med Statens Banksikringsfond. Dei to institusjonane hadde ulike føremål: Statens Banksikringsfond var eit instrument for krisehandtering, som skulle sikra innskytarane og det finansielle systemet, medan Statens Bankinvesteringsfond skulle opptre som investor på eit forretningsmessig grunnlag. Statens Banksikringsfond er avvikla og lov om Statens Banksikringsfond er oppheva, jf Ot.prp. nr. 33 (2001-2002), Innst.O. nr. 35 (2001-2002) og Besl.O. nr. 43 (2001-2002).

Det følgjer av lov om Statens Bankinvesteringsfond § 9 at:

Kongen kan beslutte at Investeringsfondet skal avvikles eller omdannes. Hele eller deler av Investeringsfondets kapital kan i tilfelle tilbakeføres til statskassen. Stortinget skal godkjenne slik beslutning.

I St.prp. nr. 1 (2003-2004), godkjent i statsråd den 12. september 2003, vart det fremma følgjande forslag:

Stortinget samtykker i at Statens Bankinvesteringsfond avvikles, og at fondets kapital ved avvikling føres over til statskassen. Forvaltningen av de aksjene fondet har, søkes overført til Nærings- og handelsdepartementet.

Stortinget vedtok forslaget den 15. desember 2003, jf B.innst.S. nr.6 (2003-2004).

Verksemda til fondet er avslutta og eigendelar i form av aksjar i DnB NOR ASA, bankinnskott og andre midler er overførde til statskassa. Nærings- og handelsdepartementet forvaltar no aksjeposten i DnB NOR ASA.

Statens Bankinvesteringsfond vart avvikla ved kongelig resolusjon av 29. april 2005.

Departementet legg til grunn at det ikkje vil bli aktuelt å etablere eit nytt Bankinvesteringsfond i framtida. På denne bakgrunn er det etter departementet si vurdering ikkje lenger bruk for lov om Statens Bankinvesteringsfond. Etter departementet sitt syn er reglane i lov om Statens Bankinvesteringsfond heller ikkje naudsynte for andre føremål. Det er difor ikkje nødvendig å vidareføre nokon av reglane ved å ta dei inn i anna lovgjeving. Lov om Statens Bankinvesteringsfond bør difor etter departementet sitt syn opphevast. Forslaget om å oppheve lov om Statens Bankinvesteringsfond har ikkje vore på allmenn høyring.

Til forsida